Oddbjørn Leirvik:

Religionspluralisme
Mangfald, konflikt og dialog i Norge

Pax forlag 2010 (2. utgåve)

108 tekstsider

Kr. 179

I denne oversiktlege boka (som kom i første utgåve i 2007) teiknar forfattaren eit kart over det nye religiøse Norge og gir forslag til korleis det nye pluralismekartet kan lesast. Her handlar det ikkje berre om de ulike kristne trussamfunna og dei nye innvandrarreligionane, også human-etikken, jødedommen, baha’i-trua og ulike nyreligiøse rørsler er del av det religiøse livet i landet vårt i dag. Både konfliktlinjer og ulike forsøk på dialog blir presentert.

Eit sentralt spørsmål som boka drøftar er korleis ein skal forstå forholdet mellom kultur og religion. Både konfliktlinjer i kultur- og religionsmøtet og ulike forsøk på dialog blir presentert. Leirvik ser på sentrale trekk ved religionsdialogen si utvikling i Norge og stiller spørsmålet: Kva er oppnådd etter femten års religionsdialog? Er trus- og livssynssamfunna nøgde med å stadfeste sin religionsfridom, eller vågar dei også å utfordre kvarandre i kontroversielle spørsmål som kvinna si stilling? Og kvar går dei viktige moralske og politiske skiljelinjene – kanskje heilt på tvers av tru og livssyn?

Del 1 av boka (”Det nye religiøse Norge”) er ei oppdatert utgåve av eit tilsvarande kapittel i boka Religionsdialog på norsk (frå 2001). Dei andre kapitla oppsummerer dels sentrale sider ved Religionsdialog på norsk, men tar samtidig inn viktige utviklingstrekk ved den norske religionspluralismen i dei siste åra. Også forholdet mellom religion og sekularitet høyrer med til det dagsaktuelle bildet, som 2010-utgåva reflekterer.

Oddbjørn Leirvik (f. 1951) er professor i interreligiøse studier ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Han har skrive ei rekke bøker om religionsdialog og beslekta emne.

Bokomtaler

Ny bok om religionsdialog (Halvor Nordhaug i Luthersk Kirketidende)

Religion og dialog (Tor Dishington Johansen i Bergens Tidende)

Forord: Mangfald, konflikt – og dialog?

I DET NYE RELIGIØSE NORGE

1. Den lange vegen mot religionsfridom
2. Kart over det nye religiøse Norge
3. Tendensar og organisasjonar
4. Kultur, religion og kjønn

II RELIGIONSDIALOG I FLEIRKULTUREN

5. Dialog, eller identitetspolitisk åndskamp?
6. Religionsdialog: former og rammer
7. Å møtast som religiøse menneske
8. Skulen som møteplass

III KVA ER DET SOM SAMLAR OG SKIL – KVEN?

9. Etisk dialog om religion, livssyn og livsløp
10. Samtalen samlar, men gjer forskjell
11. Menneskerettsdialog

IV KVA ER OPPNÅDD I NORSKE RELIGIONSDIALOGAR?

12. Vinningar
13. Utfordringar
14. Symbolhandlingar

Etterord: Identitetspolitikk eller dialog?

Religionsstatistikk