Når rettskjeldene bryt med Systemet i privatretten

(innleiing på nasjonalt doktorandseminar 24. september 2003)

1                         Emnet

Dette er ei førelesing over oppgjeve emne. Slike førelesingar har sine gode sider, førelesaren må kanskje ta opp spørsmål frå ein annan innfallsvinkel enn han elles ville ha gjort, og det er ikkje alltid så dumt. På den andre sida er det ikkje alltid lett for førelesaren å godta dei føresetnadene den serverte tittelen byggjer på. Finst det eit system – til og med eit system med stor S – i privatretten? Og er det i tilfelle eit system i strid med rettskjeldene? Kan eit slikt system vera noko anna enn forelda tankegods hos middelaldrande juristar som ikkje følgjer så godt med lenger? Er oppdraget i så fall tilfeldig plassert?

Dette får så vera. Førelesarens forsvar blir å stille seg litt fritt til ordlyden. Ordet system kjem visst frå eit gresk ord som tyder samanstilling. Ein av ordbokdefinisjonane går ut på at eit system er ein heilskap ordna etter visse prinsipp. I denne førelesinga skal system få vera eit stikkord for den indre samanhengen rettsreglar imellom, omsynet til konsekvens og det vi kan kalle rasjonalitet – i tydinga samanheng mellom innhaldet i reglane og dei måla ein søkjer å nå. Det vi ofte kallar rettssystematikk – inndelinga i privatrett og offentleg rett og underinndelinga i emne – er berre indirekte tema her. Heller ikkje skal det seiast noko om system i filosofisk eller sosiologisk forstand.

Som utgangspunkt kan vi stille opp nokre tesar som er ukontroversielle og lite originale i si enkle og generelle form, men som likevel kan skapa vanskar i praksis.

Den første tesen er at vi bør leggje vekt på å vera regelorienterte når vi tek standpunkt til rettsspørsmål. Den løysinga som generelt gjev dei beste resultata, bør ha stor gjennomslagskraft også der vi står overfor tilfelle der vi konkret kan seie at utfallet blir mindre heldig. Argumenta for slik regelorientering er velkjende: Folk skal vita kva dei kan innrette seg etter, og prosessane blir færre og kortare når utfallet av ein tvist er nokolunde sikkert. Poenget med reglar er at iallfall noko skal vera avgjort på førehand; ein skal sleppe å ta til på nytt for kvart tilfelle. Den store diskusjonen om dette skal ikkje takast her.

Den andre tesen er at rettsreglar kan oppfattast som avgjerdstema når vi skal ta standpunkt til rettsspørsmål. Det tyder at reglane oftast ikkje utan vidare gjev eit klårt og eintydig svar i det einskilde tilfellet. Å finne det rette avgjerdstemaet – den rette måten å stille spørsmålet på – kan likevel vera mykje verdt.

Den tredje tesen er at regelen – eller altså avgjerdstemaet – bør stillast opp på grunnlag av samansette analysar av dei omsyna som typisk gjer seg gjeldande. Ikkje minst er det ei oppgåve for universitetsjuristane å gjennomføre slike analysar. Analysane kan gjelde faktiske tilhøve, som kartlegging av kva livstilhøve reglane skal regulere, og undersøkingar av kva verknader reglane har, men juristar har også særleg trening i å analysere samspelet mellom reglar og samanhengen mellom verdiar og mål på den eine sida og reglar på den andre.

Den fjerde tesen er at konsekvens og samanheng rettsreglar imellom er eitt av dei typiske omsyna som bør ha stor vekt når reglar skal stillast opp. Her òg er argumenta velkjende. For det første bør ein unngå motstrid mellom reglar, slik at det som er rett etter ein regel, er gale etter ein annan regel. For det andre bør ein samordne reglane, slik at dei same handlingane og tiltaka kan tene til oppfylling av krav etter fleire reglar – ein bør med andre ord kunne slå fleire fluger i eit smekk. For dei tredje bør reglane følgje eit mønster; det er lettare å skaffe seg oversyn over og innsikt i reglar med indre samanheng – som inngår i eit system, om vi vil. Rettsreglar er ei ikkje ei sak for juristar og andre spesialistar, men for folk flest som skal innrette seg etter dei. Heng reglane i hop, kan dei også lettare bli aksepterte.

Det oppgjevne emnet var altså å seie noko om tilfelle der rettskjeldene bryt med systemet. Vi skal sjå på eit par døme frå høgsterettspraksis som kan vera vanskelege å sameine med dei tesane vi no har skissert. Døma er tilfeldige, og vi kunne også tenkje oss tilsvarande døme frå lovgjevinga; det er ikkje alltid slike tesar er lagde til grunn der heller. Spørsmålet blir korleis vi handterer slike situasjonar som universitetslærarar. Skal vi lojalt prøve å justere og tilpasse systemet ved å kappe ei tå her og ei hæl der, eller skal vi leggje hovudvekta på å peike på det uheldige ved unødvendige avvik frå systemet?

2                         Første døme: vilkår for kreditorekstinksjon

Det første dømet gjeld ei avgjerd frå Høgsteretts kjæremålsutval om vilkåra for kreditorekstinksjon (Rt. 1999.247). A hadde kjøpt ein eigedom frå Oslo kommune. Han fekk overlevert skøyte, men han tinglyste det ikkje. Eigedommen vart seksjonert, og ein av seksjonane vart seld til S, med nytt hus til og med. S fekk skøyte frå A, men det vart rimeleg nok heller ikkje tinglyst – i tilfelle måtte det ha skjedd med samtykke frå kommunen som heimelshavar.  Det er ikkje opplyst noko om bakgrunnen for at heimelen vart verande hos Oslo kommune; at ein kunne spara dokumentavgift på dette viset, noko som oftast er forklåringa på slike krumspring, synest iallfall ikkje innlysande. – Tvisten oppstod da ein av As kreditorar tok utlegg i seksjonen S hadde kjøpt. Namsretten og lagmannsretten ville godta utlegget ut frå det resonnementet at ei avhending frå A måtte tinglysast for å ha vern mot kreditorane. Høgsteretts kjæremålsutval kom til at dette var feil tolking av tvangslova og tinglysingslova. Tinglysing som vilkår for vern overfor avhendarens kreditorar gjeld berre der avhendaren har grunnbokheimel, meinte kjæremålsutvalet og grunngav det slik:

”Det er i forhold til hjemmelshavers kreditorer at hensynet til notoritet og rettsvern medfører at den reelle eier ikke vinner fram med mindre ervervet er tinglyst senest dagen før utlegget.”

Det er velkjent at lovgjevinga på dette området ikkje er utførleg, og ein kan vel seie at tolkinga føreset kjennskap til samanhengen mellom reglane om kollisjon mellom rettar i same formuesgode. Lat oss sjå litt nærare på det.

Visste vi ikkje betre, kunne vi tru at kreditorane berre kunne ta beslag i det som tilhøyrde skyldnaren på beslagstidspunktet, for slik står det i dekningslova § 2-2. Men samanhengen i regelverket tilseier at vi må lesa ”tilhører” mellom anna som ei tilvising til reglar om rettsvern og kreditorekstinksjon. Det blir stadfesta i førearbeida til dekningslova § 2-2 og følgjer av rettspraksis og sikker rettsoppfatning. Vi kunne ha hatt ein regel om at det heile var eit spørsmål om bevis, slik at namsstyresmaktene prejudisielt skulle ta stilling til om formuesgodet framleis tilhøyrde skyldnaren. Eventuelt kunne vi i tillegg ha presumsjons- eller bevisbyrdereglar av det slaget vi finn i tvangslova, der det mellom anna blir teke utgangspunkt i kven som har grunnbokheimelen. Men det er på det reine at situasjonen ikkje er slik. Vi har reglar om kreditorekstinksjon: I nokre tilfelle er det eit vilkår at eit eldre erverv må skaffast rettsvern etter nærare reglar dersom det skal stå seg mot yngre kreditorbeslag. For fast eigedom finn vi stort sett reglane om rettsvern og kreditorekstinksjon i tinglysingslova. Både dekningslova § 2-2 og reglane i tvangslova må dermed lesast på bakgrunn av reglane om rettsvern og kreditorekstinksjon. Alt dette ser det ut til at kjæremålsutvalet aksepterte også i den aktuelle avgjerda.

Føresegnene i tinglysingslova kan heller ikkje lesast heilt utan førekunnskapar. Av tinglysingslova § 20 går det fram at eit tinglyst utlegg går framfor eldre rettsververv som ikkje er tinglyste seinast dagen før – kreditor ekstingverer utinglyste rettar. Men skal utleggstakaren ekstingvere, må altså utlegget tinglysast. Tinglysinga er ikkje avhengig av at skyldnaren har grunnbokheimel. Det følgjer av motsetnadsvis av tinglysingslova § 13 og av sikker praksis og oppfatning. Vi kan leggje til grunn at utlegget skal tinglysast dersom det først er stifta. Men kva skal til for at utlegget kan stiftast i ein situasjon der det blir opplyst at skyldnaren har avhenda eigedommen?

Her kan vi lett rote oss inn i eit slags sirkelresonnement: Utlegg kan takast dersom ervervarens rett er ekstingvert, men skal ervervarens rett ekstingverast, må utlegget takast og tinglysast. Skal det bli samanheng i desse reglane, må det finnast situasjonar der utlegget kan takast sjølv om det er stifta eldre rettar i eigedommen.

Så kunne vi spørje om ekstinksjon etter dette berre er aktuelt der utlegget er teke fordi den eldre retten er ukjend. Men det ville heller ikkje gje god samanheng mellom reglane. Det går nemleg fram av tinglysingslova § 20 samanhalden med § 21 første ledd at utleggstakaren kan vinne fram sjølv om han kjenner den eldre retten på tinglysingstidspunktet – på ekstinksjonstidspunktet, om vi vil. Men da ville det passe dårleg med ein regel som hindra at utlegget vart teke berre fordi skyldnaren opplyste om eit eldre erverv. Oppfatninga har da også vore at utlegg kan takast så lenge eit eldre erverv ikkje har fått rettsvern ved tinglysing, med andre ord at det eldre ervervet – og kunnskap om det – ikkje stengjer for utlegg så lenge ekstinksjon enno kan skje ved tinglysing. Ein annan måte å seie det på, er at ervervet ikkje har vern mot utlegg før ervervet er tinglyst.

Det er her kjæremålsutvalet kjem med noko nytt: Er eigedommen overdregen frå skyldnaren, kan kreditorekstinksjon berre skje dersom skyldnaren har heimel til eigedommen, og det er berre i desse tilfella utlegg kan takast sjølv om det eldre ervervet er kjent.

På dette området er det tradisjon for at løysingane er regelorienterte. Også i mange høgsterettsavgjerder er det understreka at det ikkje kan gjerast unntak frå rettsvernreglane berre fordi det konkrete resultatet kan råke ein av partane nokså hardt. I tillegg til dei generelle gode grunnane for regelorientering, er det her meir spesielt eit omsyn at ein skal sleppe å avgjera i kvart tilfelle om det er sannsynleg at skyldnaren verkeleg har disponert over formuesgodet, samtidig som det skal vera lett for ein ervervar å skaffe seg sikkert vern etter klåre og eintydige reglar.

Når kjæremålsutvalet vil presisere regelen slik at kreditorekstinksjon berre skal skje der skyldnaren har grunnbokheimel til eigedommen, er dette også eit regelorientert synspunkt. Spørsmålet blir om ei slik løysing har grunnlag i den underliggjande omsyna.

Vi har alt vore inne på at eit viktig føremål med reglane om rettsvern og kreditorekstinksjon er å sleppe diskusjonar om påstandar frå skyldnaren om at eit formuesgode er avhenda til andre. Bakgrunnen for dette att er å hindre kreditorsvik. Det er ikkje lett å sjå at faren for tvilsame påstandar om avhending er mindre der skyldnaren ikkje har grunnbokheimel, enn der han har det. Vi må halde fast på at det i denne saka var på det reine at eigedommen vart overført frå Oslo kommune til A; spørsmålet var ikkje om Oslo kommune – som heimelshavar – framleis var eigar.

Det er også eit moment at partane – med kjæremålsutvalets regel – nokså risikofritt kan koma utanom reglane om rettsvern og kreditorekstinksjon i eit tilfelle som dette: Faren for at Oslo kommune skulle misbruke sin grunnbokheimel, eller at kommunens kreditorar skulle ta utlegg i eigedommen, kunne A og S roleg sjå bort frå. Generelt kan vi seie at det ikkje bør vera altfor enkelt og kostnadsfritt å koma rundt reglane; da blir løysingane lett tilfeldige.

Ein kan spørje om reglane om vern mot kreditorbeslag også byggjer på eit legitimasjonssynspunkt. Er kravet om tinglysing som vilkår for rettsvern også grunngjeve med at kreditorane elles kunne bli narra til å gje kreditt til den som sit med grunnbokheimelen? Vi skal ikkje ta opp spørsmålet i full breidd her, men berre vise til at det i litteraturen er argumentert godt for at eit slikt synspunkt er nokså problematisk. Og kjæremålsutvalet viser da også berre til notoritetsomsynet, ikkje omsynet til publisitet og legitimasjon.

Etter dette kan vi seie at kjæremålsutvalet har introdusert eit unntak frå hovudregelen om kreditorekstinksjon i tinglysingslova § 20. Eit unntak er i seg sjølv problematisk dersom vi ønskjer konsekvens og samanheng. I dette tilfellet er det også vanskeleg å sjå at unntaket kviler på dei omsyna som ligg attom reglane.

Som universitetsjuristar bør vi iallfall peike på det uheldige i eit dårleg grunngjeve unntak frå ”systemet”. I eit tilfelle som dette bør vi også roleg kunne gje det rådet at avgjerda ikkje bør leggjast til grunn for framtida. Med den saksførehavinga ein har i kjæremålsutvalet, får ein normalt ikkje den grundige saksførebuinga og drøftinga som ein har i Høgsterett, og vi ser da også at både kjæremålsutvalet sjølv og Høgsterett kan stille seg nokså fritt til tidlegare avgjerder i kjæremålsutvalet.

3                         Andre døme: condictio indebiti eller godtruerverv

Det andre dømet gjeld ei sak der fleirtalet i Høgsterett ville byggje på læra om condictio indebiti, og mindretalet ville byggje på reglane om godtruerverv av betalingsmidlar (Rt. 2001.1580).

Litt forenkla kan saksforholdet refererast slik: A var forretningsførar for eit burettslag. I den samanhengen hadde han disposisjonsrett til lagets bankkonto. A var også forretningsførar for ein entreprenør. Den same entreprenøren bygde hus for A. Etter kvart fekk A vanskar med å honorere rekningane frå entreprenøren, og dermed betalte han like gjerne rekninga ved å belaste burettslagets bankkonto. Da dette vart oppdaga, var det ikkje meir pengar hos A, og burettslaget kravde at entreprenøren skulle tilbakeføre den eine av betalingane.

Mindretalet (ein dommar) såg altså dette som eit spørsmål om godtruerverv: A hadde urettkome nytta burettslagets pengar til å betale eiga gjeld. Da måtte utgangspunktet vera at mottakaren fekk rett til pengane dersom han var i god tru. I dette tilfellet var nok entreprenøren i god tru, men det var fordi han hadde ein uheiderleg rekneskapsførar. Hadde han hatt ein heiderleg rekneskapsførar eller ført rekneskapen sjølv, må ein rekne med at han ”umiddelbart” ville ha vorte merksam på at dekninga av As gjeld skjedde frå burettslagets konto. Etter dette kunne ikkje entreprenøren reknast å vera i god tru, meinte mindretalet, og entreprenøren hadde ikkje vunne rett til pengane.

Mindretalets resonnement om god tru kan nok diskuterast. Føresetnaden synest vera at tidspunktet for mottak av melding om betalinga er avgjerande for vurderinga av god tru, ikkje tidspunktet for mottak av betalinga, og det er ikkje uproblematisk (at betaling skjedd ved oppmøte i banken, er eit tilfeldig moment i samanhengen). Noka form for arbeidsgjevaransvar bør ein vel neppe heller ha for ein profesjonell og sjølvstendig rekneskapsførar med mange kundar. Men i alle høve kan ein ha ei viss forståing for at det skjedde ein identifikasjon mellom entreprenøren og rekneskapsføraren med omsyn til den gode trua.

Fleirtalet resonnerte altså langs andre liner. Fleirtalet meinte at pengane var førte direkte frå burettslagets konto til entreprenørens konto, og da var det ”ikkje noko i situasjonen på overføringstidspunktet som peika i retning av at det var tale om ein tredjepersonkonflikt”. Det hadde det derimot vore, også etter fleirtalets syn, om pengane først hadde vore innom As bankkonto (som tilfellet var i nokre andre tilfelle som ikkje var omfatta av saka).

Fleirtalet viste til læra om condictio indebiti og meinte at det måtte ”skje ei vurdering av om det på ulovfesta grunnlag må skje ei tilbakebetaling”. Det vart vist til ei tidlegare avgjerd der det heiter at ”det er et grunnleggende trekk i læren om condictio indebiti at hvert tilfelle skal vurderes konkret og under hensyn til rimelighet”.

Vurderinga av kva som var konkret rimeleg, fall – ikkje uventa – ut til fordel for burettslaget, og entreprenøren måtte betale attende pengane og dessutan dekkje lagets sakskostnader for alle instansar.

Tek vi utgangspunkt i tesen om regelorienterte løysingar, kan vi seie at læra om condictio indebiti ikkje er regelorientert i det heile; det er berre spørsmål om det konkret rimelege. Men her må det seiast at ein ikkje lett kan stille opp reglar når det gjeld dei eigentlege tilfella av condictio indebiti. Dessutan er det ikkje tale om avgjerder på heilt fritt grunnlag; rettspraksis og teori gjev oss grunnlag for ei rekkje omsyn og resonnement som styrer avgjerda.

Viktigare her er spørsmålet om kva som er den beste formuleringa av avgjerdstemaet i eit tilfelle som dette – er det omsyna og avvegingane bak reglane om condictio indebiti som er mest relevante, eller det omsyna og avvegingane bak reglane om godtruerverv av betalingsmidlar?

Ser vi først på reglane om godtruerverv av betalingsmidlar, er det eit grunnleggjande omsyn at ein i mange tilfelle har behov for å kunne lite på at ei betaling er endeleg. Den som får ei stadfesting frå banken om at pengane er overførte, skal kunne utlevere bilen eller maskina eller nøklane til leilegheita utan å risikere ein seinare diskusjon om kven som eigentleg var eigar av pengane på kontoen. Og ein entreprenør skal kunne leggje ned nye kostnader i eit bygg når byggherren seier han har betalt, og banken stadfestar det. Det har somtid vore gjort narr av tilvisinga til ”omsetningslivets tarv” m.m., men pakkar vi ut den bunten med omsyn som dette stikkordet viser til, finn vi nokså jordnære og praktiske realitetar.

Reglar om godtruerverv skal vera tillitsskapande og lette omsetninga. Ein rettsøkonom ville kanskje seie at reglane skal redusere transaksjonskostnadene. Kjøparen skal trygt kunne betale mot å få vara, og seljaren skal trygt kunne levere vara mot betaling.

Tilbakesøkingskrav av typen condictio indebiti har ein annan bakgrunn: Det som er det sentrale her, er at nokon ved eit mistak har ytt utan å ha plikt til det. Vi har typisk eit topartsforhold. Ikkje utan grunn har ein trekt inn føresetnadslæra i drøftinga av slike krav. Det typiske er ei overføring mellom to partar der begge er i god tru om plikta til å yte, og spørsmålet er kven mistaket skal gå ut over. Arbeidsgjevaren honorerer ved ein feil meir overtid enn det som er utført. Forsikringsselskapet betaler ut til panthavarane i eit tilfelle som seinare viser seg ikkje falle inn under forsikringa. Mottakaren får meir enn han skulle ha hatt. At ein i slike tilfelle må falle attende på ei nokså konkret vurdering, er det ikkje mykje å seie på.

I vårt tilfelle hadde ikkje burettslaget ytt noko som helst. Ein hadde ingen disposisjon frå burettslaget, og dermed heller ikkje nokon disposisjon på grunnlag av eit mistak. Den som disponerte var rekneskapsføraren, og det var ikkje noko mistak at entreprenøren skulle ha pengar frå han. Fleirtalet seier da også med reine ord at det ikkje tale om noko mistak i denne saka.

Fleirtalet la avgjerande vekt på at pengane hadde gått direkte frå burettslagets konto og ikkje innom rekneskapsførarens konto. Det er mesta så ein ser korleis pengane fysisk flyttar seg frå den eine kontoen til den andre. Men er dette noko godt kriterium for å skilje mellom tilfella? Er det ikkje berre tale om skilnaden mellom ei linje og to linjer på ei datautskrift? Fleirtalet prøver ikkje å vise at ei overføring i to steg ville ha hatt noko å seie for kor lett eller vanskeleg fanteskapen ville ha vore å gjennomføre. Saka viser da også at rekneskapsføraren lykkast godt med begge variantar, både einstegs og tostegs, utan at den eine synest ha vore meir oppsiktsvekkjande enn den andre. På den andre sida er det opplagt like viktig for mottakaren å kunne lite på den opplysninga han får om at pengane er overførte.

Fleirtalet la stor vekt på at konflikten var eit resultat av ei kriminell handling; det tala sterkt for gjenoppretting, vart det sagt. Men vi ser fort at dette momentet har ulik vekt i ekstinksjonstilfella og mistakstilfella. Det er ofte slik at ein tredjeperson i god tru må gje tapt der verdiar er komne på avvegar ved ei kriminell handling; tenk berre på unntaket for tjuveri i godtrulova. Men dette er ei avveging som ligg inne i regelen – avveginga er gjort på førehand. Rette eigar går av med sigeren i tjuveritilfella, men ikkje i underslagstilfella. Vårt tilfelle låg underslaget nærast, og i alle fall kan det vera gode grunnar for å stille ervervaren sterkare når det gjeld betaling, på same måte som ved omsetningsgjeldsbrev. Vekta av den kriminelle handlinga er avgjord på førehand. I læra om condictio indebiti er dette annleis: Vi kan leggje vekt på at mistaket kjem av ei kriminell handling, som når reiaren har senka skipet og panthavarane får oppgjer frå forsikringsselskapet, men momentet må vegast mot andre omstende i kvar sak.

No vart altså resultatet det same både for fleirtal og mindretal. Sjølv om ein ser bort frå skepsisen til den godtruvurderinga mindretalet gjennomførte, kan ein likevel seie at resonnementet frå mindretalet har andre konsekvensar enn resonnementet frå fleirtalet. Mindretalet held fast på utgangspunktet om at den som er i god tru, kan lite på ei betaling frå rette vedkomande. Det skulle ein tru var den løysinga som gjev dei lågaste transaksjonskostnadene, for å halde seg til den terminologien.

Etter mitt syn er det reglane om godtruerverv av betalingsmidlar som gjev det beste avgjerdsgrunnlaget i eit tifelle som dette.

Kva gjer vi som universitetsjuristar? I den nyaste læreboka på området blir avgjerda lagd til grunn og blir også brukt til å vise at condictio indebiti ikkje kan koplast til føresetnadslæra. Det er eit forståeleg standpunkt; avgjerda har prinsipiell karakter, og det mange og gode grunnar til å leggje stor vekt på høgsterettsavgjerder. På den andre sida kunne det i ei lærebok vera plass for kritiske merknader i eit slikt tilfelle. Skal vi gå ut over dei typiske topartsforholda og trekkje inn tilfelle der nokon urettkome rår over framande midlar og betaler noko som mottakaren har krav på å få, blir det vanskeleg å finne samanheng i læra om condictio indebiti. Og grunnen til å operere med ei eiga ”lære” her, må nettopp vera at ein ved systematisk analyse kan finne haldepunkt for korleis rettsspørsmåla skal avgjerast. Og avgjerda skapar også vanskar i høve til reglane om godtruerverv, ikkje berre når det gjeld betalingsmidlar, men også til dømes underslagstilfella etter lova om godtruerverv av lausøyre.

4                         Avsluttande merknader

Synspunkta har variert mykje når det gjeld spørsmålet om kor frimodige juridiske forfattarar skal vera i høve til lovgjevar, Høgsterett og andre autoritetar. Ei tid var det grunn til å oppmode forfattarane om å ha meir sjølvtillit. I dag kan det kanskje heller vera grunn til å minne om at vi ikkje har noko mandat til å bestemme korleis rettsreglane skal vera. Der har Stortinget og Høgsterett betre kort på handa. Men vi treng ikkje gå i grøfta på andre sida av vegen og nøye oss med å registrere, heller. Universitetsjuristane har gode føresetnader – med tanke både på opplæring og arbeidsvilkår – for å utvikle faget og dermed rettsreglane gjennom kritisk analyse. Vi står fritt til å peike på det vi meiner er uheldig i lovgjeving og i rettspraksis. Vi har kanskje til og med ei plikt til å gjera det. Dei fire tesane vi nemnde innleiingsvis, og som inneber at vi skal prøve å formulere regelorienterte avgjerdstema, bygde på samansette analysar av typiske omsyn, ikkje minst omsynet til konsekvens og samanheng, kan vera hjelpemiddel i den kritiske analysen. Vi har sett at eit slikt utgangspunkt også kan gje grunnlag for kritiske merknader til rettspraksis.