verdenstreet  
PÅ VERDENSVEVEN  
line decor
line decor
 
 
 
 

 
 
Om Tjoflot i Hardangerfjorden
 

Kort introduksjon til dokumentasjonsprosjekt

På denne nettsida er det fleire historiar frå korleis det var på Tjoflot i eldre tider. Tjoflot er ei lita bygd som ligg omtrent midt i Hardangerfjorden i Ullensvang herad. Her finn du historiar mellom anna korleis livet var i gamle dagar då det ikkje var veg, telefon eller straum. Mykje har endra seg sidan den gongen.

FAKTA:

Storekaien på Tjoflot

Tjoflot ligg midt i Hardangerfjorden på Oksenhalvøya. Du kan koma dit med båt eller bil.

Visste du dette?:

1. Hardangerfjorden har sidan 1800-talet vore eit viktig europeisk reisemål.

2. Hardangerbrua er ca. 1 380 meter lang, og er iblant verdas 10 lengste hengebroer. Den er lengst i Norge.

Nettressursar

Det er ikkje mange som kjenner til korleis livet var på Tjoflot i eldre tider. Forteljingane og historiane vert gløymd når dei eldre fell frå og nye generasjonar tek over. Historia er forgjengeleg om den ikkje vert atterfortald. I 2002 starta eg derfor eit systematisk arbeid med å få informasjon frå folk som er oppvaksne på Tjoflot rundt 1920-30, om nettopp korleis livet var i forne tider. Eg var også nysgjerrig på korleis utviklinga har vore fram til i dag?

Ideen til denne nettsida fekk eg for lenge sidan og målet var å dokumentera livet i gamle dagar. Nettsida kom endeleg på lufta januar 2007, men dokumenteringsarbeidet og research for innhaldet starta allereie i 2002. Med i dokumentasjonen er også gamle stadsnamn på Tjoflot og kva dei betyr.

Mine kjelder er mange og eg takkar desse; Brita Tjoflot, Marit Lyngby, Jorunn Tjoflot, Edvard Tjoflot og Per Tjoflot. Alle desse med unntak av Lyngby er frå eller levde store deler av livet sitt på Tjoflot. Eg har hatt mange samtalar med dei, og har fått korrigert opplysningar om ting eg har lurt på undervegs. Noko informasjon er også henta frå nettet og frå bygdebøker. Ein del av tankegodset er også basert på eigne opplevingar frå barndomen siden familien min har ein liten gard like ved sjøen, Naustbrekko. Her ferierte vi i helger og skuleferiar opp gjennom oppveksta. Frå gamalt av var Naustbrekko ein husmannsplass under ein av dei store gardane, Garen. Plassen ber dette namnet den dag i dag. Namnet kjem seg av at det er bratt - brekko - og at dei fleste nausta tilhøyrande gardane i bygda ligg nettopp i Naustbrekko.

Kommentarar og innspel til nettsida kan du senda til underteikna.

Mvh Gunn Kristin Tjoflot (Kontaktinformasjon)

Innhald:

1. Folkeliv
Kort innleiing * Busetnad i eldre tid * Busetnad i nyare tid * Arbeid og kvardag * Dyr og mataukt * Eplesortar på Tjoflot

2. Moderne hjelpemiddel og kommunikasjon med omverda
Telefonen og straumen gjer livet lettare på 50-talet * Fraktebåtane Regent, Symra og MS Granvin * Turen til og frå Tjoflot

3. Tradisjonar og gamle merkedagar
Gifte, Gravferd, Dåp * Tjoflotfest, Konefest og Grendafest * Jonsok/ Midtsommar/ Anna

4. Tjoflot under krigsåra

5. Cruiseskipa glir forbi

6. Stadnamn på Tjoflot
Stadnamn ved fjellet / kort historikk * Stadnamn på innmark / kort historikk * Stadnamn ved sjøen / kort historikk

7. Hardanger der det skjer!

8. Hardanger er trendy...


1. Folkeliv

 

Kort innleiing

Langs Hardangerfjorden ligg frodige fruktbygder som perler på ei snor. Ei slik bygd er Tjoflot som ligg i Samlafjorden. I Samlafjorden møtes alle fjordarmane og i åpningen av den ligg Tjoflot. I horisonten skuer ein ut av Hardangerfjorden eller inn til Kinsarvik, og Sørfjorden, Eidfjord. Tjoflot ligg "opent til" og er ikkje innestengt mellom tronge fjell eller i ein fjordarm. Om somaren er det sol heile dagen, flotte solnedganger og lange lyse somarkveldar.

Tjoflot ligg lunt i ei vik på Oksenhalvøya omlag midt i Hardanger. Ovenfor troner nuten Oksen (1242 meter høg). Det heiter seg at på toppen av Oksen kan ein i klarvær oppleva å sjå heilt til Bergen. Herifrå er også utsyn mot Hardangervidda og Folgefonna upåklageleg så vel som over dei andre fjordarmane. Nærmaste tettstad til Tjoflot med båt er Utne som ligg rett ovanfor Tjoflotsvika med 15 minutt i båt. Litt lengre inn i fjorden ligg herradsetet i Ullensvang, Kinsarvik. Ellers ligg Granvin heller ikkje så langt unna med bil.

Tips : Turlag i området arrangerer jamleg turar til Oksen, og det er ein fin tur om været er OK. Er det tillaup til regn og skodde er det ikkje tilrådeleg å leggja ut på tur til oksen då det på dei øvste strekningane er bratt og steinete og det kan vera farleg å ferdast i det bratte fjellet.

Dei eldre talar om at det var eit yrande og rikt folkeliv på Tjoflot i gamle dagar. I dag har imidlertidig busetnadsmønsteret endra seg og det er ikkje så mange fastbuande på Tjoflot. Rekna med stort og smått er det i alt 5 faste busetnadar. Om somaren endrar biletet seg radikalt; Mange har tilknytning til Tjoflot sidan dei har hytter her, slektningar, og vener, så i helgene, feriar og høgtider som jul og påske er det eit yrande liv på Tjoflot. Då kjem mange utflytta "tjoflottingar" tilbake og nyt livet iflott natur, rein luft langt borte frå bylivet. Om somaren er det også mang og ein bilturist som kjem på tur for å sjå seg om, fiskring eller er på picnik.

 

Storekaien

Sjøvegen var viktig for folk frå gammalt av. På bildet ser du Storekaien der fraktbåten MS Granvin la til kvar da, ein elelr to gonger, med unntak av søndag. Her møttes folk for å henta varer frå kjøpmannen, senda varer og ikkje minst senda frukt til Fruktlageret i Ulvik. Her henta dei og posten og slo av ein prat med naboen. kaien og Damepen var ein møteplass. Foto: Gunn Kristin Tjoflot

 

Busetnad i eldre tider

Tjoflotvika ligg godt beskytta under Oksenfjellet og er ein stille og fredeleg plett på jord. Hit kom ein raskast med båt, robåt, seglbåt, elelr Dampen og om det var utrykt vær gjekk ein til fots til og frå Djønno. Det opparbeida kulturlandskapet som nå naturen nokre plassar tek tilbake er ligg omgitt av frodig og vakker natur. Tjoflot er vestvendt og midtsommars er det ljost nesten heile døgeret. Midt på sommaren skin sola frå 08.00 til den går ned så seint som i 22.00 tida, og det vert knapt mørkt på natta. Sommarane er varme og gode og avlingane frå gardsbruka og naturen er rikelege. Folk har utan tvil hatt eit godt liv her opp gjennom tidene.

Det er funne spor etter busetjing frå eldgammal tid. Høgst truleg har det vore busetnad sidan isen trakk seg tilbake og frigav landet. Det er likevel ikkje gjort systematiske utgravingar for å sjekke dette. Men i skogen der kystlinja gjekk før, er det sett spor etter noko som truleg er fangstgraver og steinreiskap frå steinalderen. Her finnes mange steinhellarar som er tørre og djupe nok til å brukast til mennekely. Eller fungere som bustad?

På plassen Salbuhaug i vika er det funne brutte potteskår frå farne tider. Sjølve navnet Salbuhaug kjem frå at det vart produsert salt her i eldre dagar. Salt var naudsynt i hushaldet m.a. for å salta og tørka kjøtt som var ein vanleg oppbevaringsform for kjøtt. Men salt var dyrt å kjøpa og var det noko folk ikkje hadde så mykje av så var det pengar. Dei freista derfor å utvinne det sjølv. Utan pengar gjaldt prinsippet om å vera sjølvforsynt med det meste. Utvinning av salt må nok ha tatt tid, då vatnet i Hardangerfjorden er brakkvatn fordi det renn mange elver i den og den er slik ikkje så salt.

Bryggja til Edvard Tjoflot i Naustbrekko

Feriestemning sommaren 2006 på bryggja til Edvard Tjoflot. Rett ovanfor Tjoflotsvika ser vi tettstaden Utne som er kyrkjesognet til Tjoflot. Foto: Gunn Kristin Tjoflot

 

Truleg har det vore fast busetnad på Tjoflot sidan vikingtida. Nokre segner understøtter dette. På Oksen var det etter legenda ein vete der det seiest at det var stasjonert ein vakt i ufredstider. Veten var ein stor vedstabel bygd opp på fjellet, og som vart tent av ein vakt når han såg at framande skip kom siglande inn fjorden. Det var mange vetere og dei var ordna i system innetter langs fjorden.

I ufredstider vart den eine etter den andre veten påtent for å varsla dei andre lengre inn i fjorden om at ein fiende var i anmarsj. Røyk frå bålet varsla når fiendens båtar sigla lenger og lenger inn i fjorden. Ein kunne på denne måten forberede seg for slag inn i fjorden utan at fienden var forberedt og han var ofte sjanselaus. Vaktordninga der bønder bemanna krigsskip for forsvar vart kalla leidang. I Kinsarvik er det restar etter ståene til store leidangskip. Les meir om leidangordninga i Wikipedia

Det er observert runeskrift fleire stadar på Tjoflot. Desse ennå ikkje avbilda eller dokumentert. Det skal ettersigande finnes runer på desse stadane:

  1. Runehedlo, som ligg på Bjørge, det store stupet som ligg på veg opp til stølen ovanfor Kvanndal og Ålvik. Runahedlo ligg rett før ein kjem til Bjønnbaus, like ved ein bekk. Runene ligg på undersida. Det er det stygt å gå hit for den som har høgdeskrekk og det er ikkje tilrådeleg å gå hit.
  2. Oksen, på ein fjellvegg på snaufjellet har Edvard Tjoflot sett runer.

 

Busetnad i nyare tid

Det seiest at på 1800-tallet var den dyrkbare marka utnytta maksimalt i forhold til kva den kunne tåla av matproduksjon. På denne tida budde det omlag 100 (120?) mennesker på Tjoflot. Folk budde i storfamiliar og dei eldre budde sjølvsagt på garden. Fleire generasjonar delte på dei same husa. Ofte delte to -tre mennesker på eit rom. Det var mange munnar å mette og folk levde av det dei produserte sjølv – eit såkalla naturalhushald. Det må det ha vore eit slit å brødfø alle. Det var på den tida slåtter rundt omkring på alle tenkelege og utenkelege stadar. Alt vart gjort for å sikre for til husdyra for vinteren. Graset vart lagra i utløer på slåtteplassen og frakta heim når ein trong det til foring av dyra utpå vinteren. Ofte vart graset frakta heim med løypestreng. Feks frå Fjellbrune ned til Longeskår brukte dei løypestreng. Også på mindre teigar var det utløer. Alle hadde husdyr og trong graset som for.

I naturhusholdninga lagde dei all maten sjølv og måtte vera sjølvhjelpne med det meste. I tilfeller der dei ikkje hadde muligheit for å produsera vara sjølv bytta dei varer og betalte med produkt som dei sjølv hadde laga. Pengar vart tradisjonelt lite i bruk på denne tida, og det som fanst låg nederst på kistebotnen. Fattslege kår og naud på denne tida gjorde at folk reiste frå Tjoflot. Mange var det som reiste til nye muligheiter i Amerika.

I dag er det få fastbuande sett i forhold til gamle dagar. Medrekna smått og stort inkludert dei som pendlar til Tjoflot i helger og feriar er det om lag 17 mennesker med tilknytning til Tjoflot. Samfunnsstrukturen har endra seg i dag. Naturalhushaldets tid er over, og dei fleste har i dag lønna inntekt i nærliggjande tettstad og by. Det er likevel att nokre som driv gårdsbruk og det er enno skogsdrift, fruktdyrking og husdyrhald med sauer. Vel å merke seg er at Ullensvang er den største fruktkommunen i Noreg og selde i 2003 frukt for 70 millionar kroner. Men tida med naturalhushaldninga med hardt kroppsarbeid er definitivt forbi, og ingen lever kun av arbeidsinntekt frå gården lenger. Nye inntektsvegar som krever mindre innsats er komne til slik som turisme og hytteutleige.

 

Arbeid og kvardag

Gardsarbeidet i eldre tider var hardt seier mine kjelder. Det var ikkje maskiner til å hjelpa seg med, og ein måtte tidleg læra seg å ta i eit tak. Men det var heldigvis mange sterke hender som kunne hjelpa til om det var ein stor stein eller ei trerot som måtte ut or vegen. Folk var ikkje vanskelege å be om hjelp, for gav ein hjelp kunne ein også be om hjelp ei anna gong. Hestane gjorde også mykje tungarbeid som å dra tømmer og bæra tung transport. Dei fleste storgårdane med unntak av Naustflot hadde sin eigen hest til kløving og transport. Kløving betyr å frakte varer på hest for eksempel mjølkespann festa til sadelen til hesten.

Regbode i Sørfjorden

 

 

 

Regnbogen festar seg ned i Sørfjorden. Foto: Gunn Kristin Tjoflot

Arbeidet på garden var veldig arbeidsintensivt og krevde mykje av dei som budde der. Det var tre store gårdar på Tjoflot og bøndene på desse hadde ofte småbruk som dei leigde ut til husmenn. Husmennene måtte i tillegg til å arbeide på sin eigen teig, også stille med arbeidskraft på storgården - såkalla pliktarbeid. Med husmenn på gården sikra storbonden seg naudsyndt arbeidskraft ved pliktarbeid. Livet har nok vore hardt for mange som budde på smålassane rundtom, og prega av mykje strev og slit for å få endane til å møtast. Men det var også koseleg med mange folk og godt samhold, fortel mange av min kjelder.

Som påpeika var dugnadsånden sterk i eldre tider og folk hjelpte kvarandre når det trongs ekstra hjelp på nabogarden. På dette viset fekk ein iverksatt tunge prosjekt som hus- og bryggjebygging og det å rydda mark. I familien var det også påkravd at alle gjorde sin del av gardsarbeidet. Både gamle og unge var med å hjelpa til med daglege gjeremål som barnepass, vask, matlaging, slått, dyrestell og anna som måtte gjerast. Også litt eldre ungar hadde oppgåver dei måtte ta seg av. I naturalhusholdninga måtte husbonden vera altmoglegmann. Han måtte ha nok ferdigheiter til å meistre alle dagliglivets utfordringar. Han måtte til tider ta utfordringar som å lappa sko, laga reiskap og møblar, smi jern, slipa, slakta, gjete buskap, mala korn (eller somd ei sa i gamel dagar på tjoflotsk - kodn), bygga hus og alt det andre som trongs. Kvinna i huset var ikkje mannen underlegen på noko vis, ho måtte skaffe til vege mat, laga mat, ta vare på husdyr, hausta inn, ta vare på ungane, sy og lappe kle, og alt det andre som fylger med stell av hua og heim. Kvinnene tok seg tradisjonelt for av mykje av arbeidet på gården.

Arbeidshjulet følgde årets gang. På sommaren var det mykje å ta tak i, mens på vinteren var det mindre å gjera, men dei var ikkje arbeidslause. Folk stod tidleg opp i sommarhalvåret, gjerne kl 6.00 då dei åt frukost og straks gjekk dei i gang med arbeid. Etter fyrste arbeidsøkt vart det middag kl 12.00, og deretter ein middagskvil på ein-to timar. Etter middagsluren vart det igjen ei arbeidsøkt til kl 16.00, eller nons som det vart kalla. Når det vart nons tok dei seg litt brødmat og kaffi. Etter nons vart det igjen arbeid av lettare karakter til utpå kvelden. På kvelden kl 19.00 var det kveldsmat og rekreasjon og kvil. Søndag hadde alle fri, utan det arbeidet som måtte gjerast som å stella husdyr.

Slaktinga skjedde på hausten. Etter det var det tilbereding av kjøtet. Arbeidet i eldhuset var då viktig der det vart laga røykekjøtt, salting av kjøt. Det vart også tilberedt mat som no nesten har gått bort frå middagsbordet slik som blodpudding. Alt på dyret vart brukt.

På vinteren kjøyrde dei inn tørrhøy til dyra som sto i fjoset. Mennene gjekk jakt, fiska og satt garn i fjorden, tømra, hogde ved og gjorde vedlikehald. Viktig for mennene var og å få ved i huset, her hadde born ein jobb å gjera også. Ofte var det dei som måtte bera veden i huset. Kvinnene stelte huset og veva og strikka. Det var mindre å gjera på vinteren så då kunne ein ta seg inn att eter ein arbeidsintensiv sommar.

Alle dei eg har brukt som kjelder seier at dei debuterte tidleg i arbeidslivet. Min far var dreng i 9 års alderen. Og det var forventa at unge tidleg i tenårene tok seg jobb som dreng om sommaren på nabogården for kost og losji, og litt pengar i løn. Drengearbeid var ein etablert arbeidsform også for eldre gutar og jenter. Det vart også kalla å gå i teneste.

 

Dyrehald og mataukt

Dei fleste gardsbruka var som nevnt nokolunde sjølvhjulpne med mat, og hadde ofte geiter, høner, hest, sauer og gris. Det var kvinnene som for det meste tok seg av dyra. Gjennom husdyrhald var folk hjelpne med kjøtt og mjølkeprodukt. Mennene gjekk også på jakt på hare, hjort og anna. Det var vanleg å salta og røyka kjøtet slik at det skulle halda seg i lang tid. Arbeidet med kjøtet vart gjort i eldhus der ein også oppbevara maten. Noko kjøtt vart også speka, dvs hengt opp til langtidsstørking. Dette vart også gjort med lær av sau og gris. Slike spekelær hang til våren. Ein annan mogleg måte å lagre kjøtt på var å legge det i salta vatn i store kar. Også sild vart salta ned eller røykt. Silda kjøpte folk frå handelsmannen på Utne, antan Svarttveit eller Per på Utne (no handelslaget).

Ellers fiska alle i fjorden ved dorging eller ved å setje line eller garn. Det var tradisjonelt godt fiske ved Tjoflot. Lutafisken, som ein pleidde å ha til jolamidda, laga tjoflottingane sjølv med eigenhendig fiska torsk og med heimalaga lut. Luta vart laga slik: Ein tek oske frå or (ikkje tjærehaldig ved). Oska skal leggjast i vatn i ei tid. Når det svarte grumset frå oska har lagt seg i botnen i karet tek ein den øvste gulaktige veska av. Denne veska er lut. Og det er i luten fisken skal leggjast for å veta lutafisk.

Alle ressursar vart utnytta på matfronten; hasselnøtter fann ein i skogen og i heia var det ogsåalle sortar bær. Te laga ein sjølv av karveplanter som vaks opp i lia. Denne teen var sterk og god ifølgje Edvard Tjoflot. Det var lite pengar i omløp og folk klara seg stort sett av det dei kunne produsera sjølv.  Men nokre gonger gjekk vegen til kjøpmannen, og det vart kjøpte inn varer som dei ikkje hadde sjølv slik som mjøl, gjær (til bakst), stoffer til klede, sukker og anna naudsynt. Mat kjøpte ein sjeldan. Nokre unntak var det nok i spesielle tilhøve. Mi bestemor Jorunn Tjoflot fortalte om sin barndom på Djønno tidleg på 1900-talet at dei fekk av og appelsinertil jul. Dette var både spennande og sjeldent. Appelsiner må truleg ha vore ganske sjeldsynt på denne tida så desse appelsinene må nok ha vorte fortært med stor andakt.

Det vart også dyrka frukttre i stor stil. Klimaet i Hardanger er mildt, gode varme somrar og midle vintrar som gir gode vilkår for fruktdyrking. Fruktdyrkinga stammer seg frå 1300-talet då engelske munkar hadde fleire store bruk i Hardanger. Det er mange spor etter munkane innover i fjorden i form av gravrøyser. Her gravla dei døde munkar. Nokre av gravrøysene kan du sjå på Eikaneset på veg til Tjoflot. På Tjoflot har tradisjonelt fruktdyrking vore leveveg opp gjennom tidene. Her vart det dyrka eple, pærer, morellar, jordbær. Ullensvang er også i dag vel mest kjent for nettopp fruktdyrking. Bøndene i Hardanger står også for 80 % av all morellproduksjon i Noreg. Det er ikkje tvil om at her er det fruktbart. Desse er mykje betre enn dei utanlandske, men det kostar litt å få tak i ”ekte vare”. Men kvalitet betalar seg i form av betre smak.

Alla hadde sine små åkerlapper der dei dyrka forskjellige grønsaker. Det kunne vera seg erter, kål, poteteter. I eldre dagar dyrka ein også korn og bygg. Det var to kverner på Tjoflot der bøndene kunne mala korn. Det var ei på Naustflot og ei i Garen.

Seinare når det vart vanlegare å ha hovedarbeid utanfor gården vart det meir vanleg å kjøpa mat frå butikken. Det har ikkje vore nokon handels mann på Tjoflot, så varene vart bestilt frå nærmaste handelsmann som sendte med MS Granvin (postbåten). Eller ein tok båten til handelsmannen på Utne. På Utne var det som nevnt to handelsmenn, den eine som vi brukte mest heit Sjur Svarttveit. Det var vanleg å ha eit matforråd på gården. Husmora hadde eit spisskammer som var fylt opp til randen med sukker, salt, mjøl, zalo, vaskemiddel, suppeposar og andre varer som ein trong i hushaldninga. Folk kunne klare seg lenge med matvarer dei hadde hamstra opp om det var vanskeleg pga av uvær å få dratt til kjøpmannen feks ved dårleg vær på fjorden. det hendte seg ofte om hausten då det var ruskevær og storm som gjorde at folk vart isolert ei tid frå omverda.

Etter den andre verdskrig skjedde det ein mekanisering av landbruket og det kom fleire maskiner til Tjoflot. Bruk av hest vart avleggs. Traktoren kom for å verta. Men der hesten kom til, kom ikkje traktoren til. På mange gardar var det ulendt og bratt terreng. Alle kunne derfor ikkje utnytta nyvinningar som traktor og slåmaskin som ville ha gjort gardsdrifta lettare. Dei måtte drive på gamlemåten med bruk av berre håndkraft. På some gardsbruk er det i dag i dag nokre stadar ein må slå graset med langorv eller stuttorv på gamlemåten.

 

Eplesortar på Tjoflot

Mange fruktsortar er dyrka på Tjoflot opp gjennom tidene. Mange av dei riktig gamle eplesortar er no i dag desverre borte. I eldre dagar hadde ein feks Ulgenesepler, Rosenstrip, Fransker, Prins, Alexander, Granat og sortar som no er forsvunne ivertfall frå Tjoflot. Fransker og Alexander var matepler og vart brukt til syltetøy og saft. No i dag har meir moderne eplesortar tatt over. Det samme gjeld for plommesortane. Blåplommer, Viktoria, Reine Claude plommer er game typar plommetypar.

Det var eplesortar som kun var egna som matlagning. Døme på slike sortar er Alexander og Fransker. Dei fleste epla var alikevel slike som kunne brukast til alt mogleg, eting, safting og ciderproduksjon. Folk dyrka epler for eige bruk og for sal. I 1940 kom det eigne fruklagre som bøndene kunne sende epla sine til. Fyrst var dette fruklageret i Ulvik, frakta dit med båt, no ligg fruktlageret for Ullensvang regionen på Utne. Epler frå Hardanger og frå Tjoflot vert seld over heile Noreg.

Viste du dette? I dag vert heile 80 % av norske moreller og 60 % av plommene dyrka i hardanger. Det er omlag 500.000 fruktre i Ullensvang, noko som gjer både blømings- og innhaustingtida til ei heilt spesiell oppleving.

Det var vanleg at folk poda fram eigne eplesortar og tre når dei ville ha nye tre. Ofte klona dei fram nye variantar av tresortar som fekk nye navn slik som Ulgeneseplet. Mange eplesortar er no borte frå Tjoflot, kanskje borte frå andre stadar også. Grunnen til at sortar forsvinn er at dei ikkje lenger er gode nok, dvs at dei vert utkonkurrert av andre sortar som treng mindre stell og som er mindre utsatte for råte og sopp. Edvard Tjoflot hugsar heile 11 eplesortar som har vorte dyrka på Tjoflot opp gjennom tidene, som erdesse sotrane (ordna alfabetisk):

  • Alexander: eple som vart brukt i matlagning og ikkje ete som det var. Det var ikkje så godt å eta ifølge Edvard. Det var to epletre av Alexander sorten oppe i Garen, ved lerka. Sjå også Fransker nedanfor.
  • Bruraeple: denne eplesorten er ikkje lenger på Tjoflot. Det var eit godt eple som vart ete som det var. Det var flott å sjå til, raudt med små kvite prikkar og kanskje derfor namnet - bruraeple - som skulle indikerer at det var ekstra fint.
  • Fransker: som vart brukt til matlagning og ikkje spist som det var. Matlagningseple det vil seie at det vart delt i skiver og tørka, sylta eller lagt på glas, eller det vart laga saft av det. Det kan nok forekomma at det vart også laga vin eller cider av det. Tørka epler var fine å bruka til vinteren til dessert og til snacks.
  • Gravenstein, dette er ein nyare eplesort som er svært vanleg. Med store fine epler. Det finnes ein raud og ein grøn variant av Gravenstein.
  • Granat, denne eplesorten kom med epler på seinsommaren. Epla var gule og harde og var veldig gode. Vanskeleg sort å driva fordi det vert lett sopp i epla.
  • Kaupanger, ikkje noko data dvs denne sorten hugsar ikkje Edvard noko om : ). Det var eit tre av denne sorten i Naustbrekko men dette er desverre forlengst saga ned.
  • Prins, dette er ein gammal eplesort som er i bruk den dag i dag. Treet gir middels store - små raude eple. Dette er som regel det fyrste eplet, som kjem på salg på markedet, sidan det er så tidleg modna på hausten.
  • Rosenstrip, dette ver ein svært gammal sort. Rosenstrip var sommarepler, middels store. Sorten var lik Ulgenes epler og Prins. Den er ikkje dyrka lengre på Tjoflot.
  • Sefta Holm, denne eplesorten gav svært saftige epler som var gule av utsjånad. Epla var ømtålege for slag, og fekk derfor fort brune flekkar. Sorten liknar litt på grøn Gravenstein epler. Sefta Holm finnes ikkje lenger på Tjoflot. Det er alikevel mistanke om at kanskje eit tre av denne sorten finnes att øvst i Naustbrekko.
  • Torstein, dette er eit eple som er vintersort. Folk hadde Torstein til lagrings i kjellaren der dei kunne stå til påske. Vanleg eplesort på Tjoflot.
  • Ulgenes, denne eplesorten har nok opprinnelse frå nabobygda Ulgenes, og har truleg vorte poda frå Rosenstrip. Veldig bra eplesort og var vanleg på Tjoflot før i tida, men ikkje i bruk no. Sorten likna litt på Prins eplesorten som er i bruk den dag i dag. Ulgeneseplene var gode, passeleg store, gulstripete, med litt grønt mellom og raudt. Det siste treet av denne typen stod ved Sjødnahuset.
  • Nyare sortar; Aroma m.fl..

Av epla laga ein også lokalt eplesider, som er ein slags lett vin. Eplesider kan verta ganske søt på smak og kan verta ganske sterk på alkoholprosent. I dag kan man kjøpe eplesider frå Hardanger Saft Og Ciderfabrikk (Ulvik) på Vinmonopolet. Denne sideren heiter Hardanger Cider Tradisjonell, og er beskrive som ein halvtørr vin med god friskhet, fylde og fruktighet. Smak og lukt av modne epler. Verdt å prøva!

 

2. Moderne hjelpemiddel og kommunikasjon med omverda

 

Telefonen og strumen gjer livet lettare på 50-talet

I 1950 kom det endeleg telefon til bygda. Telefonlinja vart trekt i ein undersjøisk kabel frå Utne til Naustflot. Dette medførte at det lenge var kun ein telefon tilgjengeleg for alle som budde på Tjoflot. Telefonen var nemleg tilgjengeleg der kabelen kom opp og det var på garden på Naustflot. Seinare vart telefonlinja spredd over fleire gårdar og den vart strekt til dei andre husa.

To år etter i 1953 kom det andre store framskrittet til Tjoflot. Då kom straumen til bygdes. No kunne folk setja stearinljos og parafinlampar vekk på loftet og erstatta dei med elektrisk ljos. Lett var det å bytta ut batteriet i radioen med den meir pålitelege straumen. Gleda var stor. No vart livet lettare for folka på Tjoflot. Ein kan tenke seg at eit nytt liv må ha starta! Kveldslivet… Men nei folk ville derimot spare på straumen i starten, så det var tbrukt lite ljos i grunnen kan Edvard Tjoflot erindre. I naustet hadde ein feks plassert taklampa mellom to rom og berre skåre hol i veggen. På denne måten lyste ljospæra opp begge romma samstundes. Men det vart måneskinnsbelysningen som resultat. Etter kvart losna det litt og folk litt friare med bruk av straum.

Dagen då straumen kom vart det arrangert ljosfest i skulehuset med alle frå Tjoflot og nærområdet, Ulgenes og Vikane. Då åt ein god mat og hadde god drikke, sikekrt i godt lampeljos. Her skulle ein ha vore...

 

Fraktebåtane Regent, MS Symra og MS Granvin

Fraktebåtar var frå gamalt av viktig for kommunikasjon med omverda. På sisten av 1900 tallet kjenner vi til MS Granvin som gjekk som post og fraktbåt, men før han hadde det gått mange båtar i trafikk til og frå Tjoflot. Båtane heitte m.a. Symra og Regent. MS Symra som gjekk i rute så seint som på 50 - 60-talet. Symra var ein raskt båt av typen kutter. Symra hadde ein Union maskin på 30 hester som motor. Symra tenestegjorde i ei tid som doktorbåt i Hardangerfjorden. Regent var ei stor skøyte som vart brukt som fraktskute i ei tid.

Symra

MS Symra gjekk i ei årrekkje i fraktteneste i Hardangerfjorden, med last og passasjerar. No er Symra i Lofoten der dette bildet er tatt. Foto: Frank Hagen.

Båten gjekk innom Tjoflot og andre plassar og låg til kai over natta i Granvin. Granvin var eit slags knutepunkt for reisande før i tida fordi her var jernbanen (no nedlagt). Den tok last, dyr og folk. det må nevnast at tilegare tjenestegjorde Symra som doktorskip i Hardangerfjorden. Med båt kom legen raskt fram til pasient. Båten kunne også frakta sjuke som måtte på sjukehuset. I tida som doktorskip kunne båten gå i heile fjorden inklusive Sørfjorden.

Dei mindre båtane som Regent og Symra vart seinare avløyst av den større ”MS Granvin". Mi bestemor kalla denne dampen, men det må ha vore eit navn som hang i frå tidlegaare av når det var dampbåtar som gjekk i trafikk. Granvin gjekk i rutefart for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap frå 1931 og fram til 1987. Båten låg ved kai over natta i Granvin, og tidleg på morgonen gjekk ferda innover til Ulvik med retur til Granvin på ettermiddagen. Til Tjoflot kom den tidleg på morgonen og seinare på ettermiddagen kl 16.00. Då hadde den ofte med varer frå kjøpmannen i Kinsarvik (butikken MAS HUS) som hadde vorte tinga med telefon dagen i førevegen. Båten skifta rute for å nå fram til alle fjordarmane og turen gjekk vekselsvis til Odda ein dag og dagen etter var måle Ulvik. I helga tok den fri begge dagane.

 I ei årrekkje, 1970 til 1980 var MS Granvin Tjoflots forbindelse med omverda. Båten frakta folk, eple, og den frakta varer frå handelsmannen. Granvin kom også med dagens post. Denne vart mottatt på bryggja av den som hadde eit ærend å utføre med båten. Han/ho sorterte og la posten i postkista i bislaget til Brita Tjoflot. Her kom alle som ein og henta posten sin sjølv når det måtte passa. Etter at vegen kom i 1984 gjekk Granvin over i pensjonistanes rekker, og nyt nå sitt otium som veteranbåt som tjenestegjer for kortturar i Bergen.

Foto av fjordreisemed ferje

Bilde av eit typisk og nyttig framkomstmiddel i Hardangerfjorden - Ferjo! Av og til ein frustrasjon for fastbuande, men for ein turist både nytt og spennande me ferjetur i slik flott natur. Frå ei ferja ser ein andre ting enn frå bilvindauget. Foto: Ukjent

 

Turen til og frå Tjoflot

I gamle tider kom ein til Tjoflot båtevegen eller til fots. Det å gå til næraste tettstad Djønno tok mange timar og var eit større prosjekt. Men folk var letta e på foten enn det vi er i dag. Det som var mest hensiktsmessige ferdamåten den gong var å ta båten. Folk hadde lette og raske båtar som enten kunne brukast som robåt om det var vindstille eller om det var vind kunne seglet tas fram. Folk i Hardanger er godt kjent for i byggja gode båtar. Det var bygd feringar, garnbåtar, notbåtar, kyrkjebåtar, krøtterbåtar og seinare snekker med motor. Seinare kom også hardangersjakta til. Robåten med aner tilbake til vikingtida var eit raskt og påliteleg framkomstmiddel her inne i fjordarmane. Seinare kom det motorbåtar og på robåten kom det påhengs. Alt frå 1400 talet var det kjent at hardingane bygde båtar for sal. Frå slutten av 1500-tallet og 160 år frametter selde hardingar båtar og trevirke til produksjons av båtar til skottar, engelskmenn og hollendarar [Kilde Hardanger Fartøysenter på [ www.fartoyrvern.no].

Det var usikkert å ferdast på sjøen i open båt særleg på haust- og vinterstid når det er ruskevêr og storm. Det er mange som har omkomne på sjøen opp gjennom tidene. Då eg var barn på 1970-talet og vi skulle til Tjoflot i ruskevêr kom det ei ordning med at det mogleg å tinga skyssbåt. Skippar Sjur Vikane hadde ein større motorbåt og kom seg fint fram når sjøen gjekk høg. Før denne ordninga kom i kraft hugsar eg at det var mange gonger vi reiste ut i båt og det var liten storm. Då måtte vi sitja lågt i båten med oljefrakkar over oss. Nordavinden kunne skape store bølgjer midt ute på fjorden. Ofte løynde været i korte periodar og då kunne vi ta sjansen å ta oss ut i båten. Å time overfarten riktig var ein del av min far Edvard si oppgåve. Det var ikkje altids lett å koma seg frå Tjoflot over til Kvanndal på søndag ettermiddag då skulle opp til Voss igjen. Kvardagen med arbeid og skulegong venta. Neste helg var vi på veg til Tjoflot att. Med båten frå Kvanndal.

Bilvegen

Bilvegen til Tjoflot kom i 1984 og gjorde det lettare å koma til og frå Tjoflot som
før berre kunne nås til fots eller med båt. Foto: Kjetil Grøntoft

Vegen frå sjøen til Garen kom i 1962-63 og heiter Naustvegen.Denne brukast sommar som vinter. Før denne hadde det vore ein eldgammal kjerreveg som var i svært dårlig stand. Det gjekk ikkje an å bruke hest og kjerre ei gong, man måtte på slutten bruka slede pga at det var så mykje stein i vegen. Arbeidsledaren for vegbygginga heitte Nils Knoff og han var ein særs triveleg kar. Han bydde inn heile Tjoflot til å feira sin 60-års dag og var godt likt på Tjoflot. Då den nye vegen kom vart hesten avlegs og det kom inn traktorar. Dei fyrste traktorane som kom var tohjulstraktorar som eigenteleg var store slåmaskiner. Til bruk for traktor hadde den eit lasteplan som var hengt til. Per Hallsteinsgard fekk den fyrste traktoren til bygdes - av typen Gråtass.

I 1984 kom det bilveg til Tjoflot. No vart betydeleg lettare å komma til og frå. Det vart også lettare å frakta frukt til fruktlageret, handle inn, og Tjoflot fekk ein postmannen som kom med posten frå Vallavik. Men paradoksalt nokk medførte bilvegen lengre reiseveg til for eksempel Kvanndal og Utne. Dette fordi man ikkje kan krysse fjorden som man gjorde med båt. Over sjøen er det kort veg til Utne. På folkemunne seiest det at nokre kjekke og spenstige unggutar har sumd over denne strekninga med kleda på hovudet. Med bil må ein må køyra langs fjorden og ta ferje for å koma seg fram til dit man skal. Men bilen har tross dette faktum utkonkurrert båten som transportmåte.

Ein negativ effekt av bilvegen til Tjoflot er at dei opparbeida naturlege møteplassane ved nausta og kaien for folk har mista si betydning. Bilen gjer at folk ser mindre til kvarandre no i dag enn før. Alt skal skje kjapt no til dags. Men Tjoflot har til tross for dette båtliv no som før, fisking, fritid og tur med båt spelar ein rolle ennå.

 

3. Tradisjonar og gamle merkedagar

 

Gifte, gravferd og dåp

Bringeklut

Til fest brukte kvinnene sin Hardanger-bunad. Som dekorasjon i den raude ullvesten i kvinnebunaden vart det brukt ein bringeklut. Bringeklutane kunne vera ganske dekorative; som denne for ei barnebunad med eit flott hjerta. Foto: Utne Museum

Det var ikkje kyrkje på Tjoflot så folk måtte reisa med båt for å gifte seg, for å døype born og for å gravleggje dei daude. O for å ikkje gløyma konfirmasjon. Opprinneleg var det Kinsarvik som var kyrkjesokn for Tjoflot. Seinare vart det Utne som tok over som kyrkjesokn. Utne kyrkje som ligg sentralt på Utne vart bygs i åra 1892 til 1895. Den vart offisielt innvigd den 5. juli 1895 av Biskopen i Bjørgvin, Frederik W. Hvoslef. Det nye kyrkjesoknet innebar kortare veg i og med at Utne ligg rett ovanfor fjorden.

Nå det var bryllaup vart sjølve festivitasen halde på garden. Det vart ofte halde bud og festa i tre dagar til ende, med festivitas og god mat. Folk tok ofte med seg mat, dette vart kalla skifte. Derfor seier man takk for skifte etter at man har ete saman. På bryllaup kom det tilreisande frå fjern og nær og dette var derfor fine måtar å treffast. Ofte traff unge kvarandre då og dei vart seinare par.

Ved mindre hyggelege samenkomstar som gravlegjingar hadde ein fyrst ein enkel seremoni heime på garden. Då åt folket mat med slektningar og vener og saman mintes ein den døde. Deretter vart liket transportert til kyrkja. I nyare tid vart liket sendt med fraktebåten MS Granvin over til kyrkja på Utne der bisettinga vart gjort.

Ved høgtidelege anledningar brukte folk bunadar. Hardangerbunaden er kjent for sin eleganse og mange liker den. Det er små variasjoner fra bunad til bunad. Kvinnebunaden har to ulike variantar; festbunaden med rød vest og hvitt forkle og snedadrakten med mørk trøye og mørkt forkle. Gifte kvinner brukte etter gammalt skaut som siest å skulle etterligne snoen som låg på fjella om våren. Brita Tjoflot fortalde meg at det var ein kunst å plissere skauta i og med at dei måtte stivast i spesielle plisseringsreiskap av tre med bruk av sukkerlake som gjorde stoffet stivt. Ho fortalde også at skauta var fæle å ha på fordi bøylen som haldt fast skautet på hovundet måtte vera stram og den var ubehageleg å gå med i lang tid. Ugifte kvinner hadde ikkje hodepplagg men ofte bånd. Stølebelte, «fanglenja» og Agnus dei-sølje er forbeholdt kona. Borna hadde også bunadar som var som ein forenkla versjon av dei vaksne sin bunad. Hardanger folkemuseum har ein temautstilling på Hardangerbunaden.

 

Tjoflotfestar, konefestar og grendafestar

I byrjinga på 50-talet rundt midtsommars arrangerte folk på Tjoflot dei velkjende konefestane. Desse vart haldne i skulehuset som ligg for seg sjølv oppe i lia. På festane vart det servert mat og heimebrygg. Dette var eit spleiselag og folk tok med seg det dei måtte ha av kaker, smørbrød etc. Maten låg i korger og kaffi kokte ein opp på staden. Ein lokal spesialitet, ein sterk eplevin -  cider – var ikkje tillatt å ta med inn i lokalet. Løysinga på dette var at folk gøymde spann utanfor under i for eksempel ein høyballe, ein hesje eller liknande og gjekk så ut for å ta seg ein slurk eller to når det var behov. Etter dugurden vart det dans ut i dei små nattetimar.

På festen vart det spela opp til dans med kjende lokale felespelar som Edvard Naustflot, Gunnar Kvanndal, Håvard Kvanndal (på folkemunne Haoars Ola). På festane kom det folk frå omkringliggjande bygder innetter fjorden. På det meste var det opp til 50 festglade samla på konefesten og hela sto i taket. Dette var trivelege festar, men på slutten kom det for mange tilreisande på festane og det vart diverre tilløp til bråk. Enda på visa vart at festane måtet leggjast ned.

 

Jonsok, midtsommar og anna

Frå gamalt av var det tradisjon å feira midtsommars. I fjøra vart det ordna med jonsokbål ved at drivved og rusk og rask vart samla saman. På midtsommarsfestane samla folk seg og åt og drakk eplesider eller heimebrygg. No i nyare tid er det av og til jonsokfeiring i fjøra. Då er det hyggeleg lag med grilling, og prøvesmaking på sider og lite grann anna. Folk i gamle dagar reiste langt for å delta på slik sosiale tilstellingar. Ofte kom det folk frå nærmaste bygder med båt og dei sov under open himmel etter festen.

Men kva tilbod hadde ein før i tida når ein hadde fri frå arbeidet?. Etter å ha snakka med Brita og Edvard forstår eg det slik at fritidsproblem ikkje var oppfunne på den tida. Folk tok sjølve initiativ til ulike ting og hadde aktivitetar der det vart mulegheitar. Kanskje det var godt vær og ein drog ut med båten på ein kaffitur til Kjeskjær? Eller dei gjekk på tur til stølen for morro skuld. Nokre ungdommar var sågar så spenstige at dei sprang opp strake vegen til stølen. Der oppe fekk deirikeleg med armslag og frisk luft. Ein var nokk lettare til fots før i tida enn det vi er i dag. Eg hugsar at bestemor Jorunn gjekk turen til og frå stølen for å sjå etter sauene på imponerande tre timar.

 

 

4. Tjoflot under krigsåra

Tyskarane var inne i Hardangerfjorden under andre verdenskrig og dei varogså innom bygda Tjoflot. Men i kor stort omfang ein vart berørt av krigen på Tjoflot her har eg ikkje undersøkt så nøye. Tyskarane kom til Tjoflot på inspeksjon fleire gonger. Det var også tyske skip og fly inne i Hardangerfjorden. Edvard Tjoflot erindrer at det var ein relativt stor fraktebåt som hadde vorte forlatt i Folkedal. Fortøyd berre til ei bjørk hadde den slitt seg og låg og dreiv mellom Utne og Tjoflot i lang tid. Båten hadde vorte forlatt fordi den var forfulgt av den tyske hærmakta, folka ombord hadde rømt til skogs. Tyskarane bomba til slutt båten som var fullasta med rockefor ost, store runde stykker, som låg og flaut opp i fjøra. Osten vart plukka opp av lokalbefolkninga og den smakte godt vart det meldt. Det må nemnast at før andre verdskrig i 1934 var Adolf Hitler, som den gong ikkje var kome til makta ennå, innom Hardangerfjorden og Sogn på uoffisielt besøk på båten Deutchland. [Referanse Riksarkivet, Hitler i Hardanger, Makt avlar Krig, boka avSamson Bjørke, Fjord Forlag, 5200 Os]

Den tyske hærmakta har nok vore særs interessert i den store metallindustrien som var etablert i fjorden. Odda smelteverk og Bjølvefossen produserte mykje alminium, bauxitt og ferrosilisium som trengs for å lage krigsmateriell. Men den tyske okkupajsonsmakta betydde også positive ting. Tyskarane utbedra og bygde vega. Dette arbeidet vart dog utført av russiske krigsfangar som sleit under kummerlege kår. Nokre av desse krigsfangane klarte å røyma og levde på eigen hånd eller vart hjelpt av lokalbefolkninga. Å hjelpa krigsfangar var risikabelt for lokalbefolkninga sidan tyskarane straffa hard om dei fann ut at nokon hadde skjult krigsfangar. Det er historiar på folkemunne etter episodar då lokalbefolkningen prøvde å skjula krigsfangane. Ei av desse skildra i ei bok, var frå Folkedal, og endte tragisk.

Under krigen vart landslivet halde for meir trygt enn det å bu i byen. På bygda var det også meir mat enn i byane fordi ein kunne sanke frå naturen og ein hadde frukt og kyr etc. På Tjoflot leid dei ikkje noko naud under krigen. Det var mange byborn som vart sendt til roligare og tryggare tilvære på landet. Til Tjoflot kom det fleire slike born under krigen. Ein av dei var Erling Rasmussen som tilbrakte fleire somrar på Naustflot. Den dag i dag kjem han over ein tur om sommaren for å besøka Tjoflot som han har gode minner om. Marit Lyngholm og hennar familie var på Tjoflot om somrane i år 1941 til 45. Feriestedet deira utanfor Haugesund hadde vorte beslaglagt av tyskarane og dei leigde seg derfor ei stove opp i Garen. Les historia til Marit her: Somrane på Utne og Tjoflot i åra 1941-1945 - ”En sækk fuld av barndomsminder”

Då tyskarane kapitulerte i april 1944 dumpa dei udetonerte bomber og anna krigsmateriell som dei ikkje ville dei allierte skulle få tak i. Ein dumpeplass var i sjøen midt i fjorden mellom Utne og Tjoflot. Augenvitner frå Tjoflot stod i land og såg dette vart gjort av tyskarane, ein av dei var Edvard Tjoflot.

 

 

5. Cruiseskipa glir forbi

Midtsommars i juli hugsar eg at kongeskipet med Kong Olav og familie kom inn fjorden i ei årrekkje. Me ungane studerte ihuga båten frå stovevindauget med bestemors kikkart. Det kom også andre store cruiseskip inn i fjorden. Alle vart nøye studert i kikkarten. Skulle dei til Ulvik, Osafjorden eller Eidfjord?. Cruisebåtane var eit streif av den store omverda med fengande utanlandske namn med nye bokstavar, ofte russiske og greske skip. Store elegante luksusskip med fargerike skorsteinar og flagg og vimplar som passerte oss på veg innover på veg inn i fjordarmane. Dei var på veg til storslått natur i eidfjord eller i Ulvik. Denne trafikken var spennande for oss småungane som hadde sommarferie og var sugne etter noko nytt. Mange av skipa hadde fargerike vimplar med ruter og striper i mastene. Skroga var slanke og elegante med fine striper der dei pløyde seg gjennom den spegelblande fjorden.

I skarp kontrast til dei glitrande cruiseskipa kom dei store rustne lasteholkane som var fullasta med råvarer på veg til Odda Smelteverk inst i Sørfjorden. På veg frå Odda når dei kom rett utanfor Ulvik fullasta med alliminium skulle dei stabilisere den tunge lasta og dette vart gjort mekanisk i bunnen på båten der evkte skulle fordelast. Då kom det brak og skarpe lydar frå lastedekket og det høyrdest mest ut som dei skulle gå ned med mann og mus. Også dei store lastebåtar vart studert med stor interesse av oss borna. Alle skipa vart nøye studert på med kikkart og gleda var stor om vi kunne klare å lesa namnet på den lange avstanden. Med lasteskipa var det ofte ikkje lett då malinga ikkje alltid var like frisk. Av og til tok vi oss ein tur med familens færing, båtlivet kalla.

 

 

6. Stadnavn på Tjoflot

Om ein ser på sjølve Tjoflot navnet så er det kjent frå ættebøker at navnet tidligere vart  skreve Piodaflar i 1378, som Thiodhaflar i 1427, som Tiodaaflaa i 1463, Tyofflo i 1521 og endeleg som Thioflodt i 1667. Lokalfolk mener at Tjod (Pjod) betyr vinkel som vika kan verta sett på som og at flot skriv seg fra ein gamal tingstad/ein flate der folk kunne samlast.

Tjoflot består av ulike store og mindre gardsbruk. Frå gamalt av var det tre store gardsbruk med fleire husmannsplasser under seg. Husmannsplassane er i dag eigne gardar eller dei er fortsatt tilhøyrande gården som ein teig. Storgårdane ligg øvst oppe i bygda med fritt utsyn. Slik det var det i gamle dagar. Gårdsbruka låg opp i bakken eller i lia og ligg omtrent der vegen til mjøstølen startar. Namnet på storgardane fortel om deira beliggenheit i forhold til kvarandre. Inst inne mot vinkelen låg garden Instabødn, i midten låg Midtbødn, også kalla Haldorsgarden. Ytst ut mot Samlafjorden ligg Ytrabødn/ også kalla Garen eller Erlingsgarden. Min familie kom frå Ytrabødn/Garen men gården vart seld til andre som tok over. Får gårdane øvst i bygda er det laga ein god grusveg ned til sjøen og nausta. På veg nedover vegen passerer ein alle husmannsplassane til Instabød og Ytrabødn. Ein plasserer også Holo som er ein relativt stor gard.

Husa i dei to (tre) storgardane ligg tett i tekk som i eit klyngetun. Klyngetun er ein vestnorsk fenomen der fleire bygningar er lagt usymmetrisk rundt eit felles tun. Så høgt oppe finn vi ein fenomenal utsikt utover Samlafjorden og over til Utne og Kinsarvik. Om ein går vidare til støls og kjem seg til Oksen vert utsikta endå meir storslått. På Oksen har ein utsyn over nær sagt alle fjell og dalar og ser også heilt til Bergen om været tillet.

For nokre stadnamn på Tjoflot veit vi kva dei tyder. For ordens skyld er namna ordna frå fjells til sjøs.

 

Stadnamn til fjels / Kort historikk

Fjell og i tilknytning til fjell:

Oksen (1241 ovh)
Majestetisk over Tjoflot vokter fjellet Oksen. Oksen ragar på det meste 1241 meter over havet. Oksen står åleine og ruver derfor godt i landskapet, kanskje derfor navnet oksen? I fint og klart vær som det særleg er på hausten kan ein frå fjellet sjå langt ut i fjorden og inn i fastlandet frå alle kantar. På toppen av Oksen er det også nokre små vatn som ligg i små groper mellom fjellknausane. Men det er lett at det skyes til, og då vert Oksen innhylla i skodde. Då vert det livsfarleg å ferdast der.  Oksen er eit ynda turmål for fotturistar og diverse turlag i omegn. Det er flott utsikt mot alle retningar inn og utover Hardangerfjorden.

Oksabrekkene
Oksebrekkene ligg rett før ein kjem opp til Oksen. Navnet brekke kjem seg av at det er ein bratt stigning. Nokre plassar er det ganske bratt særleg når ein byrjar å nærma seg Oksen. Det er merka veg for korleis ein skal gå til Oksen her. Det seiest at det har vore observert runer på veg opp til Oksen, men kvar det er dessverre gløymd av den som såg dette.

Kleivanut
Dette er fjellet ved siden av Oksen. Kleivanut er ikkje fult så høg som Oksen. Nedifrå Tjoflotsida er den uframkommeleg. Her er det kun snaufjell. Litt nede på Klievanut, der det er vegetasjon og fruktbart var det etter gammalt ei slåtte med løe. Ved hjelp av løypestreng frakta ein graset ned til innmarka. Spelet til løypestrengen sto nede i Holo o der vegen kryssar elva.

Rindanut
Når ein passerer stølen og rett før ein kjem opp til Oksebrekkene så har ein passert Rindanut. Ein liten nut.

Vindhovden - Tjoflotstølen
Vindhovden er namnet på stølen på Tjoflot og her er det nokre sel tilhøyrande gardane på Tjoflot. Her er sommarbeitet for husdyra til dyra. Gårdane som hadde kreatur måtte ha dyra på stølen for å utnytta sommerbeite for dyra. Krøttera gjekk ofte langt opp til Oksen på leit etter mat, men kom som oftast ned att når budeia kalla dei ned. Det var ikkje så mykje rovdyr på Tjoflotstølen så dyra hadde det fint. På sela budde det folk stort sett kun om helgene sidan budeia gjekk til og frå stølen og heimen kvar dag. Mange av sela er i bruk i dag. Eit av dei er ramla ned for lengst, det er det Samse Hamre hadde.

Tjoflotstølen har vore med på ein filminnspeling med Vibeke Løkkeberg. Om eg ikkje hugsar feil var dette høgdepunktet med i filmen Hud på 80-talet. Dei kom med helikopter og filma Løkkeberg springande i stakk frå Oksen nedover mot stølen.

Ørnaberg
Berget ligg under Rindanut og litt aust mot Ulgenes. På dette berget har det budd ørn i eldre tider. No er det lenge sidan man har sett ørn her.

Kvednabekken
På sida av Rindanut kjem det ein bekk som renn ned ved sidan av Vindhovden. Denne bekken som det vere mykje vatn i renn ned på Tjoflot. På to plasser har man utnytta vassdraget til kverner, det er på Haldorsgarden og den andre nede ved sjøen. Her mol ein korn etter at det hadde vorte tørt på tørkestova. Kvernene vart brukt av fleire så alle var avhengige

Storegjel
Under Oksen der fjellsidene møtes ligg eit gjel der det ofte ligg sno, også om sommaren i tidlegare år. Fjellsidene møtes nedst nede i ein rang passaje. Frå gjelet renn det ei liten elv/bekk som heiter Kalvvikje. Denne elva forsyner fleire hushald med ferskt kjeldevatn heile året. Det er mulig å gå opp til breen men det er svært uframkommeleg og krev ein del klatring. Ein kan også gå opp langsetter elva. Bekken kan verta ganske stor i periodar med mykje nedbør og nokre gonger kan den også vera tørr. I 2004 var det så mykje sno med påfølgjande regn som gjorde at slaps og sno frå fjella bana seg ned elvelaupet at det vart ras med sno og surpe som ødelagde vegen nede ved sjøen.

Tungo
Under Oksen nedover fjellsida mot sjøen ligg det eit grønt belte med bjørkeskog. Det frodige området ligg avskåre med snaufjell rundt, og har difor fått det treffande namnet Tungo. Tungo ligg til venstre for eit djupt gjel som har namnet Storegjel. Det er restar etter eit utsel her og det har vorte hogge ved her. Det hende også at sauene beite her om sommaren, då gjekk dei ned frå fjellet. Men det var svært vanskeleg å få dei ut igjen frå området. Ein må klatre for å koma opp til Tungo frå Gråberg og det er kun ein plass ein kan kliva over. Men dette var ikkje for kven som helst, her kunne man ikkje sjå nedover om ein hadde høgdeskrekk.

Gråberg og Steinhytta
Gråberg er eit stort berg som ligg ovanfor Naustbrekko. Steinhytta ligg oppå Gråberg, og i dag går det ein skogsveg dit. Hytta har ein viss størrelse. Steinhytta har murte vegger og den har tak og står ennå.

Kamben
Lite skogsparti som ligg rett under Gråberg. Navnets opprinnelse er ukjent, men kanskje den kom seg av at den ligg rett ovanfor Storegjel. Altså ein kant mot eit stup. Høyrer til Naustbrekko garden.

 

Mot Kvanndal

Bjørgi og Bjønnbås
Bjørgi er eit stup som ligg på stølsvegen. Dette er eit stup på vel 500 meter høgde og er ikkje for folk som er redde for høgder for her går det rett ned i sjøen. På veg opp til stølen kan ein gå ein sideveg og koma til Bjørgje. Ovenfor Bjørge var det slåttemark og til og med ei løe i gamle dagar. Denne løa vart kalla Fjellbrune. Eit lite stykke ut på Bjørge ligg Runahedlo som det er runer på. Her er det imidlertidig ikkje lett å koma seg fram og stupet ligg rett nedanfor. Ein klatretur her er for den vågale men man må vera forsiktig! I følge mi bestemor skulle det stå noko slikt som: Snu meg rundt skal du få sjå underlige ting. Men skam for den som såg og ikkje kunne leggja meg ned att som eg låg.

Rett opp på Bjørgi ligg det ein flate med hellerar og store steinar som vert kalla Bjønnbås (utale Bjønnbaus). Som ein kan forstå av navnet var det etter sigende eit bjørnehi her i gamle dagar. Baus kan muligens koma av at det har vore ein (dyre) bås her.

Matur
Rett ovanfor Kvanndal ved foten av Bjørge ligg det ei vik med ei ur og ein flate der det var drive med slåtte i gamle dagar. Det stod også ei løe her.

Kjeskjær
Rett under Bjørgje omtrent midt er det eit skjær der man før i eldre tider hadde kje og geiter. Her kom det geiter frå Tjoflot traktene og frå Kvanndalsida.

 

Stadnamn på innmark / Kort historikk

Kalhagen
Kalhagen var namnet på eit småbruk. Kalhagen ligg øvst på Tjoflot på veg opp til stølen. Garden var ein husmannsplass under den større garden Yttrabødn. Det var slått her om sommaren og graset gjekk til Yttrabødn. Gården hadde både våningshus, løe/fjøs som no har falle ned. Grunnmuren står igjen og vitnar om farne tider. Under krigen var den siste tida det budde folk her då det var nokon som hogg ved her. Våningshuset var flott og hadde fint tømmerhåndverk. Rundt garden ligg dei gamle steingjerdene men no har naturen byrja å ta tilbake plassen og den gror sakte til.  Det var mykje arbeid på gården og lite pengar å tjene så her var det ikkje liv laga.

Mjøstølen
Før kyr og sauer skulle på stølen vart dei samla på mjøstølen. Alle gårdane gjorde det slik. Samsegaren, Haldorgaren, og Ytrabødn hadde til og med eigne fjøs (eller flor på folkemunne) for kyrne. Sauene gjekk ute. Kyrne måtte inn om kvelden for mjølking. På Mjøstølen var dei våren og deretter når det var tid for det gjekk turen opp til stølen.

Ytrebøen

Ytrabøen var ein av dei store gardane på Tjoflot. Denne gården vart seinare kalla. Samsegarden. Den hadde på det meste tre husmannsplassar under seg. Husmannsplassane var Naustbrekko, Långeskår og Kalhagen. Garden tilhøyrde Erling Tjoflot. Frå denne gården kom spelemannen Nils Tjoflot som var kjent som ein drivande dyktig spelemann tidleg 1900 talet. Etter han er det kjend ein heil del slåttar for Hardingfele. På veg heim frå Granvin etter eit speleoppdrag kollsegla han og to andre og alle tre drukna i fjorden. Berre fela og ein hatt flaut i land etter forliset. Garden vart seinare seld til Samson Hamre frå Hamre i Granvinsfjorden.

Nils Tjoflot, felespelar

 

Foto: Spelemannen Nils Tjoflot, med den tredje fela si, ei samangerfele. Tjoflot er her fotografert under den fyrste kappleiken som Vestmannalaget arrangerte i 1896

Les meir om Nils Tjoflot på nynorsk Wikipedia her: http://nn.wikipedia.org/wiki/Nils_Tjoflot

Instabøen
Den andre store garden var Instabøen. Instabødn hadde eit stort og flott tun der det var mange våningshus, felles smie, bakstehus etc. Gardsbruket gjekk og under namnet Haldorsgaren sidan det var Haldor Tjoflaat som eigde den.

Både Instabøen og Ytrabøen gjekk på folkemunne under navnet Garen. "Oppi garen.... som dei som dei ned ved sjøen sa". Garen er der opprinneleg Tjoflot navnet kjem frå, men etter gammalt av låg husa alltid øvst. Kvifor det. Ifølge Edvard T. var dette fordi møkk var lett å bære nedover, mens høy var lett å bære oppover. Dette prinsippet gjeld for både mennesker og for dyr.

Holo
Opphavleg var dette ein av dei tre husmannsplassaar som låg under Haldorsgården (Instabødn). Seinare vart denne husmannsplassen skilt ut. Holo-bruket drives no i dag av Per Hallsteinsgård og har både dyrehald (sauer) og fruktdyrking.

holo

Bilde frå øvst i Holo. Flott utsikt til Lofthus i Sørfjorden og Kinsarvik. Foto: Gunn Kristin Tjoflot

Spikor
Husmannsplass som tidlegare låg under Haldorsgarden. På bruket står det framleis eit våningshus og ei løe. Plassen tilhøyrer nå i dag bruket Holo.

Skulehuset
Oppom garden Holo ligg skulehuset. I gamle dagar før og etter krigen var det mange fastbuande og mange born på Tjoflot og Tjoflot hadde difor ein eigen skule som var i bruk i mange år. På det meste var det 16 born som gjekk på skule her. Min farfar Lars Tjoflot gjekk på skulen her. Seinare vart det så få elevar at det ikkje kunne drivast skule her meir. Borna vart då sendt til sine slektningar nær ein skule. Ungane fekk då sin skulegang på skulen på Djønno og Lussand. I nyare tid måtte skuleborna reise heilt til Granvin.

Skulehuset var før kommunen sin eigedom, men det vart overført til bygda og det er no bygdefolket som eig det. Skulehuset har ikkje stått tomt etter at skulen vart lagd ned, her vart det arrangert både konelag, dans og juletrefest. På julefestane vanka det ein pose med godteri, og elles kaker og kaffi. Dans rundt joletreet var det og. Men diverre har bruken av skulehuset som lokal samlingsplass vorte liten.

 

Stadnamn ved sjøen / Kort historikk

Salbuhaug

Samse sitt hus

Bildet frå inngangsdøra på Gamle Samse huset på Salbuhaug. Samson er borte no men huset står att. Foto: Gunn Kristin Tjoflot

 

Samse sitt gamle hus

Kjellardøra på gamle Samse huset på Salbuhaug. Foto: Gunn Kristin Tjoflot

På Salbuhaug vart det i riktig gamle dagar utvinne salt frå saltvatnet ved å koka inn saltvatn. Dette fann dei ut ved at dei fann potteskor og ein mengde trekol når dei reiv ned eit gammalt hus. Pottskåra vart seinare sendt inn til analyse og det var funne ut at dei var svært gamle. Før desse funna vart gjort trudde ein at det riktige namnet var Solbuhaug.

På Salbuhaug budde det i eldre tider ein særs dyktig handtverkarmed navn Hans Eikenes tidlig på 1900 talet. Eikenes var ungkar. På Salbuhaug hadde han ein liten teig der han dyrka jorda og hadde frukttre. Hans hadde ei smie der han reparerte reiskap og anna for andre, han smidde reiskapar og gardsutstyr, og han reparerte etter sigande gebiss. Han var ein slags ingeniør i si tid med forkjærligheit for elektronikk. På museet på Utne er det utstilt nokre ting etter Hans. Smia, våningshuset og andre små hus vart flytta av borene hans Martin Eikenes då Hans døydde. Martin budde på Longeskår og nokre av husa der står der nok ennå. Nytt hus vart bygd av Gunnar Tjoflot som var lærar i Bergen i mange år. Til vanleg på folkemunne vart han difor kalla ”lærar-gunnar”. I helgene og i feriane var han gardbrukar på bruket sitt på Salbuhaug, samt på Sjødnateigen.

Ein annan som budde på Salbuhaug opp på 1970 åra var Samson Hamre (Sr). Han budde i eit lite kvitt hus rett ved vegen. Huset var omgitt med ein liten frukthage og hadde korkje innlagt vatn eller anna comfort. Opprinneleg sto dette huset oppe på ein litan husmannsplass som heitte Spikor. Det var broren til Samse Hamre som flytta huset i si tid dit det står no på Salbuhaug. Han budde der mens han jobba på Smelteverket i Odda. seinare flytta Sames SR inn. No i dag vert det leigd ut av og til til somargjester.

Som liten vart eg invitert inn i huset og det var ei lite stove der og kjøkken og hems. Kjellar i huset var det og. Huset var rikt dekorert med utskjeringar på ytterdøra som det seest på bildet. Samson er død for lenge sidan men huset hans står enno, om enn noko til nedfalls.

Sjødnateigen

På dette småbruket som opprinneleg var ein husmannsplass står det no eit lite hus med fjøs i kjellaren. Det er også eit tilstøytande eldhus. Tilhøyrande plassen er det ein liten teig der ei dyrka og dyrkar frukt. Det seiest at våningshuset i si tid vart flytta frå Ringøy lenger inn i Eidfjord. Tidligare budde det her ein husmann som heitte Guttorm med kona Kristofa og barna. Etter Kristofa og Guttorm, tok sonen Ola over drifta av plassen. Ola vart lettast på folkemunne kalla ”Sjydn-Ola”. Ola jobba som slåttekar i Folkedal og lausarbeidar rundt på gardane. Han var ugift. Brita Tjoflot flytta inn etter kvart til bruket etter at Ola fall frå. Brita

Baatane ligg fint til i vika

 

Bilde av huset i Sjødnateigen. Her budde brita Tjoflot i sine eldre dagar. Foto: Gunn Kristin Tjoflot

budde der frå 1973 fram til sin død i 2005. Ho vart 99 år gammal og var ei ekte Tjoflottaus. Ho var ein av kjeldene mine for dokumenteringa av Tjoflot si historie.

Naustbrekko / Holo
Dette var tidligare ein husmannsplass under Ytrabødn. Namnet Naustbrekko talar for seg sjølv, dette må vera den mest tungdrivne garden på heile Tjoflot. Her er det er bratt og ulendt terreng, så ein må klore seg fast som ei geit der det er som brattast.I Naustbrekko har det budd mange ulike familiar. Etter gammalt av låg gårdsanlegget oppe på toppen av gården. Dette var opprinneleg naustbrekka. Våningshuset og sjølve garden oppe ved skogkanten. Plassen var dyrka opp og husfolket der hadde både sauer, geiter og kyr.

Det var snoras her og løa datt ned, det siest også at grunnmuren til dei andre husa også flytta sge noko. Folka som budde der flytta til Norheimsund og dei tok med seg husa. Gården var då fråflytta men det flytta inn ein som heitte Aslak. Han budde i det gamle huset som vert kalla gamlastova. Det gamle huset var opprinneleg eit stabbur som hadde vorte flytta dit. Om ein står inne i stova vil ein sjå restana av ein glugg øverst på eine kortenden på huset, dette er frå det gamel stabburet. Stova har ubehandla tømmervegger og jhar fjøs i underetasjen og til og med eit eldhus bygd inn på sida. Her hadde man alt innanfor rekkjevidde kan ein seia.

Detalj frå naust, Tjoflot

Detaljar får ei gammal naustdør. Smijernhengsler og ein gamal fiskekrok frå eit værbitt naust i Naustbrekko, Tjoflot. Foto Gunn k. Tjoflot

Lars og Jorunn Tjoflot tok over drifta over Naustbrekko rundt 1930 og la mykje arbeid ned i bruket. Dei budde også i Gamlastova. Her budde dei til 1960-talet då Lars og sønene, Edvard og Per bygde eit nytt hus nærmare sjøen. Dei hogg sjølv tømmeret til huset i skogen oppi ved Kamben under Gråberg. Etter at det nye huset kom til vart det gamle huset kalla Gamlestova og brukt til verkstad. no i dag går det an å leige dette huset. I Naustbrekko bur i dag kun Edvard Tjoflot fast.

Holo som ligg mot Kalvikelva var før dekt av ein tett hasselskog. Denne vart rydda av Lars og det vart dyrka frukt her. Holo vart skøytt ut frå hovedgården til Per Tjoflot. Per Tjoflot bygde eit eige naust på 80-talet.

Verdt å nemna er at Edvard Tjoflot, har laga eit eige transport system - ei eiga fjernstyrt vogn - eit vinsjsystem til transport av eple, reiskap etc. opp og ned i Naustbrekko. Denne vinsjen var brukt i lang tid og vart operert av to personar. Det var ein som skulle setje i gang vinsjen (Edvard) som drog vogna opp og det var ein som måtte køyra vogna (Per). Signaler vart gitt med ei fløyte, eit fløyt var køyr og to var stopp. Seinare laga Edvard ei fjernstyring og då kunne ein mann operera denne vinsjen åleine. Fjernstyringa fungerte av og til ikkje fordi det var dårleg straum på nettet. I slikke høve brukte ein ei fløyte å signalisere med. Vinsjen sparde mang ein tung bør opp og ned i bakken under epleinnhaustinga.

Kart over Tjoflot

Forenkla kart over Tjoflotsvika. Teikna av underteikna i 8 klasse på ungdomsskulen, tidleg 80-talet. Interessa for historien til Tjoflot kom tidleg : )

 

Tjoflotvikji - Meir om naustplassane ved sjøen

d

Båtane ligg ofte ute gjennom sommar-sesongen, då det er stort sett fint vær og båtane ligg derfor trygt. Foto: Gunn Kristin Tjoflot

Naustbrekka ligg lunt til i Tjoflotvikji som i ein vinkel som er ei naturleg hamn. Det er ein naturleg plass for å ha naust og brygger. Kvar gard på Tjoflot har etter gamalt si eiga brygge og naust her. Båten var viktig for fiske og transport. Nausta er frå eldgamle tider, og det eldste naustet tilhøyrer garden Naustbrekko. Det er ein liten sandbanke i midten av vika, her finn ein ein bytingestein som tener som grensemerke for stranda til garden Naustbrekko og Sjødnateigen. Det er hogd inn ein kross på denne steinen.

Det seiest at i gamle dagar hadde nokre framsynte tjoflottingar kjøpt ei stor seglskute som dei brukte i handelsfart med Nord-Noreg. Dei eigde skuta i lag. Med denne båten hadde bøndene ei muligheit til å selje frukt og anna jordbruksprodukt direkte til handelsmenn i nordanpå og slikfå ei kjærkommen inntekt. Den store båten låg forankra i Tjoflotvika og hadde sin eigen kai. Det vart også laga eit eige naust. Naustet vart kalla sjoabua og er bygd i av lafta rundtømmer. Her oppbevarte ein reiskap, fisk, frukt og anna. Her kunne også ein mann sova over om det var naudsynt.

Naustflot
Naustflot er også ein stor gårt på Tjoflot og er kanskje den som har mest flat mark. Her har det truleg vore ein munkaplass sidan det er munkerøyser her. På Naustflot finnes det ei såkalla munkerøys mellom Naustflot og Longeskår. Ei munkerøys er ein gravplass for munkane som haldt til på forskjellige plasser i Hardangerfjorden. På Eikenes litt lengre inn i fjorden finnes tre større munkerøyser.

I dag satsar ein på turisme med hytteutleige drives. Om sommaren kjem det mange tyskarar som fiskar og nyt den fine naturen.

Longeskår
Dette var i gamle dagar ein husmannsplass under garden Ytrabødn. Longeskår har eit våningshus og eit fjøs. Her tok Halvar Folkedal over. Litt usikker på navnet hans sidan han på folkemunne vart kalla Halvarslars. Seinare dreiv Gunnar og Ingebjørg gården. På slutten av 1990-talet vart det laga ein bilveg hit. Robåten

Hadlastein
Ved siden av Salbuhaug ligg det ein stor stein på eit svaberg nede ved sjøen. Denne steinen halter/ sig ned på ei side og det er derfor sikra denne ved at det er murt opp under medein liten steingare. Hadlastein er under gården Naustflot og fungerer som skille mello Salbuhaug og Nastflot.

Kalvvike / Kalvvikeelva
Dette er ei vik som tilhøyrer garden Naustflot. Her var det tradisjonelt slåttebruk og det stod også ei utløe her. Denne er ramla ned for lengst. Som du forstår av navnet gjekk det kalvar på beite her. Spikoren som var gift med Anna hadde ein åkerlapp her. Dei var barnelause og Kalvvike vart seld til Naustflot. Mellom Holo og Kalvvike renn Kalvvikeelva som eit grenseskille.

Labberståbekken
Kvifor dette navnet kom til veit vi ikkje i dag. Labberstå er navnet på den plassen som bekken kjem ned ved sjøen.

Tjoflotnes
Midt på vegen mellom Eikenes og Tjoflot. For å anlegge den nye vegen måtte dei i 1984 sprenge seg inn i dei blankskurte svabergene ved sjøen. I gamle dager var det mykje ærfugl i området men desse hekkeplassane vart steinlagt og er forsvunnne etter at vegen kom. Tjoflotneset er i dag ein slags milepel for dei tjoflottingane som går tur. Til hit er det akkurat passeleg å gå og så snu heim igjen

 

 

7. Hardanger der det skjer!

Hardanger husar mang ein festival for dei som er interessert i kultur. Den eldste av festivalane er nok Blømingsfestivalen som vert skipa i Kinsarvik i mai. Ein etterkommar av denne og meir kjent er Hardanger Musikkfestival som vert arrangert i Lofthus, Ullensvang i mai. Litt seinare den 22. juni går Hardanger Båtfestival i Norheimsund avstabeleni. I juli er det duka for Morellfestivalen i Kinsarvik då store og små kan då fråtse i nydelege moreller og kulturelle innslag. Sjå heimesidene til festivalane under.

 

8. Hardanger er trendy...

Hardangerfjorden er den tredje lengste fjordarmen i verda der den strekk seg 179 km inn frå Bergen og innst inne deler seg i fleire vakre fjordarmar som Ulvikafjorden, Osafjorden, Eidfjord, Granvinsfjorden, og Sørfjorden. Stupbratte fjell, frukthager og kulturlandskap og små bygdesamfunn omkransar dei turkise fjordarmane.

blomar

Bestemors yndlingsroser som er både rosa og velduftande. Foto: Gunn Kristin Tjoflot

Her finn du mektige fossar som kastar seg ut frå høge stup. Ikkje alle er nytta til kraftkrevjande industri som det finnes mykje av langs fjorden. Vøringsfossen er her eit døme på ein ikkje utnytta foss.

På Hardangervidda finn du Nord Europas største høgfjellplatå som har si eiga villreinstamme.

Det norske motebladet Elle har gitt Hardanger bedømminga det mest trendy reisemålet i verda, sjølvsagt i skarp konkurranse med all verdens reisemål. Grunngjevinga var at her kan ein nyte det gode livet; sitje med ein god ven under eit epletre, lukte nyslått gras, drikke kvitvin, sjå utover den blå fjorden og den tredje største isbreen i Norge - Folgefonna. Og at dette må vera toppen av lykke ifølgje motebladet Elle.

I 2003 vart Hardangerfjorden og dei andre norske fjordane kåra til verdens beste reisemål av ingen ringare enn National Geographic. Ein av grunnane til at dei norske fjordane slår andre berømte fjordar som feks dei på New Zealand er at det i dei norske fjordarmane har budd folk og det er såleis kultivert mark. Utnevninga borgar for kvalitet og kåringa kan du lesa på lenka under:

"This place is wonderful: living traditional culture, wonderful landscape, not crowded. I am very happy with how this destination is managed. Excellent environmental quality, local people involved in a very smooth way." [Ref WWW. "Destination Scorecard