Oddbjørn Leirvik:

 

Gabriel og islam: tenk på eit tal?

 

Trykt i Vårt Land 11. april 2006

 

 

Mark A. Gabriel, forfattaren av bøkene ”Islam og terrorisme” og ”Islam og jødene” som Ungdom i Oppdrag har gitt ut på norsk, har nyleg svart på mine spørsmål om kvar han har henta sine oppsiktsvekkande påstandar om dei muslimske erobrarane sitt folkemord på koptarane ifrå. Gabriels har hevda at fire millionar koptarar vart drepne i islam sitt første hundreår, og at to millionar fekk tungene skorne ut i dei to første hundreåra fordi dei ikkje ville snakke arabisk. Alt dette er heilt ukjent frå historiebøkene.

            Gabriels svar stadfestar det eg hadde mistanke om, nemleg at han har funne på desse tala sjølv. Han beklagar også han at han feilaktig har referert til den kjende koptiske historikaren Iris al-Masri, som kan fortelje om mange slags prøvingar som koptarane har blitt utsette for men ikkje noko som har den fjernaste likskap med det Gabriel påstår.

Det vi altså står att med, er frie ”anslag” frå Gabriel si side som truleg er meint å skulle underbygge den generelle påstanden i ”Islam og terrorisme” om at islam si historie er som ei elv av blod. Hans metode synest å ha vore: Tenk på eit tal som stadfestar det biletet du ønskjer å gi av islam.

Alv Magnus gir i sitt siste innlegg inntrykk av at eg ikkje har andre motførestillingane mot Gabriel sine bøker enn det som handlar om hans historiske påstandar. Eg må derfor få lov til å minne om at min hovudkritikk går på den måten Gabriel framstiller islam og muslimar på - for eksempel at dialogvennlege muslimar systematisk lurer oss og at dei løyner sitt eigentlege formål som er å ta kontroll over Vesten. Det generelle problemet med Gabriels bøker er at han prøver å framstille dei militante islamistane si Koran-tolking som den einaste sanninga om verdsreligionen islam. Dette er å tale usant om sin neste.

Lat meg elles understreke at eg ikkje har funne grunn til å stille spørsmålsteikn ved Gabriels lidingshistorie som konvertitt. Gabriel har no også forklart i større detalj kva tilknyting han har hatt til al-Azhar. Det tar eg til etterretning. Men same korleis livshistoria hans har vore og kva slags utdanning han kan vise til, må ein ta til motmæle når han kjem med historiske påstandar som ikkje kan beleggast og brukar dette til å underbygge det sterkt forteikna bilete han gir av religionen islam.

Eg vonar at signalet han gir i sitt siste innlegg om at han ser positivt på dialog med muslimar, gir varsel om meir nyanserte bidrag frå hans side i framtida. Men inntil vidare må eg dessverre halde fast ved mi åtvaring mot dei bøkene han har skrive.