Bokmelding i Morgenbladet 26. april 2002, av Ketil Volden

 

Islamsk etikk - ei idéhistorie

representerer eit viktig tilskot til norskspråkleg litteratur om islam og er ei

grundig innføring i hovudretningane innan klassisk islamsk etikk.

 

I den norske offentlegheita har ordet «islam» ein tendens til å mana fram

bilete av harem, marsjerande og sinte menn som brukar meisteparten av livet

på å ropa slagord mot Israel og Vesten, unge menn som sprengjer seg sjølve i

lufta, kvinner som gøymer seg bak eit slør eller ein burka til dei vert

redda av USA, kvinner som vert steina fordi dei har vanæra familien, eller

stakkarar som får hendene sine kappa av. Frammaninga av slike bilete får

drahjelp av media som med sans for det sensasjonelle og spektakulære ikkje

alltid loddar like djupt, verken i muslimars liv og historie eller i

religionen islam sitt rike og omfattande kjeldemateriale. Men ein lyt fatta

mot. Religionshistorikar Kari Vogt har med ei rekkje bøker om islam vist veg

og drive god folkeopplysning om verdas nest største religion og om dei som

utøvar denne religionen, anten dei bur i Afrika og Asia eller i Europa og

Noreg.

 

Teolog og islamforskar Oddbjørn Leirvik fører dette arbeidet vidare i boka

Islamsk etikk - ei idéhistorie. Han set seg føre å syna variasjonen og

fleksibiliteten innan klassisk islamsk etikk og korleis dette i dag kan føra

til forskjellige syn på etikk og på korleis trua skal utøvast. Det lukkast

forfattaren godt med. Meir enn ei historiebok som freistar visa ei historisk

utvikling frå klassisk til moderne tid, er dette ei bok som går i breidda

for å visa korleis islamsk etikk har vorte til i eit samspel med andre

religionar og andre etiske og filosofiske paradigme.

 

Boka fører vidare tradisjonen med å framstilla islamsk tenking som todelt,

med ein klassisk formingsperiode frå det sjuande til det trettande eller

fjortande hundreåret. Denne perioden vart så avløyst av eit vakuum fram til

islamske modernistar frå og med slutten av det nittande hundreåret tok til å

sameina det klassiske med det moderne.

 

Leirvik strekar nøye under skilnaden mellom omgrepa «muslimsk» og «islamsk».

Adjektivet «muslimsk» er deskriptivt og refererer til «kva muslimar her

eller der faktisk står for og praktiserer. Dét kan vera like mykje tufta på

kultur som religion». Såleis skulle ikkje omgrepet «muslimsk stat» referera

til anna enn ein stat der det bur muslimar. Adjektivet «islamsk» er meir

normativt og dreier seg om kva som «kan seiast å vera ei rimeleg tolking av

islam, utifrå islams kjelder». Leirvik medgir likevel at det å skilja mellom

«muslimsk» og «islamsk» er «eit typisk moderne prosjekt, som på ein særleg

måte blir trigga av emigrasjon. Når du skiftar heimland, blir du utfordra

til å stille spørsmål om kva som er tru og kva som er kulturarv i den

identiteten du ber med deg.»

 

Saman med omgrepspara «muslimsk» og «islamsk» høyrer høvesvis «moral» og

«etikk». «Moral» viser til «den faktiske livsførselen og den personlege

forankringa av ideala våre,» medan «etikk» kallar til «ein kritisk

refleksjon over det meir eller mindre moralske livet vi lever. Etisk

refleksjon kan handle om det verdimessige grunnlaget for handlingane våre;

forholdet mellom normer og dydar, vilkår for moralsk dømmekraft, og dei meir

eller mindre tilsikta konsekvensane av våre moralske val».

 

Det er eit spenn frå den meir regelorienterte og kollektivistiske

pliktetikken ein finn i iden islamske lova sharia til ein etikk med vekt på

personleg danning (akhlaaq) sterkt inspirert av gresk filosofi. Leirvik

meiner dette spennet minnar om den moderne diskusjonen om kommunitarisme

versus universalisme i etikken. Fyrstnemnde omgrep vil vektleggja

«fellesskapet si formande rolle i den moralske danninga og hevdar at etikken

først blir verkekraftig når han får form og farge av den kulturen og

religion som den einskilde tilhøyrer. Engasjementet for individbaserte

menneskerettar er eit utprega universalistisk prosjekt, forsvar for muslimsk

lov eller kristen kulturarv ei like typisk kommunitaristisk hjartesak».

Leirvik finn at etikken i muslimane si heilage bok Koranen anten er

preskriptiv (føreskrivande) eller narrativ (forteljande). Sjølv om den er

partikularistisk og kommunitaristisk, har den like klart «universalistiske

pretensjonar og appellerer til den menneskelege fornuft». Hadith-samlingane,

som handlar om profeten Muhammad sine gjerningar og fråsegner, meiner han

kan trekkja i partikularistisk, muslimsk-kommunitaristisk retning. Men dei

kan også lesast som «inspirerande forteljingar om ein eksemplarisk moralsk

karakter, og slik byggje opp om islamsk etikk som dydsetikk».

 

Den islamske lova representerer, som me har sett, etikk i preskriptiv

retning, medan den teologiske etikken, som mellom anna fokuserer på

etisk-teologisk rasjonalisme, er sterkt påvirka av gresk filosofi med

vektlegging av «fornuftsresonnement, logisk argumentasjon og studiar av

naturlovane». Den filosofiske islamske etikken visar både til «ein politisk

moralfilosofi som på rasjonelt grunnlag prøver å vise korleis ein kan leve

eit dydig liv i samfunnet» (jf. Aristoteles). Dels er det ein sjelsfilosofi

som handlar om korleis sjelskreftene best kan balanserast.» Etikken i den

islamsk mystikken sufisme rommar mellom anna terapeutisk etikk, asketisk

orientert etikk og ein etikk prega av kjærleikens språk.

 

Det eg savnar i denne boka er ein tilsvarande grundig gjennomgang av moderne

islamsk etikk. Leirvik er sporadisk innom somme framståande, moderne

tenkjarar, men vel å fokusera på moderne islamsk etikk i Noreg. Det heng nok

saman med at han i ti år har vore sterkt involvert i dialogarbeid mellom

kristne og muslimar i Noreg og ynskjer å visa mangfaldet i norske muslimar

si etiske tenking. Også her er spennet stort, frå pliktetikk, til ein meir

verdiorientert etikk eller til dydsetikk, sosialetikk eller større fokus på

dei terapeutiske sidene ved etikken.

 

Om ikkje all tankane om etikk som vert presenterte i denne delen av boka, er

like djuptpløyande og interessante, så får forfattaren i alle høve fram

korleis norske muslimar naturleg nok gjer bruk av element frå moderne

etikktenking. Eit døme på dette er Lena Larsen sin postmoderne «kva som er

rett for meg»-måte å argumentera på. Ho konverterte frå kristendommen til

islam fordi det «berre var slik at islam passa meg betre».

 

Islamsk etikk - ei idéhistorie viser kva for mulegheiter som ligg i den

klassiske islamske arven. Tendensen til ein regelorientert etikk som pregar

mange islamistiske miljø, er berre ein av mange forskjellige typar etikk som

islam rommar. Kari Vogt streka i Islams Hus under at islam har mange

forskjellige røyster. Leirvik har med boka si gjort det lettare å få auge på

dette mangfaldet.

 

Oddbjørn Leirvik

Islamsk etikk - ei idéhistorie

251 sider. Universitetsforlaget. 2002