English version of this page
Moskstraumen mellom Lofotodden og øya Mosken er kjent som ein av dei kraftigaste havstraumane i verda. Frå gamalt av har han vore omspunnen med legendariske segner om havsvelg og malstraumskvervlar. I europeisk litteratur om geografiske emne frå 16 og 17 hundretalet vart det påstått at straumen gjekk inn i ein underjordisk tunnel mellom Norskehavet og Bottenvika. Mange samtidige norske diktarar ga meir nøkterne skildringar basert på observasjonar. Dei verdskjende forfattarane Edgar Allan Poe og Jules Vernes brukte alle desse kjeldene da dei skreiv sine forteljingar om malstraumen i Lofoten. (Poe's historie)
Havtåka sig inn over Mosken. Mystiske fjell !
Sidan den historiske literaturen vart skreven har det heller vore lita interesse for å granske dette straumfenomenet på vetenskapleg grunnlag. Vi har gjort modellsimuleringar med datamaskiner av denne kraftige tidevasstraumen og studert den gamle literaturen. Resultata er no publiserte i internasjonale tidskrift
Ei kan og sjå strukturen i straumstripene i Moskstraumen på radar bilete frå den europeiske havforskningssatelliten ERS1 (Wahl, 1995).
| Mørk blå farge er lågvatn og lys blå farge er høgvatn. Bølgja kjem inn i Norskehavet frå Atlanterhavet nord om Skottland. Den breier seg nordaust over mot kysten av Vestlandet og vidare nordetter norskekysten og inn i Polhavet og Barentshavet. |
|
Pilane syner straumretning og styrke. Lange pilar er sterkare straum.
Animasjonen syner straumskiftet i ein tidevatnsyklus (12.4 timar). Last ned (film, 5.8Mb). Eit foredrag ved Innovasjonskonferansen i Å, Lofoten 23.-24. mars 2006 om Moskstraumen kan og lastas ned. (pdf, 1.8Mb) |
Desse sidene er laga av::
Bjørn Gjevik , <bjorng@math.uio.no>
Halvard Moe , <halvardm@math.uio.no>
Atle Ommundsen , <atleo@math.uio.no>
Sist oppdatert 27. mars 2006