Reisebrev frå Svalbard, 15. september 2002 Brev 2: Mykje lys og lite varme No har det blitt såpass mørkt når det er kveldsnytt at me nesten må kalla det natt. Det er eit par stjerner å sjå rundt midnatt når det ikkje er skyer i vegen, så stummande mørkt har det ikkje blitt enno. Dagane er framleis lange, men dei har krympa jamt og trutt sidan eg kom hit. No har eg vore på skytekurset og lært korleis eg skal skyta isbjørn, så eg har vore nokre turar rundtom i fjella her. Universitetet har nokre velferdsrifler som studentane får låna, så me slepp å kjøpa våpen viss me ikkje vil. Ulempen er at det er ikkje så veldig mange av dei, så det går tomt av og til. I tryggleikskurset har me så lært korleis me brukar ei rifle, korleis me skal ikkje detta utav ein gummibåt sjølv om det er litt bølger, korleis gummibåten skal styrast, korleis overlevingsdraktar virkar og korleis me kjem oss opp i båten att etter å ha ramla eller hoppa uti. Sjøen er kald. Og me har lært korleis me skal heisa kvarandre opp og ned i isbresprekkar og gje fyrstehjelp når me får dei opp att, og korleis frostskadar ser ut, og korleis ein får og unngår å få dei. Viss me er litt heldige, så treng me ikkje å kunna noko av det. Véret her er litt fram og tilbake. Den fyrste veka var det mykje sol. Tjuefjerde til tjuefemte august var eg med nokre andre på ein kort overnattingstur til nabodalen, bak den næraste isbreen. Det var i og for seg ein kjekk og lærerik tur. Eg lærte for det fyrste at Svalbard er stort sett variasjonar over steinrøys-idéen, og at mjuke gummistøvlar ikkje er det beste til å gå med på slikt terreng. Derimot er dei veldig kjekke å ha viss du må vassa over ein bekk, og dei er det ein del av her. Viss det tilfeldigvis regnar litt den dagen du er ute, og det gjorde det, så er dei ofte ganske strie og høge, slik at du ikkje utan vidare kan gå over, men gjerne må driva litt med lengdehopp. Det er særleg når du bommar litt på landinga at du merkar kor mykje kjekkare det hadde vore viss den høgre støvelen var litt høgare, og litt mindre lekk. På den turen fekk me også testa korleis det var å telta om sommaren når det regnar og bles litt. Me var seks på den turen, og to og to hadde to-timars isbjørnvakt medan dei andre sov. Det blir litt feil å kalla det nattevakt, sidan det nett var slutt på midnattssola, og det ikkje var stort mørkare enn om det var overskya midt på dagen. Sidan eg ikkje har vore i militæret, var det litt uvant for meg å stå væpna vakt. Men isbjørnane skjønte visst at dei skulle halda seg unna. På vegen heim att lærte me så at moreneryggane her sig unna når dei er våte, og det er dei når dei ikkje er frosne. Dermed blir det litt tyngre å klatra fire hundre meter opp til passet inn i Longyeardalen. Helga etter var det sol og fint att, og eg vart med på ein liten dagstur til dei tre næraste toppane. Det er veldig flott utsikt frå ryggane her. Men det er mykje klatring opp og ned, i terreng som gjerne sklir vekk under deg i dei brattaste kneikene. Oppå det høgaste platået her var det vestvendt is. Steinane hadde is på vestkanten, det meteorologiske utstyret på toppen hadde tjue-tretti centimeter is og rim på vestsida og var bare på austsida. Der oppe var det nokre minusgrader og ein del vind, og nedi dalen,tusen meter nærmare havet, var det framleis tre-fire varmegrader og nesten vindstille. Eg synest isbrear er nokså skumle å gå på, men tyskaren eg gjekk i lag med tykte ikkje det, så me tok på oss bresko (som er omlag det same som vanlege isbroddar, berre at dei er fire-fem centimeter lange) og gjekk nedover mot byen att, med eit par stopp i ein smeltevatnkanal for å klatra nedi og fotografera. Så kom det kuldegrader, og så nedbør. Dermed vart dalen og fjella kvite. Det var berre ein centimeter snø på det meste, så så frykteleg til skiføre vart det ikkje. Det er kanskje dei som meiner at fyrste veka i september er litt i tidlegaste laget til slikt, men det får dei då meina. Det vart liggjande ca. ei veke før det forsvann att, nett i tide til å gje bart føre då eg skulle ut på feltkurs. Men kanskje det er på tide å setja på vinterdekk på sykkelen snart. Eg har ikkje sett nokon levande isbjørnar sjølv enno, men det er eit par butikkar i Longyearbyen som sel isbjørnskinn utan bjørn inni. Derimot er det ein del reinsdyr her, rundtom husa og elles på øya. Dei er veldig høflege, og går alltid til sides når eg kjem. Rypene er heller ikkje så folkesky, men dei går unna viss du kjem nærare enn omlag fem meter. Dessutan er det ein måse som av og til kjem og set seg på glaset mitt viss eg har det ope. Kanskje dei som har budd her før har mata dyret? Ikkje godt å seia. Men det blir vel mindre å sjå til den fuglen etterkvart som det blir kaldare, og glaset ikkje står så mykje ope. I Longyearbyen er det kolkraftverk. Eg ser såvidt pipa i andre enden av dalen frå glaset mitt. Det er veldig greit, for då kan eg stikka hovudet ut om morgonen og sjå kva retning vinden har og omlag kor sterk han er nede ved universitetet. (Longyeardalen, som er ganske liten, og som eg bur oppe i botnen av, går ut i Adventdalen, som er mykje større. Sidan kraftverket og universitetet ligg i dalopninga, er det gjerne heilt annan vind der nede.) Eg har blitt veldig nøye med å sjekka vérmeldingane her. Det kan visstnok vera voldsomme temperatursvingingar her om vinteren, men førebels har det ikkje vore verre enn det kan vera heime på fastlandet (alt sør for Bjørnøya er fastland). Å stikka hovudet ut av glaset er ofte det beste korttidsvarselet her, men det er jo kjekt å sjå kva meteorologane meiner også. Den siste veka har eg hatt feltkurs. Sidan eg studerer den øvre polare atmosfæren og fjernmålingsteknikkar, får eg ikkje fullt så flotte feltkurs som geologane, biologane, isforskarane og oceanografane. Men det var no gøy likevel. Me har vore ute i Adventdalen i to dagar, og samanlikna terrenget og vegetasjonen med korleis det ser ut på flyfoto, og seinare skal me også samanlikna observasjonane våre med satellittfoto. For å ta det kjapt: Det er vått. Studiane har vore i gang i fire veker no, så ein skulle tru at det var ein nokonlunde stabil rutine no. Men me brukar ikkje faste timeplanar her. Når timane skal vera blir sånn nokonlunde fastsett nokre veker på førehand, men det er alltid lurt å sjekka timeplanen ofte, i tilfelle noko er flytta på eller lagt til. Med så mange feltkurs som det er her, er det vel vonlaust i alle tilfelle å ha ein fast timeplan på feoriforelesingane. Men eg har i det minste fått samla meg ein bunke med ting eg skulle ha gjort og lest. Det er fint ute. Eg har kjøpt nye sko som må brukast.