Akademisk juss og kvalitet*

1                    Innleiing

Bakgrunnen for dette innlegget er ein diskusjon om nye vegar for å fordele midlar internt på universitet og høgskular. Fordeling på grunnlag av ”produserte” studiepoeng for studentar er alt innført, og spørsmålet no er korleis ein kan måle den andre hovuddelen av verksemda, normalt omtala som forsking. Det er – heldigvis – ikkje berre eit spørsmål om å måle kvantitet, men også kvalitet, og det er dette siste som er temaet her.

Før vi ser på kvalitetskriterium, må vi sjå litt på kva juristar i faglege stillingar ved universitet og høgskular bruker og bør bruke tida til. Deretter skal vi skilje ut nokre disiplinar som ikkje er spesifikt juridiske, som rettssosiologi, rettsøkonomi o.l. Da først kan vi sjå på nokre kvalitetskriterium for den akademiske jussen.

Det kan vera grunn til å ta nokre reservasjonar når det gjeld kvaliteten på innlegget. Kvalitetsspørsmåla har sjølvsagt nær samanheng med dei grunnleggjande spørsmåla om rettsvitskapens karakter og oppgåver og dermed også ein omfattande metodediskusjon. Det er spørsmål som eg korkje har ambisjonar om eller føresetnader for å presentere i noko breidd. Framstillinga her får bli nokså jordnær og triviell.

2                    Oppgåver for universitetslærar i juridiske fag

Gjennom mange år har vi her i landet vore vande med å dele opp pliktene for universitetslærarar i undervisning, forsking og administrasjon. Undervisning og administrasjon har mange sett som meir eller mindre sure plikter, medan forskinga helst har vore rekna som ein rett. Ved dei juridiske fakulteta har ein nøye ført rekneskap med oppfyllinga av undervisningsplikta, medan det ikkje har vore stilt krav til forskinga når først kompetansekrava for tilsetjing har vore nådd.

Dei eksterne krava til universitet og høgskular, føremålet med institusjonane, var lenge uttrykt med stikkorda utdanning, forsking og formidling. I gjeldande lov for universitet og høgskular er føremålet formulert meir nyansert: Institusjonane skal gje høgare utdanning ” som er basert på det fremst innen forskning, kunstnerisk utviklingsarbeid og erfaringskunnskap”; institusjonane skal tilsvarande drive med ”forskning og faglig utviklingsarbeid og/eller kunstnerisk utviklingsarbeid”. Formidlinga er framleis med som oppgåve, men institusjonane skal også ”samarbeide med samfunns- og arbeidsliv”. Andre oppgåver, som etter- og vidareutdanning og oppbygging av samlingar, er også nemnde.

Skal vi ta desse formuleringane alvorleg, ser vi at oppgåvene for universitetstilsette, også i juridiske fag, blir nokså samansette. Ein kan ikkje nøye seg med å telje undervisningstimar og publiserte sider. Langt på veg er dette gammalt nytt: Vi har lenge visst at tilrettelegging og rettleiing av andres forsking i mange tilfelle har gjeve meir utbyte for institusjonen enn om inspiratoren skulle låse seg inne med si eiga skriving. Likevel er det ikkje alltid like lett å få kredit for dette ved ei tilsetjing. Vi har også visst at det ikkje er skarpe skilje mellom undervisning og forsking; rettleiing av vidarekomne studentar kan gje viktige forskingsresultat, og skiljet mellom læremiddel for studentane og andre publikasjonar er ikkje alltid lett å trekkje. Vi må rekne med at slike spørsmål blir berre viktigare: Det blir stilt høgare krav til profesjonell og effektiv leiing av institusjonane, og noko av den leiinga krev innsats frå fagleg tilsette. Samarbeidet med ”samfunns- og arbeidsliv” skal, etter førearbeida til lova, omfatte mellom anna sikring av kompetent arbeidskraft og auka kommersialisering av forskingsresultat. Krav til eiga finansiering fører til meir undervisning og forsking etter oppdrag. Alt dette krev tung innsats frå lærarane.

Når dette er nemnt, er det for å understreke at det ikkje er klåre grenser rundt det som vi vanleg omtalar som forsking, og at aktivitetane til dels er vanskelege å måle, også om vi måler på institusjonsnivå eller for kvart fakultet eller tilsvarande eining.

I og med at kvalitetskriterium er ein viktig del av temaet, får vi likevel konsentrere oss om dei skriftlege arbeida som kan leggjast fram som dokumentasjon. Men det er altså berre ein del av verksemda ved universitet og høgskular.

3                    ”Rettsdogmatikk” og støttefag

Grensene mellom universitetsfag er trekte ut frå typiske skilnader i det materialet som skal studerast, og ut frå tradisjon. Skal vi med nokre få ord peike på det som mest grunnleggjande skil juristane frå andre faggrupper, må det vera at juristane er opplærte til å ta standpunkt til rettsspørsmål. Dei skriftstykka som mest reindyrka går ut på ta standpunkt til rettsspørsmål, er sjølvsagt dommar, forvaltningsvedtak o.l., men også ei lang rekkje av andre teksttypar inneheld dels standpunkt til meir eller mindre konkrete rettsspørsmål, dels tilrettelegging av materiale for den som skal ta standpunkt til rettsspørsmål. Det kan vera kommentarutgåver, artiklar, lærebøker, monografiar og meir til. Slike framstillingar blir ofte omtala som rettsdogmatiske, og dei juridiske fakulteta har funne fram til nokre standardformuleringar som blir brukte i utlysingar for å karakterisere slike arbeid. Her er formuleringa i nyaste utlysing i Oslo:

”Minst ett arbeid må gi en dyptgående behandling av et rettsdogmatisk emne på grunnlag av norske rettskilder, eller folkerettslige eller andre internasjonale rettskilder som særlig belyser norske forhold.”

Rettsdogmatiske arbeid vil det normalt vera vanskeleg å skrive for andre enn utdanna juristar. Det same kan ein kanskje seie der temaet er juridisk metode, altså metoden for å ta standpunkt til rettsspørsmål, enda vi ser at filosofar gjerne vil ha eit med i laget der.

Vi veit at emnespekteret er vidare, anten vi no tenkjer på tilsetjingspolitikken ved dei juridiske fakulteta eller på den tradisjonelle inndelinga av doktorgradane. Rettsfilosofiske og rettsteoretiske arbeid (om ein vil skilje mellom dei to) krev innsikt i filosofisk metode og fagtradisjon, men vi veit at også juristar vågar seg ut på slikt. Noko liknande gjeld fag som rettssosiologi og rettsøkonomi; her ein kan ikkje greie seg utan grundig kjennskap til sosiologien og økonomien. At ein rettshistorikar må ha gode kunnskapar i historiefaget er opplagt, men vi veit det har vore diskutert om det ikkje er så godt som nødvendig med ei juridisk skulering i botnen.

Trua på verdien av tverrfagleg orientering har nok svinga; kursen har vore etter måten høg i det siste. Det er ikkje tvil om at kombinasjonen av juss og andre fag til tider kan gje framifrå resultat, sjølv om det er all grunn til å minne om at kombinasjonane kan vera svært krevjande. Her er det nok å peike på at kvaliteten i desse tilfella må vurderast ut frå dei kriteria som er vanlege i det aktuelle faget. I tillegg må kriteria til god juss vera oppfylte, i den grad forfattaren også gjev seg inn på rettsdogmatiske spørsmål. – At god tverrfagleg innsats er fullt mogleg, har vi fleire døme på, som når ei avhandling kan få rosande omtale frå sakkyndige i både juss og statistikk.

I det følgjande er det hovudsakleg dei rettsdogmatiske arbeida som blir omtala; kvalitetskriteria i andre fag må få liggje.

4                    Kva er god akademisk juss?

Ord som ”forsking” og ”vitskap” kan verke overveldande. Vi får assosiasjonar til sprenglærde geni som hevar seg høgt over kvardagslege problem i sine avanserte tankebanar i jakt på stendig betre svar på dei evige spørsmål. Stipendiatar og andre rekruttar til universitetsstillingar blir stundom handlingslamma av slikt og treng påminning om at dei gjerne må byrje med ei heilt vanleg drøfting av eit heilt vanleg juridisk spørsmål. Ord som ”forsking” og ”vitskap” har også ein tendens til å dra etter seg vidløftige vitskapsteoretiske diskusjonar som ikkje alltid er like relevante for alle fag. Til tider har det som kjent vore diskutert om juss kan vera vitskap i det heile. Ofte er det lettare å tala om akademisk juss og om universitetslærarar enn om vitskap og forskarar.

4.1              Teknisk gjennomføring og ferdigstilling

I opplæringa av stipendiatar og andre rekruttar gjev vi gode råd om det som kan kallast den tekniske gjennomføringa av akademiske arbeid. Det gjeld slikt som problemformulering, disponering av stoffet, kjeldebruk, referansar og språkleg presentasjon. Ei skikkeleg teknisk gjennomføring er sjølvsagt avgjerande for kvaliteten, men vi treng ikkje gå inn på detaljar om dette no.

Eitt spørsmål bør likevel nemnast: Skal vi stille krav om at arbeidet ber preg av å vera ferdigstilt? Svaret er greitt nok når det gjeld etablerte forfattarar; dei bør vise kritisk sans med omsyn til å kolportere ufullførte tankar og utkast med meir eller mindre gode idear. I kollegiale samtalar kjem det derimot fram ulike syn når det gjeld kravet til doktorgradar og liknande kvalifikasjonsarbeid. Det blir vist til at stipendtida no er så kort og så fylt med andre oppgåver ved sida av skrivinga, at ein knapt kan forlange at sluttresultatet skal framstå som avklåra og avrunda. Ein må godta at slike arbeid ofte berre er opptakta til ein forskarkarriere; elles vil rekruttane måtte halde seg til den slagne landeveg i emnevalet, heiter det. Dette er det mykje i, men eg vil likevel melde ein skepsis. Gjennom opplæringa skal rekrutten lære handverket. Doktorgraden eller den faste stillinga skal vise at personen er i stand til å fullføre eit prosjekt, sjølvstendig og på eiga hand. Til det å fullføre eit prosjekt høyrer også å rydde etter seg. Det kan vera lett nok å kaste mange ballar opp i lufta; kvaliteten viser seg i evna til å ta dei ned att utan for store kalamitetar. At arbeidet er nokolunde ferdigstilt, er også oftast ein føresetnad for at omverda skal kunne ha glede av det, anten som grunnlag for vidare akademisk arbeid eller til bruk i praksis. Målet bør vera at også rekrutteringsarbeid skal ha verdi ut over å vise komiteen at ein har hatt det strevsamt dei siste tre–fire åra. Dessverre ser ein nok litt for ofte avhandlingar som tydeleg er lagde fram i nest siste versjon, helst på grunn av tidsnaud, men kanskje også på grunn av manglande kritisk sans.

4.2              Emnevalet

I ein artikkel frå 1985 med tittelen ”Kvalitetskriterier i rättsvetenskapen” trekte Jan Hellner særleg fram emnevalet som eit sentralt kjennemerke på verdien av rettsvitskaplege undersøkingar.[1] Det ser han i samanheng med eit overordna kvalitetskriterium, nemleg at arbeidet skal gje eit tilskot til vår kunnskap om emnet, og han peiker mellom anna på at det kan vera vanskeleg å tilføre ny kunnskap om emne som er godt gjennomarbeidde frå før. Det siste kan vi koma tilbake til, men at emnevalet er viktig, er det lett å slutte seg til. Eit minstekrav til både små og store arbeid frå både rekruttar og etablerte lærarar, er at forfattaren skal ha noko på hjartet; det må vera eit poeng med å skrive om emnet ut over det at ein skal ha produsert noko. Vi ser av og til arbeid frå universitetsrekruttar, og faktisk også frå unge advokatar i store firma, som ber preg av pliktøvingar. Eitt eller anna bør dei skrive, og kanskje har dei fått framlegg til emne frå ein eldre kollega, men dei har ikkje tent på det dei har funne. For lesaren blir det heile nokså uinteressant, og kritikken går gjerne ut på at emnet er dårleg valt, eller at forfattaren har fått lite ut av emnet. Dersom midlar heretter skal fordelast ikkje berre på grunnlag av kvalitet, men også kvantitet, kan vi nok få sjå at også andre enn rekruttar kan koma til, som Anders Agell har sagt i ein annan samanheng, ”att välja ett vist rättsinstitut eller vissa regler för undersökning i tanke att problemen skall dyka upp efter hand”.[2]

Vi bør ikkje stille opp noko krav om at all akademisk juss skal ha varig verdi. Det bør vera lov å skrive for dagen; universitetsjuristar bør vera med i den aktuelle debatten. Men for den som skal byrje på eit doktorarbeid, kan det vera tilrådeleg å velje emnet og skjera det til slik at framstillinga ikkje berre har historisk interesse etter første og beste lovendring.

4.3              Metoden er den same

Er det – og bør det vera – noko som skil den akademiske rettsdogmatikken frå det som blir skrive av andre juristar? Etter mitt syn kan ein ikkje svara eintydig ja eller nei på det spørsmålet. Vi har så mange juridiske teksttypar – frå doktoravhandlingar og omfattande monografiar til prosesskriv og advokatbrev til klientar. Det akademiske særpreget ligg mest i at universitetsjuristane dominerer for somme av teksttypane, til dømes dei nemnde avhandlingane og monografiane. Mi spissformulering – som eg veit at ikkje alle vil skrive under på – er at metoden grunnleggjande er den same i akademiske rettsdogmatiske framstillingar som i andre juridiske arbeid.

Eit slikt utgangspunkt gjev ikkje i seg sjølv noko svar på kva som er kriterium på kvalitet; det inneber berre at også andre enn universitetsjuristar kan levere arbeid med same kvalitetar som dei såkalla rettsvitskaplege.

Somme skriftstykke har heilt konkrete føremål: Prosesskrivet skal leggje fram partens sak, dommen skal avgjera tvisten, forvaltningsvedtaket skal helst gje ei rett og effektiv avgjerd i eit konkret tilfelle. Tener skriftstykket dette føremålet, er eit viktig kvalitetsmål nådd. Når vi talar om akademisk juss, eller altså rettsvitskap, stiller vi gjerne krav om noko meir. Hellners kriterium, at arbeidet skal gje tilskot til vår kunnskap om emnet, kan vera eit godt utgangspunkt. Men eit poeng i denne samanhengen er at også teksttypar med eit reint praktisk føremål, som dommar og utgreiingar om konkrete tilfelle, kan ha slike kvalitetar. Det skal vi koma tilbake til.

4.4              Samanstilling av informasjon

Reine samanstillingar av informasjon har sjeldan stor interesse i akademisk samanheng, enda samanstillinga kan krevje både stor innsats og sikker fagleg innsats, og resultatet kan vera svært så nyttig. Reine materialsamlingar var viktige før vi fekk dei elektroniske basane. Dei blir laga enno, gjerne i elektronisk form, og særleg for ein del internasjonalt materiale kan dei vera til stor hjelp. Skal vi tala om akademisk kvalitet her, må det i tilfelle vera på grunn av godt arbeid med systematikk og tilrettelegging.

Ei anna og meir krevjande form for samanstilling av informasjon har ein der forfattaren presenterer litteraturen på eit område, gjerne i tillegg til ein presentasjon av det sentrale kjeldematerialet. Tradisjonelt har det ikkje vore mykje utteljing å få for omtalen av andre lands rett i til dømes ei doktoravhandling, og heller ikkje for ei historisk samanstilling av heimleg og eventuell framand teori kring eit problem. Særleg for rekruttar kan dette vera frustrerande, for det kan lett ta mesteparten av stipendperioden berre å koma opp på akslene til dei som gjekk før.

I nokre tilfelle er det utan tvil fortenestefullt å samanstille informasjon. Det kan til dømes gjelde presentasjon av ei større lovreform; da treng ein ikkje krevje så mykje innsats ut over å samle og systematisere informasjonen. Og det å formidle diskusjonar frå andre land til eit norsk publikum bør også kunne reknast som høgverdig forfattarskap.

Hans Petter Graver har i eit føredrag vore inne på at formidling av utalandsk forsking kan få ein særleg verdi i høve til det internasjonale materialet som norske juristar no må ta omsyn til. Vi må rekne med at berre få av dei tunge og sentrale arbeida om til dømes EU-rettslege spørsmål er skrivne av norske eller nordiske juristar. Berre det å gje rettleiing til norske juristar om kva som er standardverka til kvar tid, kan bli ei viktig oppgåve i seg sjølv. Det trur eg Graver har rett i.

4.5              Framstilling av gjeldande rett

Normalt vil vi som nemnt krevje noko meir enn samanstilling av informasjon. Neste steg, så å seie, er framstillingar som berre tek sikte på å framstille gjeldande rett – kva no det måtte vera. Da nøyer ein seg ikkje med å presentere materialet, men ein går gjennom ei rekkje rettsspørsmål, meir eller mindre detaljert, og tek standpunkt til svaret. Som kjent er det ikkje mange hos oss i dag som meiner at ei slik framstilling berre er beskrivande; ein sjølvstendig innsats vil alltid liggje bak eit standpunkt. Den reine minimumsvarianten, som vi kan finne han i ei enkel handbok eller kommentarutgåve eller i eit departementalt rundskriv, har neppe stor akademisk verdi. Men det skal ikkje mykje til før til dømes ein lovkommentar får kvalitetar i form av ei analytisk tilnærming. Vi ser det godt i Norsk lovkommentar (tidlegare Karnov), der nokre av kommentarane er nokså enkle og refererande, medan andre – ikkje minst kommentarar frå universitetsfolk – ofte flytter grensene for vår kunnskap om emnet. Slik kan det vera med praktiske handbøker også; teksttypen eller sjangeren treng ikkje vera avgjerande.

4.6              Analyse

Skal vi prøve å karakterisere det som kjem i tillegg til samanstillingar eller enkle presentasjonar av reglar, kan stikkordet vera analyse, eventuelt analyse og syntese.

Anders Agell har etter mitt syn gjeve ei god oppsummering av kva analysen i akademiske – rettsvitskaplege etter hans terminologi – arbeid går ut på.[3] Han nyttar stikkorda analyse av føremålsrasjonalitet (ändamålsrationalitet), regel- og omgrepsrasjonalitet og systemrasjonalitet i regelverket. Analysen av føremålsrasjonalitet er ein diskusjon av dei føremåla reglane skal tilgodesjå, og samanhengen mellom ulike føremål. Regel- og omgrepsrasjonalitet gjeld spørsmålet om kor vidt reglane og omgrepa er tenlege ut frå dei føremåla dei skal ha. Systemrasjonaliteten har med den indre samanhengen mellom reglane å gjera.

For min eigen del – men neppe i motsetnad til Agells vidare drøfting – vil eg særleg peike på samanhengen mellom slike analysar og sentrale verdiar som vi bør leggje vekt på når vi tek standpunkt til rettsspørsmål. Eg har i ein annan samanheng stilt opp dette som fire tesar; eg refererer dei her og bed om orsaking frå dei som høyrde det same for nokre veker sia:

Den første tesen er at vi bør leggje vekt på å vera regelorienterte når vi tek standpunkt til rettsspørsmål. Den løysinga som generelt gjev dei beste resultata, bør ha stor gjennomslagskraft også der vi står overfor tilfelle der vi konkret kan seie at utfallet blir mindre heldig. Argumenta for slik regelorientering er velkjende: Folk skal vita kva dei kan innrette seg etter, og prosessane blir færre og kortare når utfallet av ein tvist er nokolunde sikkert. Poenget med reglar er at iallfall noko skal vera avgjort på førehand; ein skal sleppe å ta til på nytt for kvart tilfelle.

Den andre tesen er at rettsreglar kan oppfattast som avgjerdstema når vi skal ta standpunkt til rettsspørsmål. Det tyder at reglane oftast ikkje utan vidare gjev eit klårt og eintydig svar i det einskilde tilfellet. Å finne det rette avgjerdstemaet – den rette måten å stille spørsmålet på – kan likevel vera mykje verdt.

Den tredje tesen er at regelen – eller altså avgjerdstemaet – bør stillast opp på grunnlag av samansette analysar av dei omsyna som typisk gjer seg gjeldande. Ikkje minst er det ei oppgåve for universitetsjuristane å gjennomføre slike analysar. Analysane kan gjelde faktiske tilhøve, som kartlegging av kva livstilhøve reglane skal regulere, og undersøkingar av kva verknader reglane har, men juristar har også særleg trening i å analysere samspelet mellom reglar og samanhengen mellom verdiar og mål på den eine sida og reglar på den andre.

Den fjerde tesen er at konsekvens og samanheng rettsreglar imellom er eitt av dei typiske omsyna som bør ha stor vekt når reglar skal stillast opp. Her òg er argumenta velkjende. For det første bør ein unngå motstrid mellom reglar, slik at det som er rett etter ein regel, er gale etter ein annan regel. For det andre bør ein samordne reglane, slik at dei same handlingane og tiltaka kan tene til oppfylling av krav etter fleire reglar. For dei tredje bør reglane følgje eit mønster; det er lettare å skaffe seg oversyn over og innsikt i reglar med indre samanheng – som inngår i eit system, om vi vil. Rettsreglar er ei ikkje ei sak for juristar og andre spesialistar, men for folk flest som skal innrette seg etter dei. Heng reglane i hop, kan dei også lettare bli aksepterte.

I desse tesane ligg det sterke element av vurdering og tilråding. Men den analytiske tilnærminga er like aktuell sjølv ein vil vera varsam med å koma med tilrådingar: Nokre av dei mest skarpsindige analysane i nordisk rettsvitskap er komne frå Knut Rodhe, enda han sa klart frå om at det ikkje var hans oppgåve å koma med ei einaste tilråding.

Analysen er ikkje noko som universitetsjuristar har monopol på; ei analytisk tilnærming kan til dømes vera nødvendig for ein advokat som skal gå nye vegar for klienten. Men universitetsjuristane har nok mest tid til og interesse for dei analytiske framstillingane. Analysen har ikkje sin plass berre i doktoravhandlingar og monografiar. Vi veit at ei utgreiing som er skriven med tanke på ein konkret tvist eller eit anna reint praktisk føremål, med nokre få justeringar kan bli ein framifrå artikkel eller til og med ei bok. Etter kvart er det vanleg at slike utgreiingar, også utan justeringar, blir lagde fram til bedømming ved søknad til universitetsstillingar, og det må etter mitt syn vera fullt forsvarleg så sant innhaldet har dei kvalitetane vi no er inne på. Det er også velkjent at noko så praktisk retta som ein dom kan vera ei analytisk framstilling som flytter grensene for kunnskap og innsikt; Sjur Brækhus har gjeve oss mange døme på det. Om han no i sin høge men vitale alder skulle søkje stilling igjen, synest eg han burde leggje ved nokre av dommane.

Vi var inne på at mange lovkommentarar og handbøker kan ha viktige innslag av den same analytiske tilnærminga. At det same gjeld for mange lærebøker, er opplagt. Det er nok å nemne Torstein Eckhoffs Rettskildelære. Boka var skriven som lærebok, men har dei seinare åra vore eit av dei mest sentrale tema i den rettsteoretiske diskusjonen i Norden.

Vi nemnde at universitet og høgskular har plikt til å ”samarbeide med samfunns- og næringsliv”. Ikkje minst juristane har gjennom alle år vore aktive i å hjelpe både næringsliv og styresmakter, Tenk berre på lovkomiteane. Eit større lovarbeid krev evne til kartlegging, analyse og problemløysing, omtrent på line med eit doktorgradsarbeid.

Lovkommentarar, handbøker, utgreiingar, dommar og lovarbeid kan altså etter mitt syn vera fullverdig akademisk juss. Vi bør ikkje lata seg forvirre av at andre er viljuge til å betale for å få arbeidet gjort. Resultatet blir ikkje dårlegare av den grunn. Det er ikkje meininga å seie at universitetsjuristar bør nøye seg med desse teksttypane, men det er ingen grunn til å gøyme dei unna dei på rekneskapens dag.

Det er da heller ikkje noko spesielt med dette i universitetssamanheng. Også i andre fag er oppdragsforsking fullt akseptabel, så vidt eg skjønar, og det er visst ikkje slik at slike ”forskingsrapportar” blir rekna som mindre verdifulle enn anna forsking.

4.7              Kritisk tilnærming

Universitetstilsette har spesielle føresetnader for å koma med kritiske analysar. Rett nok sit vi ikkje like trygt i stolane våre som før, men inntil vidare har vi ei friare og meir uavhengig stilling enn mange andre juristar. Det er ei underleg oppleving for ein universitetslærar å skulle tala på vegner av andre, som eg sjølv opplevde det for nokre dagar sia da eg heldt innlegg på Noregs vegner i ei internasjonal forsamling – innlegg med førehandsgodkjende synspunkt som ikkje alltid var mine. Som regel skal lesaren kunne lite på at ein universitetsjurist sjølv står for det han seier. Det er ei spesiell form for integritet som vi må verne om, og som gjev ein særleg kvalitet til arbeida våre.

4.8               Metodisk orientering?

Ein kan spørje om metodisk orientering er eit spesielt kvalitetskriterium i den akademiske jussen. Det kan vera tale om framstillingar som hovudsakleg er rettsteoretiske eller rettsfilosofiske, men det kan også gjelde metodeavsnitt i rettsdogmatiske framstillingar. Tradisjonelt har det ikkje vore noko krav ved norske fakultet iallfall at doktoravhandlingar skal ha eigne utgreiingar om metodespørsmål, og etter mitt syn må det vera den rette innstillinga. Har ikkje forfattaren noko nytt å seie å metoden, bør han heller lata vera. Nokre av dei metodeavsnitta vi ser, er nokså likegyldige knebøyingar. Det vi likevel kan vente, iallfall av meir etablerte forfattarar, er nokolunde høgt metodisk medvit, og dette medvitet vil i så fall prege framstillinga. Vi får kjenne treet på fruktene; så får vi heller leva med hånlege ord frå somme av rettsteoretikarane om intuitiv tilnærming til faget og teorifattigdom.

4.9              Internasjonale innslag

Bruken av internasjonalt materiale i rettsdogmatiske framstillingar har skifta mykje. Eigentleg komparative framstillingar har vi ikkje hatt mange av her i landet, men i mange avhandlingar har ikkje-norsk materiale vore aktivt brukt både som samanlikningsgrunnlag og inspirasjonskjelde. I andre tilfelle stod oversiktene over ikkje-norsk rett der som ordentleg behandla men dårleg integrerte asylsøkjarar.

På nokre få år er situasjonen heilt endra, i første rekkje på grunn av EØS-avtalen og menneskerettskonvensjonane, men også på grunn av auka internasjonal innverknad elles. I dag er det ikkje mange emne ein kan skrive godt om utan å trekkje inn internasjonalt materiale, og det gjeld både den akademiske jussen og dei meir praktisk retta framstillingane. Ofte gjev det ikkje meining å skilje mellom nasjonale og internasjonale faktorar; dei internasjonale reglane er ein del av materialet i norsk juss. I slike tilfelle er det sjølvsagt ikkje akseptabelt å oversjå dei. Men det internasjonale tilfanget kan også utanom slike situasjonar vera ein del av analysen av dei norske reglane, til hjelp når ein skal finne perspektiv, system og samanheng.

Dei reint internasjonale framstillingane er vanskelege å skrive og vanskelege å bedømme. Som vi har vore inne på, er det ikkje lett å eta kirsebær med dei store; det er ikkje kvar manns sak å skrive eit standardverkverk om EU-rett eller (annan) folkerett. Umogleg er det ikkje, og all ære til dei som prøver, men berre få kan rekne med å nå fram. For ein bedømmar er det ikkje alltid lett å seie kvar grensa går mellom samanstilling av velkjend kunnskap og flytting av grenser når forfattaren kviler tungt på den internasjonale litteraturen. Derimot kan det ofte vera mykje å vinne på å framstille dei internasjonale reglane frå ein norsk synsvinkel; som eit godt døme frå dei seinare åra kan nemnast Giuditta Cordero Moss’ avhandling om internasjonale skilsdommar og lovval, ei avhandling som er sterkt internasjonalt orientert, men som tek norsk rett som utgangspunkt. Det er vanskeleg å tenkje seg, og det er kanskje ikkje ønskjeleg eingong, at vi skal få ein heilt anasjonal litteratur. Verdien synest liggje i mangfaldet og innslaget av fleire ulike tradisjonar og kulturar i den internasjonale diskusjonen.

Språkvalet kan vera vanskeleg i slike tilfelle; den nettopp nemnde avhandlinga er skriven på engelsk, og slik kan avhandlinga vera eit tilskot til ein internasjonale diskusjon, eit tilskot med norsk aksent, så å seie. På den andre sida må vi enno rekne med at ei framstilling på norsk får fleire lesarar her heime, og at det internasjonale tilskotet til den norske diskusjonen blir best formidla på den måten. Vi bør vel seie at det er plass for begge variantar, utan større skilnader i kvalitet.

4.10          Krav om noko ”nytt”?

Som juristar kan vi ikkje rekne med å oppdaga nye stjerner eller gjera store oppfinningar. Ei tid var det stor entusiasme i jakta på hittil ukjende underrettsdommar og døme på kontraktar frå det verkelege liv, men gleda over slike funn har falma i ein situasjon der faren heller er at vi druknar i uvesentleg informasjon og endar med å sortere materiale i staden for å bruke tida til analyse. Likevel er nok mange fascinerte av tanken på å fornye metoden, endre systematikken på eit fagområde eller på anna vis levere noko nyskapande. Og for all del, slik bør det vera. Jussen er i utvikling, som samfunnet rundt jussen er det, og av og til er det universitetsjuristane som er dei første til å sjå kva som er undervegs, eller til å fange opp og formulere dei endringane som umerkande er skjedd. Vi får vel tilstå at praktikarane ofte er meir kreative, men dei held det meir for seg sjølve.

Nye tankar bør ein møte med ei romsleg haldning; ein veit ikkje alltid kva som har varig verdi. Men når det er sagt, kan det vera grunn til å slutte seg til åtvaringane frå Hellner i den før nemnde artikkelen, med tanke på nye metodar: Det er ikkje godt berre fordi det er nytt: ”Originalitet är utan tvivel en egenskap som bör premieras, men den måste vara styrd av en bedömning av utsikterna til att lyckas.”

Rimeleg nok er det freistande særleg for doktorandar å finne eit nytt emne å skrive om, og det er mykje å ta av. Både internasjonaliseringa, endringa av den økonomiske politikken og den teknologiske utviklinga – for å nemne noko – har gjeve oss ei mengd nye rettslege problemstillingar, og det ser ut til at rekruttane forsyner seg godt av fatet. Det er bra. For min del vil eg gjerne framheve at også dei veletablerte fagområda må haldast i hevd. Med den endringstakta vi har både innafor jussen og i samfunnet rundt oss, kan vi ikkje nøye oss med at det er skrive ei avhandling eller ei lærebok om emnet for femten eller tjue år sia. Gamle sanningar må etterprøvast; ser vi nøye etter, bør vi kanskje forandre både systematikk, problemstillingar og konklusjonar på sentrale område. Det er viktig for samfunnet å halde oppe eit høgt nivå i kunnskapar og forståing av grunnleggjande drag i jussen. Til dømes må vi nok innsjå at eit par tiår etter kvart er lang tid også innafor så ”fornemme” fag som skadebotrett, kontraktsrett og tingsrett. Med tanke på kvaliteten er det ikkje noko mindreverdig i vedlikehaldsarbeid i høve til nybygging.

5                    Dokumentasjon av kvalitet

Kvalitet skal også dokumenterast. Vi har alt nemnt at det blir gjort mykje verdifullt arbeid ved institusjonane som ikkje så lett kan dokumenterast, men her skal vi halde oss til skriftlege arbeid, og da er det noko enklare.

Det er etter kvart nokså vanleg å leggje fram upubliserte manus til bedømming, og i systema ved universiteta for registrering av forskingsaktivitet er det romslege høve til å ta med alskens føredrag som nok hadde ein efemer effekt i hovudet på tilhøyrarane, men som elles knapt finst i anna form enn lause notat hos førelesaren. Eit stykke på veg bør denne praksisen godtakast. Ein bør kunne vise kva ein arbeider med, og når det gjeld føredraga, er det ikkje alt som held seg lenge nok til at det fortener publisering. Likevel bør nok hovudregelen vera at det er publiserte arbeid som skal telje med. Det har for det første med nytten å gjera; skal andre enn forfattaren og eventuelle bedømmingskomitear få glede av innsatsen, må arbeidet publiserast. For det andre er ofte den siste finpussen – klargjeringa for publisering – nokså avgjerande for kvaliteten. Det verkar meir forpliktande å sende frå seg arbeidet, også der ein held seg til dei upretensiøse kanalane som stensilseriar eller heimesider på nettet. For det tredje er mottakinga i fagmiljøet i lengda det beste målet på kvalitet. Viser det seg at arbeidet blir brukt i praksis, og at det blir kommentert og bygd vidare på av andre forfattarar, har det normalt fylt føremålet.

I andre fag er publisering eit kvalitetsmål på ein annan måte enn hos oss; fagfellevurdering (referee-ordning)  i forlags- og tidsskriftredaksjonar er eit nålauge å passere. Mitt inntrykk er at kvalitetsvurderinga i norske forlag er nokså lemfeldig for jussens del. Etablerte forfattarar blir knapt utsette for vurdering i det heile, og også for studentavhandlingar og liknande synest kontrollen vera tilfeldig. I Tidsskrift for Rettsvitenskap er det lang tradisjon for ei etter måten streng vurdering innafor redaksjonen, og noko liknande gjeld for Lov og Rett. Desse to tidsskrifta har ikkje fagfellevurdering utanom dette, og eg kjenner ikkje til noko anna norsk juridisk tidsskrift som har det heller. I redaksjonen i Lov og Rett hender det at vi spør andre til råds der vi kjenner oss på utrygg grunn; dels gjeld det innslag av ikkje-juridiske fag, dels gjeld det juridiske spesialitetar der vi kunne risikere å sleppe gjennom det reine tullball utan å oppdaga det. Det vil vi helst ikkje bli ute for.

I andre fag er det også knytt større prestisje til å publisere i internasjonale tidsskrift enn i nasjonale tidsskrift. Tidlegare var det eit nokså meiningslaust kriterium i jussen. Det ville premiere disiplinar som folkerett og rettsteori, medan sentrale delar av jussen måtte nøye seg med B-lista. Dette har endra seg litt. No er det store delar av jussen der internasjonal publisering kan gje god meining. Likevel er det for tidleg å knyte spesiell prestisje til publisering i internasjonale tidsskrift. Vi bør framleis godta dogmatiske framstillingar innan til dømes tingsrett og strafferett til fullt pålydande, enda dei ofte har lita interesse utafor Nordens grenser.

Spørsmålet er om vi burde få publiseringskanalar med kvalitetssikring av typen fagfellevurdering. Skal publiserte arbeid få bortimot like direkte og automatisk verknad for pengefordelinga som studiepoengproduksjonen har i dag, kan vi ikkje godt basere oss på eit system med oppteljing av publiserte arbeid, utan kvalitetskontroll. Andre ordningar kan nok tenkjast, til dømes av typen ”peer review” av heile fagmiljø, helst innafor Norden, men da er vi straks borte frå ein direkte samanheng mellom produksjon og løysingar.

Ei ordning med fagfellevurdering vil krevje tid og pengar, enda det visstnok er slik i andre fag at kostnadene ikkje er særleg høge (men juristar er nok meir vande med å få betalt, meiner min forlagskontakt). Vi måtte også etablere eit nettverk av høgt kvalifiserte personar som kunne ta på seg arbeidet. Fagmiljøa er små, og i nokre tilfelle burde ein nok gå utafor landegrensene for å få ei vurdering. For artiklar på engelsk, tysk eller andre store språk ville dette mest vera eit organisatorisk problem. Artiklar på norsk kunne vi nok sende til andre nordiske land.

Det er ikkje noko i vegen for å ha artiklar med og utan fagfellevurdering i same tidsskrift, slik at dei vurderte artiklane blir særleg markerte. Vurderinga ville dermed bli noko som forfattar bad spesielt om.

Eg trur ei ordning med fagfellevurdering kunne lata seg gjennomføre for Tidsskrift for Rettsvitenskap og Lov og Rett, som er dei tidsskrifta eg kjenner best, og det kunne sikkert også lata seg gjera for andre juridiske tidsskrift. Skal det skje, må det nok i tilfelle bli etter initiativ frå dei juridiske fakulteta.

Det ville ikkje vera nok med tidsskrifta. Ei ordning burde også omfatte bøker. For doktoravhandlingar og liknande er det ikkje noko problem. Dei er vurderte. Men det kunne vera interessant å få ei ordning der bøker gjekk gjennom ei fagfellevurdering og fekk påskrift om det.

Slike kvalitetssikring ville hjelpe eit stykke på veg. Men som vi har vore inne på fleire gonger, er det mykje av den faglege verksemda på universitet og høgskolar som er meir praktisk retta. Vi må i det minste sikre at alt som er publisert, kan telje med – typisk lovarbeid og andre komitéutgreiingar og offentleggjorde dommar og avgjerder frå andre tvisteløysingorgan. Når det gjeld arbeid av typen Norsk lovkommentar, burde ein kunne tenkje seg ei fagfellevurdering, men ein kunne også leggje til grunn at redaktørane har teke seg av kvalitetssikringa. Hovudsaka er at også slike arbeid må telje med når ein dokumenterer den faglege verksemda ved institusjonen.

Skal det vi få slike vurderingsordningar, må initiativet koma frå dei juridiske miljøa ved universitet og høgskular. Det er også viktig at det er desse miljøa som får definere kva som skal vurderast, og korleis det skal vurderast. Kanskje bør vi koma i gang snarast råd, elles risikerer vi andre tek avgjerdene for oss.

 

 



* Føredrag på fakultetskonferanse arrangert av Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo 15. oktober 2003. Manuset blir lagt ut slik det var førebudd til konferansen. Det siste punktet om dokumentasjon vart det ikkje tid til å framføre. Det er ikkje fleire referansar i manuset enn dei som knyter seg til referat i teksten.

[1] Jan Hellner: Kvalitetskriterier i rättsvetenskapen. Arbejdsretlige kendelser 1985 s. 241–245. Artikkelen er ikkje med i litteraturlista i forfattarens siste store arbeid om metode, Metodproblem i rättsvetenskapen (Stockholm 2001).

[2] Anders Agell: Rättsdogmatik eller konstruktiv rättsvetenskap. Festskrift till Stig Strömholm. Stockholm 1997 s. 35–62 på s. 49.

[3] Anders Agell: Rationalitet och värderingar i rättsvetenskapen. Svensk Juristtidning 2002 s. 243–260.