Rapport frå konferansen

"Christians and Muslims in Europe:
responsibility and religious committment in the plural society",
Sarajevo 12.-16. september 2001.

(Lena Larsen og Oddbjørn Leirvik representerte Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk Råd)

Arrangør:

Islam in Europe Committee (Konferansen av Europeiske Kirker, KEK, og Den Katolske Bispekonferansen i Europa, CCEE). Dette var første gong komiteen inviterte til ein felles kristen-muslimsk konferanse, der det etter intensjonen skulle vere 20 deltakarar frå KEK, 20 frå CCEE og 20 muslimske leiarar.

Deltakarar:

Konferansen hadde 60 ordinære deltakarar (utanom journalistar og sekretariat), av desse berre 9 muslimar. Intensjonen var å ha ei jamnare fordeling av kristne og muslimske leiarar, men dette lukkast ein ikkje med fullt ut. Kjønnsbalansen var enda dårlegare, noko kyrkjene må bere hovudansvaret for. Utvalet av nasjonar var betre: ikkje mindre enn 25 land var representert.

Nesten alle dei muslimske deltakarane var invitert direkte frå Islam in Europe Committee. Reisu-l-ulema i Sarajevo, Mustafa Ceric, deltok berre delvis på konferansen. Grunnen var at det på same tid var saudi-arabiske gjestar i byen, i samband med opninga av eit nytt islamsk kultursenter. Mustafa Cerics timeplan-dilemma illustrerte kanskje spenninga i europeisk islam mellom det å forhalde seg til eit internasjonalt muslimsk fellesskap (i dette tilfelle saudi-arabisk islams ønskje om å påverke utviklinga i Bosnia), og det å stå i ein indre-europeisk samtale.

Norsk deltaking:

Berre Norge stilte med felles kristen-muslimsk delegasjon, i det Lena Larsen og Oddbjørn Leirvik saman representerte Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk Råd. Mellomkyrkjeleg Råd meldte på (og finansierte) begge, som respons på KEK sin invitasjon til kyrkjene (noko som førte til at Lena Larsen stod oppført som KEK-deltakar ).

Som kvinneleg leiar for eit nasjonalt Islamsk Råd vart Lena Larsen ein godt synleg deltakar på konferansen. I eitt av sine innlegg viste ho til at europeiske muslimar har brukt mesteparten av sin energi på det ho kalla ein defensiv strategi, med sikte på dekking av dei primære minoritetsbehova (moskear, fredagsbøn, koranskule, halal-mat, kleskode). No er tida komen, hevda ho, til å gå frå "the decade of identity" til "the decade of citizenship" - der muslimane i større grad bidrar til den felles samtalen om Europa skal utvikle seg. Men ho understreka også at einkvar dialog med muslimar må vere lydhør for det som muslimar er mest opptatt av - ikkje berre i Europa men på den internasjonale scena (ho nemnde Palestina spesielt).

For min eigen del oppmoda eg under samtalen om terrorangrepa til ein felles, sjølvkritisk samtale om korleis vi forheld oss til dei delane av våre heilagskrifter som synest å legitimere valdsbruk mot annleis truande, eller i det minste byggje opp under aggressive fiendebilete. Vi kan ikkje alltid nøye oss med å avvise det som opprører oss som "misbruk", vi må truleg vere meir sjølvkritiske enn som så. Stilt over stadig fleire konfliktar der eit brennande engasjement for "Guds sak" eller nyvakna nasjonalreligiøsitet spelar ei sentral rolle som motivasjonsfaktor, må vi tale ærleg med kvarandre om dei problema som ligg i sjølve det religiøse symbolspråket.

Programmet:

Dei tema som vart tatt opp i plenumssesjonane var store og breie, som "The development of religious identities in a pluralist Europe", "Conflict and healing of memories", og "The religious contribution to developing shared values and common citizenship". Stikkorda er viktige markørar for kva slags samtale europeiske kristne og muslimar er på veg inn i - med fokus på konfliktløysing og "healing of memories" (Balkan!) men også på stadig meir komplekse identitetar og ei stadig sterkare kjensle av "common citizenship".

To av dei muslimske innleiarane var universitetsfolk, den tredje var muftien av Sarajevo som dessverre måtte løpe tilbake til sine saudiske gjestar rett etter sitt hovudinnlegg. Av dei kristne innleiarane var to biskopar og ein universitetsmann. Nokre av sesjonane vart litt for mykje prega av indre-kristne diskusjonar, noko som vel reflekterte den numeriske ubalansen mellom kristne og muslimske deltakarar.

Erkebiskop av Anastasios av Albania sitt bidrag gjorde eit spesielt sterkt inntrykk, fordi han så sterkt understreka at det samfunnsmessige engasjementet må knytast til ein åndeleg disiplin (kristen og muslimsk) som siktar mot å forandre menneskehjartet. Han sa mellom anna: "Both Christianity and Islam reject the dangerous secular orientation that leads people to confusion, anxiety, slavery and loneliness. Religious experience opens the human mind and heart to the Infinite, revealing the spiritual potential of the human being Christians and Muslims in Europe can and must work to articulate and promote common values and spiritual norms, that certainty that man is not independent in the universe and that human interest alone cannot be the final criterion for humankind Relation to and dependence upon God help the human person to be honest with God and peaceful within himself, giving him a strong hope and confidence in God during the trials of life". Det faktum at Anastasios har engasjert seg så sterkt i forsoningsarbeid på Balkan (noko han vart dekorert for under konferansen), gav ein ekstra klangbotn til orda hans.

Også den tyrkiske filosofiprofessoren Mehmet Aydin sitt foredrag utmerka seg, som eit eksempel på eit filosofisk orientert islam som ønskjer å bidra til ein felles samtale om europeiske verdiar. Som ein muslimsk-kristen kritikk av ein sjølvsentrert, sekularistisk kultur avslutta han med følgjande setningar inspirert av den kristne filosofen A.N. Whitehead: "Truly to worship God, which involves imitating God as much as possible, means working for the good of the whole world. This is also what 'the world-loyalty' means. God is that element in life in virtue of which our purposes extend beyond values for ourselves for others".

Ein refleksjon til sitata ovanfor: dei kall ein ofte høyrer til kristen-muslimsk allianse mot den sekularistiske kulturen er ikkje heilt uproblematiske. Somme tider må deltakarar frå land der human-etikken står sterkt, som i Norge og Nederland, minne om at også ikkje-religiøse kan ha ein usjølvisk, etisk horisont for sitt engasjement. For Norges del er det også viktig å få fram at Human-Etisk Forbund er ein integrert del av den etablerte trus- og livssynssamtalen.

Likevel må kristne og muslimar, på bilaterale konferansar som dette, ha frimod til å dele si gudstru og sine åndelege erfaringar, og la samtalen om felles utfordringar ta farge av dette. Alle sesjonane på konferansen vart opna med lesing frå Bibelen og resitasjon frå Koranen (den første resitasjonen vart framført av ei bosnisk kvinne - i Bosnia er også kvinner kjende koranresitatørar).


I tillegg til dei forelesingsaktige plenumssesjonane var relativt mykje tid sett av til gruppearbeid, der ein kunne få meir inntrykk av nasjonale erfaringar. Mellom anna fekk vi her høyre om det omfattande dialogarbeidet som ein russisk mufti var med på å organisere i Perm-regionen.

Sidan konferansen opna 12. september, vart den rimelegvis prega av det "muslimske" terrorangrepet mot USA. Samtidig gav det å vere i Sarajevo eit særleg perspektiv på dei dramatiske hendingane, i medvitet om omfattande "kristne" massakrar på muslimar i Bosnias nære fortid.

I tillegg til dagsprogrammet vart det ein kveld gitt høve til å møte den tverr-religiøse ungdomsorganisasjonen Abrahams barn, noko som gav oss eit levande inntrykk av dialog- og forsoningsarbeid i dagens Sarajevo. I dei meir uformelle delane av programmet vart vi også informert om forslaget til nyordning av religionsundervisninga i Bosnia-Herzegovina, under overskrifta "religiøs kultur". Forslaget har kome opp etter internasjonalt påtrykk og er meint å supplere den konfesjonelle undervisninga som no rår grunnen.

Vi fekk også vere med på ein storslagen konsert i den musikalske dialogens teikn - med eit katolsk kyrkjekor, eit fleirreligiøst kor og eit muslimsk sufi-ensemble.

Fråsegn:

Konferansen vedtok både ei fråsegn om terrorangrepa i USA, der det mellom anna heiter: "We unanimously condem this act of violence, as well as any other destruction of human life as a violation of God's will and a sin against humanity. Recognising the potential for violence that resides in all of us, we pray that this senseless deed must not provoke indiscriminate retaliation".

I ein "Final message" henta ein opp sentrale stikkord frå programmet: "the challenges of living together in a largely secular and plural society", "healing the wounds" og "shared values". Ein lista også opp nokre presserande utfordringar og tiltak av meir konkret karakter, for eksempel å initiere ungdomsdialog og få til gjensidig utveksling mellom kristne og muslimske lærestader. Fråsegna er vedlagt i sin heilskap.

Utblikk:

Konferansen var eit viktig steg i retning av å etablere felles, europeiske fora for kristne og muslimar. Kanskje bør Islam in Europe Committee utviklast til ein felles kristen-muslimsk komité? Berre slik kan samtalen på sikt bli likeverdig. I alle høve må ein sjå nærare på kven som er dei mest aktuelle muslimske samtalepartnararane, på konferansar som dette og i meir permante samarbeidsstrukturar. På nasjonalt nivå finst det allereie etablerte kristen-muslimske fora i mange land, som vår eiga Kontaktgruppe. Kanskje ville ein fått ei breiare muslimsk deltaking på denne konferansen om KEK/CCEE meir direkte hadde utfordra dei nasjonale kyrkjene til å sende felles kristen-muslimske delegasjonar, slik Norge gjorde. Men det finst også nye europeiske nettverskorganisasjonar mellom muslimane som ein med fordel kan knyte til.

Oddbjørn Leirvik, 21. oktober 2001

Vedlegg: Final Message

The Conference of European Churches (KEK) and the Council of European Bishops' Conferences (CCEE) invited Christians and Muslims involved in interreligious encounters to meet in Sarajevo, a city which is highly symbolic of religious and cultural exchanges. In the present new multiethnic and multireligious stage in the history of Europe, Muslims and Christians from 26 countries spent three days sharing their concerns in three specific areas:

the challenges of living together in a largely secular and plural society;

healing the wounds of Christian and Muslim memories so that we can commit ourselves to justice and peace for all

shared values through which our communities can contribute actively to constructing a better society.

Considering our gathering as a gift of God, we have shared our convictions and hopes, for we are aware of the responsibilites of religious communities in shaping the future of Europe.

Together, we wish to contribute to a dynamic identity of our continent, and we advocate a religious attitude which will

lead us to take courageous actions in favour of human life, freedom, religion, property, dignity and justice;

give to us and to our faith communities a clear awareness of our common humanity making us brothers and sisters beyond our different religious and social commitments;

refuse the justification of violence in the name of religion.

Our commitment to dialogue leads us to make the following recommendations

to bring up young people to know and to respect each other's faith and community through educational programmes, and to promote religious education in public schools with interreligious courses;

to support interreligious groups at grassroots level among lay people with a view to becoming aware of all trends which go against cooperation;

to encourage priests, pastors, theologians, imarns and Islamic leaders, and laypeople to undertake dialogue and interreligious encounter through exchanges between Christian and Muslim faculties and seminaries;

to maintain or establish in each European country institutions with the aim of interreligious dialogue to serve ethical, social and political values in our societies,

to continue our efforts in developing an awareness of our common values.

In the light of the developing dimensions of the terrorist attack in the USA, we feel the need to reiterate our earlier statement:

"We are deeply shocked by the tragic massacres in New York & Washington D.C. and we express our deep pain and sorrow for the thousands of victims killed and injured, and we share the suffering of their families and friends. We unanimously condemn this act of violence, as well as any other destruction of human life as a violation of God's will and a sin against humanity. Recognising the potential for violence that resides in all of us, we pray that this senseless deed may not provoke indiscriminate retaliation. We commit ourselves, in the spirit of this conference, to be instruments of dialogue, to contribute to building Justice and peace, and to work for reconciliation in our societies."