Oddbjørn Leirvik:

 

Humanetikk og islamkritikk

 

Dagbladet, 13. desember 2003


 

Gjennom det siste året har Human-Etisk Forbund (HEF) markert seg som ein religionskritisk kamporganisasjon med islam som den fremste målskiva. Det seinaste eksemplet på dette er Humanist forlag si utgiving av Ibn Warraqs bok ”Hvorfor jeg ikke er muslim”. I den offentleg samtalen om religion må dei som trur tåle dei krigerske, antireligiøse røystene som Ibn Warraq representerer. Men Human-Etisk Forbund si aktive promotering av boka gjer det nødvendig å spørje kva forhold HEF vil ha til andre trussamfunn: ønskjer dei forpliktande dialog eller hemningslaus konfrontasjon?

Fram til 1980-talet var det statskyrkja og kristendommen som var HEF sine hovudmotstandarar. Kristendomskritikken var nokså unyansert, i kontinuitet med Arnulf Øverland og hans syn på kristendommen som ”den tiende landeplage”. Så kom ein periode då HEF prøvde å etablere ein meir forsonleg dialog med kyrkja. Frå 1990-talet vart HEF også med i oppbygginga av ei rekkje fora for religionsdialog, i lag med jødar, kristne, muslimar, buddhistar og andre. HEF er i dag ein etablert partnar i organisasjonar som Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn og Oslokoalisjonen for tros- og livssynsfrihet.

I mitt eige engasjement for religionsdialog (som kristen teolog med forholdet til islam som spesialfelt) har eg forsvart HEF sin plass i slike dialogfora, både fordi humanetikken er ein viktig del av den norske livssynslandskapet og fordi trussamfunna må lære seg til å leve med den moderne religionskritikken på nært hald.

            Men føresetnaden for at ein slik dialog skal fungere, er gjensidig respekt og vilje til å tale nyansert om dei som trur og tenkjer annleis enn ein sjølv. Under si noverande leiing, med generalsekretær Lars Gule i spissen, har HEF gitt doble signal. På den eine sida har HEF løfta religionsfridommen si fane høgt og reint og på prinsipielt grunnlag forsvart den retten som konservative jødar, kristne, muslimar har (i kraft av unnataksbestemmingane i Likestillings- og Arbeidsmiljølova) til å diskriminere kvinner og homofile, dersom dei meiner at deira tolking av religionen krev at dei må gjere dette. Samtidig har Gule hevda humanistane rett til krast å kritisere det dei ser som diskriminerande og menneskefiendsleg religionsutøving.

            Som teolog med religionskritiske årer (det er lenge sidan religionskritikken vart ein del av teologien) er eg samd i at forsvaret for religionsfridommen må sameinast med kritikk av religiøs praksis, når denne er undertrykkande. Men om den kritiske samtalen skal fortene namnet dialog, må ein unngå unyanserte karakteristikkar av andres tru og tradisjon. Dei siste par åra har representantar for HEF gått til kraftige åtak på det dei ser som kvinneundertrykkande og valdsfremjande trekk ved muslimsk religionsutøving. Hard kritikk av slik praksis er heilt nødvendig. Heller ikkje dei heilage skriftene kan skjermast mot kritisk gransking. Men problemet med den retoriske linja som HEF no har lagt seg på, er den unyanserte essensialismen som heile tida gir ”islam” skulda for undertrykking og vald i muslimske kulturar. Slik neglisjerer HEF den kulturkampen som skjer innanfor islam mellom reaksjonære og meir liberale krefter. Då Levi Fragell tidlegare i år let seg intervjue av Dagbladet om antihumane og antidemokratiske tendensar i den muslimske verda, fekk intervjuet talande nok overskrifta ”Islam er livsfarlig”. I det nemnde intervjuet uttaler Fragell seg rosande om den liberale utviklinga i norsk kristendom, noko som gjer kontrasten til den unyanserte kritikken av islam enda tydelegare.

Når Humanist forlag no kolporterer Ibn Warraqs krigsrop mot islam ”Hvorfor jeg ikke er muslim”, må ein spørje kva dette er uttrykk for: Er HEF i ferd med å forlate dialogen si linje til fordel for hemningslaus, religionskritisk konfrontasjon? I forordet til boka distanserer Lars Gule seg (prisverdig nok) frå nokre av Ibn Warraq sine mest rabiate generaliseringar om islam. Sjølv insisterer Ibn Warraq på at islam – i sin essens – er lik fundamentalisme. Derfor går han til åtak på integriteten til alle muslimar som (liksom Shirin Ebadi) arbeider for ei forsoning mellom islam og moderne menneskerettstenking.

Ein av dei Ibn Warraq æreskjeller er eksilsudanesaren Abdullahi Ahmed an-Na’im som er internasjonalt kjend for boka ”Toward an Islamic Reformation”. An-Na’im er ein av dei fremste samarbeidspartnarane til Oslokoalisjonen for tros- og livssynsfrihet, der også Human-Etisk Forbund deltar.

No må HEF bestemme seg: Vil dei forplikte seg til konstruktiv dialog i fora der ein prøver å byggje menneskerettslege og liberale alliansar på tvers av trusgrensene, eller vil dei vende tilbake til ei antireligiøs konfrontasjonslinje? I det siste tilfellet står HEF, med den forma for islamkritikk som dei no fører til torgs, i fare for å bli medspelarar til fundamentalistiske kristne og andre som ser ”islam” som den nye folkefienden.

 

Oddbjørn Leirvik