Reisebrev frå Svalbard, 24. oktober 2002 Brev 3: Når nettene gror ihop No har det blitt dugeleg kaldt her, gjerne ned i -10 °C om morgonen og kvelden. Det er jo litt kjekt, men så har vinden blitt sterkare også, slik at det er litt tyngre å sykla oppoverbakke eller gå over fjellet, som jo i tillegg har litt is og snø oppå lausmassane her og der. (Fast grunn er det som kjent skralt med.) Då eg vakna i går, var det til og med nysnø. (Slikt har ein visst på fastlandet også no til dags, men der likar ikkje folk det, skal eg tru rikskringkastinga.) Mørketida byrjar til helga, så me når visst såvidt ikkje å byta til vintertid. I helga er det også ein båttur til Barentsburg, og det er visst ein viss fare for at eg får vera med. Idrettslaga her skal ha kappleik med russarane, og dermed er det satt opp ein båt som skal frakta folk fram og tilbake. Eg eg er med på innebandylaget. Eg har nemleg funne ut at noko må eg jo driva med medan eg er her, så eg har like godt byrja med litt idrett. Innebandy er riktig kjekt. Så vidt eg kan sjå, er det ein kontaktsport-variant av golf, men me har berre ein ball på deling. Véret har vore litt fram og tilbake den siste månaden. Før månadsskiftet var det kaldt og fint att, og litt snø på vegen og bakken, men så kom eit véromslag og gjorde lufta varm og regntung. No er jo ikkje regn her heilt det same som eg er van med heimanfrå, men det fraus så styggeleg fort, så me fekk skøytebane ned til byen og bort til Huset, som er den store (og nærmaste) uteplassen her. Dette flotte føret varte ei kort veke, og den fyrste helga i oktober hadde me så ein stor fest her. Det var den tradisjonelle Icebreaker-festen, som vert skipa til av dei nye studentane for å gjera dei gamle og dei nye kjente med kvarandre. Denne festen er vanlegvis i byrjinga av semesteret, men då var det så mange ekskursjonar og anna fjas som kom i vegen, slik at me laut venta til oktober med å bli kjende med kvarandre. Me hadde ein veldig fin fest. Det passa ekstra bra at to gnagsår eg hadde fått av den fyrste ordentlege turen med dei nye skoa mine var blitt friske, slik at det var plass til det nye som eg av alle ting klarte å få ved å dansa med sandalar. Ekstra kjekt var det at det nye såret like godt bestemte seg for å bli infisert, slik at foten blei hoven og protesterte dugeleg mot å bli brukt til slikt som føtter vanlegvis blir brukt til. Men skulemedisin er ein flott ting, og med litt penicillin og immunforsvar vart det mykje betre etter eit par dagar. No som det er blitt fint vér, har eg sett vinterdekk på sykkelen. Eg har ikkje sett mange andre som har det, sjølv om eg ser no og då at folk plutseleg oppdagar at det hadde vore kjekt å ha. Det var veldig kjekt på ein sykkeltur eg var på til ei studenthytte i Bjørndalen, litt utanfor Longyearbyen. Det går ein såvidt vedlikehaldt grusveg innover dit, sidan det er ei nedlagt gruve like ved. Her og der var vegen gjerne dekka av is som skråna litt nedover fordi vegen ikkje brydde seg med å vera flat overalt, men det er berre eit problem for dei som ikkje har piggete dekk, det vil seia dei fire andre eg sykla med. Men det gjekk stort sett bra, merkeleg nok. Like nedanfor hytta er det ei steinstrand. Her ligg det rekved frå båtvrak og sibirske skogar. Det er her me får ved til ovnane i hytta, for skog er det skralt med på Svalbard. Den kvelden laga me oss også eit bål på speidarvis: Ein haug med halvtørr gamal ved, og dugeleg med parafin. Før eller sidan vil varmen frå parafinen tørka treet såpass at det faktisk er veden som brenn. Med låkare niste du legg ikkje i veg enn ovdrykk med øl, står det i Håvamål. Det lyt eg vel vera samd i. Det er tungt å sykla opp bakken med kvoten i sekken, særleg når vinden står nedover dalen, og det gjer han stort sett. Det er ikkje det at eg er blitt så fæl til å drikka her, men slik systemet er er det like greit å handla heile månadskvoten på ein gong. Eg såg eit ordentleg fint nordlys sist veke, men eg har høyrt at det har vore fleire fine før. Det er svake nordlys nesten kvar kveld, ser det ut som. Stjernehimmelen er også mykje klarare her enn heime, sidan det er så tørr luft her og ikkje fullt så mykje strølys. At det dermed er mindre skyer også gjer jo heller ikkje noko. Ja, det er altså mørketid til sundag eller så. Det er skralt med sol etterkvart no. Sola står lågt over synsranda no, og her er det fjell på dei fleste kantar, og dei har sjølvsagt ikkje anna å gjera på enn å stå i vegen. Her i dalen har me ikkje sett sola på ei god veke eller kanskje to no, men me ser framleis at sola skin på toppane. Men det blir det sjølvsagt også mindre av no. Eg tenkte eg skulle prøva å gå opp på ein av dei nærmaste toppane før forelesingane i dag tidleg, men så vart ei forelesing flytta dit sidan det passa betre for alle. Ikkje vart det dårleg vér heller. Men kanskje eg får sett litt sol frå båten til eller frå Barentsburg, viss eg kjem meg dit. Det er visst riktig fint i Barentsburg. Dei som har vore der, seier at det ligg mykje finare til enn Longyearbyen. Vestvendt i staden for nordvendt, og ikkje nedi ein trang dal.