Oddbjørn Leirvik:

Kritisk solidaritet mellom kristne og muslimar

 

Innlegg på eit møte om ”Dialog, ytringsfrihet og religion i en flerkulturell kontekst”, Muslimsk Studentsamfunn, Universitetet i Oslo, 28. februar 2006

 

Publisert på nettet 9. mars 2006


 

I kjølvatnet av karikatursaka har eg stilt meg sjølv spørsmålet: skal vi som arbeider med religionsdialog, vere optimistiske eller pessimistiske etter karikatursaka?

 

Det er faktisk fleire grunnar til å vere optimistisk. Som vi alle veit, er forskjellen stor på korleis karikatursaka har blitt handtert i Norge og Danmark. I Norge har leiarane for trus- og livssynssamfunna dei siste ti-femten åra engasjert kvarandre i ein tillitsbyggande religionsdialog, noko som har gitt oss eit trygt fundament å handtere kriser på. Viktige fora for tillitsbyggande religionsdialog har vore Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk Råd som har vore i sving sidan 1993; Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn som vart etablert i 1996; og den mangeårige kontakten mellom Muslimsk Studentsamfunn og Norges Kristelige Studentforbund som bl.a. resulterte i ei felles kristen-muslimsk pilegrimsreise til Palestina i 2004.

 

Synlege uttrykk for den tilliten som har blitt skapt er den felles fråsegna som kristne og muslimske leiarar kom med i ein tidleg fase av karikatursaka. Her slo ein saman fast at ”Ytringsfrihet er en fundamental rett som må respekteres, men den må praktiseres med ansvar og klokskap.” Seinare drog representantar for Den norske kyrkja og Islamsk Råd på felles delegasjonsreiser til Midtausten og Pakistan, for å korrigere det biletet som hadde blitt skapt i internasjonale media av ein grunnleggande konflikt mellom muslimar og kristne i Norge. Saman formidla muslimske og kristne leiarar erfaringane med fredsskapande dialogarbeid til muslimske leiarar i land med eit vesentleg høgare konfliktnivå.

 

Også den norske regjeringa har i karikatursaka sett det som naturleg å samarbeide med Islamsk Råd og kyrkjeleiarane for å løyse krisa. Det samla biletet er at representantar for trussamfunna og styresmaktene har stått hand i hand for å forsvare sentrale verdiar som ytringsfridom under ansvar, respekt for andre menneske sine religiøse kjensler, og ikkje-valdeleg konfliktløysing. Og alle som har deltatt i desse prosessane, har følt seg norske: som nordmenn med ulike bakgrunnar har vi slått vakt om nokre felles verdiar som vi - i god norsk fredsbyggarånd - ønskjer å flagge for resten av verda.

 

Det er mange grunnar til å vere optimistisk. Ikkje berre religiøse leiarar og politikarar, men også folk flest har i karikatursaka fått augo opp for kor avgjerande viktig interreligiøs fredsbygging er.

 

Når det gjeld nordmenn flest, er eg likevel usikker på kva karikatursaka har ført til. Det er ting som tyder på at den har skapt meir sympati for muslimane. Men det kan også hende at mange har blitt meir redde for islam og meir mistenksame mot muslimar. Den siste tida har vi sett at Fremskrittspartiet, som stadig kastar mistankar mot muslimske leiarar, har gått fram på meiningsmålingane. Karikatursaka har også avdekka ein veksande allianse mellom Fremskrittspartiet og det nye kristne høgre, ein allianse som vart tydeleg då Carl I. Hagen kom med sine angrep på islam og Muhammed i menigheten Levende Ord i 2004. Redaktør Selbekk i Magazinet har sagt at han ønskjer Fremskrittspartiet i regjering. Bladet hans representerer ei form for karismatisk, fundamentalistisk kristendom som sympatiserer med nykonservatismen i USA og den israelske høgresida, og har åndskamp mot islam som ein sentral del av sitt program. Den gode nyheita er det nye kristne høgre blir motsagt av alle dei store kyrkjesamfunna i Norge. Den dårlege nyheita er at den kristne nykonservatismen er i vekst og at den antiislamske litteraturen dei produserer, sel langt betre enn islambøkene til seriøse islamforskarar. Eg tenkjer særleg på boka ”Islam og terrorisme” som misjonsorganisasjonen Ungdom i Oppdrag har gitt ut. Der kan vi lese at islams historie er som ei elv av blod; at det er dei som utøver vald som står for det einaste sanne islam; og at muslimar som engasjerer seg i dialog berre prøver å skjule sitt eigentlege mål som er verdsherredømme.

 

Heller ikkje på muslimsk side er biletet berre positivt. Internasjonalt har karikatursaka gjort oss merksame på dei hatefulle stereotypiane av jødar som florerer i dei muslimske kulturane i Midtausten, kanskje også i Europa. Når det gjeld muslimar sitt bilete av kristendommen, er det sant som muslimar ofte seier at dei respekterer både Moses, Jesus og Muhammad. Men eg må dessverre konstatere at mykje av den litteraturen som blir spreidd i europeiske moskear, teiknar eit lite respektfullt bilete av kristendommen og den kristne trua. Eit eksempel er skriftene til den aggressive fundamentalisten Ahmed Deedat. Både her og i andre populære skrifter får vi høyre at jødane og dei kristne har tukla med skriftene sine, at korset er eit meiningslaust symbol, og at vi kristne er vantru fordi vi trur at Kristus er biletet av Guds vesen. For eit par år sidan fann eg det sjølv nødvendig å skrive eit innlegg på nettsida islam.no mot ein dansk konvertitt til islam som hadde fått utfalde seg med sine nedlatande haldningar til kristendommen som ein ufullstendig religion.

 

I dei store kyrkjesamfunna har det i nyare tid skjedd avgjerande haldningsendringar når det gjelder synet på islam. Som kristne har vi måtta ta eit oppgjør med inngrodde fordommar mot islam som i kyrkjehistoria har kome til uttrykk i krenkande omtale av Koranen og Muhammad. Det er slike fordommar Jyllandsposten og Magazinet har reprodusert, og som vi andre kristne har protestert mot.

 

Mitt håp er at de som muslimar tar like klar avstand frå nedsettande omtale av vår kristne tru.

 

Det vi treng, er ein kritisk solidaritet mellom fredselskande muslimar og kristne, i front mot dei sterke kreftene i begge religionane som tenker i åndskampkategoriar, svertar den andre religionen og ønskjer konfrontasjon. Det eg ønskjer, er ein moralsk allianse mot dei konfronterande kreftene, ikkje fleire lovreguleringar eller blasfemiparagrafar. Blasfemilovgiving gjer ofte vondt verre. Det ser vi i Pakistan, som har ei blasfemilov som føreskriv livstidsdom for den som ringeaktar Koranen og dødsstraff for den som hånar profeten. Den pakistanske blasfemilova har katastrofale konsekvensar for dei religiøse minoritetane. Både kristne, ahmadiyyamuslimar og sjiamuslimar opplever at sunnimuslimske naboar brukar lova som påskot for å gjere livet deira surt, ofte med klagemål som heilt openbert er fabrikkerte.

 

I 1995 vart det for eksempel felt ein dødsdom mot ein mindreårig kristen som var klaga for blasfemi i Paksitan. Dommen vart seinare omgjort, men guten måtte dra frå landet og ein av dei vaksne som var tiltalt, vart drepen. Dette er ei form for blasfemilovgiving som i praksis berre forsvarar majoriteten, ikkje minoritetane. I 1995  var det eit par muslimske leiarar i Norge som støtta dødsdommen og det var nødvendig å ha eit møte i Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk Råd for å prøve å kome fram til ei felles haldning.

 

Dette er ti år sidan. Sidan då opplever eg at kristne og muslimske leiarar har blitt meir konsoliderte i sitt felles forsvar for utsette minoritetar. I november i fjor reiste for eksempel ein kristen-muslimsk delegasjon til Pakistan, i regi av Oslokoalisjonen for tros- og livssynsfrihet. Saman lytta vi til kvinneaktivistar, menneskerettsforkjemparar og representantar for dei religiøse minoritetane. Og saman utfordra vi konservative muslimske leiarar som forsvarer blasfemilova.

 

Lat meg derfor avslutte i ein optimistisk modus: I 2006 har vi kome såpass langt i dialogarbeidet at fleirtalet av aktive kristne er solidariske med den muslimske minoriteten i Noreg. Også muslimske leiarar i Norge er tydelegare enn før i sin solidaritet med kristne og andre minoritetar som har det vanskeleg i muslimske majoritetssamfunn.

 

Lat oss halde fram med å bygge denne solidariteten, hand i hand mot dei som brukar sin religiøse identitet som våpen mot andre.