PREIKE I PAULUS KIRKE, 17. DESEMBER 2006

Preiketekst: Matteus 11.2-6

 

I fengselet fikk Johannes høre om alt Kristus gjorde. Han sendte bud med disiplene sine og spurte: «Er du den som skal komme, eller skal vi vente en annen?» Jesus svarte dem: « og fortell Johannes hva dere hører og ser: Blinde ser, og lamme går, spedalske renses, og døve hører, døde står opp, og evangeliet forkynnes for fattige. Og salig er den som ikke vender seg bort fra meg.

 

Er du den som skal kome, eller skal vi vente ein annan?

 

Det er det som er det store spørsmålet. Til alle tider har folk venta på at noko vedunderleg skulle skje, at det skulle kome ein som i Guds namn gjorde slutt på all sjukdom, fattigdom og liding i verda. Verdsreligionane har ulike syn på kven dette skulle vere. Frå 700-talet før Kristus byrja dei jødiske profetane å forkynne ei framtid med helsebot, sosial rettferd og fred for alle. Eit par hundreår seinare, litt lengre aust, står Buddha fram. Buddha hadde ingen illusjonar om å gjere slutt på sjukdom og fattigdom, men han lærte sine disiplar ein meditativ veg ut av lidinga og begjæret sitt grep. Fem hundre år etterpå kjem Jesus og hentar opp igjen dei profetiske visjonane av ei tid utan sjukdom og fattigdom. Ryktet spreier seg om at gjer sjuke friske, og fattige folk flokkar seg om han. Er han Messias, frelsarkongen som jødane venta på? Seks hundre år etter Jesus står profeten Muhammed fram. Muhammad gjekk ikkje omkring og helbreda folk, men bodskapen hans om den eine Gud som riv dei mektige ned frå trona vart tatt imot som godt nytt for dei fattige og undertrykte som i følgje Koranen skal arve jorda.

 

Slik peikar både buddhistar, kristne og muslimar på ein som allereie har kome. Men ikkje alle synest det dei forkynner, er truverdig. Er du den som skal kome, eller skal vi vente ein annan? Jødane svarer: nei, Messias har enno ikkje kome. I jødedommen er den forløyste frelsestida som profetane spådde, enno framtid.

 

Døyparen Johannes, ein from jøde, var i alvorleg tvil, der han sat fengsla etter å ha fornærma kong Herodes. Også Jesu disiplar tvilte stundom. Men det Jesus bed dei fortelje til døyparen Johannes, er at den lova framtida allereie er her: ”Blinde ser, og lamme går, spedalske renses, og døve hører, døde står opp, og evangeliet forkynnes for fattige. Og salig er den som ikke vender seg bort fra meg.”

 

Kan vi tru på dette? Lat oss først slå fast at mykje av det som blir fortalt om Jesus i evangelia, er biletspråk. Bileta av blinde som ser, lamme som går, døve som høyrer og fattige som får høyre godt nytt, er velkjende frå den jødiske Bibelen. Når døyparen Johannes høyrde kva Jesus sa, kjende han nok igjen bileta frå profeten Jesaja og Davidssalmane. Men Jesus overbyr dei gamle forventingane ved å inkludere dei mest ureine av alle, dei spedalske, og ved å forkynne eit håp som sprenger sjølv døden sine grenser. Slik er Jesus kjent også i Koranen, der han blir omtalt som ein som helbreda blinde og spedalske, og vekte opp døde.

 

Eg veit ikkje korleis det er med dykk, om de greier å tru det som blir fortalt om Jesus – at han faktisk opna blinde sine auge, fekk lamme til å gå og døve til å høyre, at han reinsa spedalske og vekte opp døde. Eg er sjølv i tvil. Skal vi ta dette bokstaveleg, eller taler Jesus i bilete? Handlar det om kroppar som blir friske, eller skal vi ta det Jesus seier i overført tyding? Kanskje meiner Jesus at augo våre skal bli opna for andre, at vi skal bli fridd frå tankemessig lamming, at vi skal høyre Guds stemme, at vi skal bli helbreda for vår åndelege fattigdom og få nytt liv til våre livlause sinn?

 

Kven har forstått Jesus rett? Den dag i dag står mirakelmenn fram i Jesu namn og hevdar at den som trur, skal få oppleve like store kroppslege under som dei som tok på Jesus og vart friske. Andre legg vekt på den åndelege sida ved Jesu ord og minner oss om at det meir avgjerande at vårt indre liv blir helbreda enn at våre kroppar blir friske.

 

Sjølv veit eg ikkje heilt kva eg skal tru. Det er vanskeleg å tru på kroppslege mirakel, og nærliggande for moderne, kritisk innstilte menneske å ta Jesu ord i reint åndeleg meining. Men samtidig må vi jo ta våre kroppar på alvor! Kanskje var det noko ved Jesus, ei heilt spesiell livskraft, som gjorde at dei som møtte han fekk oppleve at også kroppane opna seg, på vedunderleg vis?

 

Samtidig veit vi jo at det berre var nokre ganske få som fekk oppleve å bli friske i Jesu nærleik. Det er faktiske mange fleire som blir friske i dag, ikkje ved mirakelmenn si handspålegging men på grunn av dei enorme mirakel som moderne medisin har skapt. Om dei som levde på Jesu tid hadde kome hit til oss, ville dei nok vere salig overtydde om at den messianske tidsalderen for lengst har kome, i alle fall til Norge. Sjukdommar som før kravde eit mirakel, kan no førebyggast og helbredast gjennom allminnelege helsetenester. Funksjonshemming, som på Jesus tid førte til sosial utestenging, treng ikkje lenger treng å forkrøple livet. Det Jesus forkynte, er i ferd med å bli oppfylt i langt større målestokk enn kva både døyparen Johannes og Jesu disiplar kunne drøyme om.

 

Samtidig veit vi at tilgongen til helsetenester og sjansen til livsutfalding er skrikande urettferdig fordelt. Den fattige delen av verdssamfunnet kan framleis berre drøyme om det vi tar som sjølvsagt. Slik sett kan vi seie at det som står igjen å oppfylle av Jesu program, er utrydding av fattigdommen. Som årets fredsprisvinnar har mint oss om, er det fullt mogeleg å gjere fattigdommen til historie, på same måte som vi har utrydda mange epidemiar, tatt kontroll over sjukdommar som før var dødelege og skapt eit meir solidarisk samfunn for funksjonshemma. I vår del av verda.

 

I alt dette spelar Jesus ei rolle. Mentalhistorisk har Jesus ein stor del av æra for at sjukdom ikkje lenger blir sett på som uavvendeleg skjebne. Det er liten tvil om at inspirasjonen frå Jesus har vore medverkande til utviklinga av den moderne legevitskapen i Vesten, inspirert misjonærane si utbygging av helsetenester i den tredje verda, og gitt impulsar til skapinga av europeiske velferdssamfunn der omsynet til det svakaste leddet er det berande prinsippet. I alt dette har arven frå Jesus spela ei rolle.

 

Derfor er det også i dag ei kristen oppgåve å slå ring om det solidariske velferdssamfunnet, mot alle som vi oppløyse i eigeninteressa sitt namn. Som kristne er det vårt kall å stå i mot alle former for usolidarisk politikk, og å kjempe for å utvide solidariteten til å gjelde heile det globale samfunnet.

 

Men kanskje krev global solidaritet meir av oss enn vi er villig til å ofre. For den gode bodskapen som Jesus eller fredsprisvinnar Muhammed Yunus forkynner, skaper motstand hos dei som er privilegerte, og utfordrar oss alle.

 

Om vi skal kome vidare, må vi kanskje også hente lærdom hos Buddha. Prinsen som valde fattigdom har noko å lære bort om korleis vi som har rikeleg og enda vil ha meir, kan få kontroll over vårt eige begjær, lære oss til å gi slepp, og gi rom for andre.

 

Sjølv tenkjer eg at dei indre og ytre dimensjonane ved dei store religionane sin bodskap heng intimt saman: først når sinnet vårt blir frigjort frå vår kretsing om oss sjølve, kan vi bli solidariske deltakarar i den guddommelege kampen mot sjukdom og fattigdom. Derfor trur eg også det er meininga at vi skal grunne på om Jesu ord i dagens evangelium handlar om kroppen eller sinnet. For når vi tenkjer djupare, ser vi at det indre og det ytre heng nøye saman, både i Jesu bodskap og våre eigne liv.

 

Og det største av alt: det sluttar ikkje her. I Jesu bodskap er det alltid noko meir, eit overskott av meining som ikkje blir uttømt i dette livet. Dette er det største underet, at når sinnet vårt blir frigjort og blikket vårt vendt mot andre si nød, då opnar det seg eit rom som er uendeleg. Men om det kan vi berre tale i bilete, medan vi arbeider for å gjere denne verda til ein meir famnande stad.