Oddbjørn Leirvik:

 

Muslimske meiningar anno 2006:
Norge, Danmark og Storbritannia

 

Nettartikkel først publisert juni 2007 (oppdateringar etter dette er markert med raudt)


Diskusjonar om vestlege muslimar sine haldningar til religiøse, etiske og politiske spørsmål er ofte basert på meir eller mindre kvalifisert gjetning. I somme tilfelle blir synspunkt som imamane kjem med i det offentlege ordskiftet, tatt som representative for kva muslimar flest meiner. Det er rimelegvis ei kortslutning. I ei meiningsmåling som vart utført av TNS Gallup for TV2 i 2006, kom det fram at berre 25 % av dei spurde muslimane trudde at muslimane faktisk følgjer imamane sine råd, medan dobbelt så mange av nordmenn flest meinte at så var tilfelle. Behovet er med andre ord stort for sosiologiske data som kan fylle gapet mellom innside- og utsideperspektiv på kva norske muslimar meiner.

            Men korleis skal ein finne ut kva dei 120 000 – 150 000 nordmennene[1] eller 200 000 danskane[2] som har ein muslimsk bakgrunn står for i kritiske spørsmål? I det følgjande vil eg prøve å analysere den første større meiningsmålinga som er gjort mellom norske muslimar, og samanlikne denne med liknande meiningsmålingar i Danmark og Storbritannia frå 2006.

            Metodisk må det understrekast at det ikkje kan trekkast for store vekslar på enkeltståande meiningsmålingar. Når det gjeld norske muslimar sine meiningar, har vi faktisk inga anna tilsvarande måling å samalikne med – sidan den nemnde undersøkinga er den første som er gjennomført i Norge med muslimar som hovudrespondentar.

            Sjølv om funna i den nemnde målinga nok ikkje kan generaliserast, set dei oss på sporet av ein del interessante innsikter og kallar på mange slags refleksjonar. I det følgjande vil eg gjere eit forsøk på å tolke funna i den norske undersøkinga frå 2006, med sideblikk til liknande spørjeundersøkingar frå Danmark og Storbritannia det same året.

 

Kven skal reknast som muslim?

 

Det første spørsmålet som må stillast om ein vil undersøke muslimske meiningar, er korleis ein skal definere kven som er muslim. Dei tala på muslimar i Danmark og Norge som er nemnde ovanfor, er overslag og byggjer på tilgjengelege statistiske data om dei relevante innvandrargruppene. Med andre ord, dei indikerer talet på ”etniske muslimar” i Skandinavia.

            Den andre måten å telje muslimar på er meir eksakt: Ein kan ganske enkelt sjekke medlemstalet i muslimske organisasjonar i Norge – som i 2006 var 72 000. Dei nemnde tala viser at om lag 55 % av dei kanskje 130 000 innbyggarane med muslimsk bakgrunn per 2006 aktivt hadde stadfesta sin muslimske identitet ved å melde seg inn i ein muslimsk organisasjon i Norge.

            Til tolkinga av desse tala er det også verd å merke seg at det norske systemet for offentleg medlemsstøtte stimulerer dei religiøse innvandrarorganisasjonane til aktivt å verve medlemmer, ved å tilby ein fast sum i økonomisk bidrag per medlem til trussamfunna. Til samanlikning har berre 25 % av danske muslimar i meiningsmålingar frå dei seinare åra oppgitt at dei er medlemmer av ei ”moskeforeining”.[3]

            Å avgrense islam til ein medlemsorganisasjon ville likevel vere eit altfor restriktivt kriterium når ein prøver å kartlegge muslimske haldningar i det eine eller andre landet. Når det gjeld meiningsmålingar, er det mest nærliggande alternativet å finne eit utval av borgarar med typiske muslimske namn og så be informantane (når dei blir kontakta) å seie om dei reknar seg som muslimar eller ikkje. Spørsmål om religiøs praksis introduserer enda ein dimensjon ved kva det vil seie å vere muslim. I undersøkingar som det blir referert til nedanfor, blir identitetsspørsmålet relatert til å rekne seg som muslim bli målt opp mot den varierande graden av religiøs praksis som dei muslimske informantane rapporterer.

 

Norske og danske målingar, 2006

 

Det var i mai 2006 ar den første omfattande målinga av norske muslimar sin religiøse praksis, deira haldningar til integrasjon og deira syn på nasjonale og internasjonale spørsmål, vart publisert. Bak initiativet stod TV2 som hadde hyrt TNS Gallup til å utføre undersøkinga.[4] Den same månaden publiserte Jyllands-Posten ei undersøking av danske muslimar sin religiøse praksis, deira kjensler av nasjonal identitet, deira internasjonale kontaktar, og deira haldningar til ei rekke kontroversielle spørsmål om skaut, ekteskap og ytringsfridom.[5] Det tilgjengelege materialet frå dei nemnde undersøkingane inkluderer opplysningar om ei rekkje variablar som kjønn, alder, utdanningsnivå og nasjonal bakgrunn.

            Til forskjell frå Norge har det i Danmark blitt utført fleire liknande meiningsmålingar mellom muslimar og den danske undersøkinga frå 2006 utfylte såleis det biletet som tidlegare målingar har gitt.[6]

            Den norske undersøkinga vart utført som telefonintervju med 500 personar med muslimske namn og med ei kontrollgruppe av 500 individ som var tilfeldig valde ut frå den generelle befolkninga. Spørsmåla var inspirert av ei britisk undersøking som Sunday Telegraph publiserte i februar 2006 – med fokus på haldninga til terrorangrep, religiøs radikalisme, moralen i vestlege samfunn og sharia-basert lovgiving.[7]

            Den danske undersøkinga frå 2006 hadde eit heilt anna utval av spørsmål. Den var basert på intervju med 680 danske muslimar, også her med ei kontrollgruppe av danskar generelt. I både den norske og den danske undersøkinga vart det brukt muslimske intervjuarar.

            I analysen nedanfor vil det bli referert til det materialet som TV2 og Jyllands-Posten har gjort tilgjengeleg. Data frå den nemnde britiske undersøkinga vil også bli trekt inn, samt nokre resultat frå ei ferskare undersøking som den britiske tenketanken Policy Exhange publiserte i januar 2007 under overskrifta ”Living apart together. British Muslims and the paradox of multiculturalism”.[8]

             

 

Muslimsk religiøs praksis i Europa

 

I kva grad kan dei danske og norske muslimane som vart intervjua reknast som jamleg praktiserande muslimar, privat og offentleg?

            I den norske undersøkinga vart det stilt eit litt intrikat spørsmål om kor ofte intervjuobjekta vanlegvis deltok “i religiøse seremonier (sammen med andre - personlig bønn ikke medregnet)”. Spørsmålet styrte nok tanken i retning av moské- eller kyrkjebesøk. Men slik det var formulert, kan dei som svarte også ha tenkt på felles bøn i meir private samanhengar. Medan fleire meiningsmålingar frå det siste tiåret indikerer at berre om lag 10 % av nordmenn flest går til kyrkje eller deltar i andre former for religiøse møte ein gong i månaden eller oftare, var det samla sett 16.3 % av dei som vart spurt i TV2 si undersøking som sa at dei var med på slike aktivitetar minst ein gong i månaden. For muslimane sin del var det tilsvarande talet mykje høgare, nemleg 27.4 % (4.0 % på dagleg basis, 11.5 % kvar veke, 11.9 % kvar månad). Men ca. ein tredjedel sa at dei deltok sjeldnare, og ca. ein tredjedel at dei aldri deltok.

            Når det gjeld religiøs praksis, har danske meiningsmålingar som har blitt utført før Jyllands-Posten si undersøking i 2006 gitt liknande resultat som den norske målinga. Om lag 30 % av muslimane har gjennomgåande rapportert at dei ser seg sjølve som regelmessige moskegjengarar. Dette synest å svare til dei 30 % som i dei same danske målingane har karaktisert seg sjølve som “meget religiøse”, i kontrast til dei 40 % av muslimane som ser seg sjølve som “moderat religiøse” eller dei 30 % som seier at dei berre er “lidt religiøse”.[9]

            I Jyllands-Posten si undersøking, derimot, var det berre 21 % av dei spurde muslimane som sa at dei gjekk til fredagsbøn minst ein gong i månaden. Sidan dei danske og norske spørsmåla om kollektiv religiøs praksis var ulikt formulert (det danske spørsmålet var langt meir presist enn det norske), kan ikkje dei 21 % som seier dei går til fredagsbøn i Danmark utan vidare jamførast med dei 27 % i den norske undersøkinga som rapporterte regelmessig deltaking i religiøse seremoniar. Det danske spørsmålet om kven som går til fredagsbøn, er her langt meir presist enn det norske om deltaking i religiøse seremoniar.

            I eit vidare europeisk perspektiv er det lite i dei nemnde undersøkingane som tyder på at norske eller danske muslimar er eit veldig fromt unnatak frå den generelle regelen når det gjeld gudstenestedeltaking. Dei muslimane som vart spurt i 2006, synest tvert om å legge seg nær opp til det vest-europeiske gjennomsnittet for regelmessig kyrkjebesøk (månadleg eller oftare) – som religionssosiologen Grace Davie i 2000 (på bakgrunn av relevante undersøkingar) oppsummerte til 31 %.[10] I ein skandinavisk kontekst, derimot, ser muslimane ut til å vere meir hyppige moskegjengarar enn kva tilfellet er for kyrkjebesøka til deira kristne medborgarar (der snittet altså synest å ligge mellom 10-12 % per månad).

            På den andre sida er det ting som tyder på at muslimane også er minst like polarisert som nominelle kristne når det gjeld religiøs praksis. Så mange som 65 % av dei danske informantane (46 % av dei mannlege) i Jyllands-Posten si undersøking sa at dei aldri går til fredagsbøn i moskeen. Men dersom vi tar høgde for at kvinner sjeldan går til fredagsbøn, er det her dei 46 % av mennene som er det mest interessante talet - med tanke på polariseringa mellom dei som går ofte og dei som aldri går til moskeen.

            I eit tverreligiøst perspektiv korresponderer dei 46 % mennene som i 2006 fortalde Jyllands-Posten at dei aldri går i moskeen, godt med dei 43 % av danskane som i 1999/2000 sa at dei aldri går til kyrkje.[11] Kanskje har muslimane allereie tatt farge av det generelle danske mønsteret når det gjeld religiøs praksis?

 

Kjønnsfaktoren

 

I den norske undersøkinga rapporterte 35.8 % av muslimane (32.1 % av mennene) at dei aldri tar del i religiøse seremoniar i lag med andre, mot 19.2 % i den generelle befolkninga (23.1 % av mennene). Når ein skal analysere desse tala, må ein sjå nærare på kjønnsfaktoren. Sjølv om det er ting som kan tyde på at muslimske kvinner i Skandinavia har blitt meir flittige moskegjengarar enn sine søstre i den muslimske verda,[12] er det å delta i fredagsbøn også i Norden for det meste ein mannleg aktivitet. Bakgrunnstala for den danske undersøkinga viser at heile 86 % av dei spurde kvinnene sa at dei aldri deltar i fredagsbøna i moskeen og berre 5 % av kvinnene rapporterte at dei går til fredagsbøn på månadleg basis eller oftare.

Det tilsvarande spørsmålet i den norske undersøkinga gav heilt andre resultat med omsyn til kjønn. Av dei norske respondentane sa heile 22.2 % av kvinnene (mot 31.4% av mennene) at dei deltok i religiøse seremoniar i lag med andre minst ein gong i månaden, medan berre 40.5% rapporterte at dei aldri deltok.

            Gitt den ulike ordlyden i dei norske og danske spørsmåla, er tala ikkje så lette å samanlikne. Som eg har vore inne på, vart det norske spørsmålet truleg tatt som ein referanse til eit vidare spektrum av religiøse aktivitetar enn fredagsbøna, som andre seremoniar i moskeen eller bøn i lag med andre i private samanhengar. For å kunne seie noko meir sikkert om eventuelle forskjellar på kvinneleg deltaking i moskeane sitt liv i Norge og Danmark, trengst det fleire og meir presise undersøkingar.

            Tala som er referert ovanfor gjeld kollektiv religiøs praksis. Om ein vil finne ut kor mange muslimar som regelmessig praktiserer si tru, må også individuell praksis takast med i biletet. Sjølv om felles bøn i moskeen er essensielt i islam, er det dei fem daglege bønene – utført privat eller i lag med andre – som utgjer ryggraden i muslimane sin religiøse praksis. Den norske undersøkinga inneheld ikkje data om individuell bøn. I den danske målinga, derimot, vart intervjuobjekta også spurt om kor ofte dei bad. Så mange som 51.4 % av respondentane svarte at dei bad kvar dag (fem gongar eller meir: 37.5 %, 1-4 gongar: 13.9 %), medan 31 % sa at dei aldri bad (jf. dei 30 % som i tidlegare danske undersøkingar har karakterisert seg sjølve som ikkje-religiøse).

            Også når det gjeld individuell bøn, viser den danske målinga interessante kjønnsvariablar. Medan berre 5 % av kvinnene, av tradisjonelle grunnar som eg har referert til ovanfor, sa at dei deltar i fredagsbøna månadleg eller oftare, rapporterte så mange som 61 % at dei utfører dei fem daglege bønene. Her vil framtidige meiningsmålingar (også i Norge) vonleg gi meir haldepunkt for ein nærliggande hypotese, nemleg at muslimske kvinner – liksom sine kristne søstre – synest å vere meir religiøst praktiserande enn menn, men også at muslimsk praksis nok er enda skarpare delt mellom aktivitetar i den private og i den offentlege sfæren.

            Bortsett frå kjønnsfaktoren, er det også eit anna forhold ein må ta omsyn til når ein prøver å analysere muslimske og kristne data om moskebesøk og kyrkjegong. Religionssosiologar har notert at amerikanske kristne har ein tendens til å overrapportere sine kyrkjebesøk medan europearane synest å underrapportere dei, noko som truleg speglar ulike oppfatningar av korleis religiøs aktivitet bidrar eller ikkje til den sosiale kapitalen.[13] Korleis ein skal tolke europeiske muslimar sin religiøse sjølvmeldingar i lys av slike variablar, er eit opent spørsmål som fortener å bli diskutert når ein prøver å analysere data som dei vi har sitert ovanfor.      

 

Karikaturstrid og ytringsfridom

 

Både dei norske og danske telefonintervjua vart utført frå slutten av februar til slutten av mars 2006. Dermed var det sjølvsagt naturleg også å spørje intervjuobjekta om den pågåande karikaturstriden. I Danmark meinte 92.7 % av muslimane at Jyllands-Posten gjorde feil i å publisere Muhammad-teikningane. Sjølv mellom ikkje-praktiserande muslimar var det så mange som 85 % som sa seg usamde i publiseringa, noko som kan indikere at saka vart oppfatta meir som eit identitetsspørsmål enn som ei kjensleladd sak for dei mest religiøse. Tilsvarande meinte ein overveldande majoritet av 90 % norske muslimar at det var gale av Magazinet å republisere teikningane, eit syn som berre 48 % av befolkninga generelt sa seg einig i.

            Men når ein ser nærare på bakgrunnsvariablane, viser det seg at ein også her må ta omsyn til kjønnsforskjellar og andre trusoverskridande faktorar. Data frå den norske undersøkinga viser at det i høve til den mannlege og meir sekulært orienterte delen av befolkninga var ein vesentleg større del av kvinnene (60 %) og dei religiøst aktive (62 %) i befolkninga generelt som sa seg usamde i publiseringa av teikningane.

            Når det gjeld det relaterte spørsmålet om ytringsfridom, sa 42 % av dei norske muslimane seg samde i at publisering av bilete ”som oppleves som krenkende” burde straffast hardare enn i dag. Til samanlikning meinte 50.9 % av muslimane i den danske undersøkinga at ytringsfridommen aldri burde tilleggast meir vekt enn religiøst baserte reglar og tradisjonar.

Å ønskje seg juridiske restriksjonar på ytringsfridommen er likevel ikkje det same som å støtte brenning av ambassadar eller flagg. I den norske undersøkinga tok 95 % av muslimane avstand frå angrepa på norske og danske ambassadar under karikaturstriden (mot 98 % i den generelle befolkninga). Ein minoritet på 5 % av muslimane støtta likevel dei same angrepa.

Sjølv om muslimane sine haldningar til karikaturane ikkje ser ut til å vere så ulike i dei to landa, veit vi at karikaturane skapte vesentleg meir bråk i Danmark enn i Norge. I Danmark nekta styresmaktene å snakke med danske muslimar, samtidig som ein del muslimske leiarar reiste til Midtausten med appell om islamsk solidaritet mot Danmark. I Norge, derimot, engasjerte Islamsk Råd seg konstruktivt for å finne forsonande løysingar på striden, i konstruktivt samarbeid med med kyrkjeleiarar, politikarar og styresmakter. På Islamsk Råd sitt initiativ og med finansiering frå Utanriksdepartementet vart det sendt muslimsk-kristne delegasjonar til Midtausten og Pakistan, for å forklare den norske posisjonen og vise fram den norske dialogånda.[14]

Trass i den dialogviljen som vart demonstrert på leiarplanet, viser den norske undersøkinga at 47 % av dei norske muslimane og 62 % av befolkninga generelt følte at forholdet mellom muslimar og ikkje-muslimar hadde blitt vanskelegare etter angrepa på dei norske og danske ambassadane. Her kan det nok hende at globale medie-inntrykk har større innverknad på folkelege haldningar enn den relativt harmoniske handteringa av karikaturstriden i Norge.

Når det gjeld Danmark, striden sitt opphavsland, har nokre kommentatorar peika på at karikaturstriden må sjåast i lys av “utbreidde islamofobiske og xenofobiske haldningar” i det danske samfunnet (ein karakteristikk som vart brukt i 2002 av den EU-relaterte “European Monitoring Centre on Racism og Xenophobia”).[15] Sjølv om det også finst mange indikatorar på tiltakande islamofobi i Norge,[16] synest det interreligiøse klimaet generelt å vere meir harmonisk her enn i Danmark, i det minste på leiarplanet.

Når det derimot gjeld folkelege haldningar, tyder undersøkingane på at det kan vere mindre forskjell landa imellom på dette planet. Den største forskjellen i haldningar finn ein likevel når ein samanliknar skandinaviske muslimar sitt syn på valdsbruk med dei meiningane som unge britiske muslimar i seinare tid har gitt uttrykk for.

 

Haldningar til politisk vald og militær intervensjon

 

Den britiske undersøkinga som var modell for den norske vart utført i etterkant av terroristangrepa på London Underground i juli 2005. I følgje undersøkinga hadde så mange som 20 % av dei britiske muslimane som vart spurt ein viss sympati med sjølvmordsbombarane sine “feelings and emotions”. Det var likevel berre 1 % som meinte at det var legitimt å utføre operasjonane. Men i ei seinare undersøking som vart utført for The Times og ITV News (publisert i juli 2006) viste det seg at så mange som ein av ti britiske muslimar meinte at mennene som stod bak bombene i London, burde reknast som “martyrar”. Og 16 % meinte at saka var rettferdig, sjølv om det var gale å utføre operasjonane.[17]

            I den norske undersøkinga var spørsmålet om terrorisme formulert på ein annan måte. Responsen viser på 89 % av dei norske respondentane var heilt imot bombeangrepa i London i 2005. Men eit mindretal på 6 % var ikkje reide til å ta “heilt avstand” frå dei og 5 % visste ikkje kva dei skulle svare.

            Når det gjeld imamane sitt forhold til terrorhandlingar, meinte 48 % av muslimane (mot 31 % av den generelle befolkninga) at muslimske leiarar hadde vore tilstrekkeleg klare i si fordøming av dei aktuelle terrorangrepa i London og Sharm el-Sheik i 2005. Berre 13 % av muslimane vart heilt nøgde med imamane i så måte, medan 38 % ikkje visste kva dei skulle meine.

            I tillegg til terrorismespørsmålet hadde den norske undersøkinga også nokre andre valdsrelaterte spørsmål, om FN-støtta militær intervensjon og bruk av atomvåpen. Då intervjuobjekta vart spurt om sitt syn på bombinga av Hiroshima og Nagasaki i 1945, viste det seg at ein noko høgare prosent av muslimane (90 %) enn av den generelle befolkninga (80 %) meinte at det ikkje var rett av USA å bruke atomvåpen. Med tanke på kjønnsfaktoren var prosentdelen av muslimar som tok avstand frå atombombeangrepa interessant nok heilt på linje med prosenten av kvinner i den generelle befolkninga som fordømde bruk av atomvåpen (91 %, mot 68 % av mennene).

            I spørsmålet om FN-støtta militære intervensjonar var det ein mykje høgare prosentdel av den generelle befolkninga (71 %) enn av muslimane (47 %) som gav sin støtte til slike aksjonar. Når ein tar omsyn til at dei seinaste intervensjonane frå vestlege styrkar si side (FN-baserte eller ikkje) har retta seg mot muslimske land, bør den lågare støtten frå muslimane truleg tolkast meir som ein situasjonsbestemt skepsis enn som eit prinsipiell standpunkt.

 

Trusoverskridande moralfellesskap, eller ønskje om sharia-basert lovgiving?

 

Ein av dei mest slåande resultata i Sunday Telegraph si undersøking var at så mange som 40 % av britiske muslimar støtta tanken om å innføre sharia-lover i område av landet som kan karakteriserast som “predominantly Muslim” (41 % av respondentane sa seg ueinige i dette, 19 % visste ikkje eller ville ikkje svare). Undersøkinga som Policy Exchange publiserte i januar 2007 gav eit lågare tal. Berre 28 % sa at dei heller ville leve under islamsk lov enn under britisk. Men her var det tydelege aldersforskjellar: Medan berre 17 % av dei over 55 år ville føretrekke å leve under islamsk lov, sa 37 % av dei mellom 16 og 24 år uttrykk for at dei ønskte seg sharia-basert lovgiving.

I den norske undersøkinga var det berre 14 % av muslimane som sa at dei ønskte sharia (definert som “muslimske lover”) innført i Norge. Alder synest her ikkje å ha spela noka stor rolle, sjølv om ein litt større prosentdel av dei eldre muslimane enn av dei yngre (75.5 % av dei over 45 år, mot 66,9 % av dei mellom 18-29 år) svarte klart nei til innføring av ”muslimske lover”.

Sjølv om forskjellen på dei norske og britiske tala er slåande, kan ein undre seg på om prosenten hadde blitt høgare dersom også norske muslimar hadde blitt spurt om dei ønskte sharia-basert lovgiving i område med eit stort innslag av muslimar.

            I Danmark var spørsmålet om islamsk lovgiving formulert på ein annan måte: ”Hvis det stod til Dem, hvad skulle så være fundamentet for al lovgivning i Danmark?” Ein majoritet på 58.8 % svarte med å vise til den danske grunnlova. Berre 7.2 % gjekk inn for Koranen, medan 20.7 % kunne tenkje seg ”En blanding av grundloven og koranen”. 

Sidan spørsmåla om islamsk lovgiving var så ulikt formulert i dei nemnde undersøkingane, er det vanskeleg å samanlikne svara. Forskjellane indikerer likevel at meir konfronterande og segregerande haldningar – uttrykt som ønskje om sharia-basert lovgiving i muslimske område – for tida er meir vanlege mellom britiske muslimar enn i Skandinavia, og meir utbreidde mellom unge enn mellom eldre muslimar.

Om ein samanliknar haldningane til islamsk lovgiving med andre indikasjonar på korleis muslimane stiller seg til verdiar som står sentralt i majoritetsbefolkninga, finn ein at 46 % av dei muslimske respondentane i Sunday Telegraph si undersøking meinte at muslimar hadde blitt meir radikale i sitt syn på det britiske samfunnet etter terrorangrepa i London. Inntrykket av ei tiltakande radikalisering av britiske muslimar, særleg hos dei unge, blir stadfesta av Policy Exchange si undersøking frå 2007, der så mange som 13 % av dei unge muslimane mellom 16 og 24 år (mot berre 3 % av dei over 55 år) sa at dei beundra ”organisasjonar som al-Qaida som er klare til å bekjempe Vesten”.

Korleis skal ein forklare den tiltakande radikaliseringa av unge britiske muslimar? Fleire faktorar spelar truleg inn: dramatiske terrorhandlingar på nasjonal grunn som tvingar alle til å ta stilling; ein kontroversiell britisk utanrikspolitikk langs Blair-Bush aksen som synest å gi auka tilslutnad til ein protestdiskurs som fokuserer på islamsk solidaritet; samt sosial marginalisering og tiltakande klasseforskjellar langs etniske (og dermed religiøse) aksar i Storbritannia. Meir kontroversielt legg forfattarane til Police Exchange sin rapport også noko av skulda på Storbritannia sin multikulturalistiske politikk som heilt frå 1980-talet har lagt meir vekt på kulturelle og religiøse forskjellar enn på felles nasjonal identitet. Dette har (slik forfattarane ser det) skapt spelerom for ei identitetspolitisk mobilisering på kulturelt og religiøst grunnlag, noko som særleg muslimane har dratt nytte av.[18]

Same kva forklaringsmodellar ein tyr til, er det openbert at utviklingstrekk i det britiske samfunnet har ført til ei større radikalisering hos muslimane enn kva karikaturstriden og dei harde frontane i islamdebatten så langt har ført med seg i Skandinavia. Men det er også forskjellar mellom Danmark og Norge. Radikale muslimske grupper som Hizb ul-Tahrir har for eksempel fått meir fotfeste i Danmark enn her til lands.[19]

I Sunday Telegraph si undersøking vart dei muslimske intervjuobjekta også spurt om dei meinte at det vestlege samfunnet var dekadent og umoralsk, og om muslimar i så fall burde “seek to bring it to an end, if necessary by violent means”. Dette synet var det berre 7 % av muslimane som sa seg einige i, medan ein solid majoritet på 80 % gav uttrykk for at “Western society may no be perfect but Muslims should live within it og not seek to bring it to an end”.

I den norske undersøkinga var det tilsvarande spørsmålet formulert på ein mildare måte. Spørsmålet om muslimane meinte at det norske samfunnet var umoralsk vart her ikkje kopla til eit oppfølgingsspørsmål om muslimane i så fall burde sørge for å få slutt på umoralen eller ikkje. 15 % av dei norske muslimane meinte at det norske samfunnet burde karakteriserast som umoralsk. Interessant nok var det her ein større prosentdel av den generelle befolkninga, nemleg 20 %, som meinte at det norske  samfunnet var umoralsk. Om ein korrigerer for aldersvariablar, finn ein at det prosentvis var fleire av dei eldre i den generelle befolkninga som hadde dette synet, medan biletet var motsett hos muslimane der berre 8.8 % av dei over 45 år meinte at det norske samfunnet var av tvilsam moralsk kvalitet.

Også i Norge kan ein såleis spore meir motkulturelle tendensar hos den yngre garde. Kanskje kan det faktum at ei gruppe av vesentleg unge muslimar, stikk i strid med rådet frå imamane, gjennomførte ein stor og høglydd demonstrasjon mot karikaturane i Oslos gater, tolkast som eit tilsvarande uttrykk for meir konfronterande haldningar hos dei unge – som kanskje synest dei ansvarsmedvitne aktørane i Islamsk Råd alt har blitt for etablerte.[20]

Om ein ser nærare på bakgrunnsmaterialet for den norske undersøkinga, finn ein også at så mange som 33 % av dei religiøst aktive respondentane i den generelle befolkninga meinte at samfunnet var umoralsk. Dette viser at forskjellane og spenningane innan dei muslimske og kristne befolkningsgruppene kan vere like påfallande som forskjellen på muslimske og kristne fleirtalshaldningar. Sjølv om ein også her må vere varsam med å generalisere utifrå ei enkeltståande undersøking, tyder meiningsmålinga frå 2006 på at religiøst aktive kristne kan vere meir tilbøyelege enn muslimar (kva anten desse er religiøst aktive eller ikkje) til å karakterisere storsamfunnet som moralsk korrumpert.

Om ein kan feste lit til den overraskande høge prosenten av religiøst aktive som i undersøkinga kritiserte samfunnet for å vere umoralsk, kan den vel dels reflektere eksistensen av ein etablert kristen motkultur av pietistisk tendens i Norge. Men det kan også hende at medlemmar av majoritetsbefolkninga føler seg friare til å seie rett ut kva dei meiner om samfunnet, jamført med minoritetsbefolkninga si nøling med å tale ufordelaktig om sitt vertskap. Den distinksjonen James Scott gjer i boka Domination and the Arts of Resistance mellom “hidden og public transcripts”, kan kaste lys over dette forholdet. I Scotts definisjon er “hidden transcript” noko som blir iscenesett utanfor makthavarane si øyrevidde, i former for praktisk men ikkje opent artikulert motstand frå dei dominerte si side.[21]

Eg er likevel ikkje så sikker på om teoriar om dominans og tilslørt dissens bidrar til ei betre forståing av dei data det her handlar om. Kanskje er det faktisk slik at ein stor majoritet av norske muslimar verdset det dei ser som dominerande verdiar i det norske samfunnet – for eksempel den moralske visjonen som ligg til grunn for velferdsstaten (jf. nedanfor om norske muslimar sine politiske preferansar).

Den danske undersøkinga hadde ikkje noko tilsvarande spørsmål om korleis muslimar vurderer den moralske kvaliteten til storsamfunnet. Men undersøkinga inkluderte nokre interessante punkt om kvinnespørsmål. I land som Norge og Danmark, som begge har sterke feministiske tradisjonar og brei støtte til likestillingsverdiane i majoritetsbefolkninga, fungerer kvinnespørsmål ofte som ein lakmustest på innvandrarane sin integrasjonsvilje og deira (eventuelle) tilslutnad til skandinaviske kjerneverdiar. Ei overveldande majoritet på 98 % av muslimane i den danske undersøkinga støtta tanken om at kvinner bør delta i arbeidsmarknaden.

Når det gjeld det kontroversielle spørsmålet om skautet, meinte 28.6 % at muslimske tenåringsjenter bør dekke hovuda sine i det offentlege rom. Men eit to tredjedels fleirtal av muslimane sa seg usamde i dette.

            Den muslimske befolkninga i Danmark ser såleis ut til å vere like polariserte i sitt syn på skautet som i sitt forhold til moskeane. I Danmark ser denne polariseringa ikkje ut til å ha så mykje med aldersforskjellar å gjere som i Storbritannia, sjølv om det også i den danske undersøkinga var litt fleire av dei yngste muslimane (32 %) enn av dei eldre (29 %) som ønskte at kvinner skulle dekke hovudet.

            Om ein samanliknar med den britiske undersøkinga til Policy Exchange, finn ein heilt andre tal. Her var det heile 74 % av dei unge som svarte at dei meinte at muslimske kvinner burde bruke hijab, mot berre 28 % av dei eldre. Rapporten til Policy Exchange gir som vi ser mange indikasjonar på at ein til dels radikal muslimsk identitetspolitikk står langt sterkare i den yngre delen av den muslimske befolkninga enn hos dei godt vaksne. Slik oppsummerer Policy Exchange sine funn:

 

Our research into the attitudes of Muslims in Britain showed that there is a growing religiosity amongst the younger generation of Muslims. They feel that they have less in common with non-Muslims than do their parents and they show a stronger preference for Islamic schools and sharia law. Religiosity amongst younger Muslims is not about following their parents’ cultural traditions, but rather, their interest in religion is more politicised. There is a greater stress on asserting one’s identity in the public space, for example, by wearing the hijab.[22]

 

Inntrykket av ung radikalisering blir også stadfesta av dei britiske muslimane sin identifikasjon med høvesvis ikkje-muslimar i Storbritannia og trusfeller i utlandet. Her svarte så mange som 71 % av dei eldre muslimane at dei hadde like mykje eller meir til felles med sine ikkje-muslimske landsmenn enn med sine muslimske trusfeller i andre land. Det tilsvarande talet for unge britiske muslimar var lågare, nemleg 62 %.

            Den nemnde tendensen hos den muslimske majoriteten til å identifisere seg med sine europeiske medborgarar samsvarer med ei anna undersøking frå 2006 som vart gjennomført av den amerikanske forskingsinstitusjonen Pew Research Center. Her kom det fram at 71 % av dei britiske muslimane som vart spurt hadde ei positiv oppfatning av kristne, medan berre 63 % av britar generelt sa at dei var positive til muslimar.[23]

Også i den danske og den norske undersøkinga finn ein svar som indikerer i kva grad muslimar identifiserer seg med sine medborgarar. Det faktum at 93 % av muslimane i den norske målinga (mot 79 % i befolkninga generelt) sa at innvandrarar og nordmenn burde ”leve mer sammen (integreres mer) enn i dag”, kan tolkast som eit utbreidd ønskje om heller å vere gode nordmenn enn segregerte sharia-tilhengarar. Aldersforskjellane synest her ikkje å spele noka rolle.

På spørsmålet om nasjonal identitet svarte 55 % av dei danske muslimane at dei (trass i det islamofobiske kulturklimaet) kjende seg nærare knytt til Danmark enn til familiens opphavsland. Motsett tendensen i den britiske undersøkinga, var prosentdelen av dei som identifiserte seg mest med Danmark faktisk markert høgare for dei unge sin del (59 % av dei mellom 18-29 år) enn hos dei eldre (33 % av dei over 55 år).

I den danske undersøkinga sa også 81 % av muslimane at dei heller ville bu i eit religiøst blanda nabolag enn i eit monoreligiøst lokalsamfunn. Viljen til integrasjon var ikkje fullt så utbreidd i den generelle befolkninga, der berre 63 % ønskte å bu i lokalsamfunn der fleire religionar var representert.

 

Muslimsk støtte til sosialdemokratiet og velferdsstaten

 

Det kanskje mest slåande funnet i dei norske og danske undersøkingane var den store majoriteten av muslimar som uttrykte sine politiske sympatiar for dei sosialistiske og sosialdemokratiske partia.          

I den norske målinga var det så mange som 82.9 % av dei muslimane som stemde ved siste stortingsval som erklærte si støtte til Arbeidarpartiet og SV, mot 45.4 % av nordmenn flest (det faktiske talet ved valet i 2005 var var 41.5 %). Det nemnde talet svarer til ei undersøking som Aftenposten gjorde i august 2007, der 82 % av respondentane med ikkje-vestleg bakgrunn sa at dei ville stemme på Arbeidarpartiet eller SV.[24]

Resultatet av den danske målinga var ikkje fullt så slåande når det gjeld partipreferansar men viste likevel at Danmark ville hatt ein raud majoritet dersom heile befolkninga hadde stemt som muslimane – der 50.1 % uttrykte sin støtte til Socialdemokraterne, Socialistisk Folkeparti eller Enhedslisten.

            Om ein ser muslimane primært som immigrantar, kunne ein ta dei siterte tala som eit uttrykk for opplyst eigeninteresse – sidan sosialistpartia generelt har blitt rekna for å vere meir generøse i innvandringspolitikken enn dei borgarlege partia. Men i mange spørsmål om religionsfridom har sentrum-høgre regjeringane i Norge faktisk gått lengre enn venstresida i si praktisering av multikulturalistisk politikk. Eit eksempel på dette er sentrumsregjeringa si godkjenning av den første muslimske grunnskulen i 1999, ein søknad som Arbeidarparti-regjeringa hadde avslått fire år tidlegare.

            Ei alternativ forklaring ville vere å sjå den ekstraordinært høge oppslutnaden om den politiske venstresida som eit uttrykk for innvandrarbefolkninga sine sosiale interesser og ein tilhøyrande oppslutnad om velferdsstaten. For muslimar kan dette også ha med verdiar å gjere. Det er nemleg mange eksempel på at muslimar som ytrar seg offentleg peikar på den demokratiske velferdsstaten som ei realisering av utjamnings- og rettferdsideala i islam. For eksempel vil ein på nettsida islam.no, i den redaksjonelle “kven vi er og kva vi står for”-spalta, finne ein sterk støtte til verdiar som demokrati og velferd – som openbert blir sett på som to sider av same sak.[25] Den muslimske skribenten Shoiab Sultan (frå 2007 generalsekretær i Islamsk Råd) hevdar i eit essay frå 2005 at “Mange muslimer opplever velferdsstaten i Norge i dag som nærmere den muslimske idealstaten enn mange land i den muslimske verden, og norske muslimer vil ønske å beholde den norske stat slik den er”.[26]

I den norske konteksten fungerer slike tilsynelatande konservative utsegner som støtte til den etablerte velferdsstaten, og som ei talehandling mot privatiseringsplanar på den politiske høgresida.[27]

 

I staden for ein konklusjon

 

Om ein oppsummerer funna frå dei norske og danske undersøkingane, ser ein at haldningane både hos muslimar og folk flest er mindre forskjellige enn kva dei to statane si svært så ulike handtering av karikatursaka kunne indikere. Samanlikna med engelske undersøkingar, ser danske og norske muslimar ut til å vere meir like enn ulike. Undersøkingane frå 2006 tyder på at muslimane i Skandinavia er mindre tilbøyelege til konfronterande identitetspolitikk enn kva store grupper av unge britiske muslimar for tida artikulerer.

            Også i England er det likevel (som i Danmark og Norge) ein stor majoritet av muslimar som uttrykker sin identifikasjon både med sine europeiske heimland og mange av dei dominerande verdiane i desse landa. Men tala kan også på tyde på at det finst ein liten men sint minoritet som anten ikkje heilt tar avstand frå eller også gir verbal støtte til valdelege motstandsformer, i namnet til religionen. Denne vesle minoriteten er meir enn store nok til å gi grunn til bekymring.

            Generelt kan ein slå fast at det er vanskeleg å generalisere om muslimske praksisar og haldningar i Europa. Haldningane til muslimane varierer med den nasjonale konteksten, sjølv om ein også kan spore element av nasjonsoverskridande identitetspolitikk i delar av den muslimske befolkninga. Men i mange tilfelle er dei interne spenningane mellom muslimane like slåande som meiningsforskjellane mellom muslimar flest og befolkninga generelt. Når det gjeld haldningar og verdispørsmål bør ein derfor ikkje berre samanlikne muslimane med den generelle befolkninga. Krysskulturelle og trusoverskridande forskjellar relatert til alder, kjønn, religiøs praksis og politiske preferansar fortener minst like stor interesse.

 

Notar



[1]          Jan Opsal (Lydighetens vei. Oslo: Universitetsforlaget, 2005, s. 321) kalkulerte seg i 2005 fram til talet 150 000, medan Kari Vogt ("Islam i Norge", i Knut A. Jacobsen (ed.): Verdensreligioner i Norge. Oslo: Universitetsforlaget 2005, s. 141) gav eit noko lågare tal, nemleg 130 000.

[2]          Lene Kühle: Moskeer i Danmark - islam og muslimske bedesteder. Højbjerg: Univer 2006, s. 42f.

[3]              Kühle 2006, s. 47.

[4]              ”TV2: Holdninger til integrasjon og internasjonale konflikter blant muslimer i Norge og den norske befolkningen generelt”, TNS Gallup, Politikk & Samfunn, april 2006  (http://pub.tv2.no/multimedia/TV2/archive/00248/TNS_Gallup_-_muslim_248757a.pdf).

[5]              Undersøkinga var utført av Rambøll Management og presentert i Jyllands-Posten som ”Muslimer i Danmark. En undersøgelse blandt muslimer  i Danmark” (http://www.jp.dk/idlog/tema:fid=11580/).

[6]              Kühle 2006, s. 45.

[7]              Publisert i Sunday Telegraph 19. februar 2006, sjå http://www.telegraph.co.uk/news/mai.jhtml?xml=/news/2006/02/19/nsharia119.xml (“Survey's findings of growing anger in the Islamic community are described as 'alarming' by leading Muslim Labour MP”).

[8]              Munira Mirza, Abil Senthilkumaran og Zein Ja’far: ”Living apart together. British Muslims and the paradox of multiculturalism”, Policy Exchange 2007. (http://www.policyexchange.org.uk/images/libimages/246.pdf)

[9]              Kühle 2006, s. 45-47.

[10]        Grace Davie: Europe: The Exceptional Case. Parameters of Faith i the Modern World. London: Darton, Longman og Todd 2002, s. 6 (grunnlagsmaterialet frå 1999/2000).

[11]            Davie 2002, s. 6.

[12]        Line Nyhagen Predelli: ”Kjønn, religion og deltakelse: en case-studie av muslimske kvinner i Oslo”. Sosiologisk tidsskrift 2003, vol. 11, s. 369-393.

[13]            Davie 2002, s. 28f.

[14]        Sjå Oddbjørn Leirvik: ”Kva var karikatursaka eit bilete på?” Kirke og Kultur 2006 (2):147-160.

[15]            Sjå dokumentet ”Summary report on Islamophobia in the EU after 11 September 2001” (http://www.mcb.org.uk/library/Synthesis-report_en.pdf).

[16]            Sjå IMDI-rapport 7-2007: ”Integreringsbarometeret 2006. Om befolkningens holdninger til mangfolds- og mangfoldsspørsmål” (http://www.nho.no/files/IMDI_Integrereingsbarometer_internett.pdf), kap. 6: ”Islam og muslimer i Norge”.

[17]            Sjå http://www.timesonlie.co.uk/article/0,,22989-2254764,00.html (“Muslim Britain split over ‘martyrs’ of 7/7”).

[18]            ”Living apart together. British Muslims and the paradox of multiculturalism”, s. 6.

[19]            Jf. Kari Vogt: Islam på norsk. Moskeer og islamske organisasjoner i Norge. Oslo: Cappelen 2000, s. 216f.

[20]            Leirvik 2006, s. 156f.

[21]        James C. Scott: Domination and the Arts of Resistance. Hidden Transcripts. New Haven og London: Yale University Press 1994, s. 25.

[22]            ”Living apart together. British Muslims and the paradox of multiculturalism”, s. 5.

[23]            Pew Research Center: Conflicting views in a divided world”, 2006, s. 39 (http://pewglobal.org/reports/pdf/DividedWorld2006.pdf)

[24]            ”Innvandrere til AP og SV”, Aftenposten 30.08.07 (http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/politikk/article1965664.ece). Undersøkinga vart gjort mellom eit utval på 600 personar over 18 år frå dei ti største ikkje-vestlege innvandrargruppene i Oslo.

[25]            Sjå ”Hvem er vi i redaksjonen og hva står vi for?” (skrive 18.06.06), http://www.islam.no/newsite/content/default.asp?Action=Article&nTopPage=1&nPage=1&nATID=428

[26]            Shoaib Sultan: ”Muslimer i statskristendommens land”, i D. Søderlind (ed.): Farvel til statskirken? Oslo: Humanist forlag 2005, s. 90.

[27]            Jf. Shoaib Sultan: ”Kan Fr.p. bli det nye Ap.?” Aftenposten 16.05.06 (http://www.aftenposten.no/meniger/debatt/article1319621.ece )