Oddbjørn Leirvik:

Prøver Mark Gabriel å lure oss?

 

Trykt i Vårt Land 9. mars 2006           


Dei siste par månadane har Mark A. Gabriel sine islambøker (”Islam og terrorisme” og ”Islam og jødene”) blitt diskutert i Vårt Land sine spalter. I min kritikk av Gabriel har eg mellom anna sett fingeren på hans eventyrlege påstandar om at ”den islamske hæren kom og drepte over fire millioner egyptere i islams første århundre” (sitat frå boka ”Islam og jødene”) og at ”mer enn to millioner egyptiske kristne i de første to århundrene med islam fikk tungene skåret ut fordi de nektet å snakke språket til de arabiske muslimske erobrere” (sitat frå nettsidene til Ungdom i Oppdrag).

 

Dei siste vekene har eg konsultert ekspertar på koptisk kristendom frå inn- og utland. Dei ristar vantru på hovudet over det Gabriel påstår. Som svar på mitt spørsmål om kvar Gabriel har henta sine påstandar ifrå, viser Alf Magnus på Gabriels vegner til Iris Habib el Masri si bok ”The Story of the Copts” frå 1978 (Gabriel refererer sjølv til el Masri i ein fotnote på s. 259 i ”Islam og jødene”). Eg har undersøkt den engelske utgåva av boka til el Masri og finn ingenting der som liknar Gabriel sine påstandar.

 

El Masri sitt fleirbindsverk er vel kjent for folk som forskar på koptisk kristendom. Sjangermessig er verket ei blanding av helgenbiografi og historieforteljing og gir eit samansett bilete av koptisk historie i dei første hundreåra under islam. I historiebøker høyrer vi ofte om korleis koptarane ønskte muslimane velkomne til Egypt, fordi dei var glade for å bli kvitt sine gamle bysantinske herrar som både utbytta og forkjetra dei. El Masri er skeptisk til dette einsidig positive biletet og peikar i staden på sterke skiftingar i koptarane sine kår, under vekselvis milde og harde muslimske guvernørar. Ho fortel også om oppstandar som koptarar (somme tider også lokale muslimar) stod bak, i periodar med auka skattlegging frå den muslimske sentralmakta si side. Mange av desse oppstandane vart slått ned på brutalt vis, noko som etter kvart svekka motstandsviljen. El Masri fortel også (med sorg) korleis stadig fleire går over til islam, for å få skattefordelar eller ved giftemål.

 

Andre historikarar gir eit noko lysare bilete av koptisk historie i dei første hundreåra under islam. Men heller ikkje i el Masri si meir martyrorienterte bok finn eg noko som har den fjernaste likskap med det folkemordet Gabriel vil ha oss til å tru på. Kvar har han påstandane sine frå? Prøver han å lure oss?

 

Eg kunne tatt for meg mange andre villeiande påstandar i Gabriel sine bøker men har valt å konsentrere meg om dette konkrete eksemplet som gjeld koptisk historie. Hans rettesnor synest å ha vore: Tenk på eit tal som passar til ditt bilete av islams historie som ”ei elv av blod” (som det heiter i ”Islam og terrorisme”). Om ein skulle ta Gabriel på alvor, måtte spørsmålet bli: Er ikkje dette rett og slett spektakulært forskingsjuks?

 

Når det gjeld Gabriel sine merittar som forskar, noterer eg at Alv Magnus i sine innlegg ikkje lenger omtaler Gabriel som tidlegare ”professor i islamsk historie og teologi” ved al Azhar-universitetet i Kairo, slik Ungdom i Oppdrag før har presentert han. No har han visst berre høgare utdanning frå al Azhar.

 

For Ungdom i Oppdrag sin del må eg berre undre meg over at ein organisasjon som på 1990-talet tok initiativet til ein forsoningsmarsj til Jerusalem der ein bad om tilgiving for korsfararane sine herjingar i muslimske land, kan gi ut så upålitelege og grovt forteikna bøker om islam.