Oddbjørn Leirvik:
 
Fram for alliansebygging
 
Aftenposten 16. mars 2004



 
Debatten om norske intellektuelle si manglande evne til å forstå forskjellen på «oss» 
(vestlege humanistar) og «dei» (politiserte muslimar) har ført til eit par nyttige avklaringar, 
men også sprengt mange opne dører. I sitt innlegg i gårsdagens avis etterlyser Terje Tvedt 
eit tredje alternativ til  ahistorisk universalisme (som er blind for djuptgåande kulturelle og 
religiøse forskjellar) og kulturrelativisme (som er altfor aksepterande overfor desse forskjellane). 
 
Det originale ved Tvedt sitt utfall er påstanden om at det ikkje er kulturrelativismen som 
hindrar gangsynet til norske intellektuelle og velmeinande bistandsfolk (som han har kritisert 
i andre samanhengar), men derimot deira naive, kosmopolitiske tiltru til universelle verdiar. 
Tvedts kritiske blikk på norske sjølvbilete som skaper om dei andre i vårt «humane» verdsbilete, 
er eit viktig memento for alle som arbeider med bistand, kultur- og religionsdialog. Men kva 
er alternativet - eit skarpt skilje mellom «oss» og «dei», i god orientalistisk tradisjon?
 
Muslimske allierte?
 
Skiljet mellom Vesten og Orienten er i alle fall sylskarpt hos Walid al-Kubaisi, som 
(8. mars) kontrasterer den rasjonelle, demokratiske kulturen i Vest med følgjande karakteristikk 
av Midtausten: «I Midtøsten har folk derimot en religiøs, overtroisk instinkt-bevissthet med 
kollektiv, primitiv legitimitet i hellige korantolkinger».
 
Tvedt er meir nyansert og understrekar islam sine klassiske bidrag til toleransetenking og 
vitskapleg tenkemåte. Men sidan han fokuserer så sterkt på den reaksjonære islamismens 
dominans i dagens muslimske samfunn, er det vanskeleg å sjå kvar Tvedt vil hente 
muslimske allierte til eit globalt menneskerettsengasjement.
 
Det er inga usemje mellom norske intellektuelle om å konfrontere den militante islamismen, 
på demokratisk og menneskerettsleg grunnlag. Allierte for eit slikt prosjekt finn ein ikkje berre 
hos sekularistar i den muslimske verda, men også mellom reformorienterte «post-islamistar» 
som (liksom kristendemokratar) ønskjer at den religiøse kulturarven skal prege samfunnslivet, 
vel å merke på demokratiets premissar. Eller meiner Tvedt at all politisk religion per definisjon 
er livsfarleg?
 
Fellestrekk
 
Forskingsmessig er utfordringa å finne ut kva som kan samanliknast, og kva som ikkje kan det. 
Sjølv har eg hevda at det finst klare fellestrekk ikkje berre mellom kristen og 
muslimsk fundamentalisme, men også mellom meir demokratiske former for politisk religion i 
dei to religionane. Men at noko kan samanliknast, tyder ikkje at det er likt. Tvedt har heilt rett i at ein 
må ta det særeigne i den islamske arven på alvor for å forstå logikken i politisk islam. Noko anna 
har då heller ingen islamforskar nokon gong hevda. Eg vonar at vi også kan vere samde om at 
også det finst nokre tverr-kulturelle fellestrekk ved høvesvis autoritær fundamentalisme 
og demokratiserande religion?
 
Den politiske utfordringa er kosmopolitisk alliansebygging på tvers av religionsgrensene, tufta 
på kulturoverskridande, menneskerettslege verdiar. Eit eksempel på slik alliansebygging 
er Oslokoalisjonen for tros- og livssynsfrihet. Her samarbeider norske kristne, muslimar, 
jødar, buddhistar og humanetikarar med internasjonale partnarar om toleransebygging, 
sikring av trusfridom og fremjing av menneskerettsleg reformtenking innanfor religionane. Den 
faglege forankringa er Norsk Senter for Menneskerettigheter. Det er dette som er det tredje 
alternativet til naiv universalisme og kulturrelativisme: ein dialogorientert, kjempande humanisme 
som målmedvite byggjer alliansar på tvers av religionsgrensene. Eg vil påstå at denne haldninga 
er langt betre representert mellom norske intellektuelle enn den forskjellsblinde universalismen 
som Tvedt urettmessig skuldar sine kollegaer for.