Rapport til NØM/Mellomkirkelig Råd

 frå Kontaktgruppa med Islamsk Råd

 

for perioden april 1998-desember 1999

 

(Ved Oddbjørn Leirvik, jan. 2000. Siste rapport før denne: frå november 1996 - mars 1998)

 

 

MEDLEMMER

 

Frå Den norske kyrkja har desse vore medlemmer både i den førre og i denne rapporteringsperioden: Inger Nesvåg, Anne Hege Grung, Oddbjørn Leirvik (leiar), Jan Opsal og Peder Gravem.  Som representant for sekretariatet har Ørnulf Steen tatt over for Cecilie J. Strømmen. Oslo domprost Ole Christian Kvarme rakk å vere med på eitt møte før han vart biskop i Borg og gjekk ut av gruppa. NØM bør no ta kontakt med den sittande Oslo domprost, for å få han med i Kontaktgruppa slik vedtektene tilseier. Representantar for Norges Kristne Råd har vore Kari Vogt (katolikk), og Lars Erik Nordby (metodist) som tok over for baptisten Tor Olberg i 1998.

På muslimsk side tok Kebba Secka over som leiar etter Mohammed Bouras i 1999.

 

MØTER

 

I perioden har det vore halde tre møter i den samla Kontaktgruppa: i april 1998 i Kirkens Hus, i november 1998 i Islamic Cultural Centre og i desember 1999 i Grønland menighetshus. I tillegg slutta Kontaktgruppa opp om det store møtet mellom kristne og muslimske leiarar som Norsk Økumenisk Innvandrerforum og Norges Kristne Råd arrangerte i mai 1999 i Centralkirken. Med dette har vi halde eit snitt på to møter i året. I tillegg har det vore halde to arbeidsutvalsmøter.

Ørnulf og Oddbjørn hadde elles eit møte med statssekretær Marit Totland m.fl. KUF i september 1999, i samband med Kontaktgruppas arbeid med KRL-relaterte saker, delvis som oppfølging av eit tilsvarande møte med Totland m.fl. i KUF i mars 1998 der Oddbjørn og Peder deltok frå kyrkjeleg side, og Mohammed Bouras og Lena Larsen frå Islamsk Råd.

 

VIKTIGE SAKER

 

·               På møtet i november 1998 la Anne Hege Grung og Lena Larsen fram rapporten frå samtaleprosjektet Kvinner i dialog – med og uten slør, som Kontaktgruppa initierte og finansierte. Rapporten vekte stor interesse og fagnad i gruppa, som brukte heile novembermøtet i 1998 på denne saka. Rapporten i bearbeidd form kjem som bok på Pax forlag i 2000, som ei blanding av fortelling, refleksjon og bilete.

·               Vi har også i denne perioden brukt mykje tid på KRL-relaterte saker. Her har Kontaktgruppa fungert som eit forum for open og relativt avslappa samtale om ei vanskeleg sak, sjølv om vi har merka spenninga som Islamsk Råds rettssak mot staten har ført med seg. Samtalen har m.a. handla om korleis KRL-faget skal tolkast, kva som krevst for å få til eit reelt fellesfag, og korleis fritaksspørsmålet bør vurderast. Samtalane har gjort det klart at Islamsk Råd er vel så interessert i ein forhandlingsprega samtale med styresmaktene (sentralt og lokalt) som ei konfronterande rettssak, som dei likevel har funne å måtte føre for å få prøvd bortfallet av fritaksrett mot norsk og internasjonal lov.

·               På møte med KUF i mars 1998 og september 1999 har Kontaktgruppa tatt opp spørsmålet om økonomisk stønad til trusbasert undervisning i kyrkje og moské (dåpsopplæring og koranskule). Det har ikkje kome noko konkret ut av samtalane så langt. Vår rolle i samtalane med KUF har elles vore å halde fram kor viktig den direkte samtalen og rådslagninga med minoritetane er, når det gjeld spørsmål om religion i skulen og minoritetsrettar meir allment.

·               Vi har i to omgangar orientert om norske kyrkjers internasjonale engasjement, med fokus på kyrkjekontakter og freds- og forsoningsarbeid i Midt-Austen og Sudan. I juni 1999 vart det sendt eit felles brev frå MKR, NKR og Islamsk Råd til religiøse leiarar i Etiopia og Eritrea, i høve den pågåande krigen. Det er stemning for å kunne gjere noko saman også når det gjeld Sudan.

·               På møtet i desember 1999 tok vi opp spørsmålet om inter-religiøse ekteskap til førebels drøfting, i tilknytning til Norges Kristne Råds arbeid med denne saka. Det vart gjort klart at dersom vi skal gjere noko saman som kristne og muslimar med dette spørsmålet, må Islamsk Råd få vere med å legge premissane heilt frå starten.

·               Spørsmålet om korleis Islamsk Råd kan få tilført fleire ressursar til sitt arbeid, som framleis skjer heilt og fullt på frivillig basis, har vore tatt opp fleire gongar, også i møte med KUF.

·               Elles har vi på dei fleste møta brukt ein del tid på open samtale om aktuelle hendingar i forholdet mellom kristne og muslimar. Det er fleire døme på at kristne og muslimske medlemmer i Kontaktgruppa har gjort ting saman også i andre fora, noko som vel må vere litt av poenget med den nettverksbygginga som Kontaktgruppa er ein del av.

 

GENERELLE VURDERINGAR

 

Det ser ut til å vere vanskeleg å ha meir enn maks. to møter i året i den samla Kontaktgruppa. Sidan Kontaktgruppa vart etablert i 1992-93, har det vore ein veldig vekst i ulike former for dialogfora, som Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn der begge partar er involvert. Det er også meir direkte kommunikasjon mellom styresmaktene og dei muslimske organisasjonane enn før (jf. møta mellom statsminister/utdanningsminister og Islamsk Råd i 1999), og to sentrale medlemmer i gruppa (Kebba Secka og Nasim Riaz) er også med i Verdikommisjonens arbeid.

Når det gjeld prioteringar i Kontaktgruppas arbeid, er vi samde om å satse meir på langsiktig arbeid med etiske og haldningsmessige spørsmål (t.d. fiendebilete og dialog), sidan det etter kvart har blitt såpass mange andre fora for den reint religionspolitiske samtalen. Med den personlege tilliten vi har bygd opp i gruppa, meiner eg at vi har lagt eit godt grunnlag for dette.

Det er eit problem at vi gjennom Islamsk Råd berre har kontakt med ein del av dei muslimske organisasjonane. Særleg hadde det vore ønskjeleg å ha meir direkte kontakt med dei pakistanske organisasjonane. To av dei største pakistanske er ikkje med i Rådet. I Kontaktgruppa er det for det meste norsk-tyrkarar frå Islamske Kultur Senter, norsk-arabarar samt Lena Larsen frå Det islamske Forbundet samt frå ein marokkansk moské, norsk-afrikanarar frå dei gambiske og somaliske moskeane, og norsk-pakistanarar frå Islamic Cultural Centre vi har kontakt med. Vi saknar særleg kontakt med dei breie, nasjonalreligiøse/folkereligiøse miljøa mellom pakistanarane og tyrkarane. Dei vi har kontakt med, er for det meste ”islamistar” av moderat eller relativt liberalt merke, som profilerer islamske meir enn nasjonalreligiøse interesser. Dette er elles eit typisk trekk ved all organisert kristen-muslimsk dialog, også internasjonalt.

Elles er det verd å merke seg at det skjer mykje med positivt forteikn i andre sin regi enn Kontaktgruppa, sjølv om Kontaktgruppe-medlemmer ofte er engasjert også i desse samanhengane. Eg legg ved ei oversikt over viktige hendingar mellom kristne og muslimar i 1999, som gir eit inntrykk av omfanget og breidden i den kristen-muslimske kontakten slik den utfaldar seg i dag. Det er også mykje positivt å melde frå media-fronten i 1999 (jf. vedlegget). Av dei nyhenda eg nemner frå 1999 vil eg elles særleg peike på dei initiativa Aril Edvardsen har tatt og dei prosessane dette har sett i gong i retning av meir opne haldningar til muslimdialog hos pinsevennane.


 

MUSLIMER, KRISTNE OG STORSAMFUNNET
– NOEN BEGIVENHETER 1999

Oversikt ved Oddbjørn Leirvik, desember 1999

 

 

STØRRE SAMARBEIDS- OG DIALOGPROSJEKTER:

 

*          Kontaktgruppa for Mellomkirkelig Råd/Norges Kristne Råd og Islamsk Råd

*          Løpende kontakt i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, som også er med i Oslo-koalisjonen for tros- og livssynsfrihet der muslimen Lena Larsen er koordinator.

*          Både kirkefolk og sentrale muslimer (Kebba Secka og Nasim Riaz) deltar aktivt i Verdi-kommisjonens arbeid. Verdikommisjonen har initiert lokale dialoger i flere norske byer.Verdikommisjonen og Samarbeidsrådet åpnet en ny, stor nasjonal dialog om tro og livssyn 11.11.99, med mange kristne og muslimske deltaker, og Kongen til stede.

 

POLITIKK:

 

*          To besøk fra statsminister Bondevik andre regjeringsmedlemmer hos muslimske organisasjoner, april og august - med samtaler med Islamsk Råd og åpent møte i Jamaat e-Ahl-e Sunnat. Oppslag i Vårt Land 13.4.: «Bondevik i lære hos muslimene».

*          Flere moskébesøk fra Oslos ordfører Per Ditlev Simonsen og andre Høyre-politikere under kommunevalgkampen i august. Mer positivt fokus på innvandrere og muslimer enn i tidligere valgkamper.

*          Store demonstrasjoner mot KRL-faget på FN-dagen 24.10., i Oslo og andre byer, med paroler som «Nei til kristentvang i skolen», «Ja til fritak, nei til tvang» og «Kristen evaluering en provokasjon!»

*          Islamsk Råd innledet sin rettssak mot staten 25.10., for å få prøvd bortfallet av fritaksretten i KRL-faget mot norsk og internasjonal lov.

 

MØTER:

 

*          Stort møte 10.5. mellom kristne og muslimske ledere i regi av Norges Kristne Råd. Vårt Land: «Aldri før har et så bredt utvalg av kristne og muslimske ledere vært samlet til møte i Norge ... Muslimsk-kristen dialog for å hindre rettssak (om KRL-faget)...».

*          Stor «International Peace Conference» i Oslo 13.8.99 i regi av Idara Minhaj ul-Quran, med besøk fra Tahir ul-Qadri (hovedattraksjon) og andre internasjonale gjester. Norske gjester/paneldeltakere: Per Ditlev Simonsen, Anders Sjaastad (Høyre), Åse Kleveland (Arbeiderpartiet). Mange hundre muslimske tilhørere.

*          Biskop Gunnar Stålsett hadde møter med muslimske ledere under en visitas i Grønland menighet, og talte om religionsfrihet og religionenes felles bidrag til fred på Pakistans uavhengighetsdag i august (Oslo).

*          Muslimske ledere deltok på Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA) sin jubileumskonferanse i Oslo om religionstoleranse (oktober).

*          Pinsevennen og misjonæren Aril Edvardsen (“Troens Bevis”, Sarons Dal) arrangerte en kristen-muslimsk konferanse om «Universal Peach and Harmony» 23.-26. november: møte i moské på Holmlia sammen med pakistanske gjester, mange lokale muslimer og imamer/muslimske ledere fra Oslo; møte i pinsemenighet i Bærum med muslimske gjester; møter i Sarpsborg med lokale og internasjonale deltakere (bl.a. ambassadører). Jf. hans tilsvarende møter internasjonalt (bla. Pakistan og Palestina).

 

Noen andre, lokale møter:

*          Ibrahim Saidy (The Islamic Movement) og Helge Kvanvig (Det teologiske fakultet) hatt to dialoger om «Abraham: én stamfar, flere fortellinger» i Emmaus (Paulus kirke, 28.4.) og i moskeen til The Islamic Movement (17.11). Det siste møtet hadde fokus på Sara og Hagars historie.

*          Nasim Riaz innledet til samtale på dialogmøte om verdier i Fossum kirke (april).

*          Mohammad Bouras og Oddbjørn Leirvik innledet om kristen-muslimsk dialog på møte under Olavsdagene i Sarpsborg, 5.8.

*          Kurs om kristen-muslimsk dialog i Emmaus, nov.-des. (Anne Hege Grung, Oddbjørn Leirvik, Nasim Riaz).

*          Møte i MRA om KRL-faget 22.11., med bl.a. Erling Pettersen og Kebba Secka.   

 

MEDIA:

 

*          Kronikk av biskop emeritus Per Lønning i Aftenposten 19.2.99, under overskriften «Finnes det ‘islamisme’ i Norge»? Tok bl.a. opp Tahir ul-Qadris (Idara Minhaj ul-Quran) angrep på kristendommen i hans skrifter. Besøk fra Per Lønning hos Idara Minhaj ul-Quran i Oslo etterpå.

*          Vårt Land har oppslag om en amerikansk forskningsrapport som viser at «det er sunt å tro på Gud» - illustrert med et stort intervju med Nasim Riaz (Islamic Cultural Centre/Islamsk Råd) under overskriften «Gud gir den troende en ro i hjertet som ingen psykiater kan gi» (24.7.).

*          Kristne og muslimer aktivt med i NRK TVs dialogprogrammer «Gudene vet», sendt

sommer/høst - om hellige skrifter, krig og fred m.m.

*          Mange media-oppslag om KRL-faget - gir oppslagene folk inntrykk av konflikt mellom

muslimene og staten, eller mellom muslimer og kristne?

*          Som vanlig en del oppslag om «muslimsk kultur» og «norsk kultur», bl.a. om arrangerte ekteskap/tvangsekteskap (ingen kirkeledere har uttalt seg i saken).

 

BØKER OM ISLAM OG KRISTENDOM:

 

*          De «første generasjons»-lærebøkene for KRL-faget er nå ferdige, med læreverk som gir en bred presentasjon av kristendom, islam og andre religioner side om side. Jan Opsal er medforfatter  og ansvarlig for islamstoffet i et av læreverkene. Under arbeidet med lærebøkene har muslimske representanter vært med og gitt høringsuttalelser til Nasjonalt Læremiddelsenter, i rammen av den godkjennings-ordningen for lærebøker som KUF høsten 1999 signaliserte at en nå vil oppheve.

*          Anne Hege Grung og Lena Larsens bok om «Kvinner i dialog - med og uten slør» blir utgitt av Pax forlag  2000. Sammen har de presentert prosjektet bl.a. i NRK, på et seminar om Kjønn og religionsdialog (Det teologiske fakultet, januar), og på en video produsert til Det teologiske fakultets fjernundervisning.

*          Mohammad Bouras: «Islam på norsk», omtaler også kristen-muslimsk dialog i Norge.

*          Oddbjørn Leirvik: «Images of Jesus Christ in Islam», med oppslag i Vårt Land.

«Muslimene bærer med seg ulike bilder av Jesus», 2.6.99.

 

INTERNASJONALT:

 

*          Felles brev fra Norges Kristne Råd, Mellomkirkelig Råd og Islamsk Råd til ledere i Eritrea og Etiopia, med oppfordring til fredsslutning (7.6.99).