Oddbjørn Leirvik, Krigsskolen 11.12.98

 

KRIGSLEIKER, FORSVARSILLUSJONAR OG VÅPENSKJOLD

 

 

For nokre dagar sidan, no i førjulstida, såg eg eit bilete i avisa av ein julenisse i Drammen som samla inn krigsleiketøy frå ungane. Dei som leverte inn våpena sine, fekk 150 kr. frå Sparebanken NOR som takk for sin vilje til nedrustning av barnerommet. Men responsen var i første omgang ikkje overveldande. Vi har ein jobb å gjere med foreldra, konstaterte dei som stod bak aksjonen.

            Slik omtrent er det å drive ikkje-valdeleg fredsarbeid i Norge: Alle som prøver seg på idealistiske tiltak, blir konfrontert med ein massiv opinion som i grunnen synest at våpen er greit, om dei berre blir passa på slik dei skal. Eg veit ikkje kva de meiner om krigsleiketøy, anten vi no tenker på plastleikene som nokre snille ungar i Drammen leverte inn, eller dei strategiske krigsspela som stadig fleire norske gutar veks opp med framfor dataskjermen. Mange av dei gler seg til den dagen dei skal inn i militæret, og få ein smak av "the real thing".

            Kva meiner de? Kva skal vi gjere med krigsleikene, medan vi ventar på Fredsfyrsten? Kanskje kunne Forsvaret gå i brodden for ein kampanje mot valdelege barneleiker og krigsspel på guterommet? I det siste har vi jo sett at det norske Forsvaret gjerne vil presentere seg som ein fredsorganisasjon. Ved inngangen til 1998 gjekk Forsvaret ut med heilsides bilete av ikkje-valdsforkjemparar som Mor Teresa, Mahatma Gandhi og Martin Luther King. Dei vigde heile livet til sine medmenneske, ofra alt, og gav seg sjølv for freden. Med desse som førebilete vart norsk ungdom kalla til å gi seks månader for freden, i norske fredsstyrkar.

            Dermed skulle det vel også vere godt håp om å få med Forsvaret i storstilte kampanjar mot krigsleiker og valdelege dataspel? Kanskje ein liten bit av Forsvarsmilliardane kunne ha vore brukt til annonser mot krigsleiketøy i førjulsstria?

            Eit fromt ønskje, men eg trur kanskje ikkje det er realistisk. Eg tvilar ikkje på at mange av dykk er bekymra for at ungar og tenåringar skal tru at krig er ein leik. Men same kva de måtte meine om dette reint personleg, er de del av eit militært system som dagleg forkynner til det norske folk at drepande våpen og stadig meir avansert våpenteknologi er ein naturleg og heilt nødvendig del av den vaksne verda. Og det handlar ikkje berre om korleis det norske Forsvaret vel å presentere seg til eikvar tid. Som militære er de knytta opp til eit internasjonalt, militært-industrielt kompleks der det handlar om å tjene pengar, og om å sikre stormaktsinteresser.

            No reknar eg med at mange vernepliktige, og kanskje enda meir de som utdannar dykk til militære, har idealistiske grunnar til å gjere teneste i Forsvaret. Men eg er redd det er vanskeleg å skille fredsteneste frå stormaktspolitikk. Under dei rådande forhold er det vanskeleg å tenke seg at ein såkalt fredsopprettande aksjon kan gjennomførast utan at det på ein eller annan måte er knytt opp til USA sin utanrikspolitikk.

            Sjølv er eg militærnektar. Og sett frå utsida slår meg ofte kor forførande den militære retorikken er, og korleis han tildekker dei brutale realitetane. Tidlegare i år, medan USA på ny truga Irak med militære aksjonar, var ein av våre teikneseriekommentatorar, Bloid, vaken nok til å presentere nissebomba for oss gjennom to poengterte ruter. I den første ser vi den norske, kristelege utanriksministeren vise fram bilete av den teknologiske nyvinninga "nissebombe". Kva er ein nissebombe? Jo, får vi vite i den neste ruta, det er ei bombe som veit kven som har vore snill eller slem. Nede i det høgre hjørnet ser vi ein formanande venstresosialist kommentere: "Men da skal den også være helt sikker".

            Slik omtrent er det synsbedraget som vi nesten alle er offer for,

og som gjer at mange trur at krigføring kan "etisk kvalitetssikrast", som det står i ei nyleg utkomen bok om yrkesetikk for offiserar. Slik eg ser det, må ein sluke ein del etiske kamelar om ein vel å gå inn i det militære systemet. Ein etisk sett dramatisk konsekvens av å velge våpenteneste, sjølv i det fredelege norske Forsvaret, er at ein dermed gjer seg avhengig av ein stormaktsdirigert, militært-industrielt kompleks som påviseleg ikkje kjenner moralske grenser. No finst det mange skurkar som både har dårlegare råd og dårlegare moral enn f.eks. USA. Saddam i Irak og Miloseviç i Kosovo kan få sjølv gamle pasifistar til å lure på om vi ikkje treng eit væpna verdspoliti. Men sjølv kjenner eg at eg ikkje greier å ha tillit til tanken om USA, eller NATO, eller eit USA-dominert FN som verdspoliti. USA er klar til å gripe inn mot dei kjemiske våpena til Saddam, eller mot Miloseviç i Kosovo, med eller utan støtte frå FN. Men for berre 25 år sidan var dei sjølve den store skurken i verdas auge, og stod midt i ein skitten krig i Vietnam. Det er ikkje moralen som styrer. I tilfelle må det vere dobbeltmoralen. Det er klart vi må utfordre Saddam, men det er barna som må lide. Og vi er selektive når det gjeld kven som får kniven på strupen. Ingen i vest vil for alvor utfordre Israels rå maktpolitikk mot palestinarane, eller dei israelske atomvåpena. Også når det gjeld dei meir idealistiske prosjekta, som handlar om fredsstifting, er det vanskeleg å sjå noko særleg moralsk samanheng i det som Vesten foretar seg. Etter Somalia bryr visst ingen seg lenger om å intervenere i det fattige Afrika.

            Den vestlege forsvarsalliansen er slik eg ser det, partisk og kynisk. Og den held seg framleis sjølv med masseødeleggingsvåpen, til avskrekking, og mogeleg forsvar for eigne verdiar.

            Kvar er så kyrkja - Den norske kyrkja - i dette biletet? Kvar skal ho vere, slik eg ser det? Kyrkja har sin identitet frå ein som konsekvent avstod frå å løfte våpen mot andre, eller bli forsvart med våpen. Men Jesu ikkje-valdsstandpunkt handla ikkje om å vike unna konfliktar. Han som blir kalla Fredsfyrsten, provoserte samtida si kraftigare enn nokon annan. Han var ikkje berre mild, men kunne vere rasande på deira vegner som vart trakka på. Men han var - så langt vi kan sjå - heilt konsekvent i sitt ikkje-valdsstandpunkt. Heile Jesu liv var prega av ei djup innsikt i valdens spiral. Som han sa til Peter då han vart arrestert i Getsemane: Stikk sverdet i slira. Den som grip til sverd, skal sjølv falle for sverd. Istaden for å verge seg med våpen, ville han legge grunnen til eit nytt rike som ikkje var bygd på våpenmakt. Han kjempa fram forsoning med to utstrekte hender. Det betalte han ein høg pris for, men så har han også fått ettermæle som Fredsfyrste.

            Dei første kristne tok Jesu ikkje-valdelege innsikter på ramme alvor, og mange av dei betalte liksom Jesus med sitt liv for si ikkje-valdelege overtyding. I dei første to hundreåra av den kristne historia var det utenkjeleg at ein kristen kunne vere soldat i hæren til dåtidas stormakt, det romerske imperiet. Av dåpsreglar frå byrjinga av 200-talet kan vi sjå at det var like utenkjeleg at ein dåpskandidat var soldat som at han var bordellvert, gladiator eller vognkøyrar på sirkus. Så, etter at ein del militære likevel kom inn i kyrkjelydane, saman med stadig fleire representantar for det etablerte systemet, byrjar alt å endre seg. Etter at keisar Konstantin (ifølge tradisjonen) hadde ein visjon av ei sigrande, korsmerka fane, blir kristendommen i løpet av 300-telet til Romarrikets religion. Kyrkja blir ein del av den rådande makta, og kyrkjeleiinga i Vest forlet forbausande fort kyrkjas gamle, ikkje-valdelege standpunkt. Ved overgongen til 400-talet formulerer kyrkjefaderen Augustin dei første teoriane om den rettferdige krigen. 1100 år seinare blir tanken om rettferdige krigar enno tettare knytt opp til eit statskyrkjeleg system. Den lutherske reformasjonen slår fast at den fyrsten som har kontroll over eit geografisk område, også har kontroll over religionen der. I dei lutherske vedkjenningsskriftene er det å gjere herteneste, føre krig etter retten og felle dødsdommar trivialisert til heilt normale menneskelege aktivitetar, på linje med å gifte seg eller gjere forretningar. I denne tradisjonen står Den norske kyrkja, som er ei statskyrkje, og som ordinerer prestar til å bere militær uniform og drepande våpen. Dei fleste kyrkjeleiarar vil idenfisere seg med tanken om den rettferdige krigen i ein eller annan fasong. Merkeleg nok er dei likevel sterke motstandarar av dødsstraff.

            Lat meg sette kyrkjas rådande syn i desse sakene litt i perspektiv ved å bruke islam som eit speil. Islam har ei heilt anna grunnfortelling enn kristendommen. Til forskjell frå Jesus søkte Muhammad politisk og militær makt. Han sameinte åndeleg og politisk autoritet, og mana til kamp for Guds og dei svakes sak med dei middel som var nødvendige. Islam har eit relativt høgt utvikla teori om den rettferdige krigen, med reglar for når det kan eller ikkje kan gripast til våpen, og klare forbod mot å ramme sivile eller øydelegge kulturlandskap. Dei islamske og kristne teoriane om rettferdig krig er i det heile som blåkopiar av kvarandre.

            No finst det som vi veit meir også meir aggressive variantar av heilag krig på begge sider. Korstoga på frå slutten av 1000-talet representerte ei dramatisk vending på kristen side, ved at kyrkja for første gong legitimerte angrepskrig, og såg korsfararane som "milites Christi", Kristi hærmenn. Elles er det stort sett teorien om den rettferdige forsvarskrigen som har dominert på begge sider, utan at det har hindra militant mobilisering for meir eller mindre rettferdige saker. Det muslimske brorskapet har sitt opphav i Egypt, og har frå 20-talet mobilisert massene først til motstand mot den britiske okkupasjonen, seinare også til motstand mot sine nasjonale  styresmakter, og til kamp mot Israel. Hamas har sitt utspring i Brorskapet. Symbolet til brorskapet er to sverd som vaktar Koranen, og under ser vi dei første orda frå eit vers i Koranen som oppmodar til å gjere klar alt ein har av stridskrefter mot fienden. Eit lite oppbyggeleg symbol, slik eg ser det. Men kva symbol er det den norske kyrkja omgir seg med? I 1989 vedtok kyrkjemøtet at det såkalla Olavsmerket skulle vere Den norske kyrkjas skjold og våpen. På Olavsmerket er korset kransa av to økser. Det skal visstnok vere Heilag-Olavs martyrøkser. Men som vi veit, hadde han som fall for øks sjølv løfta øks mot andre då han kristna landet med makt. Han som greip til sverd, fall sjølv for sverd.

            Somme tider er eg sterkt i tvil om eg lenger ønskjer å tilhøyre ei kyrkje som omgir seg med slike symbol, og som generelt viser lita evne og vilje til å løfte den ikkje-valdelege fana til Kristus. Men det finst positive teikn, også sett frå min synsstad. Den norske kyrkja seier offisielt "nei til atomvåpen", og hevdar "atompasifisme". Når det gjeld kyrkjeleg kapitalforvaltning, er det i det minste eit ideal i kyrkjelege organisasjonar at ein ikkje investerer i våpenproduksjon. Ein stad langt inne finst erkjenninga at det militær-industrielle komplekset er djupt umoralsk. Men erkjenninga sit langt inne.

            Min visjon, og mi overtyding, er at kyrkja heilt konsekvent må vitne om den ikkje-valdelege forsoninga, og at ho derfor aldri kan velsigne våpen. Om de meiner noko anna, er de kanskje gode muslimar - men korleis kan de forsvare det som kristne?