Oddbjørn Leirvik:

 

Boka Hagen har lest om islam


Innlegget er trykt i Dagbladet 20. november 2004


 

Då Carl I. Hagen heldt sin famøse tale mot islam i Levende Ord i sommar, kritiserte han Muhammad for å ha inspirert muslimar til systematisk å søkje verdsherredøme i islam sitt namn, om nødvendig med vald. Etter å ha merka meg korleis Hagen har resonnert i sine mange islamkritiske utfall dette året, har eg fått ein stadig sterkare mistanke om kvar han hentar sin tvilsame islamkunnskap frå. På slutten av TV2 sin Holmgang om islam og vestlege verdiar den 17. november stadfesta Hagen mine mistankar ved å vise til Mark Gabriel si bok ”Islam og terrorisme” som ei god kjelde til kunnskap om korleis islam eigentleg er.

Boka er skriven av ein tidlegare muslim som har gått over til kristendommen og er frå ende til anna eit manande kampskrift mot islam. Boka er gitt ut på norsk av forlaget ProklaMedia, som den kristne misjonsorganisasjonen Ungdom i Oppdrag står bak. Den framstiller kristendommen som kjærleikens religion og islam som hatets og representerer ei konfronterande form for kristen fundamentalisme som Hagen no synest å ha gitt sin tilslutnad.


Forlaget opplyser at førsteopplaget av
boka vart rive vekk og stortingsrepresentantane skal visstnok ha fått eit gratiseksemplar av boka. Kristne bokhandlar melder at boka har vekt stor interesse og den har tydelegvis selt særs godt på Vestlandet. Tidlegare i år vart eg oppringt av ein journalist i Bergens Tidende som kunne fortelje at då Mark Gabriels bok kom ut i fjor, melde det seg straks fleire lesarbrevskribentar som viste til Gabriel som sjølve sanningsvitnet for at muslimane ser på kristne og jødar som sine største fiendar og at det langsiktige måle er å nedkjempe dei med sverd.

 

I den boka Hagen har lest få vi vite at islam si historie er som ei elv av blod; at muslimar meiner at dei fredsæle passasjane i Koranen er avskaffa av dei mest konfronterande versa; at det fremste målet for einkvar muslim er verdsherredøme i Allahs namn; og at ein må rekne med at dialogvennlege muslimar systematisk løyner sitt eigentlege formål som er å ta kontroll over Vesten.

Det er ingen tvil om at det finst militante islamistar som det er all grunn til å mistenke for det meste av det Gabriel klagar islam for. Problemet med boka er at Gabriel, på klassisk fundamentalistisk vis,
insisterer på at det berre finst éi sanning om islam – og at den er langt verre enn vi trur. Boka sine konspiratoriske påstandar om muslimars systematiske kamp for verdsherredømme kan elles minne om den antijødiske "Sions vise protokoller", som Hitler i si tid brukte som argument i sin kamp mot jødane.

Men boka fortel også om kva forfølgingar Mark Gabriel vart utsett for etter at han, som islamsk lærd i Egypt, byrja å stille kritiske spørsmål ved Koranen og etter kvart gjekk over til kristendommen. Hans lidingshistorie er reell nok og det er ingen grunn til å bagatellisere dei valdelege reaksjonane som religiøse dissidentar regelmessig blir utsett for i muslimske samfunn. Autoritære og valdelege sanksjonar mot religionskritikk og religionsskifte er eit stort problem i mange muslimske land og må konfronterast med kjempande humanisme.

Det paradoksale er at Mark Gabriel, etter å ha fått kjenne på kroppen kva muslimsk fundamentalisme kan innebere, har konvertert til ei fundamentalistisk form for kristendom som er like autoritær som den religionsforma han braut opp frå.

Konfronterande kritikk av autoritær og militant  fundamentalisme er heilt nødvendig. Men Gabriels bok sporar av den nødvendige kritiske samtalen. Den fører folk – særleg dei med liten islamkunnskap – på farleg villspor. Og det gir grunn til stor bekymring at Hagen no løftar fram ein konspiratorisk kristenfundamentalist som sjølve sanningsvitnet om islam.