Vi må føre ein kulturkamp

Klassekampen 2006-01-11

Av Jon Hustad jon.hustad@klassekampen.no

 

 

Folk tar feil om dei trur dei kristne er dei best eigna til å kjempe mot islam, seier prest og forfattar Oddbjørn Leirvik. Han trur på kulturkamp på tvers av religionsgrenser.

 

Prest, førsteamanuensis og den arabisk-kunnige Oddbjørn Leirvik er ute med boka «Islam og kristendom. Konflikt eller dialog?» Det er eit mangeårig engasjement som ligg bak boka og tittelen: I 1984 vart Leirvik prest i Paulus kyrkje på Grünerløkka.

- Eg oppdaga at det låg ein liten moské berre femti meter frå kyrkja. Eg var nyfiken og i tillegg hadde eg born i skulealder som gjekk i lag med innvandrarborn med muslimsk bakgrunn. Det eg fann, var ein mykje meir mangslungen røyndom enn eg hadde vore klar over.

Leirvik trefte godt, for å seie det slik: På 80-talet var det berre nokre få tusen muslimar i Noreg; no er det godt over 100.000. Ikkje ein dag går utan at vi får kommentarar og artiklar om det muslimske «problemet» eller den muslimske «utfordringa».

- Såg du kor stort dette feltet ville verte?

- På ingen måte. Men mykje av endringa vi har sett, kom fyrst etter at Muren fall. Med kommunismens fall har spørsmålet om islam versus kristendom fått overtonar det ikkje hadde før. Det verkar på mange måtar som om konflikten er komen til erstatning for den gamle.

- Eg går utifrå at tittelen er retorisk; du går for dialog?

- Sett vekk frå det spøkefulle i det spørsmålet, er ikkje svaret så eintydig. Eg meiner vi på ei rekke område faktisk må ta konflikt. Men det som er den raude tråden i boka, er at konfliktlinene ikkje nødvendigvis går mellom islam på den eine sida og kristendom på den andre. Faktum er at i alle store etiske og politiske spørsmål går interessene og standpunkta på tvers av religionsgrensene.

Kulturkamp

Med eit slikt standpunkt føyer Leirvik seg inn i den intellektuelle tradisjonen etter den norske samfunnsvitaren Stein Rokkan, som i si analyse av dei norske motkulturane synte at konfliktlinene kryssa både religiøse og motkulturelle grenser. Rokkans poeng var at konfliktane verka integrerande og nasjonsbyggande.

- I eit slikt perspektiv er det absolutt naudsynt å ta konfliktane, å føre ein kulturkamp.

Men då vert spørsmålet om ikkje kulturkamp berre er eit anna ord for religionskamp. For faktum er, som Leirvik, peikar på i boka si, at andre- og tredjegenerasjonsinnvandrarar i mindre grad definerer seg som tilhøyrande ein nasjonalitet; dei vel fyrst og fremst å kalle seg muslimar.

- Det vert ofte sagt at islam både er religion, politikk, ideologi og kultur, men slik er det med alle religionar i førmoderne samfunn. Spørsmålet om denne sterke koplinga mellom religion og politikk er noko essensielt ved islam, eller om dette ikkje berre speglar det som har vore den globale regelen ved all religion.

Sagt på ein annan måte: Er det ikkje heller det heller sekulære Noreg som er eit globalt unntak frå regelen?

- Eller kanskje ikkje, med det solide statskyrkjesystemet vi framleis har. Så spørsmålet vert om koplinga mellom religion og politikk er noko spesielt ved islam, eller snarare eit tverrgåande fenomen i førmoderniteten, og som no muslimar ynskjer å vekke til live att i seinmoderniteten.

Det er kanskje i eit slikt lys vi må lese at så mange unge i dag medvite vel å kalle seg muslimar, meiner Leirvik.

- Det er heilt klart at mange i andre og tredjegenerasjon vel å bruke religion som merkelapp, eller til å flagge identiteten sin. Men det som er vel så interessant er at mange av dei som gjer det, òg ofte seier at dei er norske kulturelt sett, og det sjølv om dei har ein sterk og overnasjonal identitet som muslimar.

Liberal samling

Parallelt med dette ser vi at mange innvandrarungdommar står fram med ein liberal identitet basert på vestlege verdiar, med ein sterk tilslutnad til liberale verdiar.

- Dette er noko av det mest interessante som har skjedd den seinare tida i Noreg. Islam i Noreg og i Vesten er no eit så mangslunge fenomen at vi finn svært liberale muslimar og svært hardbalne islamistar. Hovudpoenget mitt er at islam no er så mykje, og at det er kome hit for godt. Det nyttar ikkje lenger med ein beinhard sekulariseringskampanje. I forståinga av dette kan vi med kristent livssyn ha ein fordel.

Tesa er altså at vi må ha interreligiøs dialog, at islam i Vesten ikkje er det same som islam i førmoderne samfunn, at islam hjå oss vert slipt og vert noko nytt.

- Men med den dramatiske auken av muslimar i Noreg og Vesten er det vel på ingen måte sikkert at slipinga vil halde fram? Muslimar kan no isolere seg i Vesten òg.

- Difor tek eg då heller ikkje for gjeve at den liberale tendensen vi ser, vil vere den tonegjevande i framtida. Men den tendensen tek eg heller ikkje for gjeve for kristendomens del. Den globale tendensen er at det er konservativ kristendom som veks. Vi skal ikkje vere så naive å tru at alt nok vil gå seg til under det liberale demokratiet.

Leirvik understrekar at han vedkjenner seg eit liberalt demokratisk grunnsyn, men dette må også ha konsekvensar.

- Mi form er ei kjempande form for liberalitet, ei form ein heile tida må vedlikehalde, særleg viktig er dette i sentrale menneskerettsspørsmål. Den andre sida er at ein må byggje alliansar, som òg er eit gjennomgangstema i boka. Slike alliansar må byggjast på tvers av religionsgrensene, men med personar som har eit liknande grunnsyn på til dømes menneskerettar.

Forstår ikkje kristendom

Eit av dei meir underlege fenomena vi har sett i Noreg dei siste åra, er tiltrua ikkje-kristne eller mange utanfor krinsen av aktive kristne, har fått til kristendomen. Til dømes har både Rolf Wesenlund og tidlegare utdanningsminister Gudmund Hernes halde fram at norsk kristendom må brukast som samfunnslim og nasjonsbygging.

- Men mange kristne ser ut til å ville gje muslimar vide grenser for religionsutøving, ja, mange ser ut til å ynskje muslimane hjarteleg velkomne til landet?

- Vi ser fleire døme her i Noreg på at konservative kristne faktisk får hjelp og støtte frå muslimar. I fjor sommar i Kristiansand gjekk konservative kristne leiarar saman med muslimske leiarar om å lage eit opprop mot kjønnsnøytrale ekteskapslovar. Slike eksempel finn ein over store delar av Vesten. Til dømes i FN der slike alliansar er brukte mot familieplanlegging.

Eit av dei verkeleg gode eksempla på ei paradoksal effekt som Leirvik trekkjer fram, er Hernes' satsing på KRL-faget som det nasjonsbyggande faget. Mange muslimar var mot dette faget, fordi det var så kristendomssentrert.

- I dag ser vi at faget er populært mellom mange muslimske elevar. Dei får eit rom å diskutere sin religion i, eit rom som styrkar dei i deira muslimske tru.

 

©Klassekampen