Om meg

Som PhD kandidat ved UiO jobbar eg med å analysere data frå ATLAS eksperimentet på LHC ved CERN. Mi analyse vil fokusere på Higgs data, og då i hovudsak data der Higgs boson desintegrerer til to foton (H → γγ). I analysa vil eg undersøke om Higgs bosonet kan seie oss noko om identiteten og/eller eigenskapane til mørk matterie.

Våren 2016 tok eg mastergrad i fysikk ved University of Sussex i Storbritannia. Masterprosjektet handla om simulering av kalibreringssystemet til SNO+ eksperiment og har tittelen "Simulation study of optical degradation monitoring in the SNO+ experiment using an LED-based calibration system". Sommaren 2014 tok eg bachelorgrad i fysikk ved Universitetet i Oslo. Ellers har eg deltatt på Summer Student Programme ved DESY i Hamburg sommaren 2015 og hatt sommarjobb ved FFI i tre år.

CV

Kontakt