Reisebrev frå Svalbard, 30. november 2002 Brev 4: Russarar, eksamen, vind, regn og råning. No er det andre prosjektarbeidet også ferdig. I studiet av den midtre polare atmosfæren, frå ca. 10 til 90 kilometers høgde, hadde me eit prosjekt som gjekk ut på å studera eit glødande atmosfærelag rundtomkring 75 til 85 km, og prøva å finna temperaturen der ut frå spekteret av strålinga, og sjå om me kunne finna nokon samanhengar mellom temperatur og t.d. høgd. Det var i og for seg eit riktig så interessant prosjekt, sjølv om ein eller to av forelesarane var litt vel entusiastiske og optimistiske med tanke på kva me skulle finna ut. Me var to grupper som hadde to nattevakter kvar på Nordlysstasjonen, som er ein forskningsstasjon som står litt uti Adventdalen, fem minutt eller så med bil frå Longyearbyen. Den fyrste kvelden vart me lærte opp i korleis me skulle bruka dei ulike instrumenta og kva me kunne gjera medan me var der ute. Me lærte mykje nyttig dei to nettene, til dømes at overskya ver og busetnader i nærleiken er ikkje ideellt for optiske målingar, at ikkje alle instrument toler at straumen går, og at superevolusjonerande organismar ikkje bør utsetjast for varme, men at rett sjampo kan hjelpa. (Me såg på ein rar amerikansk film.) Møtet med russarane (dei er visst frå Ukraina, stort sett, men denslags er me tydelegvis ikkje så nøye på her i Longyear) i Barentsburg var riktig så kjekt. Det var strengt tatt ikkje så veldig overraskande at ukrainske gruvearbeidarar i tjue- til førtiårsalderen var jamt over i betre form enn vesteuropeiske realfagsstudentar, så stort sett tapte me. Men i sjakk og fotball, som det ikkje var studentar med på, vann Longyearbyen. Etter kampane hadde me ein festmiddag. Det var rett nok enklare kost enn på ein norsk fest for fine folk, men også riktig godt, og vertane passa på at me hadde nok øl, vin og vodka å skylla det ned med. Ølet var slett ikkje så gale, men at det ikkje er så mykje russiske varer på Vinmonopolet er forståeleg. Samtalane over bordet vart nokså stotrete, sidan det ikkje var så mange av oss som kunne russisk og ikkje så mange av dei som kunne engelsk eller norsk. Men litt fekk me då snakka ihop. Før var det kvinner og ungar i Barentsburg, men det er det jamt slutt på no. Trust Arktigukol har visst slått frå seg tanken om å bygga eit levande bysamfunn i Barentsburg, og har sendt kvinnene og ungane heimatt. No lyt ein visst vera ungkar. På den andre sida så er det visst populært å arbeida der, for det er visst rimeleg godt betalt og ein trygg arbeidsplass samanlikna med gruvene i Ukraina, seier ryktene igjen. Det er nokre få kvinner og nokre ungar som er for unge til å vera i gruva der, men det er visstnok formennene og kontorsjefane sin familie. Jentene som var med på turen merka godt at det var overvekt av menn i byen, for dei vart riktig så populære rundt middagsbordet. Leninstatuen står framleis i Barentsburg. Kanskje han er freda. Alle bygg frå før 1946 er freda her på Svalbard. Den lova kom i 1986. Året før vart alle husa i Longyearbyen som hadde overlevd artilleribombinga under krigen, så nært som eitt, brende i ei brannøving. Det siste huset var brennevinslageret i. Det er Svalbardmeisterskap i fotball for tida. Eg synest namnet er feil, for det er ingen lag med frå Barentsburg eller Ny-Ålesund. UNIS-studentane har eitt jentelag og eitt gutelag, og ymse firma og institusjonar rundtom i byen har stilt lag. Tredje runde blir i neste helg eller så, og UNIS ligg godt an til å ikkje vinna. Det er stort sett nok snø og is på vegane, og her og der også utanfor, til å køyra snøscooter no til dags. Her i byen er det ikkje rundkøyring, men det er ein snuplass der vegen sluttar i Nybyen, som altså er der studentane bur. Så det kjem av og til ein og annan snøscooter køyrande opp for å snu. Litt seinare kjem dei tilbake. Snøscooterar bråkar ein god del meir enn kva ein bil gjer. I juli vart det påbode å bruka hjelm når ein køyrer snøscooter. Det vart det sjølvsagt mykje skrik og jamring om. Folk er rare her også. Det er snart jul, og scooterseljarane blant studentane som skal reisa heim for godt byrjar å bli smått desperate. Snøscooterar har tommelvarmarar på styret. Det hender av og til at ein isbjørn prøver å eta salen på ein scooter. Vinterskjegget er godt på plass no, i tilfelle det skulle finna på å bli kaldt her. I det siste har det vore gjerne periodar med ei plussgrad eller tre nokre dagar, og litt regn i lufta, så byttar det gjerne til -10 °C over natta, og så er det kaldt og fint ein dag eller to, og så byter det tilbake. Gjerne med litt frisk bris eller kuling med litt storm i kasta nedover dalen. Av og til er det veldig kjekt å ha med seg finlandshette og skibriller i sekken når eg skal oppover dalen. Reinsdyr som står i vegkanten og beitar er langt meir skeptiske til syklistar som stoppar og dreg eit kamera opp av sekken enn til bilar som susar forbi i 50 km/t tjue centimeter frå geviret. Bilistane her virkar ikkje som om dei er så veldig van til fotgjengarar og syklistar, men det har vel med at her er det berre studentar og turistar som bruker beina til noko anna enn å trø gasspedalar med. No er julegrana på torget og julelysa på julenissegruva tende. Snart er det jul, og i januar har Longyearbyen flyboren skog. Det er litt bale å sova til rett tid no til dags, for det er ikkje synleg skilnad på klokka tolv om dagen og klokka tolv om natta. Det kan vel tenkast at det ikkje hjelper at eg stundom drikk i meiste laget med kaffi. Eg får vona at eg får ordna døgnrytmen att til neste eksamen. Nokon av oss hadde ein liten smalahåvemiddag på måndag. Kokken kjøpte inn seks halve hovud, og fleire var det visst ikkje råd å få tak i. Er det tomt for sau på fastlandet? Eg har lært at eg bør sjå på termometeret før eg gir meg til å vaska vindauget, for eit glas som er skittent på begge sider er lettare å sjå gjennom enn eit som er reint på innsida og dekka med frose vaskemiddel på utsida. Det blir lite turgåing no for tida. Eksamen nærmar seg, det har vore prosjektarbeid å skriva, og det er ikkje så lett å sjå noko. Men det er to isbrear like ved Nybyen, og i dei er det isholer. Eg har vore inne i den minste av dei. Det er svært så fint å vera inni der og sjå med eigne auge korleis fjell blir slipte, men det er lurt å ha på hjelm, og tøy som er lett å vaska. Eg veit ikkje om det framleis er råd å koma seg inn i den hola, for det er ein trang del nær inngangen som blir trangare jamt og trutt, og då eg var der laut me åla oss igjennom. Men det er fleire holer i den andre breen. Nokon av dei er i morenen, og den store fine er visst inne i sjølve isen. Eg må prøva å koma meg inn i dei også ein dag.