Jesus som muslim – tekstar

 

·      JESUS (‘îsâ) KRISTUS (al-masîh) I KORANEN

 

Vi sendte Vår ånd til henne som en vakker mann. Hun sa: ‘Jeg ber den Barmhjertige bevare meg mot deg -, om du har gudsfrykt.’ Han svarte, ‘Jeg er bare en Herrens utsending for å gi deg en sønn, ren av hjertet’. Da sa hun: ‘Hvordan skal vel jeg få en sønn, da ingen mann har rørt meg? Jeg er ikke løsaktig!’ Han svarte, ‘Slik blir det! Herren sier, ‘Dette er lett for Meg!’ (19:17-21 – jf. annan versjon i 3:37ff/42ff).

 

Da sa barnet: ’Jeg er Guds tjener. Han har gitt meg Skriften, og gjort meg til profet! Han har velsignet meg hvor jeg enn ferdes, og han har pålagt meg bønn (salâh) og godgjørenhet (zakâh) så lenge jeg lever ... Måtte fred være over meg den dagen jeg ble født, den dagen jeg dør, og den dagen jeg gjenreises levende (19:31-34/30-33).

        

... de drepte ham ikke, og de korsfestet ham ikke, men det fortonet seg slik for dem. De som er uenige om ham, er i tvil med hensyn til dette. De har ingen kunnskap om det, men følger formodninger (4:156/157).

        

Vantro er de som sier, ‘Gud er Kristus, Marias sønn. Men Kristus sa, ‘Dere Israels barn, tilbe Gud, min Herre og deres Herre (5:76/72).

 

En gang sier Gud, ’Jesus, Marias sønn, har du sagt til menneskene ‘Ta meg og min mor til guder utenom Gud?’ ... Du alene kjenner det skjulte. Jeg har bare sagt dem det Du har pålagt meg, ‘Tilbe Gud, min Herre og deres Herre’ (5:116f).

        

Vi gav ham Evangeliet med ledelse og lys, for å stadfeste det som forelå før de i Loven, og som ledelse og formaning for de gufryktige (5:50f/46).

 

Jeg vil forme for dere fugl av leire, og blåse på det, og det vil ved Guds samtykke blir levende fugl. Jeg vil med Guds samtykke helbrede blinde og spedalske, og jeg vil oppvekke døde (3:43/49, jf. 5:110).

                 

Hans [Guds] Ord, som han inngav Maria, – en Ånd fra Ham (4:169/171).

        

Engang sa Jesus, Marias sønn, ‘Israels barn, jeg er Guds sendebud til dere, for å stadfeste Loven som foreligger før meg, og bebude et sendebud som kommer etter meg, hvis navn er Ahmed’ (61:6).

 

Han [Marias sønn] utgjør kunnskap om Timen ... (43: 61)

 

·      ORD OM JESUS I HADITH-SAMLINGANE

 

[Om Jesu gjenkomst ved dei siste tider:] Han skal bryte sund korset og drepe grisane og det skal ikkje lenger finnnast nokon jizya [skattlegging for ikkje-muslimar].

        

·      FOLKELEG FORTELLINGSTRADISJON

 

(Fokuserer på Jesu askese og hans kroppslege mirakel som her blir utbrodert – særleg barndomsundera og dødeoppvekkingane. Jesushistoria som magisk fortelling? Sjanger: ”Profethistorier”.)

 

·      SUFISMEN [vekt på askese, åndeleg fortolking av mirakla]

 

Verda er ei bru. Gå over henne. Ikkje slå deg til der.

 

Han som søkjer denne verda er lik ein som vil drikke av havet - dess meir han drikk dess tørstare blir han, til det til slutt tar livet av han (Jesus iflg. al-Ghazali).

        

Fromheten består av ti delar. Ni av dei er stillhet, dei tiande er einsemd (Jesus iflg. al-Ghazali).

 

Jesus (fred vere med han) bruke ofte å le, Johannes Døyparen gret mykje. Johannes sa til Jesus: ’Du har blitt altfor sjølvtrygg overfor dei finare forføringane, sidan du ler så ofte’. Jesus svarte: ’Du har visst blitt altfor umerksam på Guds fine, hemmelege og vidunderlege nåde og msikunn, sidan du gret så mykje! (Jesus som smilande asket, iflg. Rumi)

 

Du Herren gav meg makt til å bringe døde tilbake til livet, å la dei blinde få synet og dei døve få høyre, men han gav meg ikkje makta til å helbrede ein dåre (Jesus iflg. Razi, jf. Rumi). 

 

Åndene, etter sin opphavlege natur,  har den livgivande anden til Jesus  ... Når nokon spør deg: Korleis vekte Jesus opp dei døde? Så gi meg eit kyss medan han ser på: ‘Slik!’ (Rumi).

        

Det er smerte som leier mennesket i alt det har føre seg.Vi har alle ein Jesus inne i oss, men han kan ikkje bli fødd før fødselsveene gjer seg gjeldande (Rumi).

        

·      SJIA-ISLAM (større sans for pasjonshistoria, som vekker gjenklang i fortellinga om Husseins martyrium?)

 

Jesus som muslim – perspektiv

 

·      KVA VAR DEN POLEMISKE KONTEKSTEN?

 

Arabisk fleirguderi? Kristen monofysittisme, som kalla Maria for gudeføderske og nedtona Kristi menneskelege natur?

 

·      KVIFOR NEKTAR ISLAM AT JESUS VAR GUDS SON?

 

Koranen avviser at han var walad, dvs. avkom i fysisk forstand men ikkje nødvendigvis at han er ibn? (ordet ibn – det vanlegaste ordet for ordet son på arabisk – kan ha ei vidare og meir metaforisk meining.

 

Byggjer avvisinga også på ei misforståing av treeiningslæra? Jf. Koranen 5:116f ovanfor og 5:77/73: ”Vantro er de som sier: ’Gud er den tredje av tre’.”

 

·      ER ISLAMS KRISTOLOGI EI UTVIKLING AV DEN ”LAVE” KRISTOLOGIEN I NT/OLDKYRKJA?

 

NT:  

Jf. Apostelgjerningane 3:13-14: ”Gud har opphøgd sin tenar Jesus i herlegdom”, eller Johannes 20: 17: ”Eg går til min Gud og dykkar Gud”.

 

Oldkyrkja:

Det lutherske vedkjenningsskriftet Confessio Augustana fordømmer ”muhammedanerne” på linje med dei oldkyrkjelege arianarane som hevda at Jesus er skapt i tida og ikkje har del i Guds vesen. Jf. også den adoptinianske tanken at Gud opphøgjer/adopterer sin tenar Kristus som sin ”son”.

 

·      KAN EIN TENKJE AT JESUS STÅR – IMELLOM?

 

Heikki Räisänen (i boka Marcion, Muhammad and the Mahatma,1997):

 

Jesus var ikkje ein kristen, og visjonen hans overlappar berre delvis med kristendommen. Heller ikkje var han muslim, sjølv om muslimane gjer rett i å høgakte han og finne kontaktpunkt til islam i bodskapen hans. Han står imellom.

 

 

·      EIT FELLES TEIKN - ELLER

SMERTEN VED Å OPPDAGE DEN ANDRE

 

Hasan al-Askari (indisk sjia-muslim,1972):

 

Sanninga er at kristendom og islam utgjer eit samla truskompleks. Den eine startar med Personen, den andre med Ordet. Det at dei står kvar for seg, tyder ikkje at dei vaktar to sanningsområde i strid med kvarandre. Det viser heller at dialog er nødvendig ... Dei er ulike, ikkje i konflikt.

 

Eit felles religiøst teikn må oppfattast ulikt. Det er nettopp det tvetydige, rike som gir opphav til ulike og endatil motsette tolkingar og forståingar.

        

Å droppe monologen er med eitt å oppdage den andre ... Å oppdage den andre er å oppdage sjølve kjerna i vårt eige vesen. Dei fleste av oss fryktar det. Vi mobiliserer alt vi har av tru og lojalitet for å halde distanse til denne kjerna. 

 

For den andre er smerte, eit stikk, eit bitt - men det er ein smerte i og av vårt eige vesen. Der er midt i denne smerten og angsten at eit Guddommeleg Teikn blir kjent.

 


 

Ved Oddbjørn Leirvik

 

Litteratur:

 

Oddbjørn Leirvik: ”Jesus som muslim”, i Halvor Moxnes (red.:): Jesus – år 2000 etter Kristus, Oslo: Universitetsforlaget 2000, s. 84-113.

 

Oddbjørn Leirvik: Images of Jesus Christ in Islam. Introduction, Survey of Research, Issues of Dialogue. Uppsala: Swedish Institute of Missionary Research 1999.

 

Tarif Khalidi: The Muslim Jesus. Sayings and Stories in Islamic Literature. Edited and Translated by Tarif Khalidi. Cambridge, Mass.: Harvard University Press 2001.