Rapport til NØM/Mellomkirkelig Råd
frå Kontaktgruppa med Islamsk Råd


1992 - 1996

 

Etter det første offisielle møtet som Mellomkyrkjeleg Råd arrangerte med muslimske organisasjonar i Noreg i desember 1992, vart Islamsk Råd danna. Ei fast kontaktgruppe oppnemnt av MKR og Islamsk Råd vart etablert hausten 1993.

            Kontaktgruppa hadde sitt utgangspunkt i MKR og Kyrkjemøtet sine intensjonar om å skape større forståing mellom kristne og muslimar, og å møte muslimar i Noreg med respekt som ei religiøs gruppe, ikkje berre som innvandrarar. Dette kontakt- og tillitskapande siktet har vore svært vesentleg.  Arbeidet til no har då også resultert i ein permanent og konstruktiv kontakt med leiarane for det muslimske miljøet i Noreg. Etter kvart møte har vi vore samde om verdien av denne kontakten.         

 

 

MØTEFREKVENS OG MØTEFORMER

 

I den samla kontaktgruppa har det møtt 5-7 representantar frå kvar side.  Frå det første, opne møtet i desember 1992, har det vore halde fire møter der heile kontaktgruppa har tatt del.  Vi har veksla mellom å møtest i kyrkjelege og muslimske lokale.

            I tillegg har det vore halde ei rekkje arbeidsutvalsmøter (i regelen med to frå kvar side), og fleire ad-hoc møter i samband med aktuelle saker og kritiske situasjonar. Her har delar av kontaktgruppa vore med. Til den siste kategorien høyrer eit møte i samband med dødsdommane mot kristne i Pakistan i 1995, eit møte for å kome med synspunkt på Pettersen-utvalget sitt arbeid i 1995, eit møte for å oppklare misforståingar i samband med ei påtenkt fellefråsegn om det utvida kristendomsfaget hausten 1995, og eit møte for å drøfte mottiltak mot Carl I. Hagens utfall mot muslimar i Norge våren 1996.

            Vi har også hatt to fellesmøter med Departementet (KUF), eitt med Hernes hausten 1994, og eitt med Pettersen-utvalet i samband med utgreiinga om det som skulle bli eit «utvida kristendomsfag».

 

 

MEDLEMMER

 

Frå Den norske kyrkja har følgjande vore medlemmer i kontakgruppa: Inger Nesvåg, Hilde Frafjord Johnsen (slutta etter eitt år), Anne Hege Grung (kom inn tidleg i 1995), Oddbjørn Leirvik, Jan Opsal, Peder Gravem (kom inn tidleg i 1995). Domprost Leif Ottersen møtte på eitt møte, men fann å måtte trekkje seg av kapasitetsmessige omsyn. Olav Fykse Tveit har vore sekretariatet sin representant. Norges Kristne Råd har oppnemnt Kari Vogt (katolikk) og Tor Olberg (baptist) til å delta med status som observatørar, og dei har begge gjeve viktige bidrag på møtene.

            Olav Fykse Tveit og Oddbjørn Leirvik har for det meste fungert som arbeidsutval.  Også Jan Opsal har bidratt aktivt i det saksførebuande arbeidet.  I mai 1996 vedtok MKR å legge kontaktgruppa inn under Nemnda for Økumenikk og Misjon (NØM), og Margunn Sandal tok då over som sekretariatet sin representant.  NØM utnemnde hausten 1996 Oddbjørn Leirvik som leiar for gruppa

            Frå muslimsk side er det grunn til å peike på at sjølv om  Islamsk Råd har fått ein representativ funksjon med brei støtte, er det ikkje alle dei store muslimske organisasjonane i Norge som er medlemmer der. Av dei pakistanske er t.d. den største og fjerde største med, men ikkje dei to imellom. Kontaktgruppa har heller ikkje hatt nokon kontakt med dei muslimske organisasjonane utanom Oslo og Drammen.

 

 

SAKER

 

Vi har laga dagsorden saman, og drøfta spørsmål som har vore viktige for begge partar.

 

Skulespørsmål

 

Ymse skulespørsmål som islamsk privatskule, eit eventuelt islamkunnskapsfag og arbeidet med «det utvida kristendomsfaget» har det vore brukt mykje tid på.

            I arbeidet med «det utvida kristendomsfaget» fekk vi i oktober 1994 til eit møte med statsråd Hernes og andre frå departementet. Her la vi fram den felles fråsegna om «Et større rom for etikk og religion i skolen», som låg klar frå gruppa si side i juni 1994 og vart fremja for Departementet gjennom IKO. (Erling Birkedal frå IKO deltok også som konsulent i arbeidet med denne saka).

            I den felles fråsegna gjekk vi inn for den såkalla «kombinasjonsmodellen» for kristendoms- og religionsundervisning:  å veksle mellom undervisning i samla klasse (ei ny form for fellesundervisning) og undervisning i skilde grupper (kristendomskunnskap, livssynskunnskap og islamkunnskap som eit tredje alternativ).  I tillegg understreka vi behovet for sentrale retningslinjer for korleis skulane skal handsame religiøse konfliktspørsmål i skulekvardagen elles (t.d. spørsmål knytt til svømmeundervisninga).

             Dette var første gong muslimane var inviterte til å delta slik i eit møte med norske styresmakter - som representantar for ein religiøs minoritet. Tidlegare har det helst vore taleføre representantar for "innvandrarar" som er spurt til råds av styresmaktene - t.d. i det mangeårige «Kontaktutvalget for myndighetene og innvandrerorganisasjonene» under KAD. Møtet med Hernes førte til at Islamsk Råd seinare fekk møte Pettersen-utvalet (på det første møtet var også nokre av oss frå den kykjelege sida med).  I denne prosessen fekk muslimane fleire kontaktar i departementet.

            Muslimane var ikkje nøgde med si rolle i prosessen fram mot det utvida kristendomsfaget, og Islamsk Råd gjekk hausten 1995 inn i «Aksjon livssynsfrihet i skolen», saman med dei andre religiøse minoritetane og Human-Etisk Forbund.  Muslimane har ved fleire høve uttrykt frykt for at det obligatoriske fellesfaget skal fungere som ei form for tvangskristning, og at deira særeigne identitet som muslimar ikkje skal bli tatt på fullt på alvor. Dei hadde nok heller ønskt ei kombinasjonsløysing langs dei linjene kontaktgruppa presenterte for Hernes i 1994 - fordi ein slik modell i større grad ville kunne la dei ulike religionar og livssyn få utfalde seg på eigne premissar.

            Representantar frå Islamsk Råd fekk likevel spele ei sentral rolle i arbeidet med læreplanen frå hausten 1995, og dei meiner sjølve at dei har fått inn mange faglege forbetringar i høve til det første utkastet. Fleire frå vår side har problematisert at dei med suksess deltar i fagplanarbeidet og samtidig kjem med fundamental kritikk mot det nye fellesfaget og saman med «Aksjon livssynsfrihet» krev full fritaksrett.  Realiteten er nok at muslimane (liksom dei andre minoritetane) kjenner seg grunnleggande utsikre på kva slags fag det nye kristendoms-, religions- og livssynsfaget blir, og derfor ønskjar sikringsventilar.

            Slik saka har utvikla seg, har ho auka medvitet om kor ulike perspektiv majoriteten og minoritetane har når det oppstår konfliktsituasjonar.  Eit forsøk på vår side på å få til ei fellesfråsegn hausten 1995 om minoritetane sin plass i arbeidet med det nye faget, skapte ein del kommunikasjonsproblem oss imellom, og måtte leggast til side. 

            I samband med skulesakene må det også nemnast at den ansvarlege MKR-konsulenten (Olav Fykse Tveit), i samråd med undervisningskonsulenten i Kyrkjerådet (Hilde Fylling), skreiv eit notat i forkant av Kyrkjerådet sitt vedtak av høyringsfråsegn om det utvida kristendomsfaget. I dette notatet vart minoritetsrettane og omsynet til religionsfridommen tillagt stor vekt. I høyringsfråsegna frå Kyrkjerådet var det omsynet til ei felles tradisjonsformidling av den kristne kulturarven som var det dominerande perspektivet. Innspelet frå kontaktgruppa sitt arbeid bidrog likevel til å sette spørsmålet om religionsfridom og interessene til dei religiøse minoritetane på dagsordenen i Kyrkjerådet.

            Også IKO, som altså på Kontaktgruppa sine vegner formelt fremja den felles fråsegna til Hernes i 1994, la i si høyringsfråsegn hovudvekta på behovet for ei felles formidling av den kristne kulturarven i skulen.  Men av omsyn til foreldreretten og minoritetane, fann IKO likevel å måtte halde døra open for retten til fullt fritak og evt. organiserte alternativ (sjølv om IKO meinte at det nye fellesfaget burde kunne utformast slik at fullt fritak ikkje vart ei aktuell problemstilling).  

 

 

Aktuelle saker om muslimar i Norge

 

Ved fleire høve har vi drøfta angrep på muslimar som gruppe og deira religionsfridom i Norge.  Islamsk Råd har sagt seg glade for den fråsegna om «Fordommer og trakassering av muslimer i Norge» som MKR kom med i mai 1996 som reaksjon på Carl I. Hagen sin forgrova og stigmatiserande omtale av muslimar i Norge, og gen.sekr. Stig Utnems klare utspel i same sak.  Dei forventar då også støtte frå kyrkja i situasjonar som denne.

            Det kan vere grunn for MKR å vurdere om ein frå vår side skal styrkje deltakinga i den offentlege debatt om slike spørsmål.  Det er viktig å motarbeide grumsete haldningar både i kristne miljø og i samfunnet elles.  Det noverande arbeidsutvalet for Kontaktgruppa har foreslått at vi saman med Islamsk Råd prøver å byggje opp ein beredskap mot angrep som vil kunne kome på muslimar i den føreståande valgkampen.

            Samtidig må ikkje kyrkja underslå kritiske merknader overfor problematiske utspel frå muslimar si side.

 

 

Norske muslimar og internasjonale menneskerettar

 

Ved fleire høve har vi då også drøfta norske muslimar sitt forhold til ein del aktuelle saker der deira syn på menneskerettar har vorte utfordra av det norske samfunnet. I den samanhengen har muslimane blitt utfordra av oss til å uttale seg klart mot brot på menneskerettane.  Samtidig har vi frå kyrkja si side prøvd å hjelpe media til å tolke nyansane i synet til dei ulike gruppene av norske muslimar.

            Vi har m.a. tatt opp dei kommentarane som eit par imamar i Oslo kom med i samband med dei pakistanske dødsdommane (som seinare vart omgjort) i 1995 mot ein 14 år gammal kristen gut og hans onkel.  I denne saka gjekk Islamsk Råd ut med ei fråsegn som - rett nok i eit svært indirekte språk - markerte distanse til dei aktuelle imamane sine synsmåtar.  Ved dette høvet vart representantar frå MKR bedne om å vere til stades på den pressekonferansen som Islamsk Råd tillyste, for å markere deira gode vilje andsynes kristne og deira gode samarbeid med kristne i Norge.  Også vi i Kontaktgruppa hadde nok ønskt enda meir direkte tale frå Islamsk Råd i denne saka, men (Olav Fykse Tveit og Oddbjørn Leirvik, som var med på pressekonferansen og ein seinare TV-debatt) valde likevel å ta Islamsk Råd sine ytringar i denne saka i beste meining.

            I etterkant av to imamar sine ytringar i Rushdie-saka vinteren 1996 tok vi frå kyrkjeleg side initiativ til ei drøfting om dette på Kontaktgruppa sitt møte i mai. Muslimane gav sterkt uttrykt for at dei respekterer norsk lov, og at dei har hatt ein intern kritikk overfor muslimar som har kome med uklare ytringar i så måte.  Dei la opent fram at haldninga til Rushdie-saka (og dei meir allmenne spørsmåla om reaksjonsmåtar på «blasfemi») er eit kontroversielt spørsmål mellom muslimske organisasjonar i Norge.  I begge desse sakene kan det synast som striden står mellom meir folkereligiøse moskéar med stor lojalitet til Pakistan på den eine sida, og dei meir normativt innstilte og internasjonalt orienterte muslimane som har vore tonegivande i Islamsk Råd på den andre.

            Av internasjonale saker kan det elles nemnast at vi frå kyrkjeleg side prøvde å involvere Islamsk Råd som medarrangør av seminaret om «Religionane si rolle i fredsprosessen» i samband med fredsprisutdelinga til Rabin, Peres og Arafat i desember 1994.  Dette forsøket stranda, og vi innsåg at vi frå kyrkja si side hadde prøvd å trekkje dei inn i eit opplegg der premissane var lagde alt før Islamsk Råd vart forsøkt trekt inn. Vi må passe på så vi ikkje gjer våre samarbeidspartnarar til gislar for gode saker.

 

 

TILHØVET TIL ANDRE SAMARBEIDSORGAN

 

Våren 1996 vart «Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn i Norge» etablert.  Samarbeidsrådet har i nokon mon sin bakgrunn i samarbeidet mellom minoritetane i «Aksjon livssynsfrihet i skolen», men skal etter intensjonen vere eit breidt, koordinerande drøftingsorgan der også kyrkjene er med, og ikkje ein interesseorganisasjon. Dag Nygård frå Norges Frikirkeråd er vald som leiar, og både Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk Råd er med i det nye samarbeidsorganet.  Samarbeidsrådet tar mål av seg til å ta opp aktuelle religionspolitiske saker, og bidra aktivt til den allmenne religionsdialogen og livssynssamtalen i Norge.  Dermed blir det viktig å avklare kva saker som høyrer naturleg heime under denne paraplyen, og kva saker som vi som kristne og muslimar har spesiell interesse av å sette i fokus - gjennom Kontaktgruppa si verksemd.

 

 

 

VEGEN VIDARE

 

På eit møte i mai 1996 drøfta MKR spørsmålet om «Religionsdialog i Norge», med flg. hovudpunkt:  kontakten med muslimar i Norge (kristen-muslimsk dialog), forholdet til det nye samarbeidsrådet, og kontakten med Det Mosaiske Trossamfunn i Norge (jødisk-kristen dialog).  Når det gjeld kontakten med muslimane, har MKR gitt uttrykk for flg. ønskjemål:

*          MKR meiner vi bør sjå nærare på det faglege innhaldet i kontakten med Islamsk Råd, m.a. ved å prøve ut det som MKR kallar «religionsdialog i snevrere forstand med muslimer i Norge». 

*          Det bør oppmodast til lokal kontakt mellom kristne og muslimar, slik at dialogen ikkje blir avgrensa til Oslo og leiarskapsnivået. 

            NØM-sekretæren og leiaren for Kontaktgruppa har i tråd med dette foreslått å utarbeide eit samtaleopplegg som stimulerer til lokal dialog mellom kristne og muslimar på lokalplanet. 

*          Det er viktig at det haldningsskapande arbeidet som MKR m.a. har bidratt med ved si fråsegn om «Fordommer og trakassering av muslimer i Norge», blir ført vidare.  MKR peikar her på at NTN sitt arbeid med teologiske utfordringar i møte med rasisme og framandfrykt så snart som mogeleg bør munne ut i ei fråsegn som kan offentleggjerast.

            NØM-sekretæren og leiaren for Kontaktgruppa har her (som før nemnt) foreslått å utvikle ein lokal beredskap med tanke på utfall mot muslimar som måtte kome i den lokale valkampen.     

*          Kommunikasjonen mellom Kontaktgruppa, kyrkjeleiarar og rådsstruktur bør styrkjast - ved at Oslo domprost trer inn att i gruppa, og ved i større grad å involvere sekretariat og sentralkyrkjelege nemnder i einskildsaker.

*          På det organisatoriske planet bør det velgast ein leiar frå kyrkjeleg side (dette har NØM allereie gjort), som har ansvar for å rapportere skriftleg til NØM som ansvarleg fagnemnd og vidare til MKR.

            Med dette blir den første rapporten frå den nye leiaren si side lagt fram for NØM, og vil også kunne presenterast for MKR etter kommentarar frå NØM og dei andre medlemmene i Kontaktgruppa.

                                                                                                            Oddbjørn Leirvik