Lista skal først og fremst vere til hjelp for dei som vil skrive juss på nynorsk, men dernest er det teke inn forklåringar som skal vere til hjelp for studentar, anten dei skriv bokmål eller nynorsk.Redaktør for lista er Kåre Lilleholt. Framlegg til nye oppslagsord og forklåringar, merknader til innhaldet eller opplysningar av anna slag kan sendast til han med e-post men like gjerne til diskusjonsgruppa på Facebook

 

adkomstb

heimel. Adkomstdokumentb heimelsdokument (pantel. § 4-3, tvangsl. § 1-8)

alltidvarande

særleg om servituttar og andre bruksrettar: som ikkje er avgrensa i tid (bokmål òg stedsevarigb eller stedsevarendeb, etter dansk stedse, "alltid")

anerkjennelseb

godkjenning (folkerett: godkjenning av statar; internasjonal privatrett og prosessrett: godkjenning av rettsavgjerder)

bebyggelsesplanb

sjå byggingsplan

bebyrdendeb

tyngjande (til dømes om gjensidig tyngjande avtale)

begunstigelseb  

(forsikring:) sjå føremonsrett  

beslutningb

sjå vedtak

betingelseb  

sjå vilkår  

byggingsplan

plan som fastset arealbruk og utforming av bygningar, anlegg og tilhøyrande uteareal i eit avgrensa område (plan- og bygningslova § 28-2)

décharge  

(frå fransk) ansvarsfritaking, særleg om vedtak i samanslutningar om at tillitsvalde blir fritekne for skadebotansvar

erga omnes

frå latin, eigl. "som gjeld mot alle"," med verknad for alle". 1) folkerett: om plikter som ein har mot alle; plikter som gjeld også mellom andre enn traktatpartar, 2) arbeidsrett, EU-rett: om allmenngjering av tariffavtalar, 3) prosess: om avgjerder som har verknad for andre partane (til dømes i forfatningsdomstolar)

forfallstid

i dag oftast det seinaste tidspunktet eit krav må vera oppfylt for ikkje å vera mishalde; også om det tidlegaste tidspunktet da kravshavaren kan krevje oppfylling (men da er ikkje kravet mishalde før kravshavaren har sett fram krav, og skyldnaren ikkje har betalt). Sjå òg frigjeringstid  

forholdsmessighetsprinsippetb

sjå samhøveprinsippet  

forsikring

avtale mot vederlag om ta på seg å dekkje usikre, framtidige tap. Somme meiner at forsikring passar dårleg i nynorsk, og trygding (trygdelag, trygdebrev, osb.) har vore mykje nytta

frigjeringstid

tidlegaste tidspunkt der ein skyldnar har rett til koma ut av eit skyldforhold ved å gjera opp, jf. hovudregelen i gbl. § 5 første ledd første punktum. Sjå òg forfallstid  

føremonsrett

(begunstigelseb) i forsikringsretten: oppnemning av person som skal ha rett til forsikringssummen når han forfell (fal. § 15-2). Begunstigetb føremonshavar

gjensidig

noko som gjeld mellom to eller fleire partar; somme meiner at gjensidig ikkje passar godt i nynorsk. Gjelsvik ville bruke ymsesidig eller innbyrdes. Gjensidig bebyrdende avtaleb gjensidig tyngjande avtale. Gjensidig forsikringsselskap (forsikringsselskap som kundane eig). Gjensidighetsbeføyelserb  gjensidigverknader, innbyrdesverknader (ved mishald av avtale: verknader for mishaldarens krav etter avtalen; den andre parten kan halde att si yting. krevje prisavslag eller heve)

innsigelseb

sjå motsegn

kjennelseb

sjå orskurd

komputabel

frå latin, eigl. "som kan reknast ut", jf. engelsk compute og computer. Om krav som går ut på same genus – som kan avreknast i kvarandre (typisk to pengekrav). Normalt vilkår for tvungen motrekning. Komputabilitet om eigenskapen eller om vilkåret

konneks

frå latin connectere (binde saman, jf. engelsk connect). Konnekse krav er krav som reiser seg frå same rettshøvet (jf. gbl. § 18 andre ledd), som spring ut av same rettsforhold; kor sterk samanheng som trengst, kan skifte frå regel til regel (merk at ikkje alle krav mellom same partar er konnekse); nytta om tilvarande samanheng elles, til dømes samanheng mellom innehaving og krav i høve til atthaldingsrett; konneksitet om eigenskapen eller vilkåret

kontokurant

løpande mellomrekning; eigentleg utskrift av løpande mellomvere mellom to partar som viser kva kvar skyldar eller har til gode

laupsbol

(i eldre dokument løbbel, løbel, løbol) gard som som det (opphavleg) skulle betalast ein laup (om lag 15 kg) smør for i landskyld (Norsk historisk leksikon, Nynorskordboka)

legemål

i eldre rett, samlege utafor ekteskap når kvinna vart med barn, strafflagd tidlegare (Norsk allkunnebok)

leiermålb

sjå legemål

lex causae

i lovvalsretten: den lova (norsk, tysk, fransk osb.) som allment gjeld for eit rettsforhold, til dømes dersom lova i seljarens heimland gjeld for ein kjøpsavtale (von Eyben)

løb(b)el

sjå laupsbol

mishald

(misligholdb) avtalebrot (på nynorsk har ein somtid skrive misleghald, men mishald er det kortaste og det ordet som er nytta i lovgjevinga, til dømes tomtefestelova frå 1996 og bustadoppføringslova)

misligholdb

sjå mishald

motsegn

(innsigelseb) 1) innvending mot at avtale eller krav kan gjerast gjeldande (sjå t.d. gbl. §§ 1 og 15), 2) innvending mot at noko kan gjennomførast, sak kan fremjast e.l. (sjå t.d. tvml. § 91, plbl. § 20-5, asl. § 12-6). Motsegn er ikkje det same som motkrav; motkrav er eit krav som ein vil bruke til å gjera opp eit anna krav, heilt eller delvis, gjennom motrekning

myndighetb

1) styresmakt. Myndigheteneb styresmaktene. Påtalemyndighetenb påtalemakta 2) mynde (kompetanse til å binde)

myndighetsmisbrukb

1) misbruk av forvaltningsmynde 2) misbruk av selskapsmynde

offentleg

(jf. tysk offen, open) 1) Som er open for allment tilgjenge eller innsyn. Offentlighetb allment innsyn, offentleg innsyn (u.o. unnateke frå offentleg innsyn, meroffentlighet utvida offentleg innsyn). Offentlighetslovenb offentleglova, lova om offentleg dokumentinnsyn. Offentlighetsprinsippetb (prosess) offentlegprinsippet, prinsippet om open saksførehaving. 2) Som har med det allmenne å gjera, som gjeld alle. Offentlighetenb ålmenta, publikum. 3) Som har med styresmaktene, med stat og kommune å gjera

orskurd

(kjennelseb) i prosessen: rettsleg avgjerd som avsluttar saka eller ein sjølvstendig del av saka, og som ikkje er dom; rettsleg avgjerd som i lova er kalla orskurd (kjennelse), jf. tvml. § 137, strpl. § 30 (Gjelsvik)

renvoi

tilbakevising (internasjonal privatrett): situasjonen der lovvalsreglane i domstolslandet viser til retten i eit land med lovvalsreglar som viser attende til retten i domstolslandet. Der lovvalsreglane viser til retten i eit land med lovvalsreglar som viser til retten i eit tredje land, talar ein om vidarevising (viderehenvisingb, renvoi au second degré); Gjelsvik (Millomfolkeleg privatrett 1936 s. 79) ville kalle dette "tilvising til (retten) i eit 3dje land". Det rettslege spørsmålet er i begge tilfelle: Gjeld den første tilvisinga berre dei materielle reglane eller også lovvalsreglane i landet?

samhøveprinsippet

(forholdsmessighetsprinsippetb, proporsjonalitetsprinsippet) særleg i EF-retten og i seinare år i forvaltningsretten: eit prinsipp om at det skal vera eit samhøve mellom mål og midlar, og at ein ikkje skal gripe inn med regulering utan at føremonene er større enn ulempene

stedsevarigb

sjå alltidvarande

tidspart

bruksrett i avgrensa tidsrom av året for ein periode på minst 3 år (tidspartlova § 2), i praksis for fritidsbustad

tilbakevising

internasjonal privatrett: sjå renvoi

tilmelde

i folkeretten: tilmelde seg ein traktat, dvs. at nokon som ikkje var mellom dei opphavlege traktpartane, seier seg bunden av traktaten. Tiltredelseb tilmelding

tiltreb

1) i folkeretten: sjå tilmelde 2) i panteretten: overta eit pant (dels nytta om den avgrensinga av råderetten over varelager eller anna tingssamband som følgjer av varsel om tvangsssal, jf. pantel. § 3-7 andre ledd, jf. § 3-8 femte ledd, § 3-9 femte ledd, § 3-10 tredje ledd og § 3-13 andre ledd, dels nytta om faktoringpanthavarens avtalefesta avskjering av pantsetjarens rådvelde over pantsette enkle pengekrav, dels nytta om anna avtala avgrensing av råderett over pantet i samband med realisasjon). Tiltredelseb overtaking

timeshare

sjå tidspart

tingsinnbegrepb

sjå tingssamband

tingssamband

(universitas rerum, tingsinnbegrepb) samling av formuesgode som kan oppfattast som ei eining; særleg samlingar av formuesgode som det kan stiftast rett i under eitt; retten kan da falle bort i formuesgode som går ut av samlinga, og utvidast til å gjelde formuesgode som går inn i samlinga (sjå til dømes pantel. § 3-4 femte ledd første punktum)

ugyldig

ugyldig, ugild, ikkje rettsgild (ugild blir òg brukt i tydinga inhabil). Om lovnad, påbod, prosessuell disposisjon, vedtak som ikkje er bindande, eventuelt etter omgjering, oppheving eller tilsidesetjing. [Sjå òg anfektelig og nullitet, ikkje skrive enno]

ugyldighetb

ugyldigheit*, ugildskap. Ugyldighetsgrunnb ugyldiggrunn, ugildingsgrunn (Gjelsvik)

universitas rerum

sjå tingssamband

vedtak

1) i forvaltningsretten: avgjerd teken under utøving av offentleg mynde og som generelt eller konkret er avgjerande for rettar og plikter for private personar (fvl. § 1). 2) i prosessen: avgjerd som ikkje er dom eller orskurd (bokmål: beslutning). 3) i samanslutningsretten: avgjerd av generalforsamling, styre eller anna organ (bokmål beslutning)

viderehenvisningb

sjå renvoi

vilkår

(betingelseb) 1) omstende som ein rettsverknad er avhengig av. Du får tusen kroner dersom du greier eksamen (suspensivt vilkår, utsetjande vilkår). Du får bu her så lenge du studerer (resolutivt vilkår, oppløysande vilkår). 2) del av avtale, avtaleklausul. Gode betingelserb gode vilkår