Oddbjørn Leirvik:

Abrahams barn:
jødar, kristne og muslimar
i historia

Pax forlag 2000

119 s historisk og aktuelt stoff


I år 2000 lever jødar, kristne og muslimar tett innpå kvarandre både i Europa og Midtausten. I Vest-Europa er det muslimske nærværet nytt og sterkte. Oddbjørn Leirvik viser korleis jødedommen og islam historisk har vore ein del av det elles kristne Europa med ein sams stamfar, Abraham. Midtaustens historie er ein viktig del av ei felles religiøs referanseramme, og boka Abrahams barn syner korleis. Boka tar sitt utgangspunkt i Midtausten, og søkjer etter spor av Abraham i historia og skriftene (kap. I). Bokas hovudkapittel (kap. II) handlar om forholdet mellom jødar, kristne og muslimar i Europa og Midtausten – i mellomalderen og i tidleg nytid. Det siste kapitlet (kap. III) set søkjelyset på moderne frigjeringsteologi hos muslimar, kristne og jødar i Det heilage landet. Boka siktar seg inn mot studentar i kristendomskunnskap og religionshistorie, lærarstudentar i KRL-faget, og allment interesserte lesarar.

Forord: dialog og konfrontasjon

I Abraham i historia og i skriftene (13 sider)

1. Handfast historie og heilage stader

2. Spor i skrift

3. Ei såra familiehistorie

II Jødar, kristne og muslimar - i mellomalder og tidleg nytid (55 tekstsider, pluss kart)

1. Kristus-tru og jødedom: når skildest vegane?

2. Abrahams barn i Midtausten: jødar og kristne under det nye islamske imperiet

3. Abrahams barn i Europa: kristendom, jødedom og islam i europeisk mellomalder

4. Europa, Midtausten og Austen: korstoga, og utviklinga etterpå

5. Antisemittisme og kristendom i mellomalderen

6. To stemmer frå 1400- og 1500-talet:Cusanus og Luther om jødar, kristne og muslimar

7. Opplysningstida, Lessing og dei tre ringane

III Frigjeringsteologi i Det heilage landet - kristen, muslimsk, jødisk (16 sider)

1. Muslimsk frigjeringsteologi

2. Palestinsk frigjeringsteologi - muslimsk og kristen

3. Palestinsk frigjeringsteologi og Bibelen

4. Jødisk frigjeringsteologi

5. Sør-afrikanske håpsteikn?

Litteratur


tilbake (Oddbjørn Leirviks heimeside)