Oddbjørn Leirvik:

Moskégang og kyrkjebesøk

 

Vårt Land 12. april 2007


 

Kulturredaktør Olav Egil Aune hevda i ein kommentar 10. april at ”hver femte innvandrer, det vil si 21 prosent, deltar hver uke i fredagsbønn i moskeer eller i andre religiøse seremonier”. Samtidig seier han at talet på kyrkjegjengarar berre er ”godt og vel 3 prosent av den etniske (han meiner vel den ”etnisk norske”?) befolkningen”.

            Dei tala som Aune frå ukjende kjelder rapporterer, gir i beste fall eit unyansert bilete av den religiøse tilstanden i kongeriket. Det finst altfor få undersøkingar av kor ofte muslimar går i moskeen til at ein kan setje fram generaliserande påstandar som dette. Den einaste undersøkinga eg kjenner til frå norsk samanheng, er den målinga av muslimske meiningar som TNS Gallup utførte for TV2 i 2006. Her var det 14 % av muslimane som sa at dei deltok i religiøse seremoniar kvar veke, mot 6 % i den generelle befolkninga. Slår ein saman dei som deltok dagleg, kvar veke eller kvar månad, ser ein at 30 % av dei spurde muslimane rapporterte at dei deltok månadleg eller oftare. Her var det tilsvarande talet for den generelle befolkninga knapt 16 %. Andre målingar frå det siste tiåret viser gjennomgåande eit noko lavare tal for kor mange som går til kyrkje månadleg eller oftare, gjerne mellom 10-12 %. Ei tilsvarande måling som Jyllands-Posten fekk gjort i Danmark i fjor, viste at berre 21 % av dei spurde muslimane gjekk til fredagsbøn månadleg eller oftare.

            Det er mykje som tyder på at muslimar er meir kollektivt religiøst praktiserande enn kristne i Skandinavia. Men vi skal merke oss to ting: For det første ligg Skandinavia eit godt stykke under det europeiske snittet for kyrkjegong. I 1999-2000 viste europeiske målingar at det vesteuropeiske snittet for minst månadlege kyrkjebesøk, var i overkant av 30 % - altså på nivå med det norske muslimar i fjor rapporterte om sine moskébesøk.

            For det andre viste TNS Gallup si undersøking frå i fjor at det var langt fleire hos muslimane (32 %) enn i den generelle befolkninga (19 %) som sa at dei aldri deltok i religiøse seremoniar i lag med andre. I den danske undersøkinga som Jyllands-posten tok initiativ, var det heile 65 % av dei muslimske informantane (46 % av dei mannlege) som sa at dei aldri gjekk til fredagsbøn i moskeen. Men her må ein ta kjønnsfaktoren med i biletet, sidan det framleis er langt færre kvinner enn menn som deltar i fredagsbøn eller andre aktivitetar i moskeen. Dei kan likevel vere sterkt religiøst praktiserande, heime.

            Det er likevel grunn til å merke seg at også muslimane med omsyn til kollektiv religiøs praksis synest å dele seg i tre grupper: ei gruppe som går regelmessig i moskeen, ei anna gruppe som på folkekyrkjevis går nokre gongar i året, og ei relativt stor gruppe som ikkje går i moskeen i det heile.

            Det samla biletet av religiøs praksis hos kristne og muslimar er såleis litt annleis enn det Aune legg til grunn for sin kulturpessimistiske analyse av den religiøse tilstanden i Europa. For norske kristne kunne det vere eit mål at ein nærma seg det vesteuropeiske snittet for kyrkjegong (som katolikkane har mesteparten av æra for) - eit snitt som ligg omtrent på nivå med det norske muslimar så langt har meldt om sine moskébesøk.

 

Oddbjørn Leirvik