Verdsreligionar i Norge

 

Overslag over religionsbakgrunn og medlemstal. Tala for religionsbakgrunn byggjer på Statistisk Sentralbyrås kategori Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre. For muslimane sin del er det totale talet for vedkomande land tatt med. Tala for "religionsbakgrunn" seier heller ikkje noko om kor sterkt dei med muslimsk (familie-)bakgrunn identifiserer seg med islam.

 

Når det gjeld personar med muslimsk bakgrunn, gav Kari Vogt (i Verdensreligioner i Norge) og Jan Opsal (i Lydighetens vei) i 2005 ulike anslag (høvesvis 120 000 og 150 000). Gunnlaug Daugstad og Lars Østby i Statistisk Sentralbyrå gjorde i 2008 ei utrekning som konkluderte med at vel 160 000 norske innbyggjarar hadde sin bakgrunn frå muslimske kulturar (Det flerkulturelle Norge - et mangfold av tro og livssyn). Pr. 2015 var talet kanskje mellom 200-250 000, alt etter utrekningsmåten.

 

Til overslaget over personar med hinduistisk og sikhistisk bakgrunn: sjå Knut A. Jacobsen sine artiklar om buddhismen og hinduismen i Verdensreligioner i Norge, Universitetsforlaget 2011 (red. Knut A. Jacobsen). Talet på personar med buddhistisk bakgrunn er henta frå Buddhistforbundet sine nettsider.

 

RELIGION

Religionsbakgrunn 2015 (anslag)

Medlemmar 2015

ISLAM

Dei største gruppene frå land med meir enn 95% muslimar, pluss Bosnia og Kosovo:

 

 

200-250 000

 

 

148 189

Pakistan

41 400

Somalia

38 400

Irak

31 800

Iran

23 000

Tyrkia

21 500

Bosnia

18 600

Afghanistan

16 400

 

Kosovo

15 900

 

Marokko

12 200

 

Syria

  6 700

 

BUDDHISMEN

25 000

18 817

Vietnam

10 000?

Thailand

10 000?

Innfødde norske konvertittar

    500?

HINDUISMEN

12 000

8 882

India

4 000

Sri Lanka

8 000

SIKHISMEN

4 500

3 545

BAHA'I

1 149

JØDEDOMMEN

 

   770