OTH-side:

Gå til: OTH-hovedside

 


 
 

HJEMMEUNDERVISNING OG OPPLÆRINGSLOVEN (oppdatert 1/7 2008)

 

De juridiske rettighetene til hjemmeundervisning ble styrket med ny opplæringslov (1998). Hjemmeundervisning ble et selvstendig juridisk begrep: "Privat opplæring i heimen".

PARAGRAFER MED BETYDNING FOR HJEMMEUNDERVISNING:

§ 1-1. Verkeområdet for lova

       Lova gjeld grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i offentlege skolar og lærebedrifter dersom ikkje noko anna er særskilt fastsett.

       Lova gjeld private grunnskolar som ikkje mottek statstilskot etter friskolelova, og privat heimeopplæring i grunnskolen.

       For opplæring som er spesielt organisert for vaksne, og som kommunen eller fylkeskommunen har ansvaret for, gjeld kapittel 4A.

§ 1-2. Formålet med opplæringa

       Grunnskolen skal i samarbeid og forståing med heimen hjelpe til med å gi elevane ei kristen og moralsk oppseding, utvikle evnene og føresetnadene deira, åndeleg og kroppsleg, og gi dei god allmennkunnskap, slik at dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn.

       Den vidaregåande opplæringa skal ta sikte på å utvikle dugleik, forståing og ansvar i forhold til fag, yrke og samfunn, og hjelpe elevane, lærlingane og lærekandidatane i deira personlege utvikling. Den vidaregåande opplæringa skal vere med på å utvide kjennskapen til og forståinga av dei kristne og humanistiske grunnverdiane, den nasjonale kulturarven vår, dei demokratiske ideane og den vitskaplege tenkjemåten og arbeidsmåten.

       Opplæringa i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa skal fremje menneskeleg likeverd og likestilling, åndsfridom og toleranse, økologisk forståing og internasjonalt medansvar.

       Opplæringa skal leggje eit grunnlag for vidare utdanning og for livslang læring og støtte opp under eit felles kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlag og eit høgt kompetansenivå i folket.

       Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten.

       Det skal leggjast vekt på å skape gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar, mellom lærlingar, lærekandidatar og bedrifter, mellom skole og heim, og mellom skole og arbeidsliv. Alle som er knytte til skolen eller til lærebedriftene, skal arbeide for å hindre at elevar, lærlingar og lærekandidatar kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar.

 

§ 1-3. Forskrifter

       Kongen i statsråd kan gi forskrifter for å fylle ut dei overordna måla og prinsippa for opplæringa.

Kommentar: Bare en forskrift (3-1) om vurdering er av betydning for hjemmeunderviser

Forskrift: § 3-1. Rett til vurdering

       Elevar i offentlege grunnskolar og skolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12, har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. Kapitlet gjeld ikkje dei som får privat grunnskoleopplæring i heimen etter opplæringslova § 2-13.

       Det skal leggjast vekt på å gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane. Det skal også leggjast til rette for at elevane kan gjere god eigenvurdering.

       Skoleeigaren har ansvaret for at elevane får oppfylt rettane sine.

 

§ 2-1. Rett og plikt til grunnskoleopplæring

       Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til ein offentleg grunnskoleopplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter. Plikten kan ivaretakast gjennom offentleg grunnskoleopplæring eller gjennom anna, tilsvarande opplæring.

       Retten til grunnskoleopplæring gjeld når det er sannsynleg at barnet skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Plikta til grunnskoleopplæring byrjar når opphaldet har vart i tre månader. Departementet kan i særlege tilfelle frita elevar frå denne plikta.

       Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte i skolen, har barnet rett til å utsetje skolestarten eitt år dersom foreldra krev det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skolestarten eitt år. Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkynnig vurdering la eit barn ta til på skolen eitt år før når det innan 1. april har fylt 5 år.

       Retten og plikta til opplæring varer til eleven har fullført det tiande skoleåret. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykkje frå foreldra kan kommunen heilt eller delvis vedta å frita ein elev for opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det.

       Dersom ein elev utan å ha rett til det har fråvære frå den pliktige opplæringa, kan foreldra eller andre som har omsorg for eleven, straffast med bøter dersom fråværet kjem av at dei har handla forsettleg eller aktlaust. Offentleg påtale blir ikkje reist utan når kommunen set fram krav om slik påtale.

 

§ 2-3. Innhald og vurdering i grunnskoleopplæringa

       Grunnskoleopplæringa skal omfatte kristendoms-, religions- og livssynskunnskap, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk og sosial opplæring. Ein del av undervisningstida etter § 2-2 kan brukast til fag og aktivitetar som skolen og elevane vel, til leirskoleopplæring og til opplæring på andre skolar eller på ein arbeidsplass utanfor skolen. Kommunane avgjer sjølv korleis timar ut over minstetimetalet gitt i forskrifter etter § 2-2 skal brukast.

       Grunnskolen er delt i eit barnetrinn og eit ungdomstrinn. Barnetrinnet omfattar 1.-7. årstrinn og ungdomstrinnet omfattar 8.-10. årstrinn.

       Departementet gir forskrifter om fag, om mål for opplæringa, om omfanget av opplæringa i faga og om gjennomføringa av opplæringa. Departementet gir forskrifter om vurdering av elevar og privatistar og om klage på vurderinga, om eksamen og om dokumentasjon.

       Elevane skal vere aktivt med i opplæringa. Undervisningspersonalet skal tilretteleggje og gjennomføre opplæringa i samsvar med læreplanar gitt etter lova her. Rektor skal organisere skolen i samsvar med første leddet og forskrifter etter tredje leddet og i samsvar med § 1-2 og forskrifter etter § 1-3.

       Etter søknad frå kommunen kan departementet gi ein skole løyve til avvik frå første leddet og frå forskrifter om læreplanar dersom kravet til opplæringa samla ikkje blir mindre. Før slikt løyve blir gitt, må det liggje føre fråsegn frå samarbeidsutvalet.

Endra med lover 17 sep 1999 nr. 74 (i kraft 17 sep 1999, etter res. 17 sep 1999 nr. 1011), 12 april 2002 nr. 10 (i kraft 1 aug 2002, etter res. 12 april 2002 nr. 349), 17 juni 2005 nr. 105 (i kraft 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660). Vert endra med lov 27 juni 2008 nr. 70 (i kraft 1 aug 2008, etter res. 27 juni 2008 nr. 724).

 

§ 2-3a. Fritak frå aktivitetar m.m. i opplæringa

       Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå dei delar av undervisninga ved den enkelte skolen som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn, eller som dei på same grunnlag opplever som støytande eller krenkjande. Det er ikkje nødvendig å grunngi melding om fritak etter første punktum.

       Det kan ikkje krevjast fritak frå opplæring om kunnskapsinnhaldet i dei ulike emna i læreplanen. Dersom skolen på eit slikt grunnlag ikkje godtek ei melding om fritak, må skolen behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova.

       Skolen skal ved melding om fritak sjå til at fritaket blir gjennomført, og leggje til rette for tilpassa opplæring innanfor læreplanen.

       Skoleeigaren skal årleg informere elevane og foreldra til elevar under 15 år om reglane for fritak.

       Elevar som har fylt 15 år, gir sjølv skriftleg melding som nemnt i første ledd.

Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 106 (i kraft 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 661). Vert endra med lov 27 juni 2008 nr. 70 (i kraft 1 aug 2008, etter res. 27 juni 2008 nr. 724).

 

§ 2-4. Undervisninga i faget kristendoms-, religions- og livssynskunnskap

       Undervisninga i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap skal

-

gi grundig kjennskap til Bibelen og kristendommen som kulturarv

 

-

gi grundig kjennskap til evangelisk-luthersk kristendomsforståing og ulike kristne kyrkjesamfunn

 

-

gi kjennskap til andre verdsreligionar og livssyn

 

-

gi kjennskap til etiske og filosofiske emne

 

-

fremje forståing og respekt for kristne og humanistiske verdiar

 

-

fremje forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.

       Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.

       Den som skal undervise i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap, skal presentere kristendommen, dei ulike verdsreligionar og livssyn ut frå deira eigenart. Dei same pedagogiske prinsippa skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emna.

 

§ 2-13. Bruk av lova for privat opplæring i heimen

       §§ 1-2, 1-3, 2-3 og 2-4 i lova med forskrifter gjeld for innhaldet i privat grunnskoleopplæring i heimen så langt reglane ikkje kjem i strid med Noregs folkerettslege plikter.  

 

§ 2-15. Rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring

       Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa.

 

§ 5-1. Rett til spesialundervisning

       Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.

       I vurderinga av kva for opplæringstilbod som skal givast, skal det særleg leggjast vekt på utviklingsutsiktene til eleven. Opplæringstilbodet skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet kan gi eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa i forhold til andre elevar og i forhold til dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven. Elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale undervisningstimetalet som gjeld andre elevar, jf. § 2-2 og § 3-2.

 

§ 5-2. (Opphevd med lov 30 juni 2000 nr. 63 (i kraft 1 aug 2002, etter res. 26 april 2002 nr. 414).)

 

§ 5-3. Sakkunnig vurdering

       Før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om spesialundervisning etter § 5-1 eller § 5-2, eller vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod som bør givast.

       Den sakkunnige vurderinga skal blant anna greie ut og ta standpunkt til

-

eleven sitt utbytte av det ordinære opplæringstilbodet

 

-

lærevanskar hjå eleven og andre særlege forhold som er viktige for opplæringa

 

-

realistiske opplæringsmål for eleven

 

-

om ein kan hjelpe på dei vanskane eleven har innanfor det ordinære opplæringstilbodet

 

-

kva for opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod.

       Departementet kan gi nærmare forskrifter om den sakkunnige vurderinga.

       Dersom vedtaket frå kommunen eller fylkeskommunen avvik frå den sakkunnige vurderinga, skal grunngivinga for vedtaket blant anna vise kvifor kommunen eller fylkeskommunen meiner at eleven likevel får eit opplæringstilbod som oppfyller retten etter § 5-1, § 5-2 og § 5-7.

Vert endra med lov 20 juni 2008 nr. 48 (i kraft 1 aug 2008, etter res. 20 juni 2008 nr. 621).

 

§ 5-4. Nærmare om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning

       Eleven eller foreldra til eleven kan krevje at skolen gjer dei undersøkingar som er nødvendige for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt kva opplæring eleven treng. Undervisningspersonalet skal vurdere om ein elev treng spesialundervisning, og melde frå til rektor når slike behov er til stades.

       Før det blir gjort sakkunnig vurdering og før det blir gjort vedtak om å setje i gang spesialundervisning, skal det innhentast samtykke frå eleven eller frå foreldra til eleven. Med dei avgrensingane som følgjer av reglane om teieplikt og § 19 i forvaltningslova, har eleven eller foreldra til eleven rett til å gjere seg kjende med innhaldet i den sakkunnige vurderinga og til å uttale seg før det blir gjort vedtak.

       Tilbod om spesialundervisning skal så langt råd er, formast ut i samarbeid med eleven og foreldra til eleven, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.

 

§ 5-5. Unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa

       Reglane om innhaldet i opplæringa i denne lova og i forskrifter etter denne lova gjeld for spesialundervisning så langt dei passar. For elev som får spesialundervisning, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan. Planen skal vise mål for og innhaldet i opplæringa og korleis ho skal drivast. Også avvikande kontraktsvilkår for lærlingar kan fastsetjast i den individuelle opplæringsplanen.

       Skolen skal kvart halvår utarbeide skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven. Skolen sender oversikta og vurderinga til eleven eller til foreldra til eleven og til kommunen eller fylkeskommunen.

Endra med lov 27 juni 2003 nr. 69 (i kraft 1 aug 2003, etter res. 27 juni 2003 nr. 774).

 

§ 5-6. Pedagogisk-psykologisk teneste

       Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen.

       Tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gi forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.

 

§ 5-7. Spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder

       Barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Hjelpa skal omfatte tilbod om foreldrerådgiving. Hjelpa kan knytast til barnehagar, skolar, sosiale og medisinske institusjonar og liknande, eller organiserast som eige tiltak. Hjelpa kan også givast av den pedagogisk-psykologiske tenesta eller av ein annan sakkunnig instans.

       For spesialpedagogisk hjelp gjeld § 5-4 andre og tredje leddet i lova. § 5-5 andre leddet i lova gjeld så langt det passar.

 

§ 5-8. Helsetenestetilbod

       Departementet kan gi forskrifter om helsetilsyn og medisinsk hjelp for elevar som får spesialundervisning.

 

§ 5-9. Statens plikt til å sørgje for læremiddel

       Departementet skal sørgje for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for spesialundervisning.

 

§ 13-1. Plikt for kommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring og spesialpedagogisk hjelp

       Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring og spesialpedagogisk hjelp etter denne lova for alle som er busette i kommunen. Ansvaret gjeld ikkje elevar og andre som fylkeskommunen har ansvaret for etter §§ 13-2 og 13-3 a.

       Departementet gir forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om kven som skal reknast som busett i kommunen, og om refusjon av utgifter som andre kommunar har til grunnskoleopplæring.

       Offentlege grunnskolar skal vere kommunale. I særlege tilfelle kan staten eller fylkeskommunen drive grunnskolar. Fylkeskommunen må ha godkjenning frå departementet.

       Kommunen skal ha skolefagleg kompetanse i kommuneadministrasjonen over skolenivået.

 

§ 14-2. Kommunalt tilsyn med heimeopplæring

       Kommunen fører tilsyn med den pliktige opplæringa for barn og unge som ikkje går på skole, og kan òg kalle dei inn til særskilde prøver. Kommunen skal krevje at barnet eller den unge skal gå i skole dersom dei krava lova her med forskrifter stiller til heimeopplæringa ikkje er oppfylte.

Fra en merknad til loven som er viktige for hjemmeundervisning, punkt 3.11 Privat opplæring (s.19 i Innstilling til Stortinget nr. 70 - 1997-98):

"Komiteen vil understreke at kommunens tilsyn med privat opplæring må annerkjenne foreldrenes rett til å tilpasse undervisningen ut fra formålet med hjemmeundervisningen i de tilfellene livssynsmessige eller pedagogiske forhold ligger til grunn for ønsket om privat opplæring. Komiteen mener dette er en parallell til privatskolelovens bestemmelser om godkjenning av fagplaner som avviker fra læreplanen i livssyn og alternativ pedagogikk."

"Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre merker seg at proposisjonens vektlegger betydningen av en god offentlig skole. I tillegg merker disse medlemmer seg at det tilrettelegges for et samarbeid med foreldrene om privat hjemmeopplæring når læreplanens intensjoner blir fulgt. Disse medlemmer støtter departementets presisering når det gjelder ansvaret for tilsyn, og understreker betydningen av at dette skal skje i samråd med foreldrene, selv om kommunen har ansvaret for tilsynet. Disse medlemmer merker seg at man på denne måten ivaretar foreldreretten, samtidig som barns opplæringsrett sikres.

Når det gjelder grenseoppgangen mellom skole og hjemmeundervisning, se merknad til § 2-12 i nest siste kapittel i Odelstingsproposisjon 46 2007-08.