Oddbjørn Leirvik:
Fredsbrevet frå muslimane

 

Trykt som kronikk i Vårt Land, 29. oktober 2007


 

Den 13. oktober, i samband med id ul-fitr (etter ramadan), kunngjorde 138 muslimske leiarar det opne brevet til kristne leiarar av dei fleste konfesjonar som mange har omtalt som eit ”fredsbrev”. Brevet vart presentert som ei oppfølging av det tilsvaret som nokre muslimske intellektuelle gav til den omdiskuterte talen som Pave Benedikt XVI heldt for eit år sidan. Men den lange lista av ortodokse kyrkjeleiarar mellom adressatane viser at konteksten for brevet er langt meir enn ”islam og Vesten”: Det handlar like mykje om sameksistens i Midtausten og Aust-Europa.

            Den mest kontroversielle delen av paven sin Regensburg-tale i fjor, var hans bruk av eit sitat frå ein bysantisk keisar på 1300-talet som omtalte Muhammad sin bodskap som ”vond og umenneskeleg” – med særleg tilvising til ”hans bod om å spreie den trua han preika ved sverd”.

Positivt tok paven til orde for eit samverke mellom tru og fornuft i religionsutøvinga. Men han let vere å nemne at den syntesen av tru og rasjonalitet som Thomas Aquinas formulerte, i si tid var inspirert av Ibn Rushd og andre islamske filosofar.

            I brevet frå dei muslimske leiarane appellerer dei ikkje som Paven til den kjølige fornufta. Dei nyttar i staden eit språk som frå ende til anna er religiøst.. Overskrifta, ”Eit felles ord mellom oss og dykk”, spelar på eit koranvers som oppmodar Abrahams barn til å samle seg om den felles vedkjenninga til den eine Gud. Men brevet går lenger enn dette og peikar på det doble kjærleiksbodet om å elske Gud over alle ting og sin neste som seg sjølv som felles for muslimar og kristne. Dette byggjer ein opp under ved ei rekkje sitat frå Koranen, Hadith-samlingane, og Bibelen.

Den muslimske versjonen av den gylne regelen som dei siterer frå Hadith, lyder slik: ”Ingen av dykk kan vere ein som trur før han hjarteleg ønskjer (det arabiske verbet som blir brukt, blir også brukt om å elske) det same for sin bror som for seg sjølv”. Nøkkelverset i Koranen er 2: 177, der trua på Gud blir uløyseleg knytt til det moralske kallet til å dele alt sitt med dei trengande. Frå Det nye testamentet siterer muslimane dei ulike versjonane av det doble kjærleiksbodet slik vi kjenner det frå evangelia.

            Men målet for fredsbrevet er noko meir enn muslimsk-kristen samkjensle. Underskrivarane peikar på at forholdet mellom muslimar og kristne handlar om sjansane for varig verdsfred. Fleire stader assosierer dei då også det doble kjærleiksbodet med allmenne verdiar som ”rettferd” og ”religionsfridom”.

            Teologisk sett er det grunn til å merke seg at muslimane, når dei utfaldar det doble kjærleiksbodet, siterer Bibelen side om side med Koranen. På denne måten bryt dei med ein gammal polemisk tradisjon i islam, nemleg det gamle tahrif-dogmet om at jødane og dei kristne har ”tukla med” skriftene slik at Bibelen ikkje lenger er påliteleg som uttrykk for Guds vilje.

Underskrivarane legg ikkje skjul på at muslimar og kristne er grunnleggande usamde om ein del trussaker, men let ikkje dei velkjende forskjellane skugge for det som er felles. Avslutningsvis viser dei til det kjende koranverset 5: 48 der det står at Gud kunne gjort jødane, dei kristne og muslimane til eit samla trussamfunn men at han ville det annleis: I staden gav han dei kvar deira ”norm og praksis”, for at dei skulle konkurrere med kvarandre – ikkje om verdsherredøme men ”i gode gjerningar”.

På denne måten framhevar muslimane det i Koranen som kan tene som grunnlag for respektfull sameksistens mellom religionane, og let vere å ta for seg dei meir polemiske passasjane. Om dei skulle gått inn på koranvers som omtaler (grupper av) jødar og kristne som ”vantru”, måtte dei jo også ha mint dei kristne om at Det nye testamentet inneheld like problematiske avsnitt som demoniserer jødane. I staden viser dei (og dette synest å vere deira hermeneutiske prinsipp) til at Koranen opnar for rettvist samarbeid på tvers av trusgrensene så lenge dei andre ikkje fører krig mot muslimane på grunn av deira religion (jf. sure 60: 8).

Det motsette – viljen til å dominere dei andre med makt – er historisk sett nokså likeleg fordelt mellom muslimar og kristne. Slik sett er fredsbrevet ei oppmoding til saman å legge den historiske fiendskapen bak seg – for Guds, nesten og framtida si skuld. Med tilvising til Jesu ord i evangeliet om at dei som ikkje er mot oss, er med oss, inviterer ein kristne til å ikkje sjå muslimane som motstandarar men som medspelarar i kampen for religionsfridom og rettferd.

Kritiske spørsmål frå nokre kommentatorar om kvifor ikkje brevet ikkje også er adressert til jødane vart i norsk kontekst tilbakevist av forstandaren for Det Mosaiske Trossamfund, Anne Sender, som såg brevet som løfterikt også for jødisk-muslimske relasjonar (som har si særeigne problemhistorie).

Kven er det så som har skrive under dette brevet? Hovudinntrykket er at underskrivarane representerer eit breitt spekter av religiøse, akademiske og politiske institusjonar i den muslimske verda. Ser vi på nasjonsbakgrunn, er over førti land representert. Dei landa som har meir enn fem underskrivarar, er USA (15), Jordan (13), Marokko (9), Egypt (8) og Nigeria (7). Av brevet si offisielle nettside acommonword.com går det fram at grupper i Jordan har spela ei sentral rolle.

Det faktum at viktige land som Indonesia og Tyrkia berre er representert ved høvesvis ein og to personar, viser berre kor mange fleire som kunne ha skrive under brevet. Fleire islamske fakultet i Tyrkia og Indonesia er i dag arnestader for ei reformorientert og forsonleg tolking av islam (for Indonesia sin del, i sterk brytning med motsette tendensar).

Når det gjeld institusjonstilknyting, er halvparten av underskrivarane knytt til akademiske institusjonar som jo generelt har rik erfaring med interkulturelt samarbeid for det felles beste. Ei anna viktig gruppe (om lag tretti) er dei som er eller har vore mufti (den høgste islamske rettskunnige) i sine respektive heimland, eller medlemmar av sjariaråd. Om lag tjue blir titulert som imamar eller leiarar for sentrale religiøse organisasjonar (inkludert den viktige Organization of Islamic Conference, OIC, og Det muslimske brorskap i Jordan). Like mange blir identifisert som politiske leiarar. Lista inneheld også eksempel på nye typar opinionsdannarar som den egyptiske televangelisten Amr Khalid.

Det er også verd å merke seg at ei lang rekkje av underskrivarane har rik erfaring frå interreligiøst samarbeid, for eksempel innanfor organisasjonen ”Religions for Peace”. Det siste gir eit hint om kva rolle langsiktig, tillitsbyggande arbeid har spela i prosessen fram mot brevet.

Kven har så ikkje skrive under? Det er ukjent om nokon fekk tilbodet men takka nei. Det har blitt påpeikt at omdiskuterte autoritetar som Yusuf al-Qaradawi ikkje har signert. Men både når det gjeld han og andre med tilknyting til Det muslimske brorskap, særleg i Egypt, kan forklaringa vere at dei ikkje er spurde, fordi religiøse og politiske leiarar sitt forhold til Brorskapet i mange land er spent (Jordan er i så måte eit unnatak). Det er liten tvil om at moderate muslimbrør som egyptaren Abd al-Futuh (som nyleg gjesta Norge) haldningsmessig er heilt på linje med brevet.

Elles glimrar kvinner (med eitt unnatak) med sitt fråver. Så her er det menn som taler til menn. På den reformorienterte sida kunne ein etterlyse namn som Tariq Ramadan (ein hovudeksponent for ”euroislam”), egyptisk-amerikanske Khaled Abou el-Fadl (som i november kjem til Norge for å ta imot Eitinger-prisen for sitt arbeid med islam og menneskerettar), eller dei mange muslimske intellektuelle – menn og kvinner – som deltar i det norsk-støtta prosjektet ”New Directions in Islamic Thought and Practice” (sjå www.oslocoalition.org).

Det som gjer akkurat dette brevet så viktig, er at dei som har skrive under representerer ein såpass brei straum innanfor dagens etablerte islam, og at langt fleire muslimske leiarar enn til dels kontroversielle reformtenkarar i Vesten no ønskjer å invitere verdas kristne til global religionsfred.