På generalforsamlinga til Norsk Luthersk Misjonssamband i sommar, nærare bestemt på eit ungdomsmøte, forkynte ein av talarane at ein ikkje nødvendigvis må tru at helvete er ein stad med evig straff for å kunne kalle seg kristen. Bodskapen gjekk såpass på tvers av det som er Misjonssambandet si linje at leiinga i organisasjonen såg seg nøydd til å sende ut ei pressemelding der dei beklaga at det på dette møtet «fant sted en problematisering av fortapelsens realitet».

No er dette ikkje første gongen at Norsk Luthersk Misjonssamband har sett det som si oppgåve å verne om den tradisjonelle helveteslæra, som også er solid rotfesta i dei lutherske vedkjenningsskriftene. I 2004 kunne Vårt Land, i tilknyting til ei ny religionssosiologisk undersøking, melde at berre 2,7 % (langt færre enn berre for ti år sidan) trudde at det fanst eit helvete. Religionsvitaren Geir Winje kommenterte: «Helvete har røket. Jeg har ikke hørt en preken om helvete på år og dag.» 

Men det religionsvitaren såg som eit uttrykk for humanisering av kristendommen, var openbert ingen god bodskap for Misjonssambandet. Espen Ottosen – redaktøren for misjonsbladet Utsyn – slo fast at dersom mindre enn tre prosent trudde på helvete, ville misjonsorganisasjonen hans hatt ei kjempeutfordring: «Dersom bevisstheten om en dobbel utgang ved livets slutt faller bort, blir det umulig å forklare hvorfor vi driver med misjon og gjennomfører vekkelsesaksjoner.» Utsyn bestilte derfor ei ny undersøking, med ein ny vri på spørsmålsstillinga, og greidde på den måten å få prosentdelen som trudde at helvete kunne finnast, opp til 11,3 %. 

Side: 205


Spørjeundersøkingar skal ein alltid ta med ei klype salt. Men det er noko kuriøst ved at ein kristen organisasjon ser det som si oppgåve å verne om helvetesførestillingane, om nødvendig med skreddarsydde meiningsmålingar. Seinare det same året inkluderte Utsyn påstanden om at Kristus skal dømme dei utvalde til evig liv, men dei ugudelege til evig pine, i si sjekkliste av «bibeltru» spørsmål som dei prøvde å få dei dåverande kandidatane til bispestolen i Oslo til å svare på.

No er helvetesstrid gammalt nytt i norsk kristendomshistorie. Men sjølv om religionssosiologane i Agder har vist at helvetesforkynninga har blitt avvikla i det stille også hos prestar på Sørlandet, er det mykje som tyder på at det bakanforliggande biletet av ein torturerande gud framleis lever i beste velgåande i mange kristne miljø. Det same gjeld truleg i mange moskear, ettersom biletet av «elden» (helveteselden) er ein sentral del av Koranen si domsforkynning.

Men korleis skal dei som – sjelesørgerisk og teologisk – arbeider for ei humanisering av kristendommen, imøtegå biletet av den tyranniske guddommen som kastar dei som ikkje trur i eit helvete av evig pine? Er ikkje desse førestillingane ein sentral del både av den lutherske vedkjenninga og den nytestamentlege bodskapen? Som Ole Hallesby peika på i den store helvetesdebatten i 1953: «I Augustana 17 har vår Kirke i umisforståelige ord uttalt sin tro på den evige fortapelse ... Bare i Matteusevangeliet har Jesus 18 – atten – ganger omtalt den evige fortapelse. Og på 9 – ni – av disse steder skildrer han pinen på forskjellig vis.» Hans hovudopponent, biskop Kristian Schjelderup, slo fast at for han høyrde læra om evig helvetesstraff ikkje heime i «kjærlighetens religion». Schjelderup nekta ikkje at Jesus i evangelia taler om frelse eller fortaping, men kunne likevel ikkje førestille seg at fortapinga skulle bety ein stad med evig fysisk pine – noko som «står i strid med selve ånden i den Gudsåpenbaring vi har fått gjennom Kristus».

Dette har vore liberale, humaniserande teologar sin hermeneutiske hovudstrategi: å ta brodden av Bibelen sine problematiske passasjar ved å underordne dei ein overordna kjærleiksbodskap som ein – av gode teologiske grunnar – postulerer er evangeliet si kjerne. Men kan ein gjere det så lett for seg? Må ein ikkje meir direkte konfrontere den delen av den bibelske og lutherske tradisjonen som framstiller gud som ein torturmeister? Den skarpe religionskritikaren Andreas Edwien, som døydde tidlegare i år, opp

Side: 206


summerte i boka Er kristendommen en fare for verdensfreden? (frå 1986) si utfordring til kyrkja og teologane på denne måten: «Kristendommens gud og hans sønn opptrer [i de bibelske skrifter] selv som krigere og voldsmenn, som hater og dreper sine fiender i krig, og tilsist kaster dem i sitt torturkammer, Gehenna – helvete.» Mykje av religionskritikken til Edwien var temmeleg unyansert. Men eg kan forstå den frustrasjonen han stadig lufta over at han aldri greidde å få dei tonegivande liberale teologane her til lands med på ein djuptgåande, kritisk diskusjon av den valdelege biletbruken i Det nye testamentet (som Edwien insisterte på var like problematisk i så måte som den i Det gamle).

Kanskje har humaniserande teologar litt for enkelt avvæpna den bibelske valdssymbolikken – helveteslæra inklusive – ved å preike kjærleikens religion. Dermed unngår ein det mykje meir ubehagelege, nemleg å utsetje dei uakseptable delane av den bibelske biletbruken for moralsk kritikk. Det er for lettvint å alltid tale om «misbruk» av dei bibelske skriftene. For somme tider er det bibelteksten – her med biletet av guden som dømmer ugudelege til evig pine – som er sjølve problemet.

Å utsetje bibelteksten for moralsk kritikk er å vedstå seg at vår eiga etiske overtyding (som i seg sjølv kan vere bibelsk inspirert) faktisk er overordna bibelteksten. Helveteslæra er rett og slett moralsk uakseptabel. Kanskje treng vi ein ny helvetesstrid – denne gongen på eit eksplisitt moralsk grunnlag – for å få lufta ut dei siste restane av svovellukta. Då vil dei som ser det som del av bibeltruskapen å verne om biletet av ein torturerande gud, få ein hard jobb.