Oddbjørn Leirvik:
Opning av forskingskonferansen Islam i Norge: Status for forskningen, blinde flekker?

Universitetet i Oslo, 26. mai 2008.


 

På vegne av Culcom og Det teologiske fakultet: Velkommen til forskingskonferansen ”Islam i Norge”! Eit særleg velkommen til våre nordiske gjestar, Jørgen S. Nielsen og Göran Larsson. Vår tredje internasjonale gjest, Frank Peter, vil kome til Oslo i kveld. 

 

Så vidt eg veit, er dette første gong det blir halde ein heil forskingskonferanse om islam i Norge. Det tyder ikkje at feltet ikkje er jomfrueleg. I den bibliografien vi har samla til konferansen, finst det over 150 forskingsbidrag til temaet - i form av bøker og artiklar, doktoravhandlingar og masteroppgåver.

 

No er det likevel ikkje berre islam i Norge vi skal ta for oss desse to dagane. Som de har sett av programmet, vil fleire bidrag gi eit vidare nordisk og europeisk perspektiv, noko som etter fram blei eit mål i seg sjølv for denne konferansen. Samtidig trur vi at dei internasjonale bidraga vil kunne gi nyttige komparative perspektiv på det som i utgangspunktet var temaet, nemleg forsking på islam i Norge.

 

Undertittelen på konferansen er: ”Status for forskinga, blinde flekkar?” (med spørsmålsteikn). Når det gjeld status for forskinga, er dei to versjonane av konferansebibliografien vi har laga høvesvis kronologisk og tematisk. Men det er verken den historiske utviklinga av forskinga på islam i Norge eller den tematiske kartlegginga som er hovudfokus for denne konferansen. Det vi håper på, er større klårleik i ulike teoretiske og metodiske perspektiv på utforskinga av religionen islam slik kjem til uttrykk på norsk jord – med sideblikk til Norden og Europa.

 

I tillegg håper vi at vi i løpet av konferansen vil få augo opp for nokre blinde flekkar, eller ”underbelyste område”, som vi har formulert det i programmet. Kva tema er det som fortener meir utforsking, og kva teoretiske perspektiv kan gi nytt lys over islam i Norge?

 

Eit av dei kritiske spørsmåla vi bør stille oss, er om vi gjennom vår forsking på islam i Norge faktisk kan bidra til ei overfokusering av den religiøse komponenten av folks identitet. Historisk sett fell jo den store blomstringa i forsking på islam i Norge - og i Europa - saman med den religiøse identitetspolitikken sin periode, frå kommunismens fall og framover. Ein del av oss prøver å halde tritt med den religiøse oppblomstringa ved å telje muslimane, sjølv om vi distanserer oss frå demografiske prognoser av den meir markskrikerske sorten. Men så snart vi prøver å telje muslimar, har vi allereie vikla oss inn i kompliserte kultur- og religionsteoretiske spørsmål om kven som med rimeleg grunn kan reknast som muslim (eller kristen, for den saks skuld). Identitetspolitiske aktørar er jo interessert i at dei religiøse gruppene, med det politiske mobiliseringspotensialet dei representerer, skal framstå så store som mogeleg – til oppmuntring eller til skrekk og åtvaring. På den andre sida kan ein finne migrasjonsforskarar som knapt bryr seg med den religiøse komponenten av innvandrarane sin identitet, og i staden fokuserer på etnisitet, tradisjon og kultur, klasse og kjønn. Men også vi som er islamforskarar må kritiske spørje oss sjølve om vi – berre med motsett forteikn – skil mellom religion og kultur, og på den måten speglar interessa til tonegivande muslimske aktørar som ønskjer at religionen islam og dei som representerer den skal kome i fokus.

 

I forskinga på norsk kristendom er det jo eit sentralt poeng at også dei breie, folkekyrkjelege gruppene skal få den merksemd dei fortener, ikkje berre dei mest kyrkjeaktive. For muslimane sin del viser ein del nyare undersøkingar i Danmark og Norge at når folk med muslimsk kulturbakgrunn blir spurt kor ofte dei går i moskeen eller deltar i religiøse seremoniar i lag med andre, svarer mindre enn ein tredjedel at dei gjer det ein gong i månaden eller oftare. Ein annan tredjedel seier at dei deltar nokre få gongar i året, og den siste tredjedelen seier at dei ikkje praktiserer i lag med andre i det heile tatt. Kven av desse er det som får mest merksemd frå oss som islamforskarar?

 

Spørsmålet til oss som forskar på islam, er i det heile kva rolle vi spelar, ikkje berre i definisjonskampen om kva eller kven islam er, men også i samfunnsdebatten om islam. Mange av oss som forskar på og engasjerer seg i debatten om islam i Norge i dag, har nokså tydelege aktørroller. Nokre er med på å fasilitere nettverk for reformorienterte muslimar, andre (som er på veg inn på feltet) er engasjert i markert islamkritiske nettverk. Nokre av oss er engasjert i ulike former for religionsdialog med muslimske partnarar. For andre igjen er aktørrolla kanskje ikkje så tydeleg. Men i ei post-positivistisk tid må vi alle reflektere over kva rolle vi sjølve spelar i kulturelle og religiøse endringsprosessar – med dei prosjekta vi formulerer, dei forskingsobjekta vi privilegerer, dei spørsmåla vi stiller og alt det vi kanskje ikkje tar opp til kritisk gjennomlysing. 

 

Men nettopp ved å opne for ein kritisk samtale om vår aktørrolle, kan forskinga på islam i Norge bli meir transparent. Den europeiske menneskerettsdomstolen nyleg sett opp som kriterium for religionsundervisninga i skulen at den skal vere ”objektiv, kritisk og pluralistisk”. Kanskje kan det vere eit mål for islamforskinga også. Objektiv? Tja. Men i alle fall kritisk og pluralistisk.

 

Så må vi heller ikkje gløyme kanskje det mest grunnleggande spørsmålet: Er det ”islam i Norge” eller ”muslimar i Norge” vi forskar på? Også her ligg det ein haug med spørsmål begravde, i spennet mellom muslimar med eit mangfald av identitetskomponentar, og ulike konstruksjonar av religionen islam.

 

Dermed har eg kasta ut nok spørsmål til å opne både ein og fleire konferansar. I alle fall har startskotet no gått for denne konferansen, der vi byrjar på den einaste naturlege måten, nemleg ved å gjere opp status. Til det har vi fått Kari Vogt og Knut S. Vikør til å gi kvar sine bidrag. Det var jo ikkje akkurat noko vanskeleg å finne ut at det var Kari Vogt vi skulle spørje om å seie noko om forskingsbehova i dag, åtte år etter boka Islam på norsk, og tretten år etter hennar tilsvarande bok om islam i Europa som fekk tittelen Kommet for å bli. Knut S. Vikør har sitt forskingsfokus andre stader enn i Europa og Norge, med geografiske fokus på Midtausten og tematisk spesialisering på sharia-forsking. Hans oppgåve er då også, som vi ser av programmet, å sjå forskinga på islam i Norge i eit internasjonalt perspektiv.