Religionsliberal ettertanke

Karikatursaka har vist styrken i det interreligiøse dialogarbeidet, men også avdekka kor sterk islamfrykta er, hos folk flest så vel som hos liberale intellektuelle

 

Oddbjørn Leirvik

 

Morgenbladet 31. mars 2006

 

Ikkje minst har karikatursaka vist kor effektivt det nye kristne høgre og Fremskrittspartiet kan spele på den nesten epidemiske frykta som ein no ser breie seg. Men også muslimane er blitt tydelegare. I striden om karikaturane har dei framstått både som pressa minoritet og som potensiell maktfaktor.

Dei siste par månadene har det mangeårige dialogarbeidet mellom kristne og muslimske leiarar i Noreg, blitt synleg for fleire. I dialogfora som Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk Råd (frå 1993), Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (frå 1996) og Oslokoalisjonen for tros- og livssynsfrihet (frå 1998) er det blitt skapt eit fundament av tillit som har vist seg å vere berekraftig også i kriser. Like etter at karikatur-ane var publisert av Magazinet, møttest Kontaktgruppa og la grunnlaget for den felles fråsegna som eit breitt spekter av kristne og muslimske leiarar seinare kom med. Saman forsvarte dei ytringsfridommen, mante til moralsk ansvar for korleis ein brukar den, og tok avstand frå valdelege protestar mot ytringar. Fråsegna inneheldt også følgjande optimistiske vurdering: "Det store flertall av muslimer og kristne i Norge har respekt for hverandre i en atmosfære som er preget av åpenhet og dialog." Det var denne bodskapen muslimsk-kristne delegasjonar også tok med seg til meir polemisk innstilte aktørar i Midtausten og Pakistan, då dei (på Islamsk Råd sitt initiativ) drog ut i verda som norske dialogmisjonærar.
Når det gjeld kontakten som leidde til den omdiskuterte forsoninga mellom redaktør Selbekk og Islamsk Råd, var denne ikkje fasilitert av den kristen-muslimske Kontaktgruppa, men av Kristelig Folkeparti. Også KrF har spela ei rolle i det tillitsbyggande arbeidet mellom kristne og muslimar i Noreg. Det var Kjell Magne Bondevik som gjorde det å gå på moskébesøk til god norsk statsmannsskikk. Då Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg i karikatursaka flagga religionsdialog som ei norsk merkevare, førte dei såleis vidare gode ansatsar frå sine forgjengarar i sentrums- og samarbeidsregjeringane.

Den omfattande religionsdialogen er ein viktig del av forklaringa på kvifor Noreg (som samfunn og stat) greidde å handtere karikatursaka på ein langt meir konstruktiv måte enn Danmark. Denne forskjellen er blitt lagt merke til internasjonalt, og styrkar (trass i flagg- og ambassadebrenning) biletet av Noreg som ein fredsbyggande nasjon.
Religionsdialog er ikkje, som høgrepopulistiske og kulturradikale kritikarar synest å tru, utveksling av politisk korrekte fraser om sameksistens og respekt. Alle som har deltatt i det norske dialogarbeidet, veit at grenser er blitt flytta og haldningar endra. Liksom kyrkjene er blitt meir lydhøyre for trus- og livssynsminoritetane sin situasjon i Noreg, har dei muslimske leiarane blitt meir sensitive for dei religiøse minoritetane sine kår i muslimske majoritetssamfunn. Då Oslokoalisjonen i november 2005 sende ein kristen-muslimsk delegasjon til Pakistan, opplevde deltakarane at dei reiste dit i eit
felles ærend. I ein kjønnsbalansert delegasjon (to av tre muslimske deltakarar var kvinner) lytta vi til kvinneaktivistar og religiøse minoritetar, til menneskerettsaktivistar og muslimske reformtenkarar. Og saman utfordra vi konservative religiøse leiarar i vårt muslimske naboland.
Men sjølv om religionsdialogen har bore frukter, er den også sårbar. Dialog mellom leiarar endrar ikkje utan vidare haldningar hos folk flest, og både på kristen og muslimsk side er det sterke krefter i sving som trekkjer i andre retningar.

På den kristne sida har karikatursaka avdekka ein stadig tydelegare allianse mellom Fremskrittspartiet og det nye kristne høgre. Her går det ei linje bakover frå Magazinet til Carl I. Hagen sin famøse tale i Levende Ord i 2004, og til Frp sine mange tidlegare forsøk på å slå politisk mynt på folks islamfrykt. Frp sin fryktbaserte politikk på dette området er velkjent. Mindre kjent er veksten i det nye kristne høgre som Hagen appellerte til då han i sitt angrep på Muhammed i Levende Ord (for første gong i sin karriere?) brukte talefiguren "vi kristne". Og fekk glad applaus tilbake.
Både Levende Ord i Bergen og Livets Ord i Uppsala, som er eigaren til Magazinet, er representantar for den nye kristne høgresida i Skandinavia. I dei tilsvarande miljøa i USA blir nykonservativ utanrikspolitikk, solidaritet med den israelske høgresida, åndskamp mot islam og endetidsforkynning kopla til konservative hjartesaker som "familieverdiar" (med brodd mot homofili).
Når det gjeld kristen åndskamp mot islam, spelar også misjonsorganisasjonen Ungdom i Oppdrag ei rolle. Organisasjonen står bak den norske utgåva av boka Islam og terrorisme som er trykt i store opplag, blitt delt ut gratis til alle stortingsrepresentantar, og løfta fram av Carl I. Hagen som ei god kjelde til islamkunnskap. Islam og terrorisme er skriven av ein tidlegare muslim som har gått over til kristendommen, og er frå ende til anna eit manande kampskrift mot islam. I den boka Hagen har tilrådd som folkelesnad, får vi vite at islam si historie er som ei elv av blod, at det er dei som øver valdsdåd i islam sitt namn som representerer det sanne islam, at det fremste målet for einkvar muslim er verdsherredøme i Allah sitt namn, og at ein må rekne med at tilsynelatande dialogvennlege muslimar løyner sitt eigentlege formål, som er å ta kontroll over Vesten.
No har korkje Frp eller det nye kristne høgre fått stå uimotsagt. Ein oppsiktsvekkande brei allianse av norske kyrkjeleiarar har gong på gong åtvara mot "islamofobi og muslimhets". Dette var uttrykka som vart brukt då Mellomkyrkjeleg Råd, representantar for dei store misjonsorganisasjonane og evangelistar som Aril Edvardsen og Åge Åleskjær gjekk ut mot Hagens tale i Levende Ord.

Derimot har den ideologiske alliansen mellom den kristne høgresida og Frp langt på veg blitt neglisjert av sekulære intellektuelle. Mange sekulært orienterte forfattarar og mediefolk tok Magazinet sitt korstog for ytringsfridommen for god fisk og nytta høvet til å kaste seg på ei islamkritisk bølgje som karikaturstriden har fått til å skumme enda kraftigare.
I dei siste månadene har norske liberalarar som før har sove i timen, bråvakna til den muslimske realiteten i Europa. Ei tid før karikatursaka eksploderte, publiserte Ole Jørgen Anfinsen (som er medredaktør for den innvandrings- og islamkritiske nettsida HonestThinking.org) demografiske scenarium av eit framtidig muslimsk fleirtal her til lands. Det er slåande å sjå korleis slike spådommar, med tilhøyrande skremmebilete av eit shariastyrt Noreg, no er i ferd med å bli annektert av kulturradikale intellektuelle. Deira frykt for islam hentar næring frå ein inngrodd religionsskepsis som får alle med ei sterk tru til å fortone seg som ein fare for liberale verdiar. Med eit uventa samanfall i islamkritiske synspunkt, har mange kulturradikalarar uforvarande hamna i seng med det nye kristne høgre og Fremskrittspartiet.
Samtidig kan ein ane nokre nye nyansar i så vel den konservative som den kulturradikale kritikken av islam. Karikatursaka har spissa islamkritikken til ein kritikk av "islamismen" som totalitær ideologi – vel å merke på den fryktbaserte premissen at eit islamistisk spøkelse allereie er i full sving med å islamisere Europa. Mot dette må vi, seier sekulære intellektuelle, forsvare oss med alt vi har av religionskritiske våpen.
Samtidig ser ein tendensar i Frp sin oppdaterte retorikk til å forgylle såkalla "moderate muslimar" – men på den underliggande premissen at dei moderate er akutt mangelvare innanfor dei muslimske organisasjonane og best representert av dei som ikkje går i moskeen. Den positive interessa for Naser Khader og hans "Demokratiske muslimer" i Danmark er symptomatisk for folkeopinionen si leiting etter sekulært innstilte muslimar som tenkjer og taler slik gode danskar eller nordmenn gjer.

No meiner også eg at uavhengige muslimske stemmer (sekulære eller fromme) fortener meir merksemd, også frå kristne dialogaktivistar. Eit spennande eksempel i Noreg er Nazneen Khan-Østrem og hennar "hellige krig" for eit pluralistisk islam. Men også etablerte muslimske leiarar som har gjort demokratiske og menneskerettslege verdiar til del av sin islamske identitet, må synleggjerast og solidarisk forsvarast mot urettmessige islamiststempel.
Karikatursaka har vist at muslimske leiarar, med Islamsk Råd i spissen, er blitt ein integrert del av det norske organisasjonssamfunnet. At nokre av dei (liksom konservative kristne) flaggar motkulturelle standpunkt, rokkar ikkje ved dette. Vi har også sett at norske muslimar kan kjenne seg like såra over brenninga av det norske flagget som av krenkande karikaturar av profeten. Og i nokså skarp kontrast til handlemåten til muslimske leiarar i Danmark, bidrog norske muslimske leiarar aktivt til å roe ned karikatursaka – både i Noreg og utanlands.
Men dette er ikkje den einaste tendensen som gjer seg gjeldande mellom norske muslimar. Vi har også sett at ei stor gruppe yngre muslimar trassa ei eintydig formaning frå Islamsk Råd og 46 imamar om ikkje å gå ut i gatene og demonstrere. I strid med dei etablerte leiarane sine råd marsjerte 1500 muslimar frå Grønland til Stortinget, med Allahu akbar som fanerop for sitt krav om respekt.
Det er framleis uklart kven som sto bak demonstrasjonen. Var det heilt alminnelege muslimar som kjende trong til å artikulere sitt forståelege krav om respekt på ein meir høglydt måte enn vanleg? Var det enno ikkje husvarme grupper av muslimar, for eksempel med somalisk og irakisk bakgrunn (dei to mestveksande gruppene numerisk sett), som her tok til orde? Eller også islamistar med ein internasjonal visjon av eit sigrande islam?
Kombinasjonen av slagord som "Islam er sannheten" og "Ytringsfrihet er å si sannheten", kan tyde på at den sistnemnde tendensen i det minste var godt representert. Det første slagordet må ein tåle å høyre frå ein religion som (liksom kristendommen) er misjonerande. Det andre – at ytringsfridom er å seie sanninga – er ei sterkt problematisk ytring. For ytringsfridommen må gjelde også for dei som har haldningar som ein sjølv reknar for å vere uakseptable.

Samtidig må det vere eit moralsk imperativ at alle legg band på seg så ikkje religionsdebatten endar opp i offentleg mobbing av annleis tenkande. Særleg må den som har det kulturelle eller religiøse overtaket i eit samfunn, ta seg i vare for å sparke nedover. Her har karikatursaka avdekt ein oppsiktsvekkande mangel på refleksjon (både hos høgrepopulistar og kulturradikalarar) om den sterkaste sitt moralske ansvar. Etisk sett er det ein fundamental forskjell på dissidentar sitt modige (gjerne også satiriske) oppgjer med den religiøse overmakta i samfunnet, og den religiøse og kulturelle majoriteten sine nedlatande eller hånlege meldingar til minoritetane.
I staden for å ta moralsk omsyn til ein pressa minoritet, har både nykristne og gammalradikalararein nokså sjølvopptatt måte snudd biletet og prøvd å framstille seg sjølve som hardt pressa grupper som i nær framtid vil bli nedrende av muslimske hordar. Over ein avgrunn av sterkt motstridande haldningar i så vel samlivssaker som internasjonal politikk, har den kristne høgresida, Frp-folk og kulturradikalarar etablert ein retorisk allianse i felles forsvar for "norske", "vestlege" og "liberale" verdiar.
Eit retorisk lavmål på den liberale (?) sida er leiarartikkelen i det første nummeret av magasinet Memo, der karikatursaka blir oppsummert slik: "Noen ganger er vestlige verdier best. Det er ingen grunn til å være flau over det." Med referanse til veksande pakistansk innvandring (som rett nok blir ønskt velkommen), blir mantraet gjentatt: "Bare de vet én ting når de kommer: Noen ganger er vestlige verdier best."
Frp kunne ikkje ha uttrykt seg meir sjølvrettferdig. For å gjere det heilt klart: Det norske samfunnet må stå klippefast ved nokre liberale verdiar som både er hardt tilkjempa og umistelege. Men kvifor kalle dei demokratiske fridomsverdiane for "norske" eller "vestlege"? Er dei ikkje universelle?

Like viktig er det å skilje mellom genuint forsvar av liberale verdiar og retoriske slektningar som kanskje ikkje er fullt så fridomselskande. Magazinet har i karikatursaka flagga liberale verdiar, sjølv om deira åndsfrendar i det nye kristne høgre i USA (som Selbekk har vedstått seg sitt ideologiske slektskap med) ønskjer å forby både det eine og det andre. Eg er likevel villig til å la tvilen kome Selbekk til gode. Kanskje er det reelt liberaliserande tendensar i sving også i dei karismatiske miljøa som han representerer?
For Frp sin del er spenninga mellom kulturradikal liberalisme og illiberal høgrepopulisme velkjent. Når det gjeld kulturradikale intellektuelle, må dei vere klartenkte nok til ikkje å annektere talemåten til nasjonalistiske og høgrepopulistiske krefter. For desse kreftene er like farlege for den likeverdige sameksistensen mellom kulturar og religionar som islamismen er det.
Karikatursaka, og enda meir den polariserande debatten i kjølvatnet av den, har vist kor nødvendig det er å halde fram arbeidet med å byggje liberale alliansar på tvers av kultur- og religionsgrensene. Slike alliansar er nødvendige både for å demme opp for reaksjonære former for islamisme, og for å hindre at norsk politikk sklir over i høgrepopulistisk nasjonalisme. Illiberale rørsler innanfor islam må utfordrastopen mark, men på fleirkulturelt grunnlag og ikkje under den nykristne høgrepopulismen sine faner.

 

 


Publisert 31. mars 2006