Kronikk i Aftenposten 20. februar 1998

Kristent-muslimsk årsoppgjer

ved Oddbjørn Leirvik, forskningsstipendiat ved Det teologiske fakultet,
og leiar for Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk Råd.

1997 kan bli ståande som eit år med mange merkesteinar i kontakten mellom kristne og muslimar i Norge. Frå 1980 til 1997 har talet på organiserte muslimar i Norge vakse frå 1000 til 46500. Om ein held medlemstala saman med talet på dei som har islam som bakgrunn frå sitt gamle heimland, finn vi at muslimane sin organisasjonsprosent i den same perioden har stige frå 10% til 70%. Norske muslimar har blitt ein fast del av mediebildet og i stigande grad aktørar i det norske organisasjonssamfunnet - gjennom sine 60 ulike muslimske forsamlingar og paraplyorganisasjonen Islamsk Råd, samt ved taleføre muslimar med meir uavhengige posisjonar.

Muslimane sitt stadig meir synlege nærvær skaper mange slags reaksjonar - både hos folk flest, i kyrkjene og i det politiske livet. Når det gjeld kyrkjene, vart det lagt merke til at kyrkjeleiarar frå dei fleste kyrkjesamfunn, og frå alle leirar i Den norske kyrkja, gjekk ut midt under valkampen og åtvara mot muslimfrykt i kristne krinsar. Ifjor sommar hadde talsmenn for Fremskrittspartiet vist til støtte frå kristne grupper når dei åtvara mot den muslimske faren, og einskildpersonar som hadde engasjert seg til fordel for muslimane kunne fortelle om utrivelege reaksjonar også frå folk som kalla seg kristne. Det sjølvkritiske brevet frå kyrkjeleiarane vart overrekt norske muslimar i ei minnerik stund der kristne som har til dels sterkt motstridande syn i andre saker sat saman med muslimane på golvet i ein av Oslos moskéar. Det opne brevet, og det personlege frammøtet, vart med rette oppfatta av muslimane som ei utstrekt hand og ein varmande støtte.

Alt i 1996 gjekk Mellomkyrkjeleg Råd i rette med "norske politikere i høyt betrodde verv (som) gjennom sin offentlige virksomhet bidrar til å skape splittelse mellom norske borgere på grunnlag av deres religion". Noko av bakgrunnen for rådet sitt engasjement var den tilliten som er skapt gjennom fleire år i Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk Råd Norge. Her har ein gjennom lengre tid site ansikt til ansikt og samtalt om spørsmål som gjeld sameksistens i Norge, religionsundervisninga si framtid i norsk skule, og kjenslevare spørsmål frå den internasjonale arenaen. Før påske i 1997 gjekk Den norske kyrkja og Islamsk Råd for første gong saman ut med eit brev der ein oppmoda sine forsamlingar til større grad av personleg kontakt mellom kristne og muslimar. I brevet heiter det: "Gjennom å møtes kan vi bli bedre kjent med hverandres tro og tenkemåte, på et personlig grunnlag. Ved å bli kjent, kan vi skape et godt utgangspunkt for å løse saker av felles interesse i lokalmiljøet. Ved å vise andre at vi har kontakt med hverandre, kan vi demme opp for krefter som bidrar til at det skapes fiendebilder mellom kristne og muslimer".

Ikkje alle set pris på kyrkjas engasjement i denne saka. Gjennom innlegg og kronikk i Aftenposten har tidlegare skulesjef Thorleif Øisang forklart kvifor han er redd for islam, og kritisert både mediene, politikarane og kyrkja for å ´gi en ukritisk og ensidig positiv omtale av innvandrere og det flerkulturelle samfunnª. Så kan han då heller ikkje rekne med å finne noko støtte hos kyrkjeleiarane for sitt einsidig negative bilde av islam som kvinneundertrykkande og valdsfremjande religion. Kyrkjene i Norge veit betre, av eiga erfaring.

Også i dei frikyrkjelege miljøa kan ein peike på skjellsettande hendingar i 1997. For pinsevennane og dei karismatiske gruppene sin del er biletet motsetnadsfullt. På den eine sida gav Hermon forlag ut boka "Filisterne", der arabarane blir framstilt som naturlege løgnarar, og islam som ein grusom religion. Boka har blitt seld i tusental. På den andre sida gav Prokla Media ut boka "Elsk disse araberne", som åtvarar mot korsfararhaldningar og manar kristne til å møte islam og muslimar med respekt. Aril Edvardsen, som var mellom underskrivarane av brevet mot muslimfrykt, åtvara i fleire talar og avisinnlegg ifjor mot å tale nedsettande om muslimane si gudstru. Sjølv brukar han frimodig gudsnamnet Allah, og knyter positivt til muslimane si tru på sine forkynningsferder utanlands.

Kva så med muslimane? Også på muslimsk side må ein rekne med at haldningane er motsetnadsfulle. Nokre er redde for nærkontakten med eit samfunn som dei vekselvis opplever som sterkt sekularisert og markert kristent. Somme ytrar haldningar som nordmenn flest med rette reagerer på. Det er vel kjent at eit par pakistanske imamar ved eit høve kom med nokså ufordelaktige ytringar i Rushdie-saka. Ein av dei pakistanske moskéane i Oslo marknadsfører ei bok om islam og kristendom med dei fordomsfulle og unyanserte åtak på kristen tru. Biskop Per Lønning sette med rette fingeren på desse sakene då han lanserte si bok om fundamentalisme på slutten av fjoråret. Men det høyrer med til historia at ein av dei aktuelle imamane har reist frå landet. Leiinga i den moskéen Per Lønning kritiserte markerer no andre og meir positive haldningar. Mange muslimar er trygge nok på si eiga tru til at dei med glede går inn i opne samtalar med kristne i Norge, i gjensidig respekt. Fleirtalet av muslimske leiarar uttrykker klare ønskje om tillitsfulle samtalar med både kyrkjeleiarar og politikarar.

Kanskje er situasjonen både på kristen og muslimsk side at mange i leiarskapet etter kvart har bygd opp eit nært og tillitsfullt forhold til kvarandre, medan haldningane på grunnplanet er langt meir varierande og ofte fryktsomme. Men også i nabolaga har mange etablert nære personlege vennskap.

På det politiske planet har elles innføringa av det nye, obligatoriske kristendoms- og religionsfaget skapt utrygge reaksjonar hos mange muslimar. Saka utfordrar både majoritet og minoritet til å finne balansen mellom felleskultur og eigen tru. Tilsvarande utfordrar saka om den muslimske privatskulen både kyrkje og politikarar til å vise kva ein set høgast: det majoriteten definerer som fellesinteresser, eller dei religiøse minoritetsrettane.

Kulturelt sett har oppslag om tvangsekteskap i visse muslimske miljø utfordra oss alle til å skjelne mellom kva som blir gjort i namnet til tradisjonelle bygdekulturar og kva religionen godkjenner. Det finst skikkar som det er all grunn til å konfrontere med styrke - men her er det det tradisjonelle patriarkatet som er problemet, ikkje "islam".

Ved sidan av dei nemnde sakene vil fjoråret også bli hugsa for kontroversen som oppstod då Aslam Ahsan vart nekta å tale i Vålerengen kirke av Oslo biskop. Saka gav nok mange eit inntrykk av at kyrkjeleiinga har eit sterkt grensesettande behov. Personleg meiner eg at det i visse situasjonar gir meining å kome med helsingar frå søskenbarn i Abrahams familie også i ei gudsteneste. Men det er grunn til å merke seg at leiinga i Islamsk Råd viste stor forståing for at kyrkja - like mykje som moskéane - treng visse retningsliner for kva som høyrer heime i gudstenesta og kva som høver best i samtalen sitt rom. Det høyrer elles med til bildet at Oslo biskop sette av ein heil dag saman med sin stab til besøk i Oslos moskéar, og at han var hjarteleg tilstades (saman med soknepresten i Vålerengen) under Aslam Ahsan sin julelunsj for politikarar og kyrkjefolk. Så sant ein held dei personlege kanalane opne, er det også mogeleg å vere ueinige om ein del saker, utan at det skadar sameksistensen.

Til dei løfterike erfaringane frå 1997 høyrer elles det som skjedde i samband med sommarens pilegrimsferd frå Gamlebyen til Nidaros. Under opninga av pilegrimsleden gjesta pilegrimane både den nybygde moskéen med minaret og kuppel i Oslo og den gamle jødiske gravlunden. Imamen - som seinare på året debuterte som førelesar for prestar på Det teologiske fakultet - tok pilegrimsfølgjet inn frå styrtregnet til servering og fredshelsing i moskeen. Seinare, ved den jødiske gravlunden, fortalde biskop Rosemarie Køhn ei jødisk historie om korleis vi kan skjelne dagen frå natta når vi kan sjå inn i eit menneskes ansikt og sjå vår bror og søster der.

Berre ansikt til ansikt er det mogeleg å kome bak dei gjensidige fordommane mellom Abrahams barn. Eit fromt ønskje for 1998 kunne vere at vi blir meir varsame med å bruke "islam" og "kristendom" som subjekt for handlingar. Alt som blir gjort i namnet til religionen, på godt og vondt, blir gjort av menneske med eit ansikt. Om det er noko vi er kritiske til, får vi namngi dei gruppene det gjeld. Om nokon på den eine eller andre sida gjer oss glade og optimistiske, så lat oss namngi og rose også dei.