Paven og venstresida

Klassekampen 02.12.2006

Bror Arnfinn Haram arnfinn.haram@chello.no

 

 

Det er synd om venstresida stagnerer i ein kvasireligiøs angst for katolisisme og ortodoks kristendom.

 

Det elgjakta er for austlendingen, er pavejakta for venstresida. Det høyrer liksom med som ein del av livsrytmen og livskallet, kan det sjå ut som. I to langdryge artiklar, av Nasir Kahn (Klassekampen 17. oktober 2006) og Immanuel Wallerstein (Klassekampen 25. oktober 2006), har ein prøvd å ta rotta på Ratzinger, alias pave Benedikt XVI, for hans famøse Regensburg-førelesing. Skuldingane som går igjen i desse sjangertypiske tekstane, er for det fyrste at paven på ein fordekt måte køyrer ein antiislamsk kampanje og dernest at kampanjen inngår i ein like fordekt allianse med president Bush og hans nykonservative krosstog mot «the axis of evil». Det hjelper sjølvsagt ikkje at pavens tale handlar om noko heilt anna, nemleg om tilhøvet mellom rasjonalitet, vitskap og tru. For kritikarane ter det seg berre som sløg kamuflasje.

Men kritikarane burde vite at Benedikt var ein av den førre paven sine næraste vener og meiningsfrendar, og at Benedikt vidarefører Johannes Paul II sitt positive syn på dei store religionane. Dei burde òg vite at han som pave står støtt planta i Det andre Vatikan-konsilet sine teologiske tekstar. Dei seier mellom anna:

«Kyrkja ser også med vyrdnadmuslimane, som ærar den Eine Gud, levande og verkeleg, miskunnsam og allmektig, skapar av himmel og jord og som har tala til menneska Sjølv om det gjennom århundra har vore talrike usemjer og motsetningar i tilhøvet mellom kristne og muslimar, oppmodar Konsilet alle til å gløyme fortida og til alvorleg å søkje gjensidig forståing. Likeins til saman å verje og fremje sosial rettferd, moralske verdiar, fred og rettferd for alle menneske» (Deklarasjonen «Nostra ætate», «Kyrkja og religionane», kapittel tre, mi omsetjing).

Er det seriøst å tru at paven ikkje står bak dette og at slike utsegner berre er juks og fanteri?

Eg spør, for høyr berre kva Nasir Khan kan fortelje oss: Den katolske kyrkja meiner ho er send av Gud og er nødvendig for alle som er med i «jakta på frelse», og endå verre: Ho tek sikte på «ei verd der alle menneske utan unntak er praktiserande katolikkar». Høyrt på maken! Endeleg får vi avslørt at kyrkja tek mål av seg til å drive misjon. Og pave Benedikt ynskjer, ifylgje Khan, særleg å styrkje den katolske kyrkja sin posisjon i Europa. Treng vi fleire vitne? Her kjem omsider dei dulgte totalitære planane fram i klårtekst, ribba for sine akademiske Regensburg-gevantar.

Heile denne mistenkjeleggjeringa heng saman med eit typisk trekk i vestleg antikatolisisme: Tanken om Den Store Konspirasjonen, der «pavekyrkja» spelar rolla som den verkeleg store Satan. Benedikt og Bush, USA og Vatikanet, er blitt samde på kammerset om å ta herredøme over verda ein gong for alle. Så veit vi det òg. Det overraskar meg at vettuge og jamvel sekulære pave-kritikarar kastar seg på ein retorikk og ein tankegang som er heilt «Jehovas Vitne», for å seie det slik. Den apokalyptiske katolikkskrekken er ur-amerikansk i grunn og botn og har sitt jordsmonn i ekstreme protestantiske miljø, for ikkje å seie sekter. Men «over there» er, som kjent, katolisisme «the last acceptable prejudice», og kva som helst slags kritikk går glatt over disken. Det spelar inga rolle om Vatikanet har vore ein av dei mest konsekvente og tydelege kritikarane av Irak-krigen og president Bush sine militære misjonar.

Det er synd om venstresida - og «venstresida si avis», Klassekampen - stagnerer i ein kvasireligiøs angst for katolisisme og ortodoks kristendom, som til dømes ved å dure vidare med føljetong-racet mot paven. Venstresida bør heller forsone seg med at det stadig vil finnast tradisjonelle kristne, med og utan pavar, som vil tru på Gud, på jomfrufødselen og oppstoda, på det monogame ekteskapet mellom mann og kvinne, på menneskefosteret sin livsrett og på dei ti boda med meir. Å føre «heilag krig» mot desse, gjer det dessutan vanskelegare for mange kristne menneske å samarbeide med venstresida i kampen for global og sosial rettferd. Båe partar bør erkjenne at «motparten» har rett til å eksistere og heller freiste å føre ein sansa samtale om det ein har felles. Kvifor innser ikkje venstreside-folk at kyrkjer har størst politisk potensial når dei er intakte som konkrete og levande fellesskapar? Noko som nettopp føreset at dei både har sin doktrine, sin etos, sine strukturar og sine ritar. Det er som ein slik kompleks, sosial røyndom at kyrkja kan vere aktør og inspirator i det vidare samfunnet - ikkje som ein blass kopi av andre organisasjonar og ideologiar.

Når kyrkja hevdar sin eigenart, må det altså ikkje alltid og nødvendigvis forståast som ei avvising av det verdfulle hos andre, det vere seg islam eller moderniteten. Så senk skuldrene, take it easy, kameratar! Også når paven talar. Det burde ikkje undre nokon at paven er katolikk - og at han held ein knapp på kristendomen.

PS: Eg ser i dagens aviser at Benedikt under si Tyrkia-reise har gått inn for at landet skal få full medlemskap i EU.

©Klassekampen