Um meg

Eg er tilsett som avdelingsingeniør ved Tekstlaboratoriet og MultiLing - Senter for flerspråklighet, som forskar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, og au som vitskapleg assistent ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Eg hev ein bachelorgrad i kultur- og samfunnsfag med spesialisering innan japansk språk og stønadsemne innan lingvistikk, mandarinkinesisk og engelsk, og ein mastergrad i lingvistikk frå Universitetet i Oslo. Innan lingvistikk hev eg sett mest på fonetiske og fonologiske fenomen. Personalsido mi på UiO finn du her, og vidare kann du finna ResearchGate-profilen min her og Academia-profilen min er her.

Masteruppgåva:

Du kann finna masteruppgåvo mi, "Plosivane i Bjerkreim. Ein synkron studie av preaspirasjon og klanglause lenes", her.