Anne Hege Grung og Oddbjørn Leirvik:

 

Den liberale religionsdialogen

 

Klassekampen 15.10.09


 

I Prosa 05/09 og Klassekampen 15. oktober har Jill M. Loga eit interessant bokessay om den rosa elefanten i dagens religionsdebattar. Den rosa elefanten ho siktar til er (for den som vil sjå) å finne i konfliktfeltet religion, kjønnsroller og seksualitet. Hennar påstand er at multikulturalistiske teoretikarar som Charles Taylor og talsmenn for deliberativ demokratiteori som John Rawls og Jürgen Habermas overser at konflikten mellom religion og sekularitet først og sist handlar om synet på kjønn og seksualitet. Den same kritikken rettar ho mot Sindre Bangstad og hans bok Sekularismens ansikter.

            Loga har rett i at kjønn og seksualitet ikkje er noko sentralt tema i Taylor og Habermas sine drøftingar av konflikten mellom religion og sekularitet. Kritikken av Bangstad synest mindre rettkomen, ettersom temaet religion og homofili faktisk står ganske så sentralt i hans drøfting av sekularismens ulike ansikt.

            I samband med hennar omtale av Dag Øistein Endsjøs viktige bok Sex og religion rettar Loga også eit spark mot det ho kallar ”den liberale religionsdialogen”, der ein (ifølgje Loga) vanlegvis let vere å snakke om ”det saken gjelder”, nemleg religiøs kontroll over kvinners og homofiles seksualitet. Sidan Loga openbert forstår religionsdialog ein harmoniserande geskjeft meiner ho at forklaringa på forsøminga må vere at temaet er ”for betent til at den gode stemningen kan bevares”.

            No er det uklart kva Loga siktar til med uttrykket ”den liberale religionsdialogen”. Men dersom ho refererer til meir organiserte samtalen mellom trus- og livssynssamfunna i Norge, må hennar informasjon om denne vere nokså mangelfull. I tråd med den sterke stillinga som fridoms- og likestillingsverdiar har i Norge, har også den organiserte religionsdialogen adressert spørsmål som har med seksualitet, samliv og likestilling å gjere. I begge dei to halvoffentlege religionsdialogane som Nansenskolen regisserte på 1990-talet (”Fellesskapsetikk i et flerkulturelt Norge” og ”Religion, livssyn og menneskerettigheter i Norge”), stod kritiske spørsmål om religion, kjønn og likestilling ganske så sentralt. I Verdikommisjonens ”Nasjonale dialog om tro og livssyn” var ”Samliv, seksualitet og likestilling” eit av dei mest sentrale tema (noko Loga, som har forska på Verdikommisjonen, burde vite). I den bilaterale Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg Råd og Islams Råd har ein dei siste åra brukt mykje av tida på homofilispørsmålet og religionane sitt medansvar for å hindre vald mot kvinner. For ti år sidan tok Kontaktgruppa også initiativ til eit kvinnestyrt prosjekt om religionsdialog og kjønn, noko som resulterte i boka ”Dialog med og uten slør”.

            Fleire eksempel kunne vore nemnde. Er så alt som det burde vere i den ”liberale”, norske religionsdialogen? Det er det ikkje. Når det gjeld dei opningane som Arbeidsmiljølova og Likestillingslova gir for at trussamfunna kan diskriminere homofile og kvinner, har trus- og livssynssamfunna etter vår meining vore for einsidig opptatt av å verne sin eigen religionsfridom. Her er vi samde i at trussamfunna må forhalde seg til fleire verdiar enn den kollektive religionsfridommen og opne seg for ein kritisk samtale om religiøst fundert forskjellsbehandling.

Vi meiner likevel at Loga bommar med sitt sleivspark mot ”den liberale religionsdialogen”. Å identifisere den norske religionsdialogen med harmoniserande og kjønnsblind multikulturalisme er ei feilslutning som mange gjer seg skuldige i. Dokumenterte trus- og livssynssamtalar gjennom to tiår tilseier at sensitive spørsmål om individuell integritet, likestilling osv. både er og har vore sentrale i dialogen. Vår erfaring er at slike dialogar også har endringskraft i seg.

For oss er ”liberal religionsdialog” eit ideal, men då i heilt ei anna meining enn dei konfliktsky konnotasjonane som ordet liberal synest å ha for Loga. Liberal dialog er å byggje fellesskap gjennom ærleg meiningsbryting.