Oddbjørn Leirvik:

Islam på svensk, norsk og dansk

I denne bokartikkelen vil eg presentere fire bøker frå 1998-2000 om islam i Skandinavia, men også kaste nokre sideblikk på ein del andre bøker om same emne. Den første av dei fire bøkene som vi stå i fokus gir ei brei framstilling av forsking omkring islam i Sverige. I den neste gir Kari Vogt ein fersk og omfattande presentasjon av islam i Norge. Dei to siste bøkene er personlege vitnemål frå høvesvis ein dansk og ein norsk muslim. Til saman viser bøkene at islam i løpet av tretti år har fått godt rotfeste i dei nordiske landa, og at verdsreligionen no har fødd personlege vitnemål, ansatsar til ein kontekstuell teologi og kritisk refleksjon også her i det høge nord. Bøkene er:

Ingvar Svanberg og David Westerlund:

Blågul islam? Muslimer i Sverige.
Nora: Nya Doxa 1999, 299 s.

Kari Vogt:

Islam på norsk. Moskeer og islamske organisasjoner i Norge.
Oslo: Cappelen 2000, 269 s.

Aminah Tønnsen Echammari:

Islam i europæisk klædedragt. Stof til eftertanke og selvransagelse.
København: Forlaget Fremad 1998, 137s.

Mohammed Bouras:

Islam i Norge.
Oslo: Millenium 1998, 192 s.


Blågul islam

I 1999 kom det ut to oversiktsbøker om islam i Sverige.

Den eine, Islam i Sverige. Nutid och framtid (Stockholm: Natur och kultur, 182 s.) er skriven av Jan Samuelsson. Den gir ei breipensla og noko overflatisk framstilling av islam generelt, institusjonalisering av islam i Sverige og svenske muslimars forhold til storsamfunnet. Boka gir preg av å vere ein lett tilgjengeleg guide for folk som arbeider i ulike samfunnsinstitusjonar, meir enn ein verkeleg analyse av Islam i Sverige.

I staden for å gå nærare inn på denne boka vil eg presentere antologien Blågul islam? Muslimer i Sverige. Kontekstuelt nok er boka prydd med forsidebilete av ei muslimsk kvinne med skaut i kano på ein idyllisk svensk innsjø. Boka gir eit grundig oversyn over islam i Sverige, og mange av bidragsytarane trekkjer på større forskingsarbeid som dei sjølve har utført.

I innleiingskapitlet markerer redaktørane Svanberg og Westerlund sitt hovudperspektiv, nemleg at islam har utvikla seg frå å vere ein utprega innvandrarreligion til å bli ein integrert del av det svenske organisasjonssamfunnet. Dei peikar også på at drivkrafta i integreringsprosessen har vore det dei kallar "moderate islamistar". Dette stemmer med det generelle inntrykket frå norsk samanheng. Det er dei muslimane som profilerer "islam" heller enn nasjonalreligiøse interesser, som er drivkrafta i det utovervende organisasjonslivet hos muslimane. Redaktørane viser elles korleis eit byråkratisk svensk organisasjonsliv gir sterke føringar på muslimsk organisering i Sverige, særleg ved kravet om at muslimar for å få økonomisk stønad frå staten må slutte seg saman i ærverdige riksorganisasjonar, som det allereie er fleire av. (Her er det norske systemet meir anarkistisk, ved at det offentlege gir medlemsstønad direkte til kvar einskild organisasjon eller forsamling). Redaktørane peikar også på at svenske muslimar, trass i at dei har blitt temmeleg blågule, framleis må stri med den svenske majoriteten sine fordommar.

Det første hovudkapitlet i boka gir ein presentasjon av det muslimske mangfaldet i Sverige, men legg meir vekt på islamske minoritetsgrupper som sjiamuslimar, ahmadiyyamuslimar, tyrkiske alevittar og innvandra sufiordenar enn dei store sunnimuslimske gruppene. Dei siste kjem dessverre litt i skuggen.

Den gode muslimske sunnmøring Anne Sofie Roald, som lenge har vore islamforskar i Lund og også markert seg internasjonalt, skriv om muslimske kvinneaktivitetar under overskrifta "Evas andre ansikte". Ho er sjølv representant for ei veksande gruppe av sjølvmedvitne, velutdanna muslimske kvinner med skaut, som både i Sverige og Norge har spela ei sentral rolle i oppbygginga av islamske kvinnenettverk.

Det andre hovudkapitlet har overskrifta "Islam i samhället", og set fokus på religionsfridom, skulespørsmål og moskebygg. Jonas Alwall skriv om muslimane og religionsfridommen. Han peikar på at i møtet med islam blir den tradisjonelt individorienterte religionsfridomstenkjinga i Sverige utfordra av meir kollektive krav, der det handlar om å gi rom for ein ny religion i det offentlege livet.

Jonas Alwall har laga ei religionssosiologisk avhandling om same tema – med overskrifta Muslim Rights and Plights. The Religious Liberty Situation of a Minority in Sweden (Lund: Lund University Press 1998, 267 s.).

Vidare skriv Jonas Otterbeck om islams plass i den offentlege skulen. Han hevdar at svensk skule, trass i sin erklærte "mångkulturalitet" og relativt "nøytrale" religionsundervisning, enno ikkje er "innrättad för att bekräfta muslimsk normalitet" (s. 169). Bo Johansson gir for og mot-argument til spørsmålet om muslimske privatskular, som det snart finst eit tjuetal av både i Sverige og Danmark. Trass i innvendingar som kan reisast mot den segregerande karakteren til religiøse privatskular, peikar Johansson på at dei muslimske privatskulane kanskje likevel vil bidra til å gjere islam svenskare, ved å styrke islams institusjonalisering og "vitalisera diskussionen bland muslimer om hur man bör leva som muslim i Sverige" (s. 190). Pia Karlsson skriv om svenske moskebygg som uttrykk for muslimsk "hemmahörande" samt "vilja til förankring i det fysiska rummet" (s. 203). Ho viser elles korleis moskebygg i Europa jamt over er meir multifunksjonelle enn i muslimske majoritetssamfunn, fordi dei i ein minoritetskontekst må fungere som "et samhälle i miniatyr" (s. 200).

Saman med Ingvar Svanberg gav Pia Karlsson alt i 1995 ut studien Moskéer i Sverige (Uppsala: Svenska Kyrkans Forskningsråd, 115 s.). Med undertittelen "En religionsetnologisk studie i intolerans och administrativ vanmakt" presenterte dei det interessante resultatet at lokale instansar nokså systematisk har vore meir nølande og kritiske til moskebygg enn dei politisk korrekte representantane for kyrkje og politikk på nasjonalplanet.

Blar ein vidare i Blågul islam? vil ein finne at antologien også gir eit spennande innblikk i korleis unge muslimar utviklar ein islamsk økoteologi i Sverige – som gode, naturelskande svenskar. Eit kapittel i boka viser også andre sider av svensk, muslimsk ungdomsaktivisme – under overskrifta "Sveriges Förenade CyberMuslimer".

Eit kortfatta bidrag viser også korleis dialogen mellom kristne og muslimar er i ferd med å bli institusjonalisert i Sverige.

Når det gjeld kyrkja og islam, kan det i tillegg visast til to publikasjonar som har sprunge ut av det offisielle islamprosjektet som Svenska Kyrkan har hatt gåande på 90-talet: Muslimska grannar. Svenska kyrkan möter islam (Uppsala: Svenska Kyrkans Församlingsnämnd, 1997, 112 s.) og Tro tilsammans (Stockholm: Verbum 1999, to hefter, 69 og 66 s.).

Samla sett gir Blågul islam? eit spennande innblikk i ulike aspekt ved institusjonaliseringa av islam i Sverige. Det meste er sett utanfrå, med forskarblikk. Men i nokon mon gir boka også inntrykk av korleis muslimane sjølve artikulerer sitt blågule islam.

Islam på norsk

Medan Blågul islam? har blitt til som eit resultat av eit forskarsamarbeid, gir Kari Vogt i Islam på norsk ein samla presentasjon av den innsikta ho personleg har vunne gjennom fleire års nærkontakt med dei muslimske miljøa i Norge. Sjangermessig står boka fram som populærvitskap metta med intervjubasert journalistikk – utført av Norges fremste islamkjennar og anretta for eit breidt publikum. Boka er den første omfattande studien av islam i Norge sidan Nora Ahlbergs doktoravhandling om pakistansk islam frå 1990 (New challenges – old strategies. Themes of variation and conflict among Pakistani Muslims in Norway. Helsinki: Finnish Anthropological Society), og mi eiga meir oversiktsmessige skisse Islam i Norge (tilgjengeleg under http:/www.uio.no/~leirvik).

I tradisjonen frå Nora Ahlberg har det vore vanleg å bruke religionssosiologiske kategoriar som "folkereligiøst" og "normativt" islam i skjelninga mellom ulike trendar hos norske muslimar. Kari Vogt distanserer seg uttrykkeleg frå desse omgrepa, som ho "bannlyser" frå si eiga framstilling fordi dei er verdiladde og kan gi inntrykk av at vi står overfor ei autentisk, "normativ" islamtolking versus ein mindre autentisk, "folkeleg" tradisjon (s. 28). Istaden vil ho (utan fordommar?) gå tett på dei ulike miljøa og organisasjonane, og skildre desse så nyansert som mogeleg. Det ho får fram med denne tilnærmingsmåten, er nettopp nyanserikdommen. Eg vil gi Vogt rett i at kategoriar som "folkeleg" og "normativ" religion lett kan føre til ei skjematisering som skuggar for mangfald og kryssande tendensar i dei ulike miljøa. Men heller ikkje i islamforskinga kan vi greie oss utan analytiske grep som hjelper oss til å forstå korleis normative tradisjonar blir tolka inn i nye, folkelege kontekstar. For norske muslimar sin del handlar det om eit kritisk samspel mellom den folkereligionen dei utvandra frå, ein norsk kultur som dei i mange stykke identifiserer seg med, og ein normativ religiøs tradisjon som er internasjonal i sin karakter.

Ser ein Vogts islambøker under eitt, der det ikkje vanskeleg å merke at Vogt – både som forskar og formidlar – har sine hjartesaker. Generelt legg ho vekt på å få fram islams rike mangfald og alle nyansane i muslimsk organisasjonsliv, mot alle som let seg lokke til forenkla generaliseringar. Det er også tydeleg at det er bestemte trendar i det moderne islam som Vogt gjerne vil bidra til å løfte fram – som dei liberale muslimane ho intervjua i Islams hus (1993), dei islamske kvinneaktivistane som trer tydeleg fram også i Islam på norsk, og dei meir ortodokse modernistane som ho alt i Kommet for å bli. Islam i Vest-Europa (1995) kalla "moderate islamistar".

I norsk samanheng er dei moderate islamistane representert ved ei rekkje muslimske fellessorganisasjonar (som liknar på tilsvarande tiltak i Sverige): Islamsk Råd (skipa i 1993), Muslimsk Studentsamfunn, Norges Muslimske Ungdom og dei kvinnestyrte tiltaka Den islamske informasjonsforeningen og Islamsk Kvinnegruppe. Vogt viser kor sterkt kvinnemedvitet er i desse miljøa, der mange balanserer fint mellom islamsk komplementaritetstenking og moderne frigjeringsideal. Det generelle inntrykket er at kvinner spelar ei ganske sentral rolle i moské-overgripande, muslimske fellestiltak. Ei sentral kvinne i Islamsk Råd seier: "vi kvinner har alltid blitt hørt" (s. 166).

Vi får også inntrykk av ei tverrkulturell, muslimsk ungdomsorganisering på tvers av førstegenerasjons skiljelinjer. Vogt får i det heile godt fram korleis det i dei nemnde fellesmiljøa skjer ei norsk, kreativ nytolking av islam som går på tvers av dei kulturelle skiljelinjene som dei gamle heimlanda (ofte foreldra sine heimland) sitt islam representerer. For Islamsk Råd sin del gjer ho det kjent at fleire av deira leiarar ved valet i 1999 oppmoda sine medlemmar til å stemme Kristelig Folkeparti, samtidig som dei førte rettssak mot staten på grunn av det dei opplevde som statleg tvang i KRL-faget (s. 170). Det blir nærliggande å tenke at dei moderate islamistane kanskje i røynda kan sjåast som ein muslimsk variant av nettopp Kristelig Folkeparti – med si blanding av forhandlingsprega deltaking i det norske demokratiet og motkulturell glød med religiøse overtonar.

Ved sidan å presentere fel lesorganisasjonane brukar Vogt mykje plass på ei grundig skildring av særdraga til dei mange og oftast nasjonalt baserte moskeane og muslimske forsamlingane i Norge. Ho får godt fram det pakistanske, tyrkiske, arabiske og afrikanske mangfaldet, og trekkjer linjene mellom norske og internasjonale organisasjonar. Hennar detaljrike organisasjonskart blir vidareført i ei meir tematisk framstilling der ho drøftar moskeen, imamen og rituala sin funksjon i norsk kontekst, samt brennande spørsmål i europeisk og norsk sharia-tolking. Ho gir omstridde ekteskapsspørsmål stor plass, og kombinerer sin eigen innsikt med norsk muslimars synspunkt på arrangerte ekteskap, tidsavgrensa ekteskap (det sjiamuslimske nytingsekteskapet) og såkalla "haltande ekteskap" (ekteskap som er oppløyst etter norsk lov men der mannen nektar å gi henne islamsk skilsmisse). I spørsmålet om arrangerte ekteskap lar ho ei muslimsk kvinne vise at foreldra sine sterke forventningar – "den milde tvangen" – er eit langt større problem enn dei få eksempla på meir bastant, fysisk tvang (s. 113).

Ein spennande del av boka handlar om sufismen i Norge. Her får Vogt meisterleg fram kor sterkt sufiordenane pregar både det pakistanske, tyrkiske og afrikanske islam i Norge – men ikkje det arabiske. Ho tilbakeviser også den vanlege fordommen at sufismen er upolitisk, og demonstrerer korleis åndeleg og politisk aktivisme går hand i hand i fleire av dei muslimske kulturane som norsk migrasjonsislam har sprunge ut frå, og held nær kontakt med.

Til saman gir Vogts bok eit mangefasettert bilete av så vel institusjonalisering som sjølvforståing hos norske muslimar. Som boktittelen gir hint om: det handlar om kontekstualisering av islam i Norge. Til å forstå denne prosessen trengst det både oversiktsbilete av den typen Vogt gir oss, og meir detaljerte studiar der ein med ulike analytiske verktøy vekslar mellom nærbilete og kritisk distanserande blikk.

Eit eksempel på ein analytisk studie av religiøs sosialisering hos pakistanske barn og unge i Oslo er Sissel Østbergs doktoravhandling ved University of Warwick, UK frå 1998: Pakistani children in Oslo: Islamic nurture in a secular context (1994-1998). Her viser ho korleis unge pakistanske muslimar utviklar det ho kallar ein "integrert plural identitet" – i spenninga mellom ulike roller, foreldre og venner, det norske og det pakistanske, det kulturelle og det religiøse.

Men for å forstå islam i Norden trengst det også personlege vitnemål der muslimane sjølve tar til orde. I den siste delen av denne bokartikkelen vil eg derfor låne øyre ein dansk og ein norsk muslim. Deira stemmer er markert forskjellige. Den eine er ei kvinnerøyst, som taler svært dansk om islam, og svært sjølvkritisk om islamsk kvinnesyn. Den andre er ei mannsrøyst, som taler om religion og moral i ein modus som kan minne om uttrykksmåten til veletablerte kyrkjeleiarar i Norge.

 

Ei dansk kvinnerøyst

I boka Islam i europæisk klædedrakt (1998) siterer den danske konvertitten til islam, Aminah Tønnsen Echammari, Søren Kirkegaard i lett revidert utgåve: "Der findes ikke noget som en islamisk stat. Muslim [kristen] kan kun det enkelte menneske være". Mange av hennar kapittelvignettar er Kierkegaard- og Grundtvig-sitat (t.d. "Menneske først …"), noko som viser at vi her har med ein rotekte dansk muslim å gjere.

Boka kan lesast som eit manifest for eit opplyst, europeisk islam som set individets integritet og ansvar i sentrum – og som eit kvinnemanifest. Forfattaren argumenterer energisk mot det muslimske "tørklæde", som ho nokså eintydig tolkar som teikn på muslimske kvinners underkasting under tradisjonell mannsmakt. I kritisk distanse til moderate islamistar kritiserer ho også det såkalla "nye tørklæde", som mange unge, aktive og sjølvstendige kvinner ber som teikn på at dei både er moderne og religiøse. Her hevdar ho at fleirtalet av muslimske menn – uavhengig av intensjonane hos dei tilslørte kvinnene – vil ta det nye sløret som "en stiltiende accept av hele den i bund og grund u-islamske patriarkalske samfundsform, hvor piger og kvinder marginaliseres, diskrimineres og misbruges" (s. 99). Utifrå erkjenninga at "oprigtig gudstro kommer indefra og kan naturligvis ikke måles med et eller flere stykker stof " (s. 64), vil Tønnsen Echammari at menn så vel som kvinner heller svøper om seg "den vakraste kledningen", som er sann gudsfrykt (Koranen 7:26).

Ho framfører også ein skarp kritikk mot det ho stemplar som muslimsk kjønnsdiskriminering og dobbeltmoral i seksualliv og ekteskapssaker, mellom anna det tidsavgrensa "nytingsekteskapet" som shiaislam og det elles så strenge presteskapet i Iran tillet mennene å gå inn i når dei måtte lyste. Heile vegen argumenterer ho for sitt eige konsekvent gjennomførte likestillingsstandpunkt med Koranen i hand. Med si nedtoning av dei kollektive aspekta ved islam, og sin innanfrå-kritikk av forhold som også den allmenne opinionen er opptatt av, er Islam i europeisk klædedragt eit til no nokså eineståande eksempel i nordisk samanheng på eit muslimsk vitnemål som på same tid er fromt, liberalt og utilslørt kampvillig.

Muslimske feministsøstre som har valt å bere skaut vil nok meine at hennar frontalangrep på "tørklædet" eigentleg er litt illiberalt, kanskje også at Tønnsen Echammari ved si nedtoning av dei kollektive dimensjonane ved islam tar brodden av den motkulturelle opposisjonen som muslimar kan utgjere i Vesten.

 

Ei norsk mannsrøyst

I 1998 gav ein framståande norsk muslim ut ei personleg bok om islam. Mohammed Bouras, forfattaren av Islam i Norge, var fram til 1999 leiar for Islamsk Råd. Bouras har mange ærend i boka si, dei fleste av dei langt meir apologetiske på islams vegner enn Tønnsen Echammari sine.

Mykje av boka er fylt av Bouras sin personlege presentasjon av kva det vil seie å vere muslim, i "et liv i bønn og tro". Han stansar ofte ved spørsmål som han veit kan vere kontroversielle. Når det gjeld ekteskapsspørsmål og kvinnesyn, held Bouras til dels energiske forsvarstalar for tradisjonelle, islamske posisjonar. Han argumenterer for at islams opning for polygami er fornuftig og forsvarleg, rett nok som ei unnataksordning. I sitt forsvar for det klassiske synet at kvinna berre har halv vitnekraft, slår han bastant fast at "Kvinnen er av natur lidenskapelig følsom, lettpåvirkelig og tilbøyelig til å bevege seg bort fra de reelle fakta i den bestemte sak" (s. 107). Når det gjeld alkohol, tar han med tilvising til så vel Koranen som aktuelle norske utfordringar sterkt til orde for totalfråhald, og viser at den norske fråhaldsrørsla kan pårekne solid vitamininnsprøyting frå muslimane si side.

Finst det så element av muslimsk sjølvkritikk frå Bouras si side (jf. undertittelen til Tønnsen Echammaris bok, "til eftertanke og selvransagelse")? Det gjer det. Sjølv om han gjer det klart at islam alltid "har anerkjent krig som en lovlig og forsvarlig vei til selvforsvar og gjenopprettelse av rettferdighet, frihet og fred" (s. 70), går han til kraftig åtak på valdsromantiske muslimske grupper i den arabiske verda og Afghanistan. Han konstaterer også at muslimane i Vesten dagleg må bere byrdene av det dårlege ryktet som slike grupper skaffar islam. Når det gjeld fatwaen mot Rushdie, meiner han at denne berre har gjort vondt verre. Han rår sine trussøsken i Norge til å "la være å uttale seg om denne vanskelige saken" (s. 146), men unnlet ikkje å fordøme attentatet mot Nygaard i skarpe ordelag.

Ei anna interessant side ved Bouras’ bok er den vekta han legg på det gode forholdet til kristne i Norge, slik dette kjem til uttrykk i Kontaktgruppa for kyrkja og Islamsk Råd som har vore i sving frå 1993. Han nemner også Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn. Her har muslimane frå 1996 hatt regelmessig kontakt også med frikyrkjene, dei andre religionssamfunna og humanetikarane. Men han legg heller ikkje skjul på konfliktsakene mellom muslimane og den kristne majoriteten. Han brukar stor plass på å forklare muslimane sin motstand mot KRL-faget, om enn "ikke på humanetikernes premisser" (s. 154). Han er kritisk til eit fellesfag som let ei dominerande kristendomsundervisning vere faneførar mot pluraliseringskreftene, og tar betimeleg til motmæle mot Arbeidarparti-politikarar si stempling av motstandarane av faget som fundamentalistar. Hans positive synspunkt er at alle born bør få "undervisning i egen religion og livssyn for å bygge det nødvendige identitetsgrunnlag før de går i dialog med barn fra andre religioner og livssyn". Derfor tar han til orde for eit "felles fag i etikk" på høgare klassetrinn, der ein etter å ha blitt trygg nok på sitt eige kan få "lære om hverandres tro" (s. 161).

I høve til Aminah Tønnsen Echammaris opprørske, islamske feminisme er Bouras si bok prega av å vere skriven av ein mannleg muslimsk leiar som på 90-talet fann sin plass i den norske offentlegdommen. Hans forsvarstale for islam er mildt konservativ, men på ein nokså avslappa måte som viser at ein muslimsk leiar ikkje lenger treng rope for å kome til orde i den offenlege samtalen. Islam er i ferd med å bli ein del av norsk kultur og norsk organisasjonsliv, liksom islam i Sverige er i ferd med å bli blågult. I Norge har dette også kome til uttrykk ved at den noverande leiaren for Islamsk Råd, Kebba Secka, sit i Verdikommisjonens råd.

 

Frå nettverksbygging til etisk-teologisk samtale?

Kanskje er det eit typisk uttrykk for skandinaviske forskjellar at medan muslimar i Norge og Sverige (lik sine innfødde landsmenn) er fullt opptatt med organisasjonsbygging, skriv danske muslimar teologiske bøker som relaterer sin versjon av islam til Grundtvig og Kierkegaard. Her har det nyleg blitt reist ein milepel på dansk jord. Våren 2000 forsvarte den dansk-bosniske muslimen Safet Bektovic eit doktorarbeid ved Det teologiske fakultet i København, der han under overskrifta Troens lidenskab hos Søren Kierkegaard og i sufismen samanlikna åndelege innsikter hos Kierkegaard og den islamske mystikaren Ibn al-Arabi. (Ein smakebit av hans forsking – "The double movement of infinity in Kirkegaard and in Sufism" – finst i tidskriftet Islam and Christian-Muslim Relations 3:1999.) Bektovic si avhandling tør vere eit godt varsel om nye og spennande teologiske samtalar i Norden.

 

(Bokartikkelen er trykt i Norsk Teologisk Tidsskrift nr. 3:2000)