”Islam, kristendom og Vesten: idéhistorie og aktuelle relasjonar”
Nettleksjon 9

Tema: MUSLIMAR OG KRISTNES SYN PÅ KVARANDRE

Tema denne veka: MUSLIMARS SYN PÅ KRISTENDOMMEN OG VESTEN

 

Lesehjelp til denne leksjonen

Til diskusjon

Tips til vidare studium

Nyttige lenker

 


Pensum:

Qutb, S.: "That hideous schizophrenia", i Griffiths, P. J. (ed): Christianity Through Non-Christian Eyes, 1992. Orbis: New York (KOMPENDIUM, 8s)

Nasr, S.H.: "The Islamic view of Christianity" , i Griffiths, P. J. (ed): Christianity Through Non-Christian Eyes, 1992. Orbis: New York (KOMPENDIUM, 14s).

Ramadan, T.: i Western Muslims and the future of Islam: "Interreligious dialogue” og "The Cultural Alternative" , 2004. Oxford: Oxford University Press. ss. 200-223 (23 s, KOMPENDIUM).

Dehnes, Y.: Muslimsk misjon på video (om Ahmed Deedat), 1995: 5. Samtiden. ss. 37-48 (12 s, KOMPENDIUM).


Lesehjelp til denne leksjonen:

I denne leksjonen vil de, ved hjelp av utvalde tekstar, få eit inntrykk av korleis ein del muslimske teologar i nyare tid har tilrettelagt forholdet mellom dei to religionane. Nokre av desse (Nasr, Qutb) er allereie presentert i pensumboka Islam og kristendom. I denne leksjonen får de sjansen til å lese originaltekstane. I tillegg til Qutb og Nasr er også euromuslimen Tariq Ramadan representert ved to kapittel i ei av hans nyaste bøker.

To av artiklane er meir analytiske. Den eine (skriven av religionshistorikaren Yvonne Dehnes) analyser den anti-kristne polemikken til Ahmed Deedat. Den andre (skriven av meg) tar for seg det såkalla Barnabasevangeliet, som på 1900-talet har blitt marknadsført som det einaste sanne evangeliet av bibelkritiske muslimar.

I neste og siste leksjon skal vi tilsvarande ta for oss nokre kristne teologar sitt syn på islam. Det handlar om teologiske perspektiv på forholdet mellom islam og kristendom – men også om muslimar og kristnes syn på kvarandre. For teologien kan vanskeleg skiljast frå dei mellommenneskelege relasjonane.

NOKRE MODERNE MUSLIMARS SYN PÅ KRISTENDOMMEN OG VESTEN

Den fleste artiklane i denne vekeleksjonen handlar altså om moderne muslimars syn på kristendommen. Eg har henta fram fire markert forskjellige stemmer for å illustrere kor ulikt synet på kristendommen kan vere mellom muslimar i dag. Medan den radikale egyptiske islamisten Sayyid Qutb og den sør-afrikanske predikanten Ahmed Deedat har ei markert kritisk haldning til kristendommen og vestleg kultur (på grensa til eit fiendebilete?), har sjiamuslimen Seyyed Hossein Nasr ei langt meir forsonande tilnærming.

Dei to kapitla frå Tariq Ramadans om vestlege muslimar er eksempel på korleis reformmuslimar i Vesten tenkjer kritisk og kreativt om kultur- og religionsdialog.

Qutb og Nasr

Sayyid Qutb var den mest radikale talsmannen for Det muslimske brorskapet i Egypt på 1950- og 1960-talet. I hans auge var både ”fråfalne” muslimske statsleiarar, kommunistar, sionistar og vestlege materialistar å rekne for ”vantru” som muslimane både må forsvare seg mot og (om nødvendig) gå til kamp mot. Qutb vart avretta av Nasser i 1966. Men hans skrifter (særleg boka ”Milestones”/”Veimerker”) har vunne stor popularitet hos muslimar i mange land. Hans bøker har blitt utgitt av pengesterke aktørar i Gulfen (som Internnational Islamic Federation of Student Organisations) og spreidde i store opplag til moskear over heile verda.

Qutbs artikkel er eit moderne eksempel på klassisk muslimsk polemikk mot kristendommen. Som overskrifta viser (”That hideous schizophrenia”), er hans sentrale klagemål at kristendommen har bidratt til å kløyve røyndommen i mange delar. Han hevdar at då kristendommen lausgjorde seg frå den lov-orienterte jødedommen, førte dette til at kristendommen meir og meir skilde den åndelege sfæra frå den politiske, og teologien frå jussen. (I islam blir jo jus og teologi ofte sett som to sider av same sak.) Samtidig hevdar Qutb at kristendommen har avvike frå Jesu sanne lære. Dette argumentet knyter han til den klassiske islamske tanken at jødane og dei kristne har tukla med heilagskriftene slik at Bibelen ikkje utan vidare kan reknast som guddommeleg openberring i si noverande form. Han vidarefører også klassiske, polemiske tradisjonar når han blinkar ut Paulus som den store syndaren og klagar han for å ha blanda Jesu lære med hellenistiske myter og gresk filosofi. Då kristendommen vart Romerrikets statsreligion, meiner Qutb at den eigentlege kristendommen vart enda meir utvatna. Kristne prinsipp vart modifisert, hevdar han, for å passe med politiske formål.

Som reaksjon på denne utviklinga utvikla klostervesenet seg, med det resultatet at kristendommen vart kløyvd mellom ei stadig meir politisert kyrkjeleiing og eit klosterliv heilt på sida av denne verdas affærar. Samtidig blir seksualiteten kløyvd, meiner Qutb, mellom sølibat og promiskuitet. I tidas fylde gjer så ”Europa” opprør mot den institusjonelle kyrkjas maktmisbruk, noko som fører til ei stadig sterkare kløyving mellom tru og fornuft og mellom religion og politikk. Qutb konkluderer: ”salvation cannot be achieved through the European mentality” – fordi europeisk kristendom har skilt det som i følgje islam skulle høyre saman i ein vel avvegd balanse: ånd og kropp, tru og fornuft, religion og politikk.

Slik argumenterer Qutb. Han målar som ein vil forstå med brei pensel, utan å bry seg med nyansane. Hans polemiske bidrag er tatt med fordi det illustrerer ein ganske utbreidd tenkjemåte hos polemisk innstilte muslimar. I denne måten å argumentere på er det vanskeleg å finne noko teikn på muslimsk sjølvkritikk – brodden blir heile tida retta mot den Andre. Liknande mekanisme ser ein i mange kristne/vestlege fiendebilete av islam.

Den neste artikkelen har eit markert annleis tonefall. Seyyed Hosein Nasr, som har skrive teksten om ”The Islamic view of Christianity”, har vore aktiv i dialogen mellom muslimar og kristne internasjonalt. Idéhistorisk sett er han inspirert av den filosofiske og den mystiske tradisjonen innanfor islam.

To nøkkelbegrep som Nasr brukar i si drøfting er ”esoterisk” og ”eksoterisk”. Dette er religionvitskaplege termar. Esoterisk refererer til den indre dimensjon av ein religiøs tradisjon, eventuelt også den delen av tradisjonen som berre har vore tilgjengeleg for spesielt innvigde (for eksempel mystikarar som tilhøyrer ein muslimsk tarîqa eller eit kristent klosterfellesskap). Eksoterisk står til forskjell for den ytre dimensjonen som folk flest forheld seg til (for eksempel den islamske lova).

Nasr sitt syn er at islam (ideelt sett, om ikkje nødvendigvis i praksis) har ein betre balanse mellom dei ytre og dei indre dimensjonane ved religionen enn kva kristendommen har. Kristendommen har i følgje Nasr lagt for einsidig vekt på den indre dimensjonen, og manglar ei ytre lov med guddommeleg autoritet.

Når det gjeld dei tradisjonelle syna på kristendommen hos muslimar, peikar Nasr på at variasjonane har vore store. I den klassiske tida kunne ein i ein og same by kunne ein finne muslimske filosofar som hadde kristne lærarar eller elevar, og muslimske rettslærde eller teologar som skreiv polemiske verk mot kristendommen. Trass i desse forskjellane i haldningar har islam likevel eit felles fundament for synet på kristendommen, i det som Koranen og Hadith har å seie om den saka. Slik Nasr tolkar det Koranen har å seie om kristendommen, Jesus og Maria, gir Koranen grunnlag for eit meir positivt syn på kristendommen enn det som er vanleg hos mange muslimar.

Men som vi har sett av min artikkel, kritiserer også Koranen kristendommen på bestemte punkt. Nasr diskuterer korleis ein skal forstå Koranens avvising av treeiningslæra. Han viser til at mystiske teologar i islam har kunna akseptere denne som eit symbolsk uttrykk for den eine guddommens mange manifestasjonar (som Skapar, i Kristus, og gjennom si nyskapande Ånd). Dernest drøftar han kor vidt den jødiske Bibelen (Torahen ) og Det nye testamentet (injīl) må reknast for å vere oppheva av Koranen (jf. tanken om naskh, det at ein seinare openberring i Koranen klargjer eller opphevar ei tidlegare). Det vanlege synet er her at Koranen ikkje opphevar dei tidlegare openberringane, men berre klargjer dei. Nasr nemner også det tradisjonelle synet at jødane og dei kristne ikkje har vore heilt nøyaktige i overleveringa av sine skrifter, og at Torahen og Evangeliet derfor har blitt ”forvanska” eller ”tukla med” (tahrīf).

Ein annan tradisjonell kritikk av kristendommen frå muslimsk side rettar seg mot den kristne etikken. For det første: kristendommen har inga guddommeleg lov som er gitt ein gong for alle. Dette vil kristne på si side meine er eit fortrinn ved kristendommen, som set fridommen og kjærleiksbodet over lova sine konkrete forskrifter. For det andre: mange muslimar vil meine at kristen etikk er for krevande og urealistisk. Dei vil hevde at Jesu undervisning i Bergpreika (om å snu det andre kinnet til osv.) eigentleg er ein etikk for helgenar og ikkje for folk flest. I spørsmålet om krig og fred har då heller ikkje kristendommen tatt Jesu pasifisme på alvor, slår Nasr fast, men i staden utvikla ein meir ”realistisk” teori om ”rettferdig krig” som liknar ganske mykje på tilsvarande tankar i islam.

Men, som Nasr peikar på, det finst også muslimar som beundrar dei høge krava som Jesus stiller. I område der kristne og muslimar har levd saman i mange hundreår, vil ein finne mange muslimar som har det Nasr kallar ein djup ærefrykt for kristen etikk og spiritualitet (”reverence for Christian piety and beauty of soul”). Nasr peikar også på eksempel frå klassisk islamsk litteratur som speglar ein djup respekt for Jesus og kristendommen – jf. særleg sufiane og al-Ghazâlî sin aktive bruk av Jesus-ord i sin etikk, med fokus på Jesu askese og hans kjærleiksforkynning.

I den siste delen av artikkelen gir Nasr eksempel på historiske erfaringar som har skapt problem mellom muslimar og kristne. Han peikar særleg på den kombinerte effekten av kristen misjon i kompaniskap med kristen kolonialisme, og ein ”islamsk fundamentalisme” som ser dagens kristendom som vestleggjort vantru og ikkje som ein religion som er akseptert av Gud.

Nasr sitt eige syn er at ”God has willed both religions to exist and to be ways of salvation for millions of human beings, that the enemy of both religions is modern agnosticism, atheism and secularism, and that Christianity is a dispensation willed by heaven not only as a historical background to Islam but as a revelation destined to guide a sector of humanity until the second coming of its founder”. (Nasr viser her til den muslimske tanken, som vi finn uttrykt i Hadith, om at Kristus skal kome tilbake til jorda som eit teikn på dommedag.)

Tariq Ramadan: sjølvkritisk og kreativ dialogtenking

Dei to kapitla frå Tariq Ramadans bok Western Muslims and the future of Islam gir ein smakebit av heilt nye tilnærmingsmåtar til kultur- og religionsdialog hos samtidas reformtenkarar. Tariq Ramadan, som er mest kjent for si bok To be a European Muslim, har skrive meir om kulturdialog enn om religionsdialog i meir snever meining. Men i det første pensumkapitlet går han direkte inn på spørsmålet om "Interreligious dialogue". Han peikar først på problemet at den institusjonaliserte religionsdialogen berre i liten grad når fram til dei som mest kunne trenge ei slik dialogerfaring: "Those who hold the most closed opinions, which in daily life are the cause of the real problem, never meet." Dernest tar han grundig for seg vers i Koranen som Ramadan meiner har relevans for religionsdialogen. Han går først igjennom delar av Koranen som opnar for religionspluralisme og set ord på grunnleggande prinsipp for samtalen mellom religionane. Dernest tar han for seg meir problematiske vers som synest å peike i heilt andre retningar enn likeverdig dialog, og drøftar korleis desse kan tenkjast.

Obs.: noteapparatet med referansar til dei Koran-versa han siterer, har ikkje kome med i kompendiet men blir lagt ut som eige dokument i Classfronter (i mappa Undervisning).

I den siste delen av kapitlet om religionsdialog går han så gjennom nokre fundamentale reglar for respektfull samtale mellom religionane, i eit markert sjølvkritisk perspektiv ("The culture of dialogue has practically abandoned Muslim communities ..."). Han understrekar også at det må gå ein veg frå dialog til felles handling, med solidarisk forteikn ("One of the best testimonies that a religious or spiritual tradition can give of itself lies in acts of solidarity between its adherents and others.").

Også det påfølgjande kapitlet om kulturdialog ("The cultural alternative") har ein markert sjølvkritisk undertone på det muslimske fellesskapets vegner. Ramadan resonnerer først prinsipielt omkring forholdet mellom religion og kultur og argumenterer så for at muslimar i Vesten må vere opne, kritiske og kreative i sitt forhold til den allmennkulturen dei er ein del av. Det han tar til orde for, er ein europeisk måte å vere muslim på som er like genuin som arabiske eller andre kulturelt farga variantar av praktisert islam. Fleire stadar dukkar tanken om aktivt medborgarskap (citizenship) opp: Muslimane må leggje av seg haldningar prega av kulturelt sjølvforsvar, seier Ramadan, og bidra kreativt til utviklinga av dei europeiske samfunna.

KLASSISK > MODERNE BIBELKRITIKK

Etter Ramadan sine dialogiske refleksjonar over forholdet mellom islam og Vesten, vender vi tilbake til moderne muslimsk polemikk mot kristendommen. Eit slåande trekk ved den meir polemiske tilnærminga til kristendommen er muslimar si annektering av den radikale bibelkritikken på kristen mark i dei to siste hundreåra. Som vi fleire gongar har vore inne på i dette kurset, vart det allereie i den tidlegaste muslimske polemikken utvikla ein teori om at dei kristne har forfalska eller i det minste tapt sitt opphavlege evangelium, al-injīl. I vår tid har det blitt skrive bokstablar frå muslimsk side om korleis den historisk-kritisk bibelkritikken stadfestar det muslimske synet at dei kristne skriftene er heilt upålitelege som historiske kjelder. Påstandane er gamle. Det nye er at kampen no blir ført med motstandaren sine våpen. I anti-kolonial motstand mot at ”Vesten” skal få diktere muslimane sin omgang med sine eigne heilagskrifter, let ein samtidig vere å vende dei historisk-kritiske våpena mot Koranen, som for det meste har fått stå i fred som Guds reine ord.

Men for Bibelen sin del nyttar ein ivrig Vestens eigne våpen for å redusere autoriteten til dei jødisk-kristne heilagskriftene. Eit populært eksempel på moderne muslimsk polemikk mot kristendommen finn ein i skriftene til Ahmed Deedat, ein sørafrikansk predikant som på 1980- og 1990-talet fekk stor merksemd internasjonalt og arrangerte i denne perioden også ei mengd polemiske diskusjonar med kristne i Vesten, for det meste kristne fundamentalistar. I sine skrifter held Deedat fram ”motsetnadene i Bibelen”, og i sine offentlege konfrontasjonar med kristne polemiserer han med Bibelen i handa mot at Jesus skulle vere ”Guds Son”. Hans pamflettar, og videoane frå hans krigsdialogar med kristne fundamentalistar, har blitt selde i store opplag, ikkje minst til muslimar i Vesten. I mi presteteneste, då eg gjorde dei første erfaringane med islamdialog, vart eg sjølv fleire gongar oppsøkt av muslimar som ville diskutere med meg i Deedat si ånd, og overtyde meg om dei uforeinlege motsetnadene i Bibelen og i det kristne Kristusbiletet. Dei vart like forundra kvar gong eg fortalde dei at kristne ikkje trur at det er Bibelen, men den levande Kristus, som er Guds Ord, og at det høyrer med til sjølve evangeliet sitt vesen at det ikkje kan settast på ein formel, men måtte fortellast på fire forskjellige måtar allereie i Det nye testamentet. Det er nok enklare for polemiske muslimar å diskutere med kristne fundamentalistar …

Religionshistorikaren Yvonne Dehnes presenterer Deedat sine hovudtankar i pensumartikkelen ”Muslimsk misjon på video” som vart skriven på midten av 90-talet. Som vi har sett, peikar Seyyed Hossein Nasr på kombinerte effekten av kristen misjon i kompaniskap med kristen kolonialisme, og ein ”islamsk fundamentalisme” som ser dagens kristendom som vestleggjort vantru og ikkje som ein religion som er akseptert av Gud. Tilsvarande viser Dehnes korleis Deedat sin kristendomskritikk kan sjåast som ein forsvarsreaksjon mot pågåande, kristen misjonsverksemd. Deedat sin motstrategi er å ruste muslimane til å forsvare seg, ikkje berre med Koranen, men også ”med motstandarane sine våpen”, det vil seie med ei popularisert form for bibelkritikk. Dehnes viser at Deedat også flittig brukar humor som eit våpen, men (etter mi meining) med ein nokså aggressiv undertone. Som Dehnes seier, ”det implisitte budskapet er at muslimene har sannheten og rettferdigheten på sin side”.

Som konklusjon karakteriserer Dehnes kristendomskritikken og dei anti-vestlege haldningane i Deedats forkynning som eit eksempel på ”de undertryktes diskurs”: det handlar om muslimsk sjølvforsvar mot dei kristne og Vestens kulturelle overtak.

tilbake til toppen av sida


Til diskusjon:

 

tilbake til toppen av sida


Tips til vidare studium:

Muslimar og kristnes syn på kvarandre: Kate Zebiri si bok Muslims and Christians Face to Face (Oxford: Oneworld 191997, 258 s) gir ein utmerka oversikt over tonegivande haldningar på begge sider. Eitt kapittel tar opp ulike faktorar som påverkar kristen-muslimske forhold. To kapittel handlar om populær litteratur av polemisk karakter, to andre kapittel om meir intellektuelle tilnærmingsmåtar (ofte av meir fredsæl karakter) på begge sider.

Til islams syn på andre religionar, sjå også Dan Cohn-Sherbok (ed.): Islam in a World of Diverse Faiths. London: Macmillan 1997.

tilbake til toppen av sida


Nyttige lenker:

tilbake til toppen av sida