Rapport til Mellomkyrkjeleg Råd
frå Kontaktgruppa med Islamsk Råd

for perioden november 2001 – mai 2003

 

Ved Oddbjørn Leirvik, mai 2003


 

MEDLEMMER

 

Frå Den norske kyrkja har det ikkje skjedd noka utskifting av medlemmer sidan den førre perioden, noko som inneber at dei fleste medlemmene i Kontaktgruppa har vore med anten frå 1992-1993 eller frå 1995 (jf. oversikten på Kontaktgruppas heimeside). Medlemmane frå Den norske kyrkja er Peder Gravem, Anne Hege Grung, Oddbjørn Leirvik (leiar), Inger Nesvåg og Jan Opsal, samt Oslo domprost Olav Dag Hauge som kom med i den førre perioden. Vebjørn Horsfjord har i perioden tatt over for Ørnulf Steen som representant for sekretariatet i MKR. Representantar for Norges Kristne Råd er Kari Vogt (som før, frå Den romersk-katolske kirke) og Knut Refsdal (ny, frå Metodistkirken).

På muslimsk side har Lena Larsen vore den hovudansvarlege, til hennar periode som leiar for Islamsk Råd gjekk ut i mars 2003. Kontaktgruppa har ikkje hatt noko møte etter at det nye styret i Islamsk Råd, med Mohammad Hamdan som leiar, vart valt i mars 2003.

 

MØTE I OKTOBER 2002

 

I perioden har det berre vore halde eitt møte Kontaktgruppa, nemleg  den 21. oktober 2002 i Islamsk Råds lokalar. Fleire nye møtte frå Islamsk Råd si side. Møtet hadde to hovudsaker: (1) Stat, kyrkje og religionspolitikk i Norge, med innleiing ved Trond Bakkevig som var invitert til å snakke om stat-kyrkjeutgreiinga. (2) Ein samtale om kvar vi står i den kristen-muslimske dialogen etter 10 års arbeid i Kontaktgruppa, med innleiing ved Jan Opsal og førebudde kommentarar frå Anne Hege Grung og Lena Larsen.

Sidan det berre har vore eit møte i perioden og dette møtet hadde viktige og framtidsretta saker på dagsordenen, vil denne rapporten for ein stor del ha preg av eit referat frå møtet i oktober 2002.

Samtalen om stat og kyrkje var prega av den fortrulege tonen som har blitt etablert i Kontaktgruppa. I si innleiing om den kyrkjelege utgreiinga gjekk Trond Bakkevig gjennom hovudlinene i den kyrkjelege reformprosessen og peika på at denne kan sjåast i lys av ei meir generell sjølvstendiggjering i det som tradisjonelt har vore den statlege sektoren. Han viste elles korleis tyngdepunktet i stat-kyrkjedebatten gradvis har blitt flytt frå eit nærsynt fokus på kyrkjelege interesser til ein meir prinsipiell religionsfridoms- og jamstellingstanke. Med tanke på framtida framheva Bakkevig utvalet sitt framlegg om ein aktivt støttande religionspolitikk frå statens side. I samtalen understreka fleire av muslimane kor viktig det er å ta vare på dei offentlege stønadsordningane etter eit eventuelt skilje mellom stat og kyrkje. Den noverande medlemsstøtta har nemleg gjort norske muslimar meir uavhengige av utanlandske muslimske organisasjonar enn kva ein elles ville ha vore. Kristne og muslimar må også, vart det hevda, stå solidarisk saman om å hevde religionens samfunnsmessige tyding. Muslimane framheva elles at den mest kritiske saka på 1990-talet har vore innføringa av KRL-faget, noko som mange har opplevd som eit maktovergrep i statsreligionen sitt namn og eit eksempel på kor stor uformell makt kristne interessegrupper har i samfunnet. Bakkevig understreka på si side at minoritetane bør vere målestokken på om ein har lukkast i å få til eit samlande religionsfag. Medan nokre på muslimsk side gav uttrykk for eit forsiktig håp om at KRL-faget kanskje etter kvart vil gå seg til, meinte andre at læreplanrevisjonen i 2002 berre hadde gjort saka vanskelegare. Elles vart det frå muslimsk side vist forståing for at ein ny grunnlovsparagraf 2 kan ha med ei tilvising til nasjonens kristne og humanistiske kulturarv.

I si innleiing om status etter ti års dialogarbeid slo Jan Opsal fast at det kanskje ikkje har blitt så mykje konkret samhandling mellom kyrkja og muslimane som det nokre såg for seg ved det aller første kontaktmøtet i 1992. Men Kontaktgruppa har tatt ein del politiske initiativ og kome med nokre felles fråsegner. Den har også heilt klart stimulert til samhandling i andre fora (som Samarbeidsrådet og Oslokoalisjonen). Dessutan har kontakten vore eit poeng i seg sjølv, meinte Opsal – som ein open og tryggleiksskapande kommunikasjonskanal. Opsal hevda elles at kvaliteten på ein dialog kan målast på kor vidt ein kan snakke saman om dei vanskelege sakene. Han nemnde fleire eksempel (internasjonale spørsmål, kvinnespørsmål) på at dette hadde vore mogeleg i Kontaktgruppa. Opsal konkluderte med at dersom Kontaktgruppa skal forsvare sin posisjon, bør den møtast oftare enn kva som har vore tilfelle dei siste åra (minst to gongar om året). Det bør også vurderast, meinte han, om ikkje Norges Kristne Råd er ei meir naturleg forankring av Kontaktgruppa på kristen side enn Mellomkyrkjeleg Råd.

Anne Hege Grung, som saman med Lena Larsen hadde ansvaret for Kontaktgruppas vellukka kvinneprosjekt ”Dialog med og uten slør”, sa at det var på tide at Kontaktgruppa sette ned ei ny arbeidsgruppe med eit like spennande mandat som kvinnegruppa fekk. Ho peika på at utfordringa er å gi stadig nye kristne og muslimar sjansen til å gjere noko saman, ansikt til ansikt. Her må dialogveteranane på begge sider sjå til at dei ikkje dreg stigen opp etter seg. Grung meinte elles at kvinnerepresentasjonen i Kontaktgruppa frå kyrkjeleg side burde styrkast [på dette møtet var ho den einaste kvinna av til saman sju representantar frå kyrkjeleg side, medan tre av ti på muslimsk side var kvinner]. Frå muslimsk side peika Lena Larsen på at norske muslimar har eit blanda forhold til dialog med kristne – det er stadig nokre som meiner at ”dialog” berre er ei ny form for misjon frå dei kristne si side. Ho understreka for sin eigen del at det er viktig å ikkje gå lengre i dialogen enn kva ein er einige om på begge sider – målet er korkje misjon eller religionsblanding, men samarbeid. Lena Larsen viste elles til at styrkeforholdet i Kontaktgruppa i utgangspunktet var nokså skeivt, noko som positivt sett skapte forventingar hos muslimane om at kyrkja (som representantar for den ressurssterke majoriteten) kunne hjelpe muslimane til å finne løysingar på ulike minoritetsproblem som dei stod overfor. Konkret har då også Kontaktgruppa hjelpt Islamsk Råd til å kome i ein god dialog med styresmaktene om gravferdsspørsmål. Utfordringa er likevel no, hevda Lena Larsen, å få til ein dialog som i større grad er likeverdig. Med tanke på ”dei vanskelege sakene”, viste ho til at Kontaktgruppa enno ikkje har tatt opp Palestina-spørsmålet i sin fulle breidde. Det var planar om dette på møtet hausten 2001, men då kom 11. september i vegen og dominerte naturleg nok dagsordenen. Utviklinga etter 11. september har vist at muslimar og kristne i Norge evnar å stå saman i kritiske situasjonar. Men Lena Larsen minte samtidig om den vanskelege situasjonen som oppstod under eittårsmarkeringa for 11. september, då både Islamsk Råd (rett nok under stor tvil) og andre i Samarbeidsrådet valde å ikkje delta på gudstenesta i Oslo Domkirke fordi ein opplevde å ikkje bli tatt på fullt alvor som likeverdige partnarar. På den positive sida framheva Lena Larsen kvinneprosjektet ”Dialog med og uten slør” som ei unik dialogerfaring, som hadde skapt nye erkjenningar hos henne. ”Vi var primært damer”, sa ho, ”ikkje først og fremst muslimar og kristne”. ”Dermed kunne vi lettare legge av oss maskene og ikkje berre vise fram dei beste sidene ved oss sjølve”. Slik erkjende vi også, sa Lena Larsen, at utfordringa er å respektere kvarandre som menneske – utan å bli hengande fast i kor godt eller dårleg ein likar den eine eller andre aspektet ved den andres religion.

I samtalen peika fleire på at stikkord som ”fellesskapsetikk” kan gi eit felles fokus for dialogen og bør prege arbeidet også i  Kontaktgruppa (det vart vist til det vellukka Nansenskole-prosjektet ”Fellesskapsetikk i et flerkulturelt Norge”, 1992-93). Det var semje om at Kontaktgruppa bør prøve å finne ein god balanse mellom religionspolitiske saker og spørsmål av meir djuptgåande karakter. Det vart også hevda at muslimar og kristne bør  kunne stå saman om å hevde trua sin relevans i samfunnet. Til forskjell frå eit forum som Samarbeidsrådet, der også humanetikarane er med, er gudstrua ein felles referanse for medlemmene i Kontaktgruppa. Dette gir eit spesielt utgangspunkt for samtalen (ein av muslimane nemnde at det som samlar oss, er at vi er demokratar og religiøse menneske.) Nokre peika på at det Kontaktgruppa gjer og den gode atmosfæren som pregar møta, er altfor lite kjend i media og mellom folk flest. Med tilvising til dei dyrekjøpte erfaringane frå Balkan, understreka den bosniske imamen Senaid Kobilica at vi må fokusere på det som er felles, vise fram at vi er avhengige av kvarandre i positiv forstand, og stå saman som åndelege og moralske vegleiarar i samfunnet.

Som eit konkret breiddetiltak som Kontaktgruppa kunne ta initiativ til, vart det foreslått ein årleg dag med opne moskear og opne kyrkjer, med ståande invitasjon til gjensidige besøk. Fleire gav elles sin tilslutnad til tanken om at Kontaktgruppa bør initiere nye arbeidsgrupper.

 

ANNA SAMHANDLING I PERIODEN

 

Som det har vore peika på i dei føregåande rapportane frå Kontaktgruppa, har det blitt stadig fleire fora for trus- og livssynssamtale i Norge der kristne og muslimar engasjerer kvarandre i ein multilateral samanheng. Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn og Oslokoalisjonen for tros- og livssynssfrihet er dei fremste eksempla på dette. I august 2002 vart det halde eit seminar i regi av Samarbeidsrådet, med kritisk gjennomgang av ti års organisert trus- og livssynssamtale i Norge. På dette seminaret, der mellom andre Notto R. Thelle, Oddbjørn Leirvik og Lars Gule var innleiarar, vart det i forlenginga av Gules innlegg ein skarp diskusjon der både jødar, muslimar og kristne utfordra det ein opplevde som urimelege stereotypiar frå humanetisk side. (Ein oversikt på nettet over interreligiøse nyheiter i 2002-2003 gir fleire eksempel på at ein del norske humanetikarar – med Lars Gule og Levi Fragell i spissen – har introdusert ein meir konfronterande tone overfor ”islam” enn kva vi har sett tidlegare.) Medan Notto R. Thelle hadde ”Dialog på overflaten og på dypet” som overskrift på sitt foredrag, peika Oddbjørn Leirvik i sitt innlegg om ”Ti år med religionsdialog, i eit kritisk perspektiv” på at mykje av religionsdialogen på 1990-talet har vore fokusert på minoritetsrettar og religionsfridom. Kanskje er det no på tide, meinte han, å ta eit steg vidare frå den gjensidige stadfestinga av kvarandre sine rettar til ein meir utfordrande samtale. Dersom ein i større grad engasjerer kvarandre i vanskelege spørsmål, må ein også ta inn over seg at meiningsforskjellane i dei aller fleste moralske og politiske saker går heilt på tvers av religionsgrensene.

 

Leirviks foredrag, som saman med Lars Gules foredrag er trykt i tidsskriftet Humanist, er også tilgjengeleg på nettet. Samarbeidsrådet har elles gitt ut eit eige hefte med foredrag og samtalereferat frå seminaret i august 2002 ("Ti år med dialog. Hvor står vi idag? Rapport fra seminar på Granavolden Gjæstgiveri 31. aug. - 1. sept. 2002". Oslo: Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn 2003)

 

At meiningsforskjellane i kritiske saker går på tvers av religionsgrensene, har i 2003 på ny blitt tydeleg i samband med Irak-krigen. Den ”kristne” verda var som kjend kløyvd i spørsmålet om krig eller ikkje, samtidig som det også mellom muslimane var delte meiningar om kva som var rett og viseleg. I Norge førte Irak-krisa til at muslimar og kristne kom saman til felles bøn for fred i moskeen til World Islamic Mission – i eit lokalt fellesarrangement som tre moskear, Grønland menighet og St. Hallvard menighet stod bak (sjå reportasje). Her vart det både resitert Koran-vers og kyrkjebøner, og då pateren i St. Hallvard etter å ha bedt Frans av Assisi si fredsbøn stemde i Fader Vår, slutta heile den kristne delen av forsamlinga seg spontant til – midt i moskeen. (Ved eit par tidlegare høve har det også blitt resitert frå Koranen i kyrkjerom, i samband med felles fredsmarkeringar. Det er mitt inntrykk at denne typen åndeleg gjestfridom generelt ikkje vekker så stor diskusjon som tidlegare – sjølv om det nok framleis er delte meiningar om grensene for åndeleg samhandling både i Kontaktgruppa og i andre dialogfora.)

Viktig var det også at statsministeren tok initiativ til eit møte med leiarane i trus- og livssynssamfunna den 24. mars. Her tok mellom andre den nyvalde leiaren i Islamsk Råd, Mohammad Hamdan, del. Då det i mai vart kjend at al-Qa’ida hadde gjort norske interesser til eit mogeleg terrormål, gjekk både Hamdan og andre muslimske leiarar sterkt ut og understreka kor viktig det er at muslimane sjølve no er på vakt mot tvilsame tendensar som måtte finnast i dei muslimske miljøa.

 

Ei løpande oppdatering av dei nemnde sakene og andre aktuelle ”kristen-muslimske nyheiter” frå det siste året finst i den nemnde oversikten over interreligiøse nyheiter.

 

Når det gjeld kristen-muslimske samarbeidstiltak utanom Kontaktgruppa, er det to konferansar i 2002 som fortener å bli nemnde spesielt. For det første: Den andre i rekkja av tre konferansar om kristendom og islam i regi av Fondet for dansk-norsk samarbeid gjekk av stabelen i København i januar 2002 (jf. avisreferat). Fleire av Kontaktgruppas medlemmer er sterkt involvert i dette dansk-norske samarbeidet. Etter konferansen i 2002 blir det gitt ut ei bok på forlaget Tiderne Skifter med overskrifta ”Islam, kristendom og modernitet – i Norge og Danmark”. For det andre: I mars 2002 arrangerte Norges Kristelige Studentforbund og Muslimsk Studentsamfunn eit vellukka seminar om ”Religiøs ungdom i et sekularisert samfunn”, som også er dokumentert i eit hefte med same tittel (utgitt av Norges Kristelige Studentforbund). Fleire av dei sentrale aktørane i dette ungdomsinitiativet blir involvert i den tredje dansk-norske konferansen om kristendom og islam som er planlagt i mars 2004 og vil ha fokus på ung muslimsk og kristen identitet i Norden.

Det bør elles nemnast at biskop Gunnar Stålsett i januar 2002 tok initiativ til eit møte med imamar og representantar for Islamsk Råd i samband med den pågåande diskusjonen om æresdrap og ekteskapsreglar i islam (sjå referat på nettet). Møtet stadfesta norske muslimske leiarar si avvising av alle former for tvang i samband med ekteskapssaker.

Endeleg kan det nemnast at det stadig blir halde kristen-muslimske møte i regi av kyrkjelydar eller meir spesialiserte fora som Emmaus. I Oslo har Oslo Domkirke (i samarbeid med Emmaus) etablert ei gruppe med representantar for Den norske kyrkja, Det Mosaiske Trossamfund og Islamsk Råd , med sikte på å halde ein serie med dialogmøter i domkyrkja. Det kan elles vere eit teikn på normalisering av kristen-muslimske relasjonar at stadig fleire muslimar (for eksempel Basim Ghozlan og Trond Ali Linstad) skriv innlegg i Vårt Land , og at avisa i 2002 både intervjua Basim Ghozlan i det faste oppslaget om søndagens preiketekst (9. august) og gav plass til Norges første muslimske stortingrepresentant, Afshan Rafiq i spalten ”Min tro” (18. mai).

            Med tanke på partipolitikken hadde avisene i 2002 fleire oppslag om muslimar som sluttar opp om KrF (jf. fleire oppslag under interreligiøse nyheiter på nettet). Sjølv om denne saka har fått større oppslag enn muslimars engasjement i andre parti, er det lett å konstatere at norske muslimar no fordeler seg over så godt som heile den partipolitiske skalaen. Også dette er eit vitnemål om at skiljelinjene i viktige saker slett ikkje følgjer religionsgrensene – og at identitetar er altfor samansette til at ein kan nøye seg med å kalle kvarandre ”kristne” eller ”muslimar”.

 

DOKUMENTASJON OG ANALYSERANDE STUDIAR

 

Den organiserte kristen-muslimske dialogen i Norge har no fått såpass mange år på seg at det etter kvart også har blitt skrivne nokre oppsummerande artiklar om kristendom og islam i Norge. Jan Opsal publiserte i 1999 ein artikkel om ”Islams møte med norsk kristendom” i Tidsskrift for Kirke, religion, samfunn (2:1999, s. 169-180). I tillegg til den oppsummerande artikkelen om ti års religionsdialog i Norge som er nemnd ovanfor og publisert i Humanist, har Oddbjørn Leirvik i 2003 også skrive ein artikkel om ”15 års kristen-muslimsk dialog i Norge”. Artikkelen vil bli publisert i eit temanummer av Norsk Tidsskrift for Misjon der Jan Opsal gir ei oversikt over nyare studiar omkring konvertering frå islam til kristendom og Lena Larsen skriv om konvertering til islam i Norge (sensitive aspekt ved kristen-muslimske relasjonar som ein no i alle fall kan skrive om side om side). 

I 2002 vart det elles skrive ei hovudoppgåve i religionshistorie om Kontaktgruppa sitt arbeid, med overskrifta ”Kristen-muslimsk religionsdialog i Norge. En studie av dialogarbeidet mellom Islamsk Råd Norge og Mellomkirkelig Råd” (av Johanne Håvarstein, Institutt for Kulturstudier, Universitetet i Oslo). Ei oppsummering av innhaldet er å finne på nettet.