Rapport til NØM/Mellomkyrkjeleg Råd frå Kontaktgruppa med Islamsk Råd

for perioden januar 2000-oktober 2001

 

(ved Oddbjørn Leirvik, oktober 2001. Siste rapport før denne: april 1998-desember 1999)

 

MEDLEMMER

Frå Den norske kyrkja har desse vore medlemmer både i denne og den føregåande rapporteringsperioden: Inger Nesvåg, Anne Hege Grung, Oddbjørn Leirvik (leiar), Jan Opsal og Peder Gravem. I den inneverande perioden har også Oslo domprost Olav Dag Hauge kome med. Ørnulf Steen har deltatt om representant for sekretariatet. Representantar for Norges Kristne Råd er framleis Kari Vogt (katolikk) og Lars Erik Nordby (metodist).

På muslimsk side tok Lena Larsen over som leiar etter Kebba Secka i november 2000.

 

MØTER

I perioden har det vore halde to møter i Kontaktgruppa: den 21. november 2000 i Islamsk Råds lokaler, og den 24. september 2001 i Kirkens hus. Med dette nærmar vi oss ei rytme på berre eitt ordinært møte i året. Til gjengjeld blir det stadig fleire andre kontaktpunkt ­­- for eksempel i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, Oslo-koalisjonen for tros- og livssynsfrihet, og på ulike dialogkonferansar og tverr-religiøse markeringar. I den innverande perioden har kyrkjene og Islamsk Råd også vore aktivt med i Verdikommisjonens nasjonale dialog om tru og livssyn (2000).

 

VIKTIGE SAKER PÅ DEI TO MØTA

·      Møtet i november 2000 vart sterkt prega av omskjeringssaka. Islamsk Råd hadde på førehand sendt ut ei pressemelding der dei tok klar avstand frå "enhver form for kvinneleg omskjæring", og signaliserte at dei ville "arbeide for at denne praksis blir utryddet". Samtidig kritiserte dei TV2 for gapestokksjournalistikk, og for å bidra til ei generell mistenkeleggjering og klientifisering av muslimar. På møtet deltok to kvinner frå den somaliske moskeen samt forstandaren. Møtet vart prega av open og til dels kjensleladd meiningsutveksling. Behovet for undervisning og vegleiing i kvinnemiljøa vart sterkt understreka. Frå kyrkjeleg side vart det peika på den erkjenninga som har vakse fram mellom kristne om kor nødvendig det er å tale ope om vald mot kvinner i religionens namn.  Kebba Secka og Ibrahim Saidy, som har vore nøkkelpersonar i gruppas arbeid og var mellom dei som kom uheldig ut i omskjeringssaka, deltok ikkje på møtet. Men den personlege kontakten har blitt ivaretatt på andre måtar.

·      Møtet i september 2001 vart tilsvarande sterkt prega av terroraksjonane mot USA den 11. september. Før møtet hadde både Den norske kyrkja og Islamsk Råd alt deltatt på ei tverr-religiøs markering mot terrorisme i Universitetets aula, saman med Human-Etisk Forbund og Det Mosaiske Trossamfund. Etter møtet i Kontaktgruppa vart det sendt ut ei felles fråsegn med overskrifta "Kristne og muslimer må ta del i hverandres sorg og bekymring". I forlenginga av denne fråsegna, som peika på at Den norske kyrkja hadde eit særleg ansvar for å etablere lokal kontakt mellom kristne og muslimar i kritiske situasjonar, vart det den 9. oktober sendt ut eit brev frå Mellomkyrkjeleg Råd til aktuelle prosti, med overskrifta "Kontakt med muslimer i Norge".

·      På det same møtet vart det også samtalt om den aktuelle situasjonen for palestinarane, og orientert om Islamsk Råd sitt forhold til KRL-faget. Når det gjeld KRL-faget, har Lena Larsen deltatt i den arbeidsgruppa som Nasjonalt Læremiddelsenter oppretta for å foreslå revisjon av læreplanen. Vi vart også orientert om at Islamsk Råd er i tvil om kor vidt dei ønskjer å gå vidare med rettssaka mot staten.

·      Dessutan vart det gitt korte referat frå ein KEK-konferanse for kristne og muslimske leiarar i Sarajevo der Lena Larsen og Oddbjørn Leirvik deltok på vegne av Kontaktgruppa, og frå ein Sudan-relatert konferanse i Uganda som Kontaktgruppa indirekte var involvert i (sjå nedanfor).

 

ANNA SAMHANDLING I PERIODEN

·      I mars 2000 deltok fleire medlemmer av Kontaktgruppa på ein stor dansk-norsk konferanse om kristendom og islam med tittelen "Konfrontasjon eller dialog?", som vart arrangert i Oslo av Fondet for dansk-norsk samarbeid. Saman med representantar for det danske Islamisk-Kristent Studiecenter deltok Oddbjørn Leirvik og Abdullah Tanatar på eit evalueringsmøte i København, der det også vart lagt planar for ein ny dansk-norsk konferanse i januar 2002.

·      I oktober 2000 vart Anne Hege Grung og Lena Larsens bok Dialog med og uten slør. Boka reflekterer eit kvinnedialogprosjekt som går tilbake til eit initiativ som Kontaktgruppa tok i 1997. Ein stor lanseringsfest i moskeen til Islamic Cultural Centre samla mange av dei som har vore aktive i kristen-muslimsk dialog i Osloområdet, og fleire andre.

·      På Kontaktgruppas møte i desember 1999 vart det vedtatt at vi ønskte å gjere noko saman i forhold til Sudan. Som oppfølging av dette deltok Kebba Secka og Oddbjørn Leirvik på den norsk-sudanesiske pastoralkonferansen i Hedalen i august 2000, som hadde interreligiøs dialog som eit hovudtema. Kebba Seckas bidrag vart sett stor pris på av dei sudanesiske prestane og kyrkjeleiarane. Kebba Secka deltok også på Norges Kristne Råds planleggingsmøte i forkant av pastoralkonferansen i Uganda i august-september 2001, der Oddbjørn Leirvik, Jan Opsal og Ørnulf Steen deltok som del av Norges Kristne Råds delegasjon. Konferansen hadde temaet "How to build a multireligious society in the context of political Islam", og for første gong på desse pastoralkonferansane deltok ein muslim som keynote speaker. Kontaktgruppa har vore med i prosessen fram mot å gjere religionsdialog til eit meir sentralt tema i den norsk-sudanesiske kyrkjekontakten.

·      Lena Larsen og Oddbjørn Leirvik deltok på konferansen "Christians and Muslims in Europe: responsibility and religious commitment in the plural society", som vart arrangert av Konferansen for Europeiske Kyrkjer (KEK) og den katolske bispekonferansen i Europa i Sarajevo 12.-16. september 2001. Det er skrive ein eigen rapport frå konferansen, som er lagt ut på Kontaktgruppas heimeside.

·      Den 30. oktober sende Mellomkyrkjeleg Råd, Ressurssenter for pakistanske barn og Jama'at-e Ahl-e Sunnat (den største pakistanske moskeen) eit felles brev til statsminister Bondevik med krav om stans i bombinga av Afghanistan. I samband med dette vart det også uttrykt anerkjenning frå kyrkjeleg side over moskeens raske og sterke reaksjon på terrorangrepet mot ei kristen kyrkje i Pakistan to dagar før. Oddbjørn Leirvik og Ørnulf Steen deltok i førebuinga av det felles utspelet, i lag med Stig Utnem som fronta saka frå kyrkjas side.

·      Medlemmar i Kontaktgruppa har deltatt på fleire lokale, kristen-muslimske dialogmøte.

 

NETTSIDE

Ei nettside for Kontaktgruppa er etablert: http://folk.uio.no/leirvik/Kontaktgruppa.htm

Her finn ein også lenker til eit meir allment oppslag om interreligiøse nyheiter frå Norge.

 

Oddbjørn Leirvik