Islam og terrorisme

 

Artikkel/intervju ved Hilde Sandvik i Bergens Tidende 21. mars 2003

 


 

Muslimane vil ta over verda med vald, påstår ein tidlegare muslim i boka ”Islam og terrorisme”. Det er ikkje den einaste islamkritiske boka på marknaden som hevdar dette. Har vi dei no?

 

- Vi må innrømma at den valdelege islamske fundamentalismen er på frammarsj, seier teolog og islamforskar Oddbjørn Leirvik. Så legg han til:

 

- Men det er også det reformvennlege islam. Det er her den største utfordringa ligg: Den radikale islamismen må konfronterast på så mange vis som mogleg. Samstundes er vi nøydde til å halda fram med å bygga alliansar med  grupper som vil reformera.

 

Det er nøyaktig femten år sidan ayatollah Khomeini skreiv ut dødsdom over  Salman Rushdie, og den norske forleggaren William Nygaard blei skoten på i Oslo. For første gong var det demonstrerande hissige muslimar i europeiske gater. Heile saka vart også ei stor utfordring for ideane om fridom og mangfald som Vesten er så stolt av.

 

Dette er for lengst gårsdagens nyhende. Verda har fått langt større utfordringar å hanskast med. Etter terroråtaket i Madrid har diskusjonen blussa opp att: Trugar islam som religion Vesten? Har vi vore for naive?

 

Tysdag sat Carl I. Hagen på NRK-programmet Standpunkt og snakka om alle muslimar som eit generelt trugsmål mot demokratiet. Diskusjonen har bølga att og fram på radio og i aviser veka gjennom. I Oslo blei det arrangert ”Politisk bar” kring fundamentalisme. Eit av spørsmåla som blei stilt der var: Er islamsk fundamentalisme meir direkte knytt til islamsk tru?

 

Kven er farlegast?

I panelet sat Terje Tvedt, professor ved Senter for Utviklingsstudier ved UiB. Den same Tvedt hissa på seg kollegaer etter eit intervju i Aftenposten 19. februar som fekk tittelen ”Intellektuelle forstår ikke fundamentalisme”. Her kritiserte han akademikarar og andre intellektuelle for å tru for sterkt på dialog som metode og for å ha ei sjølvforståing som hindrar innsikt.

 

”Fordi man tror at alle med tiden vil omfavne demokratiet og Vestens verdisett, har man sett med toleranse på forhold man selv egentlig ikke tolererer.” Sa han mellom anna. Han fekk støtte frå den irakiske forfattaren Walid al-Kubaisi, som påstår at moderate og valdelege islamistiske grupperingar har same mål og ideologi. Sidan har diskusjonen gått høgt.

 

Ein av dei som har tatt til motmæle er Oddbjørn Leirvik. Teologen har kjempa for dialog over religionsgrenser som metode i ei årrekkje. Han hevdar Tvedt sprenger inn opne dører med kritikken sin. Somme former for islamisme er både uforståelege og totalt uakseptable. Det nektar ingen for. Andre former er gjenkjennelege, men like tvilsame som det kristne høgre i USA. Men det finst også meir moderate former for politisk islam som burde vere velkjende for KrF-veljarar, er hans poeng.

 

- Det største problemet er at både religiøse fundamentalistar og religionskritikarar insisterer på at det berre finnes ei sanning om islam. Det er like absurd som å påstå at det berre finnes ei sanning om kristendommen, seier Leirvik til BT.

 

Før Aftenposten-debatten og åtaket på Madrid, hadde vi sendt han boka ”Islam og terrorisme” for å be han kommentera innhaldet. Etter at ho kom ut før jul har fleire lesarbrevskribentar i BT vist til denne boka som eit sanningsvitne for at muslimanes største fiendar er kristne og jødar som skal nedkjempast med sverd.

 

Mark Gabriel, som forfattaren kallar seg no, var professor i islamsk historie ved det prestisjetunge universitetet Al-Azhar i Kairo. Han har også vore imam. Ein dag byrja han å tvila på den læra han sjølv predika. Kritikken førte han i fengsel av det egyptiske sikringspolitiet. Han vart klaga for å vera vantru.

 

I boka skriv Mark Gabriel om beinhard tortur. Om å stå i vatn ei natt omgjeven av rotter. Om å bli brennemerka med sigarettar og slått. Etter at han slapp ut blei han kristen og difor tvungen til å rømma landet. No lever han i USA som forkynnar og misjonær blant amerikanske muslimar. Han åtvarar mot all form for islam, og meiner at over 60 prosent av versa i Koranen handlar om heilag krig. ”Jihad innebærer å sloss mot enhver som står i veien for spredningen av islam”, skriv han mellom anna.

 

Boka er ikkje blitt meld i nokre av dei store norske avisene, men lever sitt eige liv. Ifølgje forlaget vart første-opplaget raskt rive bort. Før jul blei boka også delt ut til alle stortingsrepresentantane.

 

Konspirasjonsteori

 

- Det er ingen tvil om at han fortel om ei sann erfaring med eit autoritært regime og med den egyptiske militante islamismen. Det paradoksale er likevel at Mark Gabriel argumenterer på klassisk fundamentalistisk vis og påstår at den Koran-tolkinga han sjølv sette spørsmålsteikn ved er den einaste rette. Anten innser han ikkje dette, eller han er sterkt prega av den kristne fundamentalismen han no vedkjenner seg, seier Leirvik. Han meiner boka med sine konspiratoriske påstandar om muslimars kamp for verdsherredømme kan minna om den antijødiske ”Sions vise protokoller”, som Hitler i si tid brukte som argument for å utrydda jødar.

 

- Det tyder ikkje at det Mark Gabriel skildrar ikkje eksisterer, men berre militante islamistar tolkar jihad på den måten han gjer det, påstår Leirvik. Han understrekar at det oftast er muslimar som er offer for islamistanes terrorisme.

 

- Kva tykkjer du om reaksjonane frå dei som har lese boka?

 

- Det undrar meg at folk har så få motframsyningar mot forførande generaliseringar om islam som dette.

 

- Korleis ser du for deg framtida?

 

- Alt kan gå forferdeleg gale i Guds namn, men det er også så mykje som brått ka endra seg i positiv lei. I Iran har dei reaksjonære kreftene igjen vunne  ein siger. Det kan oppstå dramatisk farlege situasjonar over natta eller det kan oppstå liberale motreaksjonar liknande dei som i si tid førte til murens fall. Religiøse haldningar kan endra på kort tid. Tenk berre på kor dramatiske endringar Den norske kyrkja har vore gjennom dei siste tjue åra.

 

- Kva er dei intellektuelle si oppgåve?

 

- Å erkjenna valdspotensialet i religion  i kristendommen som islam. Å   gjenkjenne den fundamentalistiske retorikken på båe sider. Å yte motstand mot den er vår moralske plikt.