Oddbjørn Leirvik:

 

Humanetisk fundamentalisme

 

Dagbladet, 6. januar 2004


 

Debatten om humanetikk og islamkritikk her i avisa har ført til eit par nyttige men nedslåande avklaringar. Lars Gule (og Human­-Etisk Forbund?) meiner at religion i seg sjølv er undertrykkande og at liberale tenkjarar innanfor islam og kristendom er ”intellektuelt uærlege”.

Med påstanden at dess meir liberale tolkingane er, dess mindre har dei med kjeldene og den religiøse tradisjonen å gjere, argumenterer Gule (ironisk nok) på same måte som fundamentalistane. Gule gir elles inntrykk av at liberale teologar meiner det går ei rett linje frå skriftene til moderne verdiar som likestilling mellom kjønna. Ingen reflektert liberalar vil hevde noko slikt. Kjernen i det liberale resonnementet er at alle uttrykk for islam eller kristendom representerer tolkingar av skriftene og at religiøs meining blir til i ein aldri avslutta dialog med tradisjonen.

Frå eit moderne perspektiv inneheld dei religiøse tradisjonane både ”undertrykkande” og ”frigjerande” element. Det Gule bør ta inn over seg, er at også den humanetiske idéhistoria har sine mørke flekkar. Den klassiske greske humanismen er kvinnefiendtleg og aristokratisk. Den moderne ateismen og overtrua på fornufta har ikkje berre vore livgivande men også dødbringande.

Den naive tiltrua til ateismens og rasjonalismens velsigningar er ikkje så lett å forstå. Den tilhøyrande avskrivinga av religiøst fundert humanisme er skremmande arrogant. Dersom Gule sine synspunkt er representative for Human-Etisk Forbund, er HEF ingen naturleg samarbeidspartnar for dei som ønskjer å byggje humanistiske alliansar på tvers av trus- og livssynsgrensene. Men kanskje finst det representantar for HEF som står for ein meir sjølvkritisk og inkluderande humanisme enn den Gule profilerer?