Oddbjørn Leirvik:

Kristendomsdelen av KRL

 

Trykt i Vårt Land 18.12.07


 

Etter at Kunnskapsdepartementet nyleg foreslo å ta bort ”kristendom” frå namnet til KRL-faget og oppheve bestemminga om at 55 % av timetalet skal brukast på kristendomsstoffet, har mange frå kristent hald gitt inntrykk av at den kristne kulturarven er i ferd med å bli utradert frå skulen.

Dette er ei urimeleg tolking av det føreliggande forslaget. Departementet kunne nok ha vore klarare i sine signal men seier faktisk i sitt høyringsnotat at også den justerte læreplanen skal ha ”meir stoff om kristendommen enn om andre religionar og livssyn”, noko som blir grunngitt med ”det kristendommen har hatt å seie historisk og som kulturarv.”

For at den debatten som no vil kome skal bli mest mogeleg edrueleg, er det nødvendig å sjå meir konkret på kva det vil seie å gi kristendomsstoffet kvantitativ prioritet. Den noverande læreplanen tilseier at timetalfordelinga mellom dei tre hovudområda i planen skal vere om lag 55 % på kristendom, 25 % på andre religionar og livssyn, og 20 % på filosofi og etikk. Ei så sterk prioritering av kristendom har dei ikkje-kristne minoritetane reagert negativt på. Men mange har sagt seg samde i at den kristne tradisjonen bør ha noko meir plass i faget enn dei andre religionane.

I prosessen fram mot den gjeldande læreplanen ønskte sentrale aktørar å ta bort den nemnde prosentfordelinga, fordi den gir feil signal til minoritetane og ikkje svarer til korleis faget reint faktisk blir praktisert (særleg på skular med ein fleirreligiøs elevflokk). Dersom ein tel dei punktvise kompetansemåla i læreplanen, vil ein då også finne ei heilt annleis vekting av dei tre hovudområda enn kva timetalsnorma tilseier. Fordelinga av kompetansemål er 24 % til kristendomsdelen, 57 % til andre religionar og livssyn, og 19 % til etikk og filosofi. No er det sjølvsagt forskjell på kompetansemål og  timetalsfordeling. Nokre mål kan bli tillagt meir vekt enn andre. Likevel må ein kunne seie at den store diskrepansen mellom timetalsfordeling og kompetansemål viser ei innebygd spenning i gjeldande læreplan.

            Eit tredje nivå er korleis lærebøkene omset læreplanen i sidetal. Her er det tydeleg at dei nyaste læreverka har nokså ulike tolkingar. Lat oss ta som eksempel to læreverk for 8.- og 9. klasse. I Gyldendal-verket ”Horisontar” er bibelkunnskap og kristendom tilgodesett med 36 % av sidetala. Andre religionar og livssyn har 37 %, filosofi og etikk 27 %. I Cappelen-verket ”Under same himmel”, derimot, har kristendomsstoffet heile 50 %, andre religionar og livssyn 34 %, og filosofi og etikk 16 %.

Korleis lærarane omset planen og lærebøkene i pedagogisk praksis, er eit spørsmål for seg. Men tala ovanfor burde gi utgangspunkt for ein meir nyansert samtale om kva det konkret vil seie å gi kristendommen kvantitativ prioritet – i form av normerte timetal, kompetansemål, læreboksider og faktisk undervisning. 55 % kristendom er truleg langt meir enn kva det er mogeleg å vinne allmenn oppslutnad om, utan å innføre fullt fritak i faget. Den prosentdelen som læreverket ”Horisontar” opererer med (ca. 35 %), er nok mykje nærare ei løysing som dei fleste vil kunne leve komfortabelt med. Med ei slik fordeling ville kristendomsstoffet framleis vere klart prioritert, men ikkje i så stort omfang at minoritetane kjenner seg pressa.

Dessutan er det ikkje berre omsynet til norsk religionshistorie som skal styre fordelinga mellom stoffområda, men også det globale behovet for breispektra kunnskap om religionar og livssyn.