Oddbjørn Leirvik

 

Kva var karikatursaka eit bilete på?

 

Trykt i Kirke og Kultur 2: 2006


 

Kva handla karikatursaka om? Handla den om ytringsfridom, om brot på det islamske biletforbodet, eller om noko anna og meir enn som så? For å kunne svare på dette, må ein skilje mellom karikatursaka sine ulike kontekstar. Den eine konteksten er Danmark, der saka oppstod. Den andre er den muslimske verda, der saka eksploderte. Den tredje konteksten er Norge, som i karikatursaka viste seg å vere eit heilt annleis land enn både Danmark og Syria.    

 

Den danske uhygge

 

I denne artikkelen er det den norske konteksten og dermed karikatursaka sine innanrikspolitiske dimensjonar som skal stå i fokus. Men eg vil byrje med saka sitt jyske opphav. Som kjent vart det Jyllandsposten som bestilte og først publiserte dei famøse teikningane. Som ei av Danmarks større aviser, har Jyllandsposten i fleire år hatt ein klart innvandringskritisk profil. I motsetnad til Norge, der det var den relativt ukjende kristenavisa Magazinet som slo opp karikaturane, representerer Jyllandsposten ein langt breiare islamkritisk trend i dansk kulturliv og politikk. I dansk nasjonalisme glir folkelege, kristelege og sekulære element umerkeleg over i kvarandre, noko som dei siste åra har gitt den danske ”folkelighed” ein markert konfronterande profil andsynes dei muslimske innvandrarane. Jamført med Norge er også innslaga av islamsk radikalisme meir synlege i vårt naboland.

Resultatet er at forholdet mellom majoritetsbefolkninga og det muslimske mindretalet i Danmark har blitt meir tilspissa enn i dei fleste andre europeiske land. Den 15. januar skreiv Olle Svenning ein beisk kommentar i det svenske Aftonbladet med overskrifta ”Det danske samfunnet er gjennomsyra av islamofobi”. Her viser han mellom anna til at EU-kommisjonen som overvakar rasisme og framandfiendskap har karakterisert Danmark som eit land med ”utbreidde islamofobiske og framandfiendtlege haldningar” (Aftonbladet 21.01.06).

 

Den muslimske verda sine frustrasjonar

 

Når saka til slutt eksploderte så sterkt som den gjorde i den muslimske verda, er årsakene til dette mange og komplekse. Dette er ikkje staden for ein internasjonal analyse av karikatursaka. Men det ein utan vidare kan slå fast, er at demonstrasjonane – frå Midtausten til Indonesia – nok ikkje hadde fått slike dimensjonar om ikkje teikningane vart tolka inn i eit større mønster av vestleg arroganse overfor den muslimske verda. I dette biletet blir den tradisjonelle støtta til Israel, den provoserande okkupasjonen av Irak, det harde presset mot Iran, det vedvarande trykket frå Vestens kulturimperalisme og vestlege kristne sin manglande respekt for islam, ulike sider av same sak. Slik føyer karikatursaka seg (både for vestlege og austlege observatørar) inn i eit større bilete og har truleg styrka dei kreftene som brukar Samuel Huntington sine teoriar om grunnleggande sivilisasjonskonfliktar som orienteringskart.

I mange av dei muslimske landa kom det enda eit moment til, nemleg den folkelege misnøya med eigne regime som generelt ikkje gir rom for andre ytringar enn dei som høver makthavarane. I karikatursaka passa det nok bra for styresmaktene i både Syria og andre land med kronisk demokratisk underskot å la den folkelege vreiden få lufte seg – med Vesten som skyteskive.

Dei som demonstrerte, var kanskje ikkje så mange samla sett. Som i så mange andre saker, fangar TV-bileta berre opp dei mest ekstreme reaksjonane. Men det er ingen tvil om at langt fleire enn dei som gjekk ut på gatene kjende seg både såra og provosert av teikningane. Meir enn sjølve brotet på biletforbodet (som uansett ikkje gjeld universelt i den muslimske verda), var det karikeringa av Muhammed og dei hånande stereotypiane av islam som ein valdeleg og kvinneundertrykkande religion som provoserte.

 

Den norske karikatursaka  

 

For Danmark sitt vedkomande har saka – og den danske regjeringa si steile handtering av den – truleg skada landet sitt omdøme for lang tid framover. For mange i den muslimske verda ligg nok Danmark no på ein god tredjeplass på den internasjonale hatlista, etter USA og Israel.

            For Norge sin del vil truleg det utanrikspolitiske reparasjonsarbeidet gå lettare, fordi saka var handtert annleis av både den norske regjeringa og av sentrale religiøse aktørar. Innanrikspolitisk, derimot, kan det hende at karikatursaka ber bod om hardare frontar mellom kristne, sekulære og muslimske borgarar. 

Om vi i ettertankens ro skal prøve å analysere karikatursaka i sin norske kontekst, kan lærdommane oppsummerast i følgjande punkt (som eg vil utfalde i det følgjande): Karikatursaka har vist styrken i det interreligiøse dialogarbeidet men også avdekka kor sterk islamfrykta er, hos folk flest så vel som hos sekulære intellektuelle. Ikkje minst har saka vist kor effektivt det nye kristne høgre og Fremskrittspartiet kan spele på den nesten epidemiske frykta som ein no ser breie seg. Men også muslimane har blitt tydelegare. I striden om karikaturane har dei framstått både som ein pressa minoritet og som ein potensiell maktfaktor.

 

Dialogkreftene: kor sterke er dei?

 

Lat oss byrje med det omfattande dialogarbeidet mellom religiøse leiarar i Norge, som lenge har vore ein godt gøymt løyndom for mange. I karikatursaka vart dette arbeidet synleg for fleire, mellom anna fordi regjeringa valde å spele aktivt på dialogmiljøet i si krisehandtering. 

I dialogfora som Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk Råd (frå 1993), Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (frå 1996) og Oslokoalisjonen for tros- og livssynsfrihet (frå 1998) har det gjennom dei siste ti-femten åra blitt skapt eit fundament av tillit som har vist seg å vere berekraftig også i kriser. Like etter at karikaturane var publisert av Magazinet, møttest Kontaktgruppa og la grunnlaget for den felles fråsegna som eit breitt spekter av kristne og muslimske leiarar gjekk ut med den 3. februar (sjå kirken.no: ”Muslimsk-kristen fellesuttalelse”). Saman forsvarte ein ytringsfridommen, mante til moralsk ansvar for korleis ein brukar den, og tok avstand frå valdelege protestar mot ytringar. Fråsegna inneheldt også følgjande optimistiske vurdering: ”Det store flertall av muslimer og kristne i Norge har respekt for hverandre i en atmosfære som er preget av åpenhet og dialog.”

Ikkje berre det felles dialogmiljøet men også Islamsk Råd fekk i karikatursaka klarare konturar som ein sjølvstendig og velintegrert aktør i det norske organisasjonssamfunnet. Det var Islamsk Råd som tok initiativet til dei muslimsk-kristne delegasjonane som i vekene som følgde vart sendt til Midtausten og Pakistan, for å synleggjere for meir polemisk innstilte aktørar dei langt på veg felles haldningane hos muslimske og kristne leiarar i Norge. Saman drog dei ut i verda som norske dialogmisjonærar.

Når det gjeld kontakten som leidde til den omdiskuterte forsoninga mellom redaktør Selbekk og Islamsk Råd den 10. februar, var det ikkje den kristen-muslimske Kontaktgruppa som stod bak denne men Kristelig Folkeparti. Også KrF har spela ei rolle i det tillitsbyggande arbeidet mellom kristne og muslimar i Norge. Det var Kjell Magne Bondevik som gjorde det å gå på moskebesøk til god norsk statsmannsskikk. Allereie i 1999 gjesta han ein av Oslos moskear og gjekk på nytt besøk to år seinare etter at Norge hadde gått med i krigen i Afghanistan. Då krigen mot Irak braut ut i 2003, denne gongen utan norsk deltaking, kalla Bondevik saman Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn for å konsolidere den norske haldninga. Og i november 2004 gratulerte han verdas muslimar med id på den store TV-kanalen Al-Arabiyya.

Då Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg i karikatursaka flagga religionsdialog som ei norsk merkevare, førte dei såleis vidare gode ansatsar frå sine forgjengarar i dei Bondevik-leidde regjeringane.

Religionsdialogen i Norge handlar likevel først og sist om at leiarane for trus- og livssynssamfunna engasjerer kvarandre til tillitsbyggande og konfliktløysande samtale i det sivile samfunn. Den omfattande religionsdialogen som vart bygd opp gjennom 1990-talet er ein viktig del av forklaringa på kvifor Norge (som samfunn og stat) greidde å handtere karikatursaka på ein meir konstruktiv måte enn Danmark. Denne forskjellen har blitt lagt merke til internasjonalt, og vil (trass i flagg- og ambassadebrenning) kunne styrke biletet av Norge som ein fredsbyggande nasjon.

No har karikatursaka også vist at når religionsdialogen blir offentleg kjent, blir den også meir eksponert for kritikk. I media var det særleg den eine muslimsk-kristne delegasjonen si vitjing hos den kontroversielle sheikhen Yusuf al-Qaradawi i Qatar som vekte kritikk. Fremskrittspartiet kritiserte regjeringa for å la Utenriksdepartementet finansiere reisa. Som eg sjølv har peika på (”Kulturkamp på tvers”, Klassekampen 01.03.06), er det god grunn til å vere kritisk til mange av dei haldningane som al-Qaradawi står for. Delegasjonsreisene var då heller ikkje meint som ei premiering av moderate muslimar. Målet var å vise fram det norske dialogarbeidet og hjelpe sentrale aktørar i Midtausten og Pakistan til å forstå den europeiske konteksten. Det avgjerande var at dette kunne kristne og muslimske leiarar i Norge gjere saman.

Religionsdialog er ikkje, som høgrepopulistiske og kulturradikale kritikarar somme tider gir inntrykk av, utveksling av politisk korrekte fraser om sameksistens og respekt. Alle som har deltatt i det norske dialogarbeidet, veit at grenser har blitt flytta og haldningar endra. Liksom kyrkjene har blitt meir lydhøyre for trus- og livssynsminoritetane sin situasjon i Norge, har dei muslimske leiarane blitt meir sensitive for dei religiøse minoritetane sine kår i muslimske majoritetssamfunn. I november 2005, heilt uavhengig av karikatursaka, sende Oslokoalisjonen for tros- og livssynsfrihet ein kristen-muslimsk delegasjon til Pakistan. Vi som var med, opplevde at vi reiste dit i eit felles ærend. I ein kjønnsbalansert delegasjon (to av tre muslimske deltakarar var kvinner) lytta vi til kvinneaktivistar og religiøse minoritetar, til menneskerettsaktivistar og muslimske reformtenkarar. Og saman utfordra vi konservative religiøse leiarar i det som har blitt vårt muslimske naboland.

Men sjølv om religionsdialogen har bore frukter, er den også sårbar. Dialog mellom leiarar endrar ikkje utan vidare haldningar hos folk flest og både på kristen er muslimsk side er det sterke krefter i sving som trekkjer i heilt andre retningar.

 

Det nye kristne høgre og Fremskrittspartiet

 

Den avisa som ved inngangen til den store muslimsk høgtida id ul-adha republiserte karikaturane i Norge, var på førehand knapt nok kjent utanfor den nisjen av karismatiske og konservative kristne som Magazinet (med sine knapt 5 000 abonnentar) til no har sikta seg inn mot.

I sin norske variant fekk då også karikatursaka andre dimensjonar enn i Danmark. Mykje tyder på at den i Norge kan lesast som ein indikasjon på eit aukande sjølvmedvit i det nye kristne høgre. I USA er uttrykket ”the new Christian right” ei etablert nemning for nykonservativ utanrikspolitikk, solidaritet med den israelske høgresida, åndskamp mot islam, endetidsforkynning og konservative hjartesaker knytt til ”familieverdiar” (med særleg brodd mot homofili).

I Norge må både Livets Ord i Uppsala (eigaren til Magazinet) og Levende Ord i Bergen kunne karakteriserast som representantar for det nye kristne høgre i denne meininga. Til den same trenden høyrer også Finn Jarle Sæles vekeavis Norge Idag, og i nokon grad Dagen sjølv om sistnemnde kanskje heller representerer den meir tradisjonelle, konservative vestlandskristendommen. Til saman har Magazinet, Norge Idag og Dagen ca. 25 000 abonnentar, nesten like mykje som den til samanlikning liberale avisa Vårt Land.

            På den heimlege arenaen kan ein også registrere ein stadig tydelegare allianse mellom det nye kristne høgre og Fremskrittspartiet. I løpet av karikatursaka slo FrP seg opp til å bli det største partiet på meiningsmålingane, med over ein tredel av folkesetnaden som sympatisørar. Då eg utforda redaktør Selbekk på Magazinet sine sympatiar med ”the new Christian right” i USA og FrP her heime, svarte han at avisa ”ideologisk sett står nær det nye kristne høyre i USA”. Han vedgjekk også at ”En merkesak i Norge er å få Fr.p. inn i det borgerlig-politiske samarbeidet” (”Ønsket konflikt med islam”, Aftenposten 31.01.06).

Her går det ei linje frå Magazinet si publisering av karikaturane bakover til Carl I. Hagen sin tale i Levende Ord sommaren 2004, ein tale som skjerpa FrP sine tidlegare forsøk på å slå politisk mynt på folks islamfrykt. Partiet var då også det einaste som under karikatursaka sådde tvil om norske muslimske leiarar sine nasjonale haldningar, samtidig som dei åtvara staten mot å engasjere seg i religionsdialog ”(”Frp: Dialog ikke statlig oppgave”, Aftenposten 15.02.06).

FrP sin islamkritiske politikk er velkjent. Mindre kjent for folk flest er nok veksten i dei kristne miljøa som Hagen appellerte til då han i sitt angrep på Muhammad i Levende Ord (for første gong i sin karriere?) brukte talefiguren ”vi kristne”. Og fekk glad applaus tilbake.

            Når det gjeld kristen åndskamp mot islam, spelar også misjonsorganisasjonen Ungdom i Oppdrag ei rolle. Organisasjonen sitt forlag ProklaMedia står bak den norske utgåva av boka Islam og terrorisme som er skriven av Mark A. Gabriel, ein tidlegare muslim som har gått over til kristendommen. Boka er frå ende til anna eit manande kampskrift mot islam. Her får vi vite at islam si historie er som ei elv av blod, at det er dei som øver valdsdåd i islam sitt namn som representerer det sanne islam, at det fremste målet for einkvar muslim er verdsherredøme i Allahs namn, og at ein må rekne med at tilsynelatande dialogvennlege muslimar løyner sitt eigentlege formål som er å ta kontroll over Vesten. Boka, som er trykt i store opplag, vart like etter utgivinga i 2003 delt ut gratis til alle stortingsrepresentantar. Nokre månader etter at Carl I. Hagen heldt sin famøse tale i Levende Ord, noterte eg meg at han i ein TV-debatt løfta fram nettopp Gabriels bok som ei god kjelde til islamkunnskap (”Boka Hagen har lest”, Dagbladet 20.11.04).

Når det gjeld Ungdom i Oppdrag sin ideologiske horisont, skreiv Alv Magnus følgjande i bladet ”Mot målet” (nr. 5: 2004) då ei anna av Gabriels bøker, Islam og jødene, vart publisert: ”Islam er en åndsmakt. Den holder millioner fanget i åndelig mørke, benekter Kristus og bekjemper Guds planer med Israel og jødene. Den kan kun overvinnes ved Guds inngripen som resultat av kristnes bønner.”

Dette er altså den åndelege og politiske horisonten for dei kristne høgrekreftene som FrP no allierer seg med. No har verken FrP eller det nye kristne høgre fått stå uimotsagt. Tvert om har ein oppsiktsvekkande brei allianse av norske kyrkjeleiarar gong på gong åtvara mot kristeleg farga islamofobi og muslimhets. Dette var uttrykka som vart brukt då Mellomkyrkjeleg Råd, representantar for dei store misjonsorganisasjonane og evangelistar som Aril Edvardsen og Åge Åleskjær i september 2004 gjekk ut mot Hagens tale i Levende Ord (kirken.no 24.09.06: ”Kristenledere sammen mot islamofobi og muslimhets”).

Sju år tidlegare, i september 1997, gjekk ei like brei forsamling av kristne leiarar saman om eit sjølvkritisk hyrdebrev om framandfrykt hos kristne. I brevet blir det slått fast at ”Både muslimer som har deltatt i samfunnsdebatten og kristne som engasjerer seg kan fortelle om ubehagelige brev og telefoner fra mennesker som kaller seg kristne, men som ikke er innstilt på å ta vel imot muslimske innflyttere til Norge.” I ein høgtideleg seremoni i Oslos største moské vart hyrdebrevet overrekt muslimske leiarar, i noko som klart vart oppfatta som ei solidaritetshandling mot høgrepopulistisk utnytting av folks islamfrykt. Ein viktig del av bakgrunnen var valkampappellar frå dåverande FrP-politikar Vidar Kleppe til norske kristne om å yte motstand mot islamiseringa av Norge.

Det var denne tradisjonen som vart ført vidare då heile det økumeniske spekteret på ny let seg mobilisere under karikatursaka, i protest mot Magazinet sin provoserande handlemåte. Men under karikatursaka vart det tydelegare enn før at nye og konfronterande haldningar overfor islam gjer seg gjeldande ikkje berre i dei folkekyrkjelege, nasjonalreligiøse miljøa som FrP tradisjonelt har appellert til, men også i viktige delar av den kristne karismatikken.

 

Sekulære intellektuelle: er ytringsfridommen deira religion?

 

Desse utviklingstrekka har kristne leiarar vore kritisk klar over, og lenge åtvara mot. Derimot har den ideologiske alliansen mellom den kristne høgresida og FrP langt på veg blitt neglisjert av sekulære intellektuelle. Mange religionskritiske forfattarar og mediefolk tok Magazinet sitt korstog for ytringsfridommen for god fisk. I kampens heite gjekk ti forfattarar og publisistar (med Roy Jacobsen og Anne B. Ragde i spissen) ut med krass kritikk av statsministeren og utanriksministeren for ikkje klart og tydeleg nok å ha forsvart ytringsfridommen i si krisehandtering. Dei kritiserte også regjeringa for å ha lagt skulda for det muslimske opprøret mot Norge på redaktør Selbekk (”Slakter Jens og Jonas”, VG 07.02.06). Sjølv om dei fekk kraftig motbør frå forfattarkollegaer og avisredaktørar som meinte at kritikken av regjeringa var heilt ugrunna, er det grunn til å merke seg den retoriske alliansen som under karikatursaka vart etablert mellom den kristne høgresida, FrP-folk og framståande kulturradikalarar – i eit felles forsvar for ein tilsynelatande grenselaus ytringsfridom.

På muslimsk side kom leiaren for Islamsk Råd, Mohammed Hamdan, i eit intervju med den arabiske nyheitskanalen al-Jazeera (som vart teksta til norsk og sendt i Dagsrevyen), med følgjande karakteristikk av vestlege media (eller folk i Vesten?): ”Dessverre er ytringsfriheten deres religion” (nrk.no 10.02.06: ”Ytringsfrihet er en religion i Vesten”). Utsegna kom like etter det spektakulære forsoningsmøtet mellom Selbekk og Islamsk Råd og vart av islamkritiske krefter tatt som eit teikn på at muslimske leiarar taler med to tunger: forsonande på norsk TV, konfronterande på arabisk. Hamdan sitt ordval vart også tatt som uttrykk for ei dikotomisk tenking der muslimane ekskluderer seg sjølve frå det vestlege vi. Om ein likevel, i tråd med Luther si forklaring til det åttande bodet, prøver å ta han i beste meining, er Hamdan sin påstand faktisk ein ganske treffande karakteristikk. Om ein tar inn over seg korleis høgrepopulistar og kulturradikalarar ordla seg i karikatursaka, var det ikkje berre leiaren for Islamsk Råd som fekk inntrykk av at  ytringsfridommen i Vesten er ein absolutt verdi som er overordna ikkje berre religionen men også etikken. Problemet med Hamdan si utsegn var heller at han generaliserte og snakka om folk i Vesten som om ytringsfridommen er ”deres” religion. Dermed underkommuniserte han, med si langt på veg treffande punchline, den sterke moralske kritikken som kristne leiarar, sentrale mediefolk og tonegivande kulturpersonlegdommar i Norge faktisk framførte mot den måten Jyllandsposten og Magazinet praktiserte ytringsfridommen på.

Medan Hamdan distanserte seg frå den vestlege tendensen til å gjere ytringsfridommen til ein religion, etablerte redaktøren av det nye magasinet Memo (som er eigd av Dagbladet) eit retorisk lavmål på den liberale sida då ho i den første leiarartikkelen oppsummerte karikatursaka på denne måten: ”Noen ganger er vestlige verdier best. Det er ingen grunn til å være flau over det.” Med referanse til veksande pakistansk innvandring (som rett nok vart ønskt velkommen), vart setninga gjentatt som eit mantra: ”Bare de vet én ting når de kommer: Noen ganger er vestlige verdier best.”

Når også sekulære intellektuelle byrjar å ordlegge på denne måten, er forklaringa kanskje at folk som lenge har neglisjert religionen si offentlege rolle har bråvakna til den muslimske realiteten i Europa. Ei tid før karikatursaka eksploderte, publiserte Ole Jørgen Anfindsen (som er medredaktør for den innvandrings- og islamkritiske nettsida Honestthinking) demografiske scenarium av eit framtidig muslimsk fleirtal her til lands. Karikatursaka har vist at slike spådommar, med tilhøyrande skremmebilete av eit shariastyrt Norge, no er i ferd med å bli annektert også av kulturradikale intellektuelle. Deira frykt for islam hentar næring frå ein inngrodd religionsskepsis som får alle med ei sterk tru til å fortone seg som ein fare for liberale verdiar. Med eit uventa samanfall i islamkritiske synspunkt, har mange kulturradikalarar uforvarande hamna i seng med det nye kristne høgre og Fremskrittspartiet.

            Men rett skal vere rett: slett ikkje alle som åtvarar mot islamiserande tendensar i Europa artikulerer ei ukritisk muslimfrykt. Tvert om er det mogeleg å sjå nokre nye nyansar i så vel den konservative som den kulturradikale kritikken av islam. Karikatursaka har spissa islamkritikken til ein kritikk av ”islamismen” som totalitær ideologi – vel å merke på den fryktbaserte premissen at eit islamistisk spøkelse allereie er i full sving med å islamisere Europa. Mot dette må vi, seier mange sekulære intellektuelle, forsvare oss med alt vi har av religionskritiske våpen.

Samtidig ser ein tendensar i FrP sin oppdaterte retorikk til å forgylle såkalla ”moderate muslimar” – men på den underliggande premissen at dei moderate er akutt mangelvare innanfor dei muslimske organisasjonane og best representert av dei som ikkje går i moskeen. Den positive interessa for Naser Khader og hans ”Demokratiske muslimer” i Danmark er symptomatisk for folkeopinionen si leiting etter sekulært innstilte muslimar som tenkjer og taler slik gode danskar eller nordmenn gjer.

 

Norske muslimar: kva tendensar gjer seg gjeldande?

 

Også eg meiner at uavhengige muslimske stemmer (anten dei er sekulære eller fromme) fortener meir merksemd, også frå kristne dialogaktivistar (mange av oss hyser jo sjølve markert liberale haldningar). Eit spennande eksempel på nye muslimske stemmer i Norge er Nazneen Khan-Østrem og hennar leiting etter eit pluralistisk islam (Min hellige krig, 2005). Samtidig er det viktig å synleggjere at også mange etablerte muslimske leiarar i Norge faktisk har gjort demokratiske og menneskerettslege verdiar til ein sentral del av sin islamske identitet. Når Hege Storhaug karakteriserer Lena Larsen (tidlegare leiar i Islamsk Råd og prosjektleiar for den liberale Oslokoalisjonen for tros- og livssynsfrihet) som ein tvilsam islamist som norske styresmakter må halde på armelengds avstand, er ho anten svært dårleg orientert eller ute i demagogisk ærend (sjå oppslaget ”Krigen mot islam” i Klassekampen 21.02.06 og Lena Larsens tilsvar dagen etterpå, under overskrifta ”Reinspikket rasisme”).

Tvert imot påstandane til dei mest islamkritiske kreftene har karikatursaka vist at muslimske leiarar, med Islamsk Råd i spissen, har blitt ein integrert del av det norske organisasjonssamfunnet. I klar kontrast til handlemåten til ein del muslimske leiarar i Danmark, bidrog norske muslimske leiarar aktivt til å roe ned karikatursaka – både i Norge og utanlands.

At nokre av dei (liksom konservative kristne) flaggar motkulturelle standpunkt, rokkar ikkje ved det faktum at islam har blitt ein integrert del av det norske sivilsamfunnet. Religiøse motkulturar har vi lang tradisjon for i Norge (meir enn i Danmark), og mange av dei har som kjent spela ei sentral rolle i norsk demokratiutvikling.

Karikatursaka har også vist at norske muslimar kan kjenne seg like såra over brenninga av det norske flagget som av krenkande karikaturar av profeten. Det er liten grunn til å tvile på at dei som sterkt gav uttrykk for dette, var oppriktige. Norge er så definitivt ”heime” for stadig fleire av dei kanskje 150 000 innbyggarane med muslimsk bakgrunn.

            Men den gryande heimekjensla er ikkje den einaste tendensen som gjer seg gjeldande mellom norske muslimar. Dess meir framandfiendtlege haldningane blir i det norske majoritetssamfunnet, dess meir konfronterande kan den muslimske identiteten bli. Dessutan kjem det stadig nye muslimske innvandrarar til landet, med somaliarane og irakarane som dei sterkast veksande gruppene dei siste åra. Deira sjølvoppleving er nok jamt over markert annleis enn kva som er tilfellet for bosniarane og dei relativt veletablerte norsk-pakistanarane (som trass i bisarre former for maktkamp i ein av moskeane er vesentleg meir husvarme).

Under karikatursaka gjekk både Islamsk Råd og ei forsamling av ikkje mindre enn 46 imamar ut med eit eintydig råd om ikkje å gå ut i gatene og demonstrere. Oppmodinga kan takast som eit uttrykk for at muslimske leiarar kjende seg tatt på alvor av så vel politikarar som tonegivande media. Kva skulle dei eigentleg protestere mot, når Islamsk Råd alt hadde blitt rådgivar for regjeringa og (som Kåre Valebrokk kritisk kommenterte) ”medredaktørar” for media (”Islamsk Råd som redaktør”, Aftenposten 12.02.06)?

Likevel skjedde det altså at ei stor gruppe yngre muslimar trassa den eintydige formaninga frå Islamsk Råd og imamane. I strid med dei etablerte leiarane sine råd, marsjerte 1 500 muslimar den 11. februar frå Grønland til Stortinget, med Allahu akbar som fanerop for sitt krav om respekt.

Demonstrasjonen vart organisert av privatpersonar og det er ikkje lett å vite korleis den relativt store oppslutnaden skal tolkast. Var det heilt allminnelege muslimar som kjende trong til å artikulere sitt forståelege krav om respekt på ein meir høglydt måte enn vanleg? Var det enno ikkje husvarme grupper av innvandra muslimar som her tok til orde? Eller kan demonstrasjonen også takast som eit varsel om at islamistar med ein offensiv visjon av eit sigrande islam, er i ferd med å bli meir synlege i Norge?

Kombinasjonen av slagord som ”Islam er sannheten” og ”Ytringsfrihet er å si sannheten”, kan tyde på at meir offensive krefter i det minste var godt representert.  Det første slagordet – at islam er sanninga – må ein tåle å høyre frå ein religion som liksom kristendommen er misjonerande. At ytringsfridom er å seie sanninga, er etter mitt syn ei meir problematisk ytring. For ytringsfridommen må gjelde også for dei som har haldningar som ein sjølv reknar for å vere uakseptable. I den forstand må ytringsfridommen vere grenselaus: det er nettopp ikkje opp til religiøse leiarar eller statsmakta å vurdere kva ytringar som er sanne eller høflege nok til å bli publisert.

 

Juridiske grenser og moralsk ansvar

 

Samtidig er det både legitimt og nødvendig å kome med moralsk og politisk kritikk av korleis ytringsfridommen blir brukt. Med Pauli ord: Eg har lov til alt, men ikkje alt gagnar.

FNs konvensjon om sivile og politiske rettar frå 1972 gjer det faktisk også mogeleg for statane å sette juridiske grenser for korleis ytringsfridommen blir praktisert. Då er det vel å merke ikkje religiøse eller politiske sanningar som står i fokus, men omsynet til samfunnsfellesskapet og andre menneske sin integritet. Etter at artikkel 19 har slått fast at ”Enhver har rett til ytringsfrihet … enten i muntlig, skriftlig eller trykt form, eller ved kunstneriske eller andre uttrykksmidler etter eget valg”, seier artikkel 20 i den same konvensjonen at ”Enhver tilskyndelse til nasjonalhat, rasehat eller religiøst hat som innebærer oppfordring til diskriminering, fiendskap og vold, skal forbys ved lov.”

Heller ikkje i norsk lovverk er ytringsfridommen formulert som eit grenselaust prinsipp. Sjølv om den norske blasfemiparagrafen er sovande og nok heller ikkje bør vekkast til live, har den såkalla rasismeparagrafen i straffelovas § 135a gjennom nylege tillegg fått ei formulering som set grenser for ”diskriminerende eller hatefull ytring” mot medborgarar – ikkje berre for deira hudfarge men også på grunn av deira tru eller livssyn, eller homofile orientering. I si noverande form kom paragrafen i kraft så seint som 1. januar 2006, som ein profetisk ironi til den erkeliberale insisteringa på grenselaus ytringsfridom som ein norsk eller vestleg verdi nokre veker seinare.

Sjølv om både menneskerettskonvensjonane og fersk norsk lovgiving såleis gjer det mogeleg å sette grenser for ytringsfridommen, er det ikkje sikkert at det er politisk klokt å gjere det. Personleg vil eg vere varsam med å avgrense fridommen til å ytre seg. Men dess større juridisk rom ein gir ytringsfridommen, dess større blir også borgarane sitt moralske ansvar for korleis ein forvaltar den (”Fridom under ansvar”, Dagbladet 04.02.06).

I fleirreligiøse samfunn må det vere eit moralsk imperativ at alle legg band på seg så ikkje religionsdebatten endar opp i offentleg mobbing av annleis tenkande. Særleg må den som har det kulturelle eller religiøse overtaket i eit samfunn, ta seg i vare for å sparke nedover. Karikatursaka har slik eg ser det avdekt ein oppsiktsvekkande mangel på etisk refleksjon, både hos høgrepopulistar og kulturradikalarar, om den sterkaste sitt etiske ansvar. I staden for å ta moralsk omsyn til ein pressa minoritet, har både nykristne og gammalradikalarar på ein nokså sjølvopptatt måte snudd biletet og prøvd å framstille seg sjølve som hardt pressa grupper som i nær framtid kan bli nedrende av muslimske hordar.

Etisk sett er det ein fundamental forskjell på dissidentar sitt modige (gjerne også satiriske) oppgjer med den religiøse overmakta i samfunnet, og den religiøse og kulturelle majoriteten sine nedlatande eller hånlege meldingar til minoritetane. Slik sett er Salman Rushdies islamkritiske fabuleringar i Sataniske vers, eller Shabana Rehmans satire over norske muslimar, talehandlingar av eit heilt anna slag enn majoritetskulturens hakking på minoritetane.

Eller kanskje går eg no for langt i retning av å skilje mellom indre og ytre kritikk, mellom det sterke oss (majoriteten) og det svake dei (minoritetane). Det tener ikkje integreringa at minoritetane blir haldne fast i ei stakkarsleg offerrolle. Karikatursaka har då også gjort oss alle meir merksame på at muslimane ikkje berre er ei lita og sårbar gruppe, men at muslimske folkegrupper er i ferd med å gjere seg gjeldande som ein politisk maktfaktor i Norge (som i Europa elles). I takt med muslimske organisasjonar sin aukande styrke, må også muslimar tåle å bli offentleg motsagt – i seriøs debatt så vel som i syrleg satire.

Men etter som europeiske muslimar blir fleire og sterkare, blir det også meir synleg (for alle som vil sjå) kor ulike dei er, både i si religiøse og politiske orientering. Slik sett er det nokså lite sannsynleg at ”muslimane” vil bli ei samla politisk blokk i Europa. På den andre sida har karikatursaka vist at både nasjonalistiske, nykristne og gammalsekulære borgarar er redde nok for ”islam” til panisk å slutte rekkene, i eit retorisk forsvar for majoritetsinteresser som er like førestilte som dei innbilte muslimske interessene. Tilsvarande stor er faren for at også muslimar (som reelt sett har likevel innbyrdes motstridande interesser som ”kristne” eller ”sekulære”) sluttar rekkene, i eit identitetspolitisk forsvar mot ein stadig meir islamkritisk opinion.

Kanskje vil likevel dialogkreftene – og den kritiske innsikta at viktige meiningsforskjellar går heilt på tvers av trusgrensene – på sikt vil vise seg å vere sterkare enn dei konfronterande tendensane, som er grunnlaget for den tilslørande identitetspolitikken som for tida synest å ha sterkast vind i segla.

 

 

Referansar: Ei omfattande oversikt over den norske debatten om karikatursaka finn ein på nettsida ”Interreligiøse nyheiter og debattar”, http://folk.uio.no/leirvik/Interrelnytt.html