Oddbjørn Leirvik:

Islamkritikk: kristen, humanetisk, muslimsk

 

Trykt i Religion og livssyn nr. 3: 2005, s. 14-19.

 

Dei siste åra har vi, også på norsk jord, sett framveksten av tre ulike (men likevel til dels konvergerande) typar av islamkritikk: (1) nye versjonar av klassisk kristen polemikk mot islam, no som før med klare politiske overtonar; (2) ein meir energisk islamkritikk frå humanetisk hald; og (3) ein meir frimodig intern religionskritikk mellom muslimane.

 

Nye former for kristen polemikk mot islam

 

Då Carl I. Hagen sommaren 2004 gjekk på talarstolen i Levende Ord, talte han i namnet til ”vi kristne” og stempla islam som ein valdeleg religion i kamp for verdsherredøme. Til stor applaus frå forsamlinga sette han den milde Jesus opp mot krigsherren Muhammad: ”Vi kristne er veldig opptatt av barn. La de små barn komme til meg, sa Jesus. Jeg kan ikke skjønne at Mohammed har sagt det samme. I tilfelle … måtte det være: La de små barn komme til meg, slik at jeg kan utnytte dem i min kamp for å islamisere verden.”[1]          

Hagen fekk ikkje stå uimotsagt. Reaksjonane viste at dei andre politiske partia (med unnatak av nokre KrF-leiarar på Vestlandet) tok unisont avstand frå Hagens utspel. Også leiarane i dei store kristne organisasjonane reagerte. I slutten av september kom eit breitt spekter av kristenleiarar saman og distanserte seg klart og tydeleg frå Carl I. Hagens åtak på islam. Her stod Den norske kyrkja hand i hand med evangelistar og pinsepastorar som Aril Edvardsen og Åge Åleskjær samt leiarane i dei store misjonsorganisasjonane, i ei felles markering mot det dei kalla ”islamofobi og muslimhets”.[2]

            Alt i 1997 kom eit like breitt spekter av kyrkjeleiarar – frå det konservative Misjonssambandet til det liberale Norges Kristelige Studentforbund, frå pinsevennar til katolikkar – med ei hyrdebrev åtvara mot muslimfrykt i kristne krinsar.[3] I røynda var hyrdebrevet ein reaksjon på Fremskrittpartiet sitt forsøk på å spele ut det muslimske kortet i valkampen og appellere til kristenfolket om å støtte dei i kampen mot den islamske faren. I flokk og følgje gjekk kristenleiarane til den største pakistanske moskeen i Oslo for å uttrykke sin solidaritet med muslimane. For mange var dette deira første besøk i ein norsk moské. Hendinga var historisk: kyrkjeleiarar som elles har store problem med å bli samde om noko som helst, samla seg til ein felles kritikk av høgrepopulistisk omtale av muslimane som ein fare for det norske samfunnet.

Trass i desse sterke markeringane frå kyrkjeleiarane si side, er det mykje som tyder på at kristen islamkritikk med høgrepopulistiske overtonar har vind i segla. I 2002 gav ProklaMedia, forlaget til den offensive misjonsorganisasjonen Ungdom i Oppdrag, ut boka Islam og terrorisme. I 2003 følgde forlaget opp med ei norsk utgåve av Gabriels bok Islam og jødene. Kampen som ikke er over.

Bøkene er frå ende til anna manande kampskrift mot islam. I boka Islam og terrorisme får vi vite at islam si historie er som ei elv av blod; at muslimar meiner at dei fredsæle passasjane i Koranen er avskaffa av dei mest konfronterande versa; at det fremste målet for einkvar muslim er verdsherredøme i Allahs namn; og at ein må rekne med at dialogvennlege muslimar systematisk løyner sitt eigentlege formål som er å ta kontroll over Vesten. Militante muslimar gir forfattaren følgjande attest: ”Det er disse som utfører volds- og terrorhandlinger … som praktiserer det egentlige islam slik Koranen foreskriver at det skal være.”[4]

Forfattaren kallar seg Mark Gabriel, eit namn som den tidlegare muslimen frå Egypt tok då han under dramatiske omstende konverterte til kristendommen, under Youth with a Mission sine venger. Som nyfrelst framstiller han kristendommen som kjærleikens religion og islam som hatets. I bøkene får vi vite at Gabriel har vore professor i islamsk historie ved det prestisjefylte Al-Azhar universitetet i Kairo. Slik han fortel om det i boka, var det her han kom i tvil om den fundamentalistiske korantolkinga som rådde grunnen ved lærestaden.

Gabriels personlege lidingshistorie, slik han utfaldar den i boka, er reell nok og det er ingen grunn til å bagatellisere dei valdelege reaksjonane som religiøse dissidentar regelmessig blir utsett for i muslimske samfunn. Paradokset er at Gabriel etter si omvending synest å ha omfamna ei like fundamentalistisk form for kristendom som den blinde bokstavtrua han braut opp frå. Sjølv om det nettopp var det manglande rommet for tvil ved Al-Azhar som skapte ei truskrise hos han, insisterer Gabriel som kristen på at det berre finst éi sanning om islam – nemleg den verst tenkelege. No finst det heilt klart militante muslimar, både i Egypt og andre stader, som faktisk står for den type islamtolking som Gabriel utfaldar i boka si. Problemet er at Gabriel framstiller dette som den einaste sanne tolkinga av islam.

Forlaget kunne elles tidleg opplyse at førsteopplaget av Islam og terrorisme vart rive vekk. Som ein del av marknadsføringa fekk stortingsrepresentantane kvar sitt gratiseksemplar av boka. Kristne bokhandlar har meldt at boka har vekt stor interesse og selt særs godt, ikkje minst på Vestlandet. I 2004 fekk eg ein telefon frå ein journalist i Bergens Tidende som kunne fortelje at då Mark Gabriels bok kom ut i fjor, melde det seg straks fleire lesarbrevskribentar som viste til Gabriel som sjølve sanningsvitnet for at muslimane ser på kristne og jødar som fiendar og har det som sitt langsiktige mål å nedkjempe dei med sverd.

Også forlaget si marknadsføring overfor politikarane ser ut til å ha falle i god jord. Etter å ha merka meg kva Carl I. Hagen har lagt vekt på i diskusjonar om islam dei siste åra, fekk eg ein stadig sterkare mistanke om kvar han henta sin islamkunnskap frå. I fjernsynsprogrammet Holmgang den 17. november 2004 stadfesta Hagen mine mistankar ved å vise til nettopp Islam og terrorisme som ei god kjelde til kunnskap om korleis islam eigentleg er.[5] Slik blir Carl I. Hagen sin tale i Levende Ord noko anna og meir enn ein episode der partileiaren, oppøst av den karismatiske stemninga, kanskje tok vel hardt i. Talen er eit teikn på ein tiltakande allianse mellom høgrepopulistisk politikk og kristen fundamentalisme i Norge, med Israels-vennskap og islamkritikk som sentrale flaggsaker.

Men Hagen, Levende Ord og Ungdom i Oppdrag sin islamkritikk har også djupe historiske røter. I den kristenkonservative polemikken mot islam, som høgrepopulistar i både Norge og USA har alliert seg med, finn ein att dei velkjende trekka frå kristen mellomalderpolemikk mot islam. Om ein oppsummerer standardklagemåla mot islam frå kristen mellomalderteologar, vil ein finne fire punkt som går igjen i den klassiske polemikken: (1) at islam er ei falsk tru og ei medviten forvrenging av sanninga; (2) at islam er ein religion som spreier seg ved vald og sverd; (3) at islam er ein religion som fremjar livsnyting (med opning for fleirkoneri og lovnad om vakre jomfruer til dei salige); og (4) at Muhammad er Antikrist.[6] (Den seksualiserte kritikken av Muhammad vart i 2005 henta opp av den norsk-svenske predikanten Runar Søgaard som i Karisma Senter i Stockholm karakteriserte Muhammad som ”en forvirret pedofil” som ”holdt på med å gifte seg med niåringar, elleveåringar”.[7])

 

Humanetisk islamkritikk

 

Det er denne arven kristne fundamentalistar no vekkjer til live igjen, med eit lydhøyrt publikum både hos andre konservative kristne og høgrepopulistiske politikarar. Men kristne polemikarar er ikkje åleine om å åtvare mot den islamske faren. Dei siste åra har også Human-Etisk Forbund gjort islam til den fremste målskiva for sin religionskritikk.

I ein bokomtale i Morgenbladet av den norske utgåva av Nietzsches Antikrist. Forbannelse over kristendommen, peika Helge Jordheim i 2003 på at den allmenne religionskritikken i vestlege samfunn synest å ha avgått ved døden men stått opp att som islamkritikk.[8] Då Arnulf Øverland heldt sitt historiske foredrag i 1931 om ”Kristendommen – den tiende landeplage”, var religionskritikk synonymt med kristendomskritikk. Øverlands religionskritikk hadde både ein rasjonalistisk og ein moralsk brodd. Han meinte at den kristendomsundervisninga som borna vart utsett for i skulen ”ødelegger deres forstand”, men var også moralsk forarga over kristendommen sine autoritære og valdelege ytringsformer.

Dei seinare åra har hans åndelege arvingar, norske humanetikarar, retta den same brodden mot islam. Samtidig har leiande humanetikarar gått langt i retning av å friskmelde kristendommen. I eit oppsiktsvekkande intervju i mai 2003 som Dagbladet gav overskrifta ”Islam er livsfarlig”, rosar Levi Fragell utviklinga i vestleg kristendom men uttrykker seg bastant og sterkt kritisk om islam. Han slår fast at kristne ikkje lenger nødvendigvis meiner ”at alt som står i Bibelen er Guds ord som skal følges til punkt og prikke”. Dette har skapt eit prisverdig tvisyn i kyrkja, seier Fragell, og held fram: ”Hvis ikke vi klarer å åpne for det samme tvisynet i islam, er vi fortapt”. For medan mange kristne ”har tatt det beste ut av sin tro” og erstatta hat med toleranse, er altfor mange muslimar framleis prega av det Fragell kallar ”islams kulturhat mot Vesten”. ”I dag er islam mye farligere enn kristendommen”, konkluderer Fragell.[9]

Alt året før, i debatten etter Fadime-drapet i Sverige i 2002, gjekk generalsekretær Lars Gule langt i retning av å gi islam som religion skulda for dei kvinneundertrykkande haldningane som er utbreidd i tradisjonelle, muslimske kulturar.[10]

Humanetikarane sin kritikk av autoritære utgåver av islam og den livstrugande forfølginga som dissidentar og fråfalne kan bli utsett for i muslimske samfunn, kan underskrivast av dei fleste som vedstår seg arven frå opplysningstida og har eit engasjement for religionsfridom. Problemet for religiøse humanistar er at humanetikarane somme tider blir like unyanserte i sin kritikk av islam som dei før har vore det i sin kristendomskritikk. Somme tider skin det også igjennom ein essensialistisk tanke om at islam ”i seg sjølv” er autoritær, kvinneundertrykkande eller valdsfremjande.

Her er det ironisk nok eit samanfall mellom den mest unyanserte islamkritikken frå humanetisk hald (slik den for eksempel kjem til uttrykk i Ibn Warraqs Hvorfor jeg ikke er muslim som Humanist forlag gav ut på norsk i 2003) og den tiltakande kritikken av islam frå konservative/karismatiske kristne. Liksom Gabriel insisterer Ibn Warraq på at islam – i sin essens – er lik fundamentalisme. Derfor går han til åtak på integriteten til alle muslimar som arbeider for ei forsoning mellom islam og moderne menneskerettstenking. Ein av dei Ibn Warraq æreskjeller er eksilsudanesaren Abdullahi Ahmed an-Na’im som er internasjonalt kjend for boka Toward an Islamic Reformation (frå 1990).

Står så muslimane overfor ein verdsomfattande konspirasjon av kristne og humanetiske åndskjemparar? Slik er det likevel ikkje. I forordet til boka Ibn Warraq distanserer Lars Gule seg frå nokre av forfattaren sine mest urimelege generaliseringane om islam. Etter at Carl I. Hagen kledde seg i kristen rustning og faren for forveksling av kristen og humanetisk islamkritikk vart openberr, har Gule kritisert både han og kristne polemikarar for reinspikka hets mot muslimane og  klarare enn før tatt til orde for ein nyansert islamkritikk som tar høgde for det konfliktfylte mangfaldet innanfor islam. Som moralsk forarga og kjempande rasjonalist ønskjer han seg også ein meir allmenn religionskritikk, ein kritikk som Gule meiner må ramme kristne fundamentalistar like hardt som deira (uerkjente) muslimske slektningar.[11]

 

Muslimsk islamkritikk

 

Den tredje forma for islamkritikk, ved sidan av nyvekt kristen polemikk mot islam og ein meir allmenn religionskritikk frå humanetikarane si side, er den religionsinterne kritikken som muslimar sjølve gir stemme til. Andre- og tredjegenerasjonen av muslimar i Vesten er generelt mykje meir frimodige enn sine foreldre når det gjeld å stille kritiske spørsmål ved den måten religionen blir praktisert på i dagens globaliserte samfunn. Dei kritiserer  ikkje berre Bush sin imperialistiske kristendom og Israels militante jødedom, men også former for islamsk trusutøving som dei meiner er prega av intoleranse og aggressive forsvarsreaksjonar.

Også kvinnespørsmål står svært sentralt i den religionsinterne islamkritikken. I 2004 publiserte nettsida til den amerikanske organisasjonen Muslim WakeUp eit tipunkts manifest som kravde rom og respekt for kvinner i moskeane.[12] I 2005 stod det same nettverket bak ei samling i New York der den kjende islamske feministteologen Amina Wadud heldt fredagspreika og leidde ei kjønnsblanda forsamling i bøn.[13] Den revolusjonære handlinga gav gjenlyd internasjonalt. Muslimske kvinneaktivistar sin kritikk av patriarkalsk familieliv og marginalisering av kvinnene i samfunnslivet, er velkjent. Det nye er at ein no klarare enn før ser at dei mest radikale kvinneaktivistane også utfordrar dei religiøse maktposisjonane.

Nokre av dei muslimske kvinneaktivistane utfordrar også det tradisjonelle synet på seksualitet og samliv i islam. I Canada publiserte den lesbisk sambuande muslimen Irshad Manji i 2003 boka The trouble with Islam. Boka kom på norsk i 2005 med tittelen Hva er galt med islam? En oppfordring til ærlighet og forandring. Manji går ikkje berre i rette med det rådande synet på seksualitet i islam, med krav om respekt for likekjønna samliv. Ho kritiserer også dei autoritære haldningane og sperrene mot å stille kritiske spørsmål til den islamske læra som ho har møtt i moskeane, og avdekker dei antijødiske haldningane som ho meiner å finne i muslimske miljø verda over.

Det som skil Irshad Manji sin sterkt polemiske islamkritikk frå Ibn Warraq sin, er at ho meiner at andre tolkingar av Koranen er både mogelege og rimelege. Med sine kontroversielle meiningar nektar ho å la seg marginalisere og insisterer på å bli respektert som del av det tolkande fellesskapet innanfor islam.

Liksom i den religionsinterne kristendomskritikken frå siste halvdel av 1900-talet, er det kvinner som går i front også i den indremuslimske religionskritikken. Men kvinnene er ikkje åleine. Når det gjeld temaet islam og terror, er det nærast rutine at tonegivande muslimske leiarar etter spektakulære valdshaldningar går ut i media og hevdar at terror ikkje på nokon måte kan legitimerast ut frå islam. Men somme tider kan ein også merke ei meir sjølvkritisk tilnærming, på det muslimske trusfellesskapet sine vegne. I september 2004 kom den kjende skribenten Abdel Rahman al-Rashed med ein sjølvkritisk kraftsats under overskrifta ”A Wake-up Call: Almost all terrorists are Muslims”. Al-Rasheed er ingen marginal figur. Han er ein sentral skribent i avisa Al-Sharq al-Awsat som er finansiert av saudiarabiske pengar og blir lesen av mange muslimar i både Midtausten og Vesten. Slik lydde hans mest provoserande kraftsats, som ikkje uventa egga mange trusfellar til motseiing: ”Det er eit sikkert faktum at ikkje alle muslimar er terroristar, men det er like sikkert, og forferdeleg smertefullt, at nesten alle terroristar er muslimar.”[14] Al-Rashed nøyde seg såleis ikkje med dei vanlege og rettkomne forsikringane om at all terror er i mot islam sitt sanne vesen. Han oppmoda i staden muslimar til å vurdere kritisk den revolusjonære ideologien som blir propagandert av mange islamistiske organisasjonar og forkynt i moskeane deira, for å sjå om det her (trass i forsikringar om det motsette) kan ligge ideologiske spirar til valdsdåd i islam sitt namn.

Slike kritiske røyster blir det stadig fleire av, innanfor det muslimske fellesskapet. No er det også slik at nokre av dei som har kritisert islam innanfrå (som Ibn Warraq), har forlate det islamske trusfellesskapet. I norsk samanheng har Shabana Rehman markert seg (i Dagbladet andre fora) som ei sterkt islam- og religionskritisk stemme, med kraftsatsar som denne: ”De religiøses praksis kveler menneskets frihet. Til helvete med dem!”[15] Men både i Shabana Rehmans tilfelle og i bøkene til Walid al-Kubaisi (Min tro, din myte, 1996 og Halvmånens hemmeligheter, 1998) kan ein ane ein ambivalens mellom ønsket om å bli tatt på alvor som kritiske røyster innanfor det muslimske fellesskap, og ein meir religionskritisk posisjon der ein kritiserer islam utanfrå.

 

Opplyst religionskritikk?

 

Som vi ser, er det nokre tema som går igjen i den kristenkonservative, humanetiske og indremuslimske kritikken av islam sine ytringsformer: valdsbruk i namnet til religionen, forholdet til andre religionar, religiøs ytringsfridom og (med stadig større trykk i moderniteten) kvinnene si stilling. Men sjølv om ein kan sjå ein konvergens i tema for islamkritikken, er premissane for dei tre typane islamkritikk som eg har karakterisert ovanfor, heilt ulike.

Dei muslimske miljøa i Vest strevar enno med å venje seg til den opne og kritiske samtalen i demokratiske samfunn der ytringsfridom rår. Nokre reagerer med å slutte rekkjene i forsvar. Andre opnar seg for ein meir demokratisk religionssamtale internt og innser at dei også må leve med dei fråfalne sin ofte overdrivne og unyanserte kritikk. Men alle blir dei nok ganske så slitne av at den religionen dei tilhøyrer dagstøtt blir utsett for offentleg og slett ikkje alltid velinformert kritikk.

            Spørsmålet er om det – i eit polarisert kulturklima – er mogeleg å utvikle ein meir allmenn og opplyst religionskritikk som rettar seg mot alle autoritære former for tru og livssyn, utan at den religionen som akkurat no er mest i media sitt fokus alltid blir sittande med svarteper.

I europeisk kontekst handlar det om korleis ein på ein ansvarleg måte forvaltar arven frå opplysningstida. Opplysningstida sin religionskritikk var i det alt vesentlege kristendomskritikk, med tre sentrale element: (1) Ein rasjonalistisk kritikk av overtru og tiltrua til guddommelege inngrep; (2) ein modernistisk kritikk av autoritære religionsformer som ein meinte var til hinder for sosialt og politisk framsteg; og (3) ein moralsk kritikk av undertrykkande og valdeleg religion, på den mørke bakgrunnen av religionskrigar i Europa.

            Den rasjonalistiske religionskritikken er det i dag nesten berre dei mest hardbalne humanetikarane som forvaltar. Den modernistiske og moralske religionskritikken, derimot, er det langt fleire som identifiserer seg med – også i viktige delar av dei religiøse miljøa.

Under dei nemnde formene for moderne religionskritikk finn vi to sterke overtydingar. For det første: kriteriet på sunn religion er kor vidt den støttar eller hindrar den moralske autonomien til individet. Det er denne autonomien som gir individet frimod å kritisere religionen på eit moralsk grunnlag – i namnet til menneskeslekta eller humaniteten. For det andre: alle religiøse tradisjonar, inkludert dei heilage skriftene, må vere opne for historisk-kritisk gransking. I Vesten har både den historiske og moralske religionskritikken blitt institusjonalisert, ikkje berre gjennom etableringa av religionsvitskap som ein sjølvstendig disiplin ved universiteta men også gjennom utviklinga av ein kritisk ”universitetsteologi” på kristen mark (ei utvikling som også kristne høgskular og teologiske seminar har blitt avgjerande prega av).  Medan kyrkjene ofte har forsvart seg energisk mot det dei såg som ugudelege angrep (for eksempel tok det lang tid før kyrkjene opna seg for den moderne menneskerettstenkinga), har kristen universitetsteologi langt på veg adoptert dei moderne ideane om historisk kritikk, individuell autonomi og universelle menneskerettar. I nokon grad har kristen universitetsteologi i Vesten også opna opp for ei moralsk diskusjon av heilage tekstar og religiøse doktrinar.

Kanskje vil det også vere avgjerande for den opplyste islamkritikken si framtid at europeisk islam får sjansen til å utvikle ei form for ”islamsk universitetsteologi” der muslimar på eigne premissar kan arbeide uavhengig, kritisk og kreativt med sin eigen tradisjon.

 

 

Referansar



[1]               Hagen angrep islam”, nrk.no 13.07.04.

[2]               Kristenledere mot Hagens Muhammed-utspill”, Vårt Land 25.09.04, jf. oppslag på kirken.no 24.09.04:Kristenledere sammen mot islamofobi og muslimhets”.

[3]               Om ’muslimfrykt’ og vår holdning til innflyttere”, Norges Kristne Råd 29.08.97. Jf. Vårt Land 03.09.97: ”Kristenledere mot norsk muslimfrykt

[4]               Mark Gabriel: Islam og terrorisme, Ottestad: Prokla Media 2002, s. 66.

[5]               Oddbjørn Leirvik: ”Boka Hagen har lest”, Dagbladet 20.11.04.

[6]               Sjå William Montgomery Watt: Muslim-Christian Encounters. Perceptions and Misperceptions. London: Routledge 1991, s. 85f og Rollin Armour: Islam, Christianity and the West. A Troubled History. New York: Orbis Books 2002, s. 50ff.

[7]               Vårt Land 22. april 2005: ”Demonstrasjoner mot Runar Søgaard” (http://www.vl.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20050422/ARTIKLER/50422012/1122/diskusjon)

[8]               Helge Jordheim:En blodtørstig ateist holder preken”, Morgenbladet 03.10.03.

[9]               Intervju med Levi Fragell: ”Islam er livsfarlig”, Dagbladet 05.05.03.

[10]             Lars Gule: ”Islam og æresdrap”, kronikk i Dagbladet 24.02.02

[11]             Lars Gule: ”Hagens islamhets”, Dagbladet 26.7. 2004.

[12]             Muslim WakeUp, September 8, 2004 (http://www.muslimwakeup.com/mainarchive/001100.php)

[13]             Sjå annonseringa: http://www.muslimwakeup.com/events/archives/2005/03/friday_prayer_l.php

[14]             Ein engelsk versjon av artikkelen, med påfølgjande debattinnlegg, står i nettavisa til Arab News (http://www.arabnews.com/9-11/?article=32&part=2)

[15]             Dagbladet, 27.7. 2001. Jf. essaysamlinga , Cappelen 2002.