Rapport til NØM/Mellomkirkelig Råd

 frå Kontaktgruppa med Islamsk Råd

 

for perioden november 1996 - mars 1998

 

Eg viser til den første samlerapporten som vart skriven for perioden 1992 - 1996 (pr. november 1996). Den følgjande rapporten oppsummerer arbeidet frå november 1996 til mars 1998.

 

MEDLEMMER

 

Frå Den norske kyrkja desse vore medlemmer i kontaktgruppa i den aktuelle perioden: Inger Nesvåg, Anne Hege Grung, Oddbjørn Leirvik, Jan Opsal og Peder Gravem. Domprost Ole Christian Kvarme er oppnemnt som nytt medlem, men har førebels ikkje hatt høve til å møte. Cecilie J. Strømmen har deltatt frå MKR-sekretariatet. Norges Kristne Råds representantar har vore Kari Vogt (katolikk) og Tor Olberg (baptist), men Lars Erik Nordby (metodist) vil i 1998 avløyse Tor Olberg i den perioden han er i teneste utanlands.

 

MØTER

 

I perioden har det vore halde tre møter i den samla Kontaktgruppa. Dette er meir enn det som har vore den vanlege frekvensen. Vi møttest i nov. 96 var i Det Islamske Forbundet (ein internasjonal moské med arabisk tyngdepunkt), i aug. 97 i Kirkens Hus og i okt. i Masjid Attouba (ein marokkansk moské).

 

VIKTIGE SAKER:

 

*          Felles brev til kyrkjelydar og muslimske forsamlingar i aktuelle norske byar/kommunar, med oppmoding til større lokal kontakt, vart sendt ut i februar -97. Brevet vart lagt merke til i kyrkjeleg samanheng (Vårt Land, Kirkeaktuelt), men fekk elles ikkje noko særleg oppslag. Vi har registrert ein del fleire initiativ frå kyrkjelydar og kyrkjelege fora når det gjeld å sette møtet med islam på dagsordenen, og folk frå Kontaktgruppa har deltatt (kristne og muslimar i lag) på eit par lokale møter. Det er elles vanskeleg å seie kva konkrete utslag brevet har fått, utover symbolverdien. Eit par kyrkjelydar som har vendt seg til Kontaktgruppa er usikre på korleis ein skal gå fram for å skape kontakt med muslimske forsamlingar, i høve til det å knyte band til einskildpersonar i lokalmiljøet.

 

*          Aktiv deltaking i markeringa mot muslimsk fremmedfrykt i kristne miljø som NØFI/Norges Kristne Råd tok initiativ til under valkampen i august 97 (jf. det opne brevet «Om ‘muslimfrykt’ og vår holdning til innflyttere» av 2. sept. 97). Saka fekk stor merksemd i media, og besøket frå eit svært breidt spekter av kyrkjeleiarar i ein av Oslos moskéar var opplevd som ein milepel på begge sider.

 

*          Kontaktgruppa har tatt initiativ til utarbeiding av eit samtaleopplegg for kristne og muslimar i Norge. MKR og Buddhistmisjonen har støtta prosjektet med høvesvis 50 000 og 75 000 kr. Dette gjer det mogeleg å deltidsengasjere Lena Larsen, honorere fotograf, dekke ei reise til Israel/Palestina m.m. Kjernen i prosjektet er eit kvinnefellesskap med to kristne og to muslimske kvinner samt ein kvinneleg fotograf. Lena Larsen og Anne Hege Grung (Emmaus) leier prosjektet, og skal gjere skrivearbeidet. Kontaktgruppa har drøfta mandatet for prosjektet, og skal lenger framme i prosessen ha eit møte der vi går gjennom utkastet saman. Prosjektet vil bli gjennomført i 1998 (det vart påbegynt seinhaustes 97).

 

*          Vi har orientert kvarandre gjensidig om haldningar til KRL-faget. Islamsk Råd har på prinsipielt grunnlag vore med og kjempa for full fritaksrett, men har elles overfor departementet gjort det klart at ein på visse vilkår kan godta faget slik det er frå 5. klasse og oppover. Dei har også foreslått meir fleksible modellar for faget, nærare bestemt ein såkalla kombinasjonsmodell som inneber at klassene blir delt inn i høvesvis «kristendom» og «andre livssyn» halvparten av tida (jf. skulelovas opning for «differensiert undervisning»). Kontaktgruppa har ikkje tatt noko felles initiativ i denne saka det siste året. Vi har derimot tatt opp ei tilgrensande sak:

 

*          Brev til KUF ang. oppretthalding av økonomisk støtte til undervisning i regi av eige trussamfunn - noko som vart lova av politikarane i samband med innføringa av KRL-faget, men som ikkje er følgd opp i praksis. Jf. vedlegg.

 

*          Vi har tatt opp spørsmålet om nye muslimske gravstader i Oslo, og hatt møte med Kyrkjevergen om dette. Arbeidet har gitt konkrete resultat.

 

*          Andre saker som har vore tatt opp, utan at det har kome til konkrete initiativ, er økonomi og organisasjon for Islamsk Råd og diverse spørsmål ang. moskébygg i Norge. Vi har elles gjennomgått og late oss inspirere av samarbeidet på Ullersmo Landsfengsel mellom fengselspresten og den bosniske imamen i Oslo.

 

ARBEIDET I KONTAKTGRUPPA SETT I EIT VIDARE PERSPEKTIV:

 

*          Sidan Kontaktgruppa vart etablert, har det etter kvart kome fleire fora for religionsdialog der både kyrkjene og muslimane er involvert. M.a. møtest folk frå Islamsk Råd og Mellomkyrkjeleg Råd i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn - som i august 1998 vil stå bak ein stor internasjonal religionsfridomskonferanse.

 

*          Norges Kristne Råd v/NØFI tar sjølvstendige initiativ i spørsmål som har med forholdet mellom kristne og muslimar å gjere (jf. markeringa i 1997 mot muslimfrykt i kristne kretsar).

 

*          To muslimar med tilknytning til Islamsk Råd har fått sete i Verdikommisjonen (Kebba Secka i styringsgruppa og Nasim Riaz i rådet). Leiinga for Kontaktgruppa spela ei viss rolle i samband med dette.

 

*          Arbeidet i Kontaktgruppa og andre dialogfora skaper eit personleg nettverk av stor verdi - både innover og utover. Fleire av oss opptrer saman også i andre fora (eks.: TV-program med Anne Hege Grung og Kebba Secka i 1997, planlagt TV-program med Anne Hege og Lena Larsen i 1998, dialogmøte med Oddbjørn og Mohammad Bouras samt fleire andre frå Islamsk Råd i Kirkeakademiet i Asker, dialogmøte med Kebba Secka og Oddbjørn samt ein jødisk representant i Helgerud menighet i Bærum, etc. etc.).

 

*          Ikkje alle muslimske organisasjonar er med i Islamsk Råd. Korleis kommuniserer vi med dei som ikkje er med? Eit eks. på positiv kontakt med dei øvrige muslimske organisasjonane er besøket i moskéen til World Islamic Mission under opninga av Pilgrimsvandring 97 - med helsing frå imam Muh. Ata ul- Mustafa som har markert seg også i andre dialogssamanhengar. Eit meir konfliktfylt eks.: den moskéen som har spreidd heftet om «Islam and Christianity» som Per Lønning med rette retta kritisk søkjelys mot, er ikkje med i Islamsk Råd - men har vore med i andre dialogssamanhengar. Frå kyrkjene si side er det viktig å halde opne kanalar til så mange som råd. Men eit einskild arbeidslag kan ikkje rekke over alt. Det er grunn til å streke at det etter kvart er mange muslimske organisasjonane i Norge, og også stadig fleire i kyrkjene som har eit engasjement (med litt ulike forteikn) i høve til dei muslimske miljøa.

 

Vedlegg:

 

-           Brev av 11.11.97 frå Kontaktgruppa til KUF.

-           Kronikk av Oddbjørn Leirvik i Aftenposten 20. februar 1997: «Kristent-            muslimsk årsoppgjer».

 

                                   

Oddbjørn Leirvik, 16. mars 1998