Tek avstand frå "vulgær-islam"

Vårt Land 19. juli 2002

Den norske muslimen Trond Ali Linstad leverer ei breiside mot muslimske innvandrarar som foraktar det norske samfunnet.


Johannes Morken
johsm@vartland.no

------------------------------------------------------------------------

Linstad er lege og rektor for Urtehagen skule i Oslo. Han kritiserer det han kallar «vulgær islam»: Det finst muslimske innvandrarar som stemplar alt ikkje-muslimsk i Noreg som ureint ? og deretter snyltar dei på norske sosialordningar.

Linstad fortel Vårt Land at han vart djupt provosert etter ein samtale med ein muslimsk innvandrar. Han vil ikkje seia presist kvar vedkomande kom frå.

Ureine kristne. Men vedkomande, som Linstad seier godt kan vera frå Marokko og godt kan kallast Ahmed, har uføretrygd og kommunal bustad her i landet. Samstundes har han hus i Marokko. I samtalen med Linstad hevda denne innvandraren følgjande:

Noreg er eit kristent eller kanskje post-kristent, sekulært samfunn, meinte denne innvandraren. Dei kristne i Noreg er ureine, og i endå større grad dei sekulære. Muslimar bør halda avstand til dei. Både dei kristne og sekulære er ikkje muslimane sine brør. Tvert imot er dei fiendar av Gud. Dei er også fiendane til muslimane. Hevda Ahmed.

Linstad spurte vedkomande: Kvifor lever du på pengene frå dei «ureine», og tek bustad hos «fiendane» dine? Kvifor reiser du ikkje heim?

Til Vårt Land seier Linstad at han både som muslim og nordmann vart kraftig provosert. Han skreiv eit skarpt lesarbrev.

- Dette er ei hyklersk holdning. Han utnyttar velviljen til «fiendane» sine. Han takkar, men i hjarta foraktar han. Dette er så ei så uakseptabel holdning at ho ikkje kan stå uimotsagt. Dette er ikkje islam, forklarar Linstad.

Negativt. - Meiner du at dette er snylting?

- Ja, det er mange negative holdningar.

- Du seier at slik «vulgær islam» er utbreidd. Kva meiner du med det?

- Islam er ei utbreidd tru. Ein viss prosent kjem med uakseptable holdningar. Det må både muslimar og ikkje-muslimar vera merksame på. Vi må skjerpa oss. Men dette er ikkje meir utbreidd i muslimske miljø enn i andre miljø.

- Burde han reist heim til huset sitt i Marokko?

- Ut frå ein streng moralsk standard burde han reist heim i staden for å triksa og utnytta systemet her. Men kanskje hadde vi ikkje vore betre sjølve i ein liknande situasjon. Kanskje ser vi lettare splinten i hans auga enn bjelken i vårt eige. Difor skal vi vera litt varsame med å døma. Men det må vera lov å skriva ein artikkel.

Reaksjon. - Er dette også ditt oppgjer med det som på norsk er blitt kalla snillisme?

- For meg er dette ein spontan reaksjon på ei konkret hending. Eg trur heller ikkje at det primært er ei trusholdning. Vi snakkar om menneske som kom hit som fattige. For å koma ovanpå i livet skaffar dei seg overlevingsstrategiar. Det kan vera allmennmenneskeleg å verta freista til å ta snarvegar og så skaffa seg ei ideologisk legitimering av snarvegane. Det er ein peikefinger mot oss alle.

- Men når du som norsk muslim går til felts mot ein innvandrar som triksar og hyklar, vil du raskt verta dregen inn i innvandringsdebatten. -Kva vil du seia der?

- Vi må ta med oss balansen. Ein innvandrar misbrukar det norske sosialsystemet. Men det gjer også mange andre.

- Er det ein reell diskusjon om problema i muslimske miljø?

- Ja, det pågår ein debatt. Også muslimar reagerer på andre muslimar sin lemfeldige omgang med regelverket. Hypotesen min er at det store fleirtalet er lovlydige og vil vera skikkelege menneske. For eit par dagar sidan møtte eg ein familiefar frå Somalia i parken utanfor her. Han fortalde at det sat fire-fem andre somaliarar i parken. Dei tygde rusmidlet kaht. Mannen som reagerte, ville ha dei andre vekk så barna kunne leika trygt. Han bad meg om naudsynt ringa politiet.

Bin Laden. - Du skriv også at «mannen frå Marokko» representerer holdningar som minner om Osama bin Laden. Kva meiner du med det?

- Eg fekk den tanken då eg høyrde innvandraren omtala alle som ifølgje han ikkje er heilt reine i trua, som «ureine». Det er om lag det same som bin Laden seier. Bin Laden gjev seg fridom til å reinska ut alle dei han meiner er ureine. Alle «dei andre» vert verdilause. Muslimar må skjerpa seg i høve slik vulgærtenking.

- Kva holdningar skal ein sann muslim så ha?

- Alle menneske er Guds barn. Koranen og Gud seier at dei einaste som vert sett framom andre, er dei gudfryktige. Det er ikkje berre muslimar som er det. Målet i livet er å dyrka Gud og vera nær Gud. Vegen til Gud går gjennom medmenneske. Vi kjem nærare Gud ved å gjera godt for andre menneske på alle vis.