Intervju med Oddbjørn Leirvik OM MARK GABRIELS BOK ”ISLAM OG TERRORISME”

 

Del av oppslaget BT Søndag Tabloid "De elskar livet og vi elskar døden", 
Bergens Tidende, 21. mars 2004
 
Ved HILDE SANDVIK 

    
  Vi må innrømma at den valdelege islamske fundamentalismen
er på frammarsj, seier teolog og islamforskar Oddbjørn Leirvik.
Så legg han til:
  Men det er også det reformvennlege islam. Det er her den
største   utfordringa ligg: Den radikale islamismen må konfronterast
på så mange vis som  mogleg. Samstundes er vi nøydde til
å halda fram med å bygga alliansar med   grupper som vil reformera.
Det er nøyaktig femten år sidan ayatollah Khomeini skreiv
ut dødsdom over   Salman Rushdie, og den norske forleggaren
William Nygaard blei skoten på i Oslo. For første gong var
det demonstrerande hissige muslimar i europeiske gater.
  Heile saka vart også ei stor utfordring for ideane om fridom
og mangfald som   Vesten er så stolt av.
  Dette er for lengst gårsdagens nyhende. Verda har fått langt
større   utfordringar å hanskast med. Etter terroråtaket
i Madrid har diskusjonen blussa opp att: Trugar islam som
religion Vesten? Har vi vore for naive?
  Tysdag sat Carl I. Hagen på NRK-programmet Standpunkt og
snakka om alle   muslimar som eit generelt trugsmål mot
demokratiet. Diskusjonen har bølga att og fram på radio
og i aviser veka gjennom. I Oslo blei det arrangert "Politisk
bar" kring fundamentalisme. Eit av spørsmåla som blei stilt
der var: Er islamsk fundamentalisme meir direkte knytt til islamsk tru?
  I panelet sat Terje Tvedt, professor ved Senter for Utviklingsstudier
ved UiB. Den same Tvedt hissa på seg kollegaer etter eit
intervju i Aftenposten 19. februar som fekk tittelen "Intellektuelle
forstår ikke fundamentalisme". Her kritiserte han akademikarar
og andre intellektuelle for å tru for sterkt på dialog som
metode og for å ha ei sjølvforståing som hindrar innsikt.
"Fordi man tror at alle med tiden vil omfavne demokratiet
og Vestens verdisett, har man sett med toleranse på forhold
man selv egentlig ikke tolererer." Sa han mellom anna.
  Han fekk støtte frå den irakiske forfattaren Walid al-Kubaisi,
som påstår at moderate og valdelege islamistiske grupperingar
har same mål og ideologi. Sidan har diskusjonen gått høgt.
Ein av dei som har tatt til motmæle er Oddbjørn Leirvik.
Teologen har kjempa for dialog over religionsgrenser som
metode i ei årrekkje. Han hevdar Tvedt sprenger inn opne
dører med kritikken sin. Somme former for islamisme er både
uforståelege og totalt uakseptable. Det nektar ingen for.
Andre former er gjenkjennelege, men like tvilsame som det
kristne høgre i USA. Men det finst også meir moderate former
for politisk islam som burde vere velkjende for KrF-veljarar,
er hans poeng.
  Det største problemet er at både religiøse fundamentalistar
og  religionskritikarar insisterer på at det berre finnes
ei sanning om islam. Det er like absurd som å påstå at det
berre finnes ei sanning om kristendommen, seier Leirvik til BT.
  Før Aftenposten-debatten og åtaket på Madrid, hadde vi sendt
han boka "Islam og terrorisme" for å be han kommentera innhaldet.
Etter at ho kom ut før jul har fleire lesarbrevskribentar
i BT vist til denne boka som eit sanningsvitne for at muslimanes
største fiendar er kristne og jødar som skal nedkjempast med sverd.
Mark Gabriel, som forfattaren kallar seg no, var professor
i islamsk historie ved det prestisjetunge universitetet
Al-Azhar i Kairo. Han har også vore imam. Ein dag byra han
å tvila på den læra han sjølv predika. Kritikken førte han
i fengsel av det egyptiske sikringspolitiet. Han vart klaga
for å vera vantru.
  I boka skriv Mark Gabriel om beinhard tortur. Om å stå i
vatn ei natt omgjeven av rotter. Om å bli brennemerka med
sigarettar og slått. Etter at han slapp ut blei han kristen
og difor tvungen til å rømma landet. No lever han i USA
som forkynnar og misjonær blant amerikanske muslimar. Han
åtvarar mot all form for islam, og meiner at over 60 prosent
av versa i Koranen handlar om heilag krig. "Jihad innebærer
å sloss mot enhver som står i veien for spredningen av islam",
skriv han mellom anna.
  Boka er ikkje blitt meld i nokre av dei store norske avisene,
men lever sitt eige liv. Ifølgje forlaget vart første- opplaget
raskt rive bort. Før jul blei boka også delt ut til alle
stortingsrepresentantane.
  Det er ingen tvil om at han fortel om ei sann erfaring
med eit autoritært  regime og med den egyptiske militante
islamismen. Det paradoksale er likevel atMark Gabriel argumenterer
på klassisk fundamentalistisk vis og påstår at den Koran-tolkinga
han sjølv sette spørsmålsteikn ved er den einaste rette.
Anten innser han ikkje dette, eller han er sterkt prega
av den kristne fundamentalismen han no vedkjenner seg, seier
Leirvik. Han meiner boka med sine konspiratoriske påstandar
om muslimars kamp for verdsherredømme kan minna om den antijødiske
"Sions vise protokoller", som Hitler i si tid brukte som
argument for å utrydda jødar.
  Det tyder ikkje at det Mark Gabriel skildrar ikkje eksisterer,
men berre  militante islamistar tolkar jihad på den måten
han gjer det, påstår Leirvik. Han understrekar at det oftast
er muslimar som er offer for islamistanes  terrorisme.
  Kva tykkjer du om reaksjonane frå dei som har lese boka?
  Det undrar meg at folk har så få motframsyningar mot forførande
generaliseringar om islam som dette.
  Korleis ser du for deg framtida?
  Alt kan gå forferdeleg gale i Guds namn, men det er også
så mykje som brått kan endra seg i positiv lei. I Iran har
dei reaksjonære kreftene igjen vunne   ein siger. Det kan
oppstå dramatisk farlege situasjonar over natta   eller
det  kan oppstå liberale motreaksjonar liknande dei som
i si tid førte til murens    fall. Religiøse haldningar
kan endra på kort tid. Tenk berre på kor dramatiske  endringar
den norske kyrkja har vore gjennom dei siste tjue åra.
  Kva er dei intellektuelle si oppgåve?
  Å erkjenna valdspotensialet i religion i kristendommen
som islam. Å gjenkjenne den fundamentalistiske retorikken
på båe sider. Å yte motstand mot den er vår moralske plikt.