Støttar statlege
krav
Vårt
Land - 12.03.2009 - Side: 4 Forfatter:
Johannes Morken |
Oddbjørn Leirvik: Vil ha
grundig samtale om statsstøtte
«Når staten finansierer delar av det som skjer på religionsfeltet, må staten ta
begge pliktene sine på alvor» Oddbjørn Leirvik meiner staten har rett til å
stille krav for å dele ut statsstøtte til barne- og ungdomsorganisasjonar.
Teologiprofessoren
ber aktørane på begge sider dempe seg
og starte ein open
og kritisk samtale om vilkår for slik støtte.
Staten
har ein legitim rett til å stille krav, ikkje minst ut frå dei menneskerettslege pliktene Noreg har skrive under på. Dessutan kan vel ingen meine at organisasjonar
som får støtte, kan gjere kva
dei vil, seier han til Vårt Land.
Leirvik, som er professor
ved Teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo, har nøye følgt
striden etter at Fordelingsutvalet tok statsstøtta
frå barne- og ungdomsarbeidet til Frelsesarmeen fordi homofile ikkje får ha leiarverv i
organisasjonen.
Leirvik ønskjer kritisk å drøfte kva som
ligg i omgrepet «aktivt støttande religionspolitikk»
som Bakkevig-utvalet lanserte i utgreiinga av ei ny
ordning for statskyrkja.
Leirvik vil ikkje ta klare standpunkt no. Men han minner om at Noreg
har eit dobbelt sett av plikter: Staten har skrive
under Kvinnekonvensjonen og slik plikta seg til å motverke diskriminering av
kvinner, også i organisasjonslivet. Homofile har svakare vern i menneskerettane
enn kvinner, men han legg til at norsk lov set
homofile sine rettar svært høgt.
På den andre sida, seier
han, er vi like sterkt plikta på religionsfridommen.
Brodd. Leirvik går no ut med brodd mot begge sider i den oppheta striden. Han
kritiserer både «den flokken som einsidig er oppteken av å stille krav mot kjønnsdiskriminering, og den
andre flokken som einsidig snakkar
om religionsfridommen».
Leirvik meiner det var
uheldig av Fordelingsutvalet å starte prosessen med å
ta frå Frelsesarmeen støtta. Han meiner det burde blitt starta ein open og kritisk samtale der
det også vart lytta til organisasjonane.
På den andre sida er
Leirvik også kritisk til det han meiner var kampanjejournalistikk i Vårt Land
der det vart køyrt hardt berre
på den eine sida av saka, nemleg religionsfridommen.
Når staten finansierer delar av det som skjer på religionsfeltet, må staten ta
begge pliktene sine på alvor, seier Leirvik.
Graverutvalet har foreslege
at organisasjonane kan ha rett til å diskriminere med
omsyn til kjønn i det som vart kalla bestemte religiøse funksjonar,
men ikkje ved tilsetjing i
andre stillingar. Det er eit
kompromiss Leirvik sluttar seg til.
Ulik støtte. Leirvik skil tydeleg mellom den støtta
alle religions- og livssynssamfunn får som vederlag for statskyrkja,
og den støtta barne- og ungdomsorganisasjonane får. Dette
meiner han er blitt blanda saman.
Leirvik meiner det er vanskeleg å stille strenge krav til den første støtta, men
at det er lettare- å kunne stille krav ved utdeling
av den andre. Og han finn det påfallande at det først
er i kampen om homofile sine rettar at organisasjonane skrik opp om religionsfridommen.
Leirvik vil ikkje konkludere med kva «ein open og kritisk samtale
mellom staten og organisasjonane» om vilkåra for
statsstøtta skal munne ut i.
Det er heile tida ei
vekting mellom ulike omsyn. Eitt av omsyna er kva følgjer bortfall av statsstøtta ville få for det
arbeidet ein organisasjon driv for barn og unge,
seier han.
Overstyring. Men finst det også prinsipielle innvendingar
mot at staten ut frå den til ei kvar tid sitjande
regjering sin verdipolitikk skal styre kven som skal få støtte?
Ja, det er motførestellingar mot ein slik statsabsoluttisme. Difor ropar eg heller ikkje halleluja
for forslaget til SV-program. Men staten har menneskerettslege
plikter som er blitt borte i debatten, altså plikta til å motverke
kjønnsdiskriminering. Så har staten ein verdipolitikk
for dei homofile. Eg meiner det ville vere meiningslaust om verdipolitikken skal stogge ved døra
til barne- og ungdomsorganisasjonane. Difor irriterer det meg like mykje
at barne- og ungdomsorganisasjonen ikkje er villige
til å diskutere dette, seier Leirvik.
Han minner også om at
striden ikkje står om kva
som skal vere lovleg, men
om kva som skal vere vilkår
for å få statsstøtte.